Posts Tagged ‘Politikk’

Borgarløn – ein lesepakke, nokre tankar og ei utfordring

Thursday, June 26th, 2008

“Vaskekoner”, av Abram Arkhipov

To parti i Noreg stør tanken om borgarløn: mitt eige parti, og partiet Venstre. Felles for båe partia er det at tankane om borgarløn ikkje har vorte særleg konkretiserte, og at ordninga til ei viss grad berre har vorte skildra i litt svevande ordelag.

Det er ei utfordring både for MDG og for Venstre (more…)

Utanfor fortet

Friday, March 14th, 2008

Det tredje venstre: til kamp mot postmodernismen! Kinesisk propagandaplakat. Her brukt som skikkeleg, skikkeleg slem hersketeknikk (fy, Øyvind)

Då Magnus E. Marsdal og Bendik Wold si bok “Tredje venstre – for en radikal individualisme” kom ut i 2005 hadde eg det slett ikkje travelt med å kjøpa boka.

Eg såg at ho fekk mykje skryt, og at Klassekampen jamvel meinte boka ville vera eigna til å “endre lesernes bevissthet”, men det vetle eg las om og frå boka gjorde meg ikkje overbevist. Difor las eg romanar av John Connolly i staden. Dei endra ikkje bevisstheten min noko særleg, trur eg, men dei var iallfall kjekke å lesa.

I fjor ein gong kom eg over boka på billigsal, og eg tenkte at det kanskje var på tide å lesa ho. Magnus Marsdal si bok “Frp-koden” var høgst lesverdig, og eit lite håp var fødd i meg om at det kanskje var verdt å bruka tid også på “Tredje venstre”. Det viste seg i all hovudsak at det var ein betre strategi å satsa på Connolly.

For medan “Det kommunistiske manifest” kanskje er den aller kjedelegaste boka eg har lese frå perm til perm, så kjem boka til den venstreurbane, norske varianten av Marx og Engels ganske høgt opp på lista over bøker som eg har var lukkeleg over at eg berre las medan eg eigentleg gjorde på andre ting. Eg skal vedgå at eg las med eit halvt auge, rett og slett fordi mykje av boka rett og slett kjeda meg.

Kritikken mot nyliberalismen (og gamalliberalismen, også) var stort sett svært så forutsigbar. Mykje av han var fornuftig – det er ikkje det – men det var rett og slett ikkje “mesterstykket” Klassekampen lova, og heller ikkje “en svært viktig bok for vår samtid”, slik Le Monde Diplomatique sa. Det var ting eg har lest betre variantar av før.

Etter å ha lese rosemålinga av Marx i kapittelet “En historie om individet” syntest eg heller ikkje boka framstod som noko brot med det “andre venstre” (”Marcus Thranes, Martin Tranmæls, Lenins og Rosa Luxemburgs venstre, tuftet på forestillingen om arbeiderklassen som revolusjonært subjekt”, for å sitera Marsdal og Wold”). Denne opplevinga heldt seg ved lag trass i kritikken dei to retta mot “Venstresidens egen Jantelov, som bare gjør unntak for Marx, Lenin og kanskje to-tre til, figurer som til gjengjeld kan behandles i tråd med Loven om evig Storhet”.

Dei vondene åndene i moderne journalistikk: skandaler, kriminaljournalistikk, personfokus, osv. Plakat frå Puck US Magazine, 1888.

eitt område leverer boka likevel eit interessant utgangspunkt for debatt, og det er når det vert snakka om mediapolitikk (pass opp for puh-ord):

Hvis vi betrakter en demokratisk offentlighet som et nødvendig koordineringssystem for innbyggernes kulturelle og politiske samhandling, eller som demokratiets intellektuelle allmenning, fremstår nyliberalismen som et prosjekt for å gi private investorer adgang til å kolonisere, privatisere og manipulere denne allmenningen. […]

Vi kan være vitne til at den økonomiske makt, som med kapitalismens fremvekst skilte seg ut fra apparatene for ideologisk og politisk makt, nå forsøker å legge under seg den ideologiske makt og det politiske feltet gjennom ressurssterke tenketanker og et globalt medieapparat direkte underlagt eierne. […]

Med den sterke maktkonsentrasjonen i globale og nasjonale medieimperier forsterkes problemene for demokratiet. Borgerskapets stadig mer konsentrerte kontroll over kommunikasjonsmidlene fører det inn i en posisjon ikke helt ulik posisjonen til elitene det selv opponerte mot da det fremadstormende borgerskapet på 1700-tallet bekjempet kirkelige og adelige monopol og priviligier.

