Dette er ei lengre utgåve av ein artikkel publisert i Tidens Tegn, som tilsvar på Honest Thinking sin artikkel Biofobi (del 1, 2, 3). Denne lengre utgåva går meir i djubden og gjer ytterlegare referansar. Fyrst publisert 7. mai. Artikkelen er seinare utvida, særleg med fleire referansar, for å klargjera ein del moment ytterlegare.
Med artikkelen “Biofobi” har brørne Anfindsen svara på mine spørsmål om kva dei eigentleg meiner når dei snakkar om biologi på nettsidene sine. Det er greit å få klargjort kva brørne Anfindsen meiner med etnisitet, og at dette for dei også inkluderer biologi. Der er eg grunnleggjande ueinig, og dersom dei då vil kalla meg biofob må dei gjerne gjera det. Det tyder sjølvsagt ikkje at eg meiner biologiske forskjellar ikkje finst. Det er ikkje dei same genene som gjev blå auge og grøne auge, og det er ikkje dei same genene som gjev mørk hud og lys hud. Plager som laktoseintoleranse rammar også folk forskjellig, avhengig av deira genetiske arvemateriale.
Etnisitet er imidlertid sosialt og kulturelt definert. Omgrepet viser ikkje ein gong til “objektive” kulturforskjellar, men til den sosiale kommuniseringa av kulturell forskjell. Europa sin yngste nasjon, Montenegro, kan her tena som eit døme. For korleis oppfatter montenegrinarane sin eigen etnisitet?
Lat oss byrja med minoritetsgrupper i landet. Blant desse er både bosniarar og goranarar, to slaviske folkeslag som ofte vert definert ut frå deira religiøse tilknyting til islam. Men i tillegg finn ein også folk som reknar seg sjølv å tilhøyra den etniske gruppa muslimani, eller ganske enkelt muslimar. I denne gruppa finn ein muslimar med kulturelle og historiske band til ulike slaviske (og også ikkje-slaviske) folkeslag, men det er det religiøse tilhøyret som vert nytta til å definera etniske band.
Ei anna lita etnisk gruppe ein finn i blant anna Montenegro er dei som vert kalla egjiptian, altså egyptarar. Om dei faktisk har noko som helst med landet Egypt å gjera veit ein ikkje, mange koplar dei til roma-folket (som andre seier seg å tilhøyra), men dei balkanske egyptarane snakkar oftast albansk. Ein idé om felles opphav er her viktig for den etniske identifiseringa, men som for andre etniske grupper er den reelle avstamminga utan tyding.
Dei to største etniske gruppene i Montenegro, slik dei vart registrert i folketeljinga for nokre år attende, er montenegrinarar og serbarar. Tala varierer mykje frå folketeljing til folketeljing, og det har lite med faktiske endringar i folkesetnaden å gjera. Endringane er så godt som utelukkande eit resultat av korleis folk ser på seg sjølv. Kulturelt, historisk og også genetisk skal det godt gjerast å skilja dei to gruppene montenegrinarar frå kvarandre, og likevel ser folk på seg sjølv som tilhøyrande ulike etniske grupper. Sjølvsagt finst det også muslimske slavarar – med serbisk som morsmål – som ser på seg sjølv som montenegrinarar! For dei vert altså bustad og språk avgjerande for etnisk sjølvidentifisering. Som om dette ikkje var nok er det også folk i Montenegro som meiner seg å tilhøyra den etniske gruppa jugoslavar.
Wikipedia sin artikkel om montenegrinarane gjer godt greie for nokre av dei ulike forståinga av montenegrinsk etnisitet ein finn.
Ein skulle vera temmeleg toskete for å nekta for at kulturelle forskjellar finst, og eg har endå til gode å sjå ein einaste deltakar i integreringsdebatten som meiner dette. Det ville også vera rimeleg dumt å nekta for at det menneskelege genmaterialet varierer. Eg trur ein skal leita med både lys og lykter for å finna ein biolog som vil påstå noko slikt.
