Posts Tagged ‘salvie’

Dyrk din eigen

Tuesday, January 6th, 2009

growyourown

Til venstre: Britisk propagandaplakat frå andre verdskrigen (1943)

“In the First World War the King, George V., had directed that potatoes, cabbages and other vegetables should replace the normal geraniums in the flower beds surrounding Buckingham Palace and in the royal parks. The Prime Minister let it be known that he was growing King Edward potatoes in his garden at Walton Heath, and the Archbishop of Canterbury issued a pastoral letter sanctioning Sunday work”.

J. Gardiner: Wartime Britain 1939-1945

Eller sagt på ein annan måte: eg gler meg allereie til våren. Eg har bestilt frø frå både Real Seeds og eit par andre frøleverandørar, og er spent på kva som vil spira og veksa i dei bratte vestlandsbakkane utanfor stovevindauga. Ja, litt freistar eg meg på innandørs også – det er ikkje alt som går like godt i mi klimasone.

For dei som berre har ein balkong eller eit vindauga er kanskje ein urtesamling å føretrekkja: ikkje treng urtane mykje stell, men som tilskot i matlaginga er ferske urtar absolutt ikkje å forakta, og det er ein triveleg hobby også. Løpstikka (som smaker omtrent som buljongterning) eg har i hagen verkar for meg litt for svær til å ha på balkongen (han vart halvanna meter før frosten og snøen kom), men ifølgje BoGrønt går det visst godt ann å ha han der. Elles nemner dei fleire som veks som ugras i regnveret her i Samnanger: bergmynte (oregano), persille, salvie, sitronmelisse, kamille.

Og i staden for å prata om “food miles” – slik dei gjer i England – kan ein prata med store auge om kor mange matcentimeter maten har vorte frakta.