Puh. Marsdal og Wold leverer også argument til kva som bør gjerast: Dei vil til dømes gjera VG om til ei non-profitstifting der fagrørsla har 11 av 20 styrerepresentantar og dei tilsette har resten. Dei vil oppretta nye public service-kanalar på fjernsynet, dei vil gje rentefrie oppstartslån til nye media og dei vil skattleggja kvart aviseksemplar over 100.000 i opplag med 60 – seksti – prosent for å bruka millionane på å subsidiera dei mindre avisene. Eg spår gode tider for Klassekampen.

Alt dette minte meg også om noko eg har lest før, og jamvel om noko eg har sitert før. Høyr berre:

Ingen informert politikar kan ha unnlatt å leggja merke til endringane som har skjedd i journalistikken dei siste tredve åra. Dei meiningsdannande avisene, som brukte å samla lesarar i leire splitta etter partilinene, som brukte å balansera og motarbeida kvarandre, har no vorte erstatta av store nyhendeorgan. Det som har hendt i industrien har også skjedd med pressa. Massive festningar har vorte bygd opp, slott som skyggar over og truar med å knusa dei mindre festningane.

Det var franskmannen Joseph Caillaux som skreiv dette, tidleg på tjuetalet. Og det er sjølvsagt vanskeleg å seia seg ueinig med Caillaux, og like vanskeleg å seia seg ueinig med Marsdal og Wold. Dei har heilt rett: Mediehusa har vorte større og større. Den norske mediemarknaden er fullstendig dominert av nokre få aktørar.

Her må det nemnast at den radikale venstresida ofte vil seia at media er høgrevridd eller – i det minste – at media er prega av ein “kommersialistisk medieideologi” som “brer om seg, […] nesten automatisk hvis en stadig større del av mediebransjen blir definert som pur forretning” (for å sitera Marsdal/Wold endå ein gong).

Høgresida vil på si side hevda at media er venstrevridd, dominert av journalistar som også stemmer til venstre. Sanninga ligg, som så ofte før, ein stad midt i mellom. Den klassiske norske medieverda – midtstraumsmedia – er eit sentrumsdiktatur, det er få stemmer som skil seg ut. Heidi Nordby Lunde kan gjerne sukka over at journalistar i Noreg stør Demokratane, men i Noreg er det ikkje særleg venstrevridd å lika Barack Obama.

Norsk politikk og norske midtstraumsmedia har nemleg ein ting til felles. Dei høyrer til det evigmoderate sentrum (ordet “midtstraum” burde vera eit hint). Akkurat det passar sjølvsagt bra med den “kommersialistiske medieideologien” Marsdal og Wold snakkar om: siktar du i sentrum treff du fleire enn om du tek sikte på ein politisk ytterkant. Magasinet Memo var ikkje journalistisk all verda å skryta av, men det var heller ikkje politisk korrekt nok (sjølv om akkurat det å slengja drit i muslimar etterkvart har vorte veldig politisk korrekt).

Det låg for langt frå midten. Og avhengig som det var av å tena pengar, så varte det ikkje lenge før det gjekk adundas.

P4 derimot, har overlevd. Valgerd til trass.

Marsdal og Wold si løysing for å få ein breiare mediakvardag er å gå til åtak på “borgarklassen” sin tilgang på produksjonsmidlene. Men har dei ikkje gløymt noko? Me lever ikkje lenger i 1850-åra, dette er 2008, og me kan strø rundt oss med flotte ord som “Web 2.0? og bruka datamaskiner utan eit einaste produkt med lukka kjeldekode, om me absolutt vil det.

Ny teknologi, meiner nokon, er svaret. Andre er meir skeptiske. John Markoff, New York Times sin veteran på datajournalistikk, uttala seg svært pessimistisk om blogging fem år attende. – Det er i grunnen ikkje klart om blogging er noko meir enn privatradio.