Eksempelet Montenegro illustrerer tydeleg at etnisitet er ein sosial konstruksjon, og i stor grad også ein politisk konstruksjon. Som eksempelet Montenegro også viser fell desse sosiale konstruksjonane på ingen måte saman med biologiske skilnader.
Verken det å vera serbar, det å vera norsk eller det å vera igbo er eit naturfenomen. Dette gjer forsåvidt også brørne Anfindsen klart når dei skriv: “En som hevder at individers identifikasjon med etniske grupper utelukkende handler om biologi, er enten uvitende eller uærlig. En slikt posisjon legger altfor stor vekt på biologi, og blir derfor gjerne rubrisert under begrepet biologisme”.
Samstundes forfektar dei nettopp ein variant av biologisme sjølv, i det dei åpnar for “use of biological principles in explaining human especially social behaviour”, for å sitera ein definisjon. Dei knyter fyrst og fremst biologi saman med sjølvidentifisering, og overser dermed at sjølvidentifisering er – nettopp – sosialt betinga. For å sitera Walter Pohl i artikkelen “Conceptions of Ethnicity in Early Medieval Studies“:
The third important discovery in the dynamic and often contradictory character of ethnic affiliations. The Russian ethnologist Shirokogoroff (1935) had already written in the 1930s that we can describe ethnos as a process rather than a unit (cf. Daim 1982: 65).
Ethnic boundaries are not static, and even less so in a period of migrations. It is possible to change one’s ethnicity (otherwise the Indians would still be the only Americans we know). Even more frequently, in the Early Middle Ages, people lived under circumstances of ethnic ambiguity. We may cite Edica and his son Odoacer as striking examples; at different stages of their career they were taken to be Huns, Sciri, Turcilingi (or Thuringians), Rugians, Eruls, and even Goths, while Odoacer made his career as a Roman officer and eventually became king of Italy. We do not have to sort out the “errors” from this list to arrive at an “authentic” ethnic background; presumably, the two princes used a polyethnic background for widespread and flexible claims to the political loyalty of their partners and followers. However, they belonged to a social class in which ethnicity mattered.
We have scarcely any proof that the lower strata of society felt part of any large-scale ethnic group (Geary 1983 remarks that our sources only put members of the upper classes — including the armies — into ethnic categories); it is more likely that their identity was rooted in smaller local groups, like clans or villages. To advance socially thus meant to grow into a dominating group with high prestige, to copy its lifestyle. Processes of assimilation produced a variety of transitional stages (Mühlmann 1985; 26f; Pohl 1988: 219). Also, there were individuals who were Avars or Lombards in a fuller sense than others who claimed to be so; and one could easily be Lombard and Gepid, or Avar and Slav, at the same time. Usually one of these names denoted the higher, constitutional unit, the other one a subgroup that had stuck to the reminders of another ethnic tradition. Which of these affiliations prevailed often depended on the situation: this is why Geary (1983) has called ethnic identity a “situational construct.”
Consequently, we cannot expect to classify peoples in the same way that Linnaeus classified his plants. In the language of philosophy, ethnic terms are not classificational but operational terms; ethnic groups cannot be deliminated from each other clearly, and their reality has to be constantly reproduced by human activity (Oeser 1985; Girtler 1982; Pohl 1988: 14f). Therefore, we do not have to look for ethnicity as an inborn characteristic, but as an “ethnic practice” that reproduces the ties that hold a group together.
For å seia det enkelt: Dersom ein baby av norske foreldre veks opp blant indianarar i Amazonas – utan kontakt med norsk kultur, norsk språk eller norske tradisjonar – så vil ikkje bornet ha norsk etnisitet. Dersom eit born av koreanske foreldre veks opp i Noreg, utan kontakt med koreansk språk, kultur eller tradisjon vert det ikkje etnisk koreansk. I følgje brørne Anfindsen sin logikk er dette bornet heller ikkje skikkeleg norsk (sjå sluttnote 1). Eg er sikker på at mange adoptivborn vil verta glade for å høyra det.
Brørne Anfindsen etterlyser forskning på biologiske forskjellar:
Hvor store de er, vet ikke vi, men de er der, og de er store nok til at vi mennesker ikke kan unngå å legge merke til dem. Derfor kan vi heller ikke unngå å bli påvirket av dem, og det er dessverre noe av sakens kjerne i denne sammenhengen.
Faktisk foregår forsking på biologiske forskjellar verda rundt, og det er nettopp denne forskinga som for lengst har sparka beina under det brørne Anfindsen verker å eigentleg ynskja seg: ei gjenoppliving av raseforsking, der ordet “rase” vert bytta ut med “etnisk gruppe”. Ein skal ikkje gå langt attende i tida for å finna såkalla fysisk antropologi som ein anerkjend vitskapsdisiplin. Blant norske bidrag finn ein blant anna raseforskinga til trondheimslegen Halfdan Bryn. Han hevda at den “nordiske rasa” hadde overlevd i utkantsstrøk i Noreg, blant anna i Gudbrandsdalen og på Nordmøre. På Sunnmøre og på Jæren vart den mørkare alpine rasa sagt å dominera; kortvokste, kortskalla og dårleg eigna som leiarar.
Går ein hundre år attende i tid, vart det seriøst debattert kor vidt langskalla folk var meir tilbøyelege til å stemma på Venstre enn kortskalla folk, som – i følgje teoriane – var underdanige av natur og følgjeleg også unionsvenlege Høgre-veljarar. Eg ville verta bra forbausa om brørne Anfindsen ynskte seg tilbake til denne debatten, men samstundes illustrerer dette rimeleg godt kor kort vegen er frå “ærleg tenkning” til “toskete tenkning”. For kor ærleg er det å stogga med det norske folket? Kva med biologiske forskjellar innad i Noreg? Bør ein setja tak på kor mange med nordlandske gener som får lov å busetja seg i Oslo?
Brørne Anfindsen freistar å pynta seg med Galileo Galilei, og dermed å framstilla seg sjølv som dristige nyskaparar. Det er dei ikkje. Det dei freistar på er å vekkja til live ein forskingstradisjon som levde i beste velgåande frå 1700-talet og fram til godt ut på femtiåra, ein forskingstradisjon som vart forkasta fordi teoriane viste seg å vera galne.
Evolusjonsbiologen Joseph L. Graves oppsummerer det på følgjande vis:
[O]ur social construction of race was contingent upon the assumption that significant biological variation between groups of human beings existed that could be used to identify and classify these same races. Scientists now know that this was a false proposition, both at the level of the physical features and of the genes that produce them. Yet most Americans still believe that there is some biological legitimacy to our socially constructed racial categories. However, our modern scientific understanding of human genetic diversity flies in the face of all of our social stereotypes. Thus, if we cannot apportion humans into the socially constructed groups of American society, how can there be a genetic basis to the physical and behavioral features that have been ascribed to these mythological groups?
Amerikanske National Institutes of Health og National Human Genome Research Institute seier det på denne måten:
Notwithstanding the genetic differences between individuals, all humans have a great deal of their genetic information in common. These similarities help define us as a species. Furthermore, genetic variation around the world is distributed in a rather continuous manner; there are no sharp, discontinuous boundaries between human population groups. In fact, research results consistently demonstrate that about 85 percent of all human genetic variation exists within human populations, whereas about only 15 percent of variation exists between populations.
That is, research reveals that Homo sapiens is one continuously variable, inter-breeding species. Ongoing investigation of human genetic variation has even led biologists and physical anthropologists to rethink traditional notions of human racial groups. The amount of genetic variation between these traditional classifications actually falls below the level that taxonomists use to designate subspecies, the taxonomic category for other species that corresponds to the designation of race in Homo sapiens. This finding has caused some biologists to call the validity of race as a biological construct into serious question.
Gode, gamle Confucius (551 – 479 f.Kr) sa det ganske enkelt slik:
Menneska sin natur er lik, det er menneska sine vaner som fører dei langt frå kvarandre.
Anfindsen snakkar ikkje om “rase”. Men dei viser til Paul Weston når han skriv: “You, the Liberal, must understand that the people whose race and culture is being slowly swept away by politically correct liberalism are the very people who built the civilisation you have inherited”. Godtek dei Weston sitt syn? Godtek dei referansen til rase?
Når dei viser til Fjordman sin artikkel om kaukasofobi, ein artikkel som ikkje berre tek for seg nokre eksempel på reell anti-kvit rasisme, men som også verkar å vera gjennomsyra av ei oppfatting av at folk med ulik hudfarge har motstridande interesser som eit resultat av sin hudfarge er det freistande å stilla spørsmålet.
Då eg oppdaga at ein på nettsidene til HonestThinking jamvel finn referansar til ei nyeugenikk-nettside og til den pseudovitskaplege rasistblekka American Renaissance heldt eg på alvor på å setja kaffien i halsen.
Kvifor vel HT å plassera ein artikkel viss hovudpoeng er at svarte har lågare intelligens enn kvite på ei side der det heiter “Here you will find some recommended articles by other writers”? Rett nok åtvarer Honest Thinking lesarane sine gjennom å seia at dei ikkje med naudsynt stør alt på denne lenkjelista, men kva slags relevans meiner dei at slikt eigentleg har i moderne politisk debatt? Lat meg sitera frå ein av tekstane dei har vald å peika til:
Levin explains, in a better way than I have heard anyone else put it, that blacks are only pathological in comparison to white norms.[167-87] Since they evolved in an environment that was less demanding of cooperation for group survival, either between sexual partners or hunting parties, they have fewer qualms about a readiness for violence, drug use, reliance on public assistance, illegitimacy, lack of ambition, etc. It is not that one race has a trait and another is without it, but that different races or breeds of people naturally have higher levels of some genes than others if they evolved in a different environment. This is a basic principle of evolution. Finally, they are also not less fit because of their behavior. Quite the contrary, as a group they have a higher fertility rate than whites or Asians in America, making their behavior in terms of evolutionary success more fit than others. They will eventually become the majority, and do it without contributing any wealth themselves to society, but rather by living off the rest of society. That is, it is only because of the genetic propensity towards benevolence and caring of the white majority for the underclass of any race that this strategy is a success. It would not be effective in Africa, where everyone would be trying to get a free ride. There would be no wealth to redistribute. Parasitical black behavior requires a cooperative host.
Nokon vil sikkert hevda at eg brunskvetter brørne Anfindsen. Her verkar det som dei er godt i gang med å brunskvetta seg sjølv.
Det brørne Anfindsen uansett gjer – til liks med raseteoretikarane som høyrde til det vitskaplege og politiske etablissementet i Europa i lange tider – er å dra biologi inn i ein politisk samanhang. Det meiner dei er mest ærleg. Men det er ikkje berre politikken dei vil ha ei endring av; det dei eigentleg etterspør er at vitskapen skal ta eit steg attende, og på ny gje seg i kast med gamle og utdaterte idear. Det neste kravet vert vel at me på nytt på ta i bruk det geosentriske verdsbiletet!
No skal det seiast at Anfindsen rett nok aldri gjer klart kva politiske følgjer dei meiner biologi skal – eller kan- ha. Deira “ærlege tenkning” verkar ikkje å vera særleg uttalt på det området. Dersom eg sjølv skal vera heilt ærleg, synest eg likevel at setninga “et sunt samfunn bør kunne tillate et så stort etnisk mangfold som mulig, men ikke større” får ein rimeleg ubehageleg ettersmak når brørne Anfindsen sjølv opnar for følgjande lesning: “Et sunt samfunn bør kunne tillate et så stort biologisk mangfold som mulig, men ikke større”.
Smaken vert ikkje betre av at brørne Anfindsen ikkje emner å ta avstand frå essayisten Fjordman på stort andre måtar enn å seia at han “tar hardt i av og til”.
Fjordman oppmoder i si “europeiske uavhengigheitserklæring” til rein revolusjon mot folkevalde myndigheiter, med det å sikra “vår nasjonale overlevelse” som uttalt mål. Han kritiserer ikkje multikulturalismen for å vera naiv, eller for å ha slått feil, men kallar han liksågodt “ein anti-vestleg hatideologi”. Han forfektar ikkje ein forsiktig innvandringspolitikk, slik Anfindsen hevdar å gjera, men “full innvandringsstopp” frå muslimske land, avskaffing av EU (“eit paneuropeisk diktatur”) og ein politisk rensingsprosess som blant anna skal inkludera rettssaker mot dei Fjordman meiner er skuldige i “eit av dei største svika i vestleg sivilisasjon si historie”. Det heile er basert på konspirasjonsteoriar der ein hevdar at Europa er utsett for eit arabisk-dominert komplott, eit komplott som involverer ei lang rekkje framtredande politikarar frå heile den politiske skalaen, og dessuten både litteraturprofessorar og Vatikanet!
Dette er ikkje å ta litt hardt i. Dette er vaskeekte fascistisk tankegods. Anfindsen meiner at Fjordman gjennomgående “argumenterer for vern av demokratiet”, medan det Fjordman faktisk gjer er å argumentera for å ta i bruk “naudsynte virkemiddel” for å tvinga gjennom avskaffinga av den europeiske unionen, avstraffing av politiske motstandarar basert på konspirasjonsteoriar og innføring av eit slags religiøst apartheid, i det minste i innvandringspolitikken – og truleg på andre område gjennom det han kallar deeurabifisiering.
Det er på sin plass å minna om at Fjordman lenge før han skreiv erklæringa sitert ovanfor stilte spørsmål ved om “demokratiet [har vorte] for mjukt til å fungera” og slo fast at “reint demokrati” er eit “mobbevelde”. Dei europeiske demokratia vert omtala som “land utan vilje eller emne til å forsvara seg sjølv mot masseinnvandring/kolonisering”. Sidan den gongen har Fjordman si politiske tenkning utvikla seg i endå meir radikal retning, men brørne Anfindsen har stadig tilsynelatande få problem med å referera til den anonyme politiske tenkjaren som for dei framstår som “en av de dyktigste og mest kunnskapsrike aktørene i bloggosfæren” (i så høve er det jaggu ikkje mykje bloggosfæra har å skryta over).
Det er sjølvsagt gledeleg å høyra at brørne Anfindsen ikke “alltid [deler] hans vurderinger”, men at dei vel å låna øyre til denne mannen illustrerer for meg eitt av norske innvandringsskeptikarar sine største problem: at dei stadig vekk vel å låna øyre til ekstremistar.
Sluttnote 1: Ein av mine anonyme kritikarar på Tidens Tegn sine nettsider meiner eg er vondskapsfull når eg seier dette. Det får så vera. At adoptivborn ikkje er skikkeleg norske er den einaste logiske konklusjonen frå brørne Anfindsen si understreking av at “etnisitet handler, i tillegg til sosiale fenomener, også om hvor vi kommer fra, hvem våre forfedre er, hvilket folk vi tilhører”. Biologiske element er “nødvendigvis” ein del av etnisitet, skriv brørne Anfindsen.
Eit adoptivborn av koreanske foreldre er følgjeleg ikkje etnisk norsk ut frå Anfindsen si argumentasjonsrekkje, då det ikkje har norske forfedre. Dersom Anfindsen meiner at fjernadopterte born faktisk er like norske som ikkje-adopterte born av norske foreldre, og det kan sjølvsagt henda at dei gjer, så sparkar dette bein under deira oppfatting av etnisitet som noko anna enn ein sosial konstruksjon. Sjå elles debatten på Tidens Tegn.