Don’t wanna go kaput kaboom
Saturday, January 10th, 2009Det er lenge sidan eg har sett eklare og meir motbydelege debattar i avisene. For eit par dagar sidan såg eit relativt klassisk antisemittisk innlegg på trykk i ei storavis – eit innlegg som på mange måtar minte ment om ting eg har sett i samband med research-arbeidet til boka mi om europeisk nyfascisme.
Samstundes tek rasande tullingar til å knusa vindauge, kasta molotov-cocktails og gå laus på politi og meiningsmotstandarar, og støyen er garantert (kvifor i #¤%#¤ skal det alltid gå utover Jan Thomas forresten – eg tviler på han har noko slags form for skuld i israelsk krigføring). Dermed treng ein ikkje akkurat leita lenge for å finna djupt reaksjonære, innvandrarfiendtlege og hatske innlegg, til dels med støtte til tiltak som ville vera stikk i strid med menneskerettserklæringa. Når folk i eit moderne, demokratisk land som Noreg kallar politikarane for “landsforrædarpolitikar“, snakkar om “landskadelige elementer”, tek til å gå til åtak på sjølve menneskerettane – og att på til hevdar å gjera det til forsvar for ytringsfridomen - ja, så bør det vera grunn til å stilla spørsmål ved kva slags politisk regime dei eigentleg ynskjer seg. Det vil seia: også denne retorikken er til å kjenna att.
I all denne støyen kjennest det nesten litt meiningslaust å repetera at det finst mange menneske i både Israel og Palestina som er engasjert i arbeidet for å skapa fred, men eg gjer det likevel. Også blant desse finst det moderate og meir yttarleggåande, men ein ting har dei alle til felles: dei trur at freden er mogleg, og dei er viljuge til å gjera offer for han. Ei av dei er 19 år gamle Omer Goldman, dotra til ein tidlegare toppkar i Mossad. Ho seier blant anna: (more…)