Men det er nettopp dèt. Både borgarjournalistikk og blogging kan vera i slekt med privatradioane, og det i seg sjølv er ei utfordring for dei som lukkar seg inne i dei gamle mediafestningane, anten dei er venstresidejournalistar eller Murdoch-robotar. Det er ikkje særleg krevjande å starta ein blogg. Det er ikkje så veldig vanskeleg å registrera seg som brukar på ein nettstad. Den digitale tidsalderen har snudd det heile på hovudet:

Kunsten er ikkje lenger å finna ein stad som kan og vil trykka det du skriv, kunsten er å skriva noko som faktisk er verdt å trykka. Det har vorte lett å driva eit nettmagasin, ein blogg, å publisera radio-liknande opptak eller jamvel å laga filmar.

Så lenge ein slepp å tenkja på økonomien, og har ein jobb som betaler internettrekninga og datamaskina, kan ein no, på sett og vis, starta sitt eige trykkeri. Og det kan sjølvsagt bidra til ein opnare opinion, og til at det vert enklare å utfordra økonomiske, politiske og kulturelle elitar.

Det kan sjølvsagt også bidra til at det vert publisert uhorveleg mykje søppel og til at debattar vert drukna i innlegg frå folk som opererer under fleire spenstige namn og stort sett ikkje har anna å meddela enn at islam er vondskapen sjølv, uansett og alltid og saman med dei homofile og Arbeidarpartiet. Men der inne blant all driten finst det perler, og det at meir drit vert gjort tilgjengeleg tyder også at perlene vert fleire.

Sjølv om ein ikkje tyr til Pirate Bay eller andre nedlastingstenester på iallfall teoretisk kant med lova, så kan ein likevel gå på kulturell oppdagingsferd på internett og oppdaga kulturelle perler ein aldri har høyrt om før. Sjølv har eg lagt ut på ei poetisk verdsreise, takk vere internett. I aukande grad er det mogleg for vanlege folk å skapa sin eigen mediarøyndom – både som konsument og som produsent.

På ein måte opnar internett for ei samansmelting av sosialisme og liberalisme: det er noko ved mediet i seg sjølv, kanskje at det føles så nært, som gjer at det er freistande å bruka tid som mediaprodusent sjølv når ein ikkje får betalt for det; og kanskje jamvel i eit enormt samarbeid med mange andre, folk ein gjerne verken har møtt eller veit kven er. Kva er sosialisme, om ikkje nettopp dette? Samstundes er det mogleg for sjølv dei raraste raringar å sleppa til, og vanskeleg for sjølv dei kjipaste diktatur å totalregulera alt. Er ikkje det i det minste steg på vegen mot liberalistiske ideal? Er det ikkje ein siger for fridomen då det dukkar opp interessante bloggar frå heile verda, også frå – til dømes – det djupt reaksjonære religiøse diktaturet Saudi Arabia [1].

Mykje av dette skjer utanfor festningane Cauillaux skreiv om, og utanfor den medierøyndom Marsdal og Wold vil endra gjennom radikal samfunnsmessig inngripen.

Og då er kanskje spørsmålet: burde ein ikkje i staden for å utforma radikale forslag til ny styresamansetjing i VG setja alle klutar til på å gjera både datamaskiner og internett tilgjengeleg for flest mogleg, i Noreg og verda over? Burde ein ikkje i staden for å søkja å straffa aviser som sel mykje til fordel for aviser som sel lite, søkja å gjera det mogleg for flest mogleg folk å driva aviser og også “aviser” som sel endå mindre?

Sjølv om Marsdal og Wold nemner linuxfans i ei setning i boka si, så synest eg boka ber preg av å vera skrive i ei fjernare fortid enn det som faktisk er tilfelle. Eg har ei kjensle av at dei har stirra så lenge og så hardt på karane som sit på festningane at dei overser at mediarøyndomen er i ferd med å endra seg heilt utan radikale inngrep i VG sitt styre.

Fotnote:

[1] Kva for sprengkraft blogging kan ha i eit diktatur trur eg det er vanskeleg å verkeleg fatta for folk som er vorte vant med den norske bloggosfæra, der det gjerne er navletitting som skaper aller mest debatt.

… men fascismen var ikke død.

Tuesday, December 4th, 2007

Min bok om europeisk fascisme er nå tilgjengelig i trykt format og PDF-format fra Lulu. Innen noen uker burde den også være tilgjengelig fra en del nettbokhandler.

Dersom du har lyst til å lese om boken, ta en titt på denne siden, eller les et kapittel her. Har du lyst til å skrive om boken på din egen blogg? Les dette.

Sensur meg her og sensur meg der

Tuesday, October 23rd, 2007

Dette innlegget ble originalt postet på et lukket nettforum for journalister, normedia. Det er et svar på et innlegg skrevet av Jens Tomas Anfindsen.

Selv om jeg egentlig synes disse lukkede mediadebattene er noe tøv, og heller vil ha åpenhet rundt dem, bruker jeg normalt å respektere at foraet er lukket. Men i denne sammenhenget er innlegget jeg reagerer på et innlegg som også er publisert på rights.no av innleggsforfatteren, Jens Tomas Anfindsen. Og han er så langt ute på sykletur at jeg finner det verdt å publisere en noe utvidet og redigert utgave også her.

Anfindsens originalinnlegg kan leses her.

Nedenfor kommer mitt svar:

På nettstedet rights.no beklager Jens Tomas Anfindsen seg over at norske media ikke skriver om bråk i bydelen Sloterdijk i Amsterdam. Han mener dette er et uttrykk for sensur fra medienes side, og pakker alt pent inn i sin private konspirasjonsteori – som han forlanger at ikke lenger skal oppfattes som “sær”. De som ønsker “maktkritiske perspektiver” på multikulturalismen må gå til bloggene, skriver Anfindsen.

Jeg finner få slike maktkritiske perspektiver i norsk bloggosfære. Anfindsen klarer ikke en gang å levere en mediakritikk med særlig substans. Grunnen til at norske journalister ikke skriver om bråket i Sloterdijk er nemlig slett ikke at komiteen for Politisk Korrekt Journalistikk har vedtatt at slikt skal slett ikke skrives om – ei heller er det at alle norske journalister er helt enige om bråk fra marokkansk-nederlandsk ungdom i Amsterdam er en ikke-sak. Grunnen er rett og slett at norske journalister ikke vet om bråket.

Anfindsen har søkt etter treff i nyhetssøket til sesam.no. Men han kunne jo forsøke Google News i stedet, og se hvor mange treff han får på Slotervaart der. Det er ikke særlig mange.

Og der er vi ved sakens kjerne.

Norsk utenriksjournalistikk er dessverre fullstendig dominert av at norske journalister først og fremst leser amerikanske og britiske aviser, gjerne også noen helt konkrete amerikanske og britiske aviser. Det gir seg utslag på de forskjelligste måter.

Det var f.eks. var det knapt å oppdrive et eneste oppslag i norske media når en gruppe ungdommer motivert av blant annet hat mot multikulturalismen ble arrestert i Belgia i fjor høst – mistenkt for terrorplaner. Blant disse var flere med sin daglige arbeidsplass i det militære, og politiet fant våpen, ekstremistisk litteratur og hele standardpakka for terrorister. Disse folka var for øvrig ikke marokkanere, men tilhørte et miljø som kan beskrives å være i skjæringspunktet mellom Blood & Honour og C18. Tilsvarende miljøer finnes i Norge.

Jeg har ikke registrert at saken har fått særlig dekning på honestthinkings nettsider, ei heller på rights.no. Jeg har faktisk ikke registrert noen slik dekning i det hele tatt. Men det kan jo selvsagt hende at jeg har oversett noe?

Hvorfor skrev ikke norske aviser noe videre om dette? Var det også en konspirasjon? Var det sensur? Eller ligger det en litt mindre virkelighetsfjern forklaring i at norske journalister rett og slett ikke leser belgiske aviser? Og i at det er et fåtall norske journalister som i det hele snakker et ord nederlandsk? Ta av deg marokkanerskylappene, Anfindsen, og prøv å gjøre et søk på en hvilken som helst hendelse i Nederland, Anfindsen. Det ville være en ærlig fremgangsmåte.

I nederlandske media er for øvrig bråket i Slotervaart behørig dekket, tatt i betraktning av at vi ikke akkurat snakker om bråk av tilsvarende dimensjoner som i forstedene til Paris – som såvidt jeg husker ble omskrevet rikelig av både Dagbladet og av brødrene Anfindsens dystopiske blogg.

Går man gjennom disse artiklene finner man også det som selv Anfindsens egne kilder nevner, men som Anfindsen behørig nok utelater fra sin sutring om sensur – nemlig at en av de som sterkest har gått på banen mot vandalismen og bråket er Slotervaarts borgermester. Han heter Ahmed Marcouch. Man finner også ut at “opptøyer” er et uttrykk som er en god del i sterkeste laget – noe som selvsagt ikke gjør amerikanske og britiske media – og indirekte norske media – mer interesserte.

På nettsiden til det ganske konservativt anlagte tidsskriftet Elsevier heter det forresten at forresten Bilal B., som bråket startet med da han ble skutt og drept på en politistasjon – etter å ha stormet inn og angrepet to politibetjenter med kniv – led av schizofreni og suisidale tendenser. Det spekuleres i at knivangrepet rett og slett var et selvmordsforsøk, og et vellykket sådan.

Det gjør at man kan trekke visse paralleller til en annen sak fra Belgia: der en 18-åring går ut på gaten i Antwerpen for å skyte ned utlendinger, og til slutt blir skutt (men ikke drept) av en politibetjent. Den saken er i rettssystemet i disse tider, og det diskuteres blant annet om ungdommen var sinnsyk eller om han bare hadde sinnsyke politiske ideer, eller kanskje om det var en kombinasjon. Jeg har ikke sett at rettssaken mot denne morderen har vært særlig mye omtalt i norske media.

Men jeg mistenker ingen sensur av den grunn.

Å høre på Anfindsens preik minner faktisk mer og mer om å bli pisset i øret.

Om symbolpolitikk

Thursday, September 27th, 2007

Soldat under nellikrevolusjonen

I kveld var eg på kommunestyremøtet i heimkommunen min. Grunnen var at dei hadde oppe ei sak det opprinneleg var eg som føreslo, nemleg at kommunen skulle bli ein “rettferdig kommune“. Forslaget gjekk gjennom, og ikkje nok med det – det vart samrøystes vedteke!

Sjølvsagt er støtta til rettvis handel mest av alt ei symbolsak. Men sjølv om ikkje alle er einige med meg synest eg symbolsaker er viktige. Ikkje fordi dei med naudsyn endrar så mykje, men fordi dei uttrykker ei vilje til endring, eller ei støtte til kampen for endring. Det kan handla om kampen for å gje kaffibønder ei leveleg løn eller det kan handla om kampen mot diktatur i Burma. Symbolske markeringar skaper ikkje ei betre verd over natta og veltar heller ingen militærjunta. Men dei betyr noko. I blant kan dei bety rett mykje. Tenk berre på nellikrevolusjonen.

Difor synest det eg det er sympatisk at folk vil kle seg i raudt i støtte til dei burmesiske demonstrantane i morgon. Lat det ikkje bli med det. Følg også den oppmodinga underteikna, saman med ei rekkje andre bloggarar har kome med: underteikn dette oppropet. Kanskje er også det berre ei symbolhandling. Men i blant tel symbolhandlingar.

Foto: Soldat under nellikrevolusjonen. Bilete: Zikander / Wikipedia Commons

Burma er fritt!

Wednesday, September 26th, 2007

Grunna ein aldri så liten ferietur til mitt andre, og betydeleg gråare, heimland har eg hatt ein aldri så liten bloggepause. Det vert sikkert fleire av dei frametter, då lanseringa av mi bok om europeisk fascisme nærmar seg og eg i den samanhang kjem til å bruka mest tid på å oppdatera nettstaden eurofascism.info.

Dessutan har eg ein heil del prosjekt på gang som fortener tida meir enn denne bloggen. Eitt par av dei prosjekta har eg veldig stor tru på, så det er lett for at skrivinga her hamnar i bakevja.

Men i kveld har eg likevel lyst å skriva nokre få ord, for å få fleire til å slutta opp under denne underskriftskampanjen til støtte for opposisjonen i Burma. Ta gjerne også ein tur innom nettsidene til den norske Burmakomiteen.

Ein gong for fleire tiår attende innbilte svermeriske unge radikalarar seg store ting om Kambodsja, og dei song at Kambodsja var fritt. Me kjenner den grufulle sanninga. Heller ikkje i dag er Kambodsja særleg fritt, og tek ein landet si nye historie i betraktning er det lett å forstå kvifor… og lett å gløyma at det finst dei som kjempar iherdig for demokratiet også der. Det same gjeld i Burma. Der gjer folket opprør mot eit juntaregime av det riktig vemmelege slaget. Det er kanskje ikkje så mykje me i Noreg kan gjera. Men dei fortener vår støtte og vår sympati. Og vårt håp om at det ein dag skal vera mogleg å syngja at Burma er fritt – utan at det blir blodig ironisk.

Og kanskje fortener dei også fleire bloggpostar enn den skrive av ei lettare frustrert VamPus som eg for ein gongs skuld er (nesten) heilt einig med?

Foto: Demonstrerande munkar. Bilde frå Wikipedia Commons

Stem på oss! Alle dei andre er idiotar!

Saturday, September 1st, 2007

nedrig a2 (fra lty, eg ‘lav’) lavsinnet, ussel ha en n- tankegang / det var n- gjort

Eg er strengt tatt luta lei denne valkampen. Det kan sjølvsagt vera at eg er det fordi eg har ein jobb som gjer at eg bør følgja godt med på kva som føregår. Men eg trur ikkje det er difor. Eg er rett og slett lei valkampen fordi han er lavsinna og ussel, ja, rett og slett nedrig.

Kanskje har eg fått overdose, sidan eg grunna jobben min nærast er programforplikta til å følgja ekstra godt med? Eller kanskje er denne plaga mi rett og slett eit resultat av at eg les for mange bloggar? Bloggarar er jo, seier rykta, friske i avsparka og dei legg ikkje to fingrar mellom. Velkjende VamPus skriv til dømes at Arbeidarpartiet vil ha ei forjævligsering av Oslo. Tenk det. Forjævligsering.

Eg er ikkje arbeidarpartimann. Likevel er eg er rimeleg overbevist om at Arbeidarpartiet slett ikkje ynskjer seg ei forjævligsering av hovudstaden. Det trur eg ikkje Høgre gjer heller. Eg trur faktisk dei som engasjerer seg i båe partia ynskjer seg det dei meiner er det beste for byen. Hadde eg budd i Tigerstaden hadde eg nok vore ueinig med dei begge, men eg trur ikkje verken Ap-folk eller Høgre-folk jamnt over er tullingar, eller for den del vondskapsfulle.

Diverre har eg inntrykk av den politiske debatten i sumar i stor grad har vorte ført på “tulling”-nivået. Politisk debatt har rett og slett vorte redusert til følgjande læresetning: “Alle dei andre er idiotar!”.

Sidan eg sjølv er medlem i eit vesleputtparti som får sjølv partiet til Tidens Tegn-utgjevar Olaf Thommesen til å framstå som svære burde kanskje også eg ha slutta meg til dette mantraet. Eg burde kanskje ha hevda at alle dei andre er idiotar, sidan dei ikkje strøymer til vallokala og stemmer på Dei Grøne? Men eg gjer det ikkje.

Eg trur gode politiske løysingar er noko ein finn fram til saman, gjennom fruktbare politiske debattar og på tvers av partiskiljeliner. Eg trur folk på forskjellige stader i det politiske fargekartet har gode idear. Dei einaste eg synes det er bortkasta å lytta altfor mykje til er dei som er beint fram anti-demokratar. Dei er det heldigvis få av i Noreg.

Eg trur ikkje det kjem noko godt ut av desse evinnelege debattane om kven som stemte mot kva når, debattar der alle tek æra for det som er bra og ingen sjølv tek skuld for noko av det som er dårleg. Ikkje berre er desse diskusjonane toskete (sjå! eg kan også kalla folk idiotar!). Dei er også grufullt kjedelege og i stor grad fullstendig meiningslause. Politikk har vorte redusert til eit absurd talkshow, der det einaste som snart står att er å levera innøvde punchlines for å gjera narr av andre sin politikk. Eg er ikkje det minste forundra over at mange ikkje gidd eller orkar å bruka stemmeretten sin.

I blant byrjar eg faktisk å lura på om det er noko gale med meg, sidan eg framleis orkar.

Men så er det eg kjem på kvifor. Det er fordi den eigentlege politikken, den som for lengst har drukna i fjernsynet si valkampdekning, faktisk betyr noko. Det er fordi den politikken som vert forhandla fram av folk frå ulike politiske fløyar og frå all slags rare bygdelister i lange og kjedelege kommunestyremøte landet over faktisk har ein del å seia. Det er fordi avgjersler som vert teke i fylkesting og på Stortinget faktisk angår ting som er viktige både for meg sjølv og for folk rundt meg.

Og det skulle eg ynskja at politikarane snakka litt meir om i staden for å hyra inn overbetalte PR-rådgjevarar for å læra seg å fortelja dårlege vitsar. Dei dårlege vitsane kan trygt overlatast Geir Helliesen.

Tre grøne verdiar

Saturday, August 18th, 2007

Miljøspørsmål har definitivt kome i rampelyset det siste året, mykje takka ein powerpoint-presentasjon laga av mannen som ein gong var USA sin “neste president”, Al Gore. Meir merksemd rundt desse spørsmåla er sjølvsagt gledeleg, men dersom eg skal snakka om grøn politikk er det mange andre ting enn miljøvern eg har lyst å snakka om: f.eks. demokrati, mangfald og livskvalitet.

Demokrati

Demokratiet er eit system der vanlege folk kjem til orde. Det er ikkje til å kimsa av, det er ikkje lenge sidan diktatura herja Europa. Den italienske presidenten Giorgio Napolitano hugsar godt Mussolini sitt fascistregime. José Manuel Barroso, president for Europakommisjonen, vaks opp under Salazar sitt diktatur i Portugal. Den tyske rikskanslaren, Angela Merkel, vaks opp nord for Berlin – i det kommunistiske Øst-Tyskland.

Men demokrati er noko meir. I eit demokrati er det ikkje berre “folk flest” som får snakka. Det får også mindretalet. Det er grunna vera ein hard kamp for ytringsfridom, organisasjonsfridom og religionsfridom at folk i til dømes Noreg kan snakka så fritt som me kan. Difor kunne Magazinet trykka tåpelege teikningar av profeten Muhammed, og det var heilt greitt, og difor kunne også norske muslimar tåpeleg nok demonstrera mot trykkinga, og det var heilt greitt det også.

Kampen mot anti-liberale idear lyt sjølvsagt halda fram – uavhengig av kven som serverer desse. Samstundes må demokratiet styrkast: makta må flyttast nærare folk.

Akkurat på same måten som løvetannen klarer å bryta seg gjennom betong, må grasrotdemokrati gjevast sjansen til å bryta seg gjennom sentralmakta. Styrkjer ein lokaldemokratiet og lokalsamfunna styrkjer ein også motivasjonen til å engasjera seg i noko som høyrest så kjedeleg ut som “kommunepolitikk”. Målet for ein grøn politikk må ikkje berre vera demokrati, men meir demokrati og ikkje minst nærare demokrati.

For meg tyder dette blant anna motstand mot tvungen kommunesamanslåing, grunnleggjande skepsis til all øremerking av statlege midlar og støtte til å flytta makt og avgjerslemynde frå statleg nivå til regionalt nivå og frå regionalt nivå til lokalt nivå.

Mangfald

Mangfald handlar ikkje berre om biologisk mangfald, men også om kulturelt mangfald. Det grøne samfunnet må vera eit samfunn med rom for både felespel og heavy metal, for både norsk film, gresk film, thailandsk film og amerikansk film, for både joik og “Jalla! Jalla!”.

Nokon trur at ein kan – eller må – lukka menneske inn i små båsar alt etter kvar dei kjem frå, korleis dei ser ut eller kva Gud dei ber til. Radikale nasjonalistar freistar å stela mangfaldet, gjennom å hevda at det eigentleg er dei som forsvarer det gjennom å sloss mot innvandring og for det dei har utnemnd til å vera “norsk”. Dei har stadig same visjonen Nasjonal Samling avslutta sitt politiske program med, at Noreg var eit rike og skulle bli eit folk. Dei skjønar framleis ikkje at kultur ikkje er noko ein har i eigenskap av å tilhøyra ei gruppe, men noko ein har som individ i møtet med forskjellige grupper. I forsvaret for mangfald – og i forsvaret for retten til å vera forskjellig – handlar grøn politikk om stadig å konfrontera rasisme, homofobi og undertrykking.

Samstundes må målet ikkje berre vera mangfald, men meir mangfald: me er alle mangfaldige og det er det grunn til å feira saman!

Livskvalitet

Eit samfunn der både blomstrar og idear spirer er langt på veg eit samfunn med meir livskvalitet. Ein grøn økonomisk politikk der det vert lagt opp til desentralisering, lokal produksjon og levande lokalsamfunn både i byen og på bygda vil også vera med å betra livskvaliteten. Egg smakar betre når dei kjem frå ein gard i nærleiken. Fisk er best når du kan eta han fersk. Ferskpressa eplesaft frå nabolaget er betre enn saft laga av konsentrat frå epler frå andre kanten av verda. Eit samfunn som oppmuntrar til sosialt ansvar og fellesskapskjensle, heller enn til penge- og statusjag, er eit rikare og meir framtidsretta samfunn.

Tøvete, Berg!

Sunday, August 12th, 2007

Nedanfor er tilsvaret frå mi side på kritikken Hallgrim Berg retta mot artikkelen “De usynlige terroristene”, skrive av Shoaib Sultan og underteikna. Nedanfor har eg også lagt til tilleggsopplysingar og meir bakgrunnsstoff utover det som var rimeleg å ta med i tilsvaret på samtiden.no. Dette er presentert under tittelen “Bakgrunn”.

Tøvete, Berg!

Hallgrim Berg har i eit innlegg gått til åtak på vår artikkel «De usynlege terroristene». Det kan verka som han synest det er fælt gale at nokon tek opp høgreekstrem terrorisme, og meiner tydelegvis at det i seg sjølv er det same som å «minimalisere negative utslag av den (synlege) islamistiske terrorismen». Dette er tøvete.

Islamistisk terrorisme er sjølvsagt eit reelt trugsmål. Den som klarar å lesa noko anna ut av artikkelen Shoaib Sultan og underteikna leverte må vera mildt sagt kreativ. Vårt poeng er ikkje at fokus på islamistisk terrorisme ikkje er på sin plass, vårt poeng er at høgreekstrem terrorisme diverre vert oversett i det terrorbilete ein får servert i media.

Berg er sjølvsagt også irritert over at me hevdar at han overser høgreekstrem terror i USA, og kjeftar på oss for å ikkje ha lese boka me kritiserer. Det er nok av ting å kritisera i Berg si bok, men den kritikken me kom med var faktisk ikkje retta mot boka i det heile – så kanskje Berg burde lesa artikkelen vår på ny? Det me kritiserte var henta frå ein kronikk Berg skreiv i Dagbladet i samband med lanseringa av boka. Der heiter det:

«[D]et som er felles for samtlege anslag mot USA [sidan 1981], er at det er islamistiske terroristar som står bak».

Sidan Berg sjølv skriv om Timothy McVeigh i sitt amerikabrev er han sjølvsagt pinleg klar over at dette er heilt bort i vegg og staur. Bombinga av Alfred P. Murrah-bygninga i Oklahoma City er det nest-største terroråtak i USA si historie, hende i 1995, og det var ikkje islamistar som stod bak. I sin kronikk i Dagbladet har Berg diverre «gløymt» det.

Bakgrunn

Islamistisk terrorisme er utvilsamt ein del av terrorbiletet i både USA og Europa, og det er ingen tvil om at islamistar er i stand til å gjennomføra blodige terroråtak. Men det er fleire delar av terrorbiletet eit einaugd fokus på islamistisk terrorisme kan føra til at ein overser, og etter mi oppfatting er den såkalla høgreekstreme terrorismen viktigast i denne samanhang.

Det var også bodskapen i artikkelen Shoaib Sultan og eg leverte i Samtiden 2-2007.

I 1995 vart som nemnd 168 menneske drept i bombeaksjonen i Oklahoma City, med høgreekstremisten Timothy McVeigh som hovudmann. Berg ynskjer gjerne å sjå på han som ein “stoffvridd einstøing”, men røyndomen er sjølvsagt ikkje heilt så enkel. For det fyrste er faktisk også Terry Nichols dømd for si rolle i bombeåtaket. Meir sentralt er imidlertid det Mike German, ein tidlegare FBI-agent med erfaring frå innanlands anti-terrorverksemd skreiv i Washington Post i juni 2005:

The FBI has long maintained that Timothy McVeigh, who was executed in 2001 for the Oklahoma City bombing that claimed 168 lives, was the prototypical “lone wolf” terrorist and that anyone implicated in the bombing conspiracy is behind bars. But old loose ends and troubling new revelations about McVeigh’s association with white supremacist groups have led many people to wonder whether a wider conspiracy was behind the bombing that took place just over 10 years ago. Rep. Dana Rohrabacher, a California Republican, is considering holding hearings to try to answer these lingering questions. What he is likely to discover is not a disagreement over the facts, but a fundamental misperception of how most extremist groups operate.

Det er ei kjensgjerning at McVeigh drog inspirasjon frå høgreekstreme