Archives for posts tagged ‘venstreliberalisme’

Noreg treng eit venstreliberalt parti

I Fri Tanke les eg at den tidlegare SV-toppen Bente Sandvig trugar med å melda seg ut av SV og å stemma Venstre om SV skulle binda sine politikarar til å stemme for ein ny blasfemiparagraf. Ho slepp å gjera det, sidan det Frank Aarebrot treffande nok omtaler som “ei skikkeleg politisk arbeidsulukke” ikkje kjem til å verta noko av. Fornuften vinn fram, den sovande blasfemiparagrafen vert teken livet av og det kjem ikkje ein ny variant i staden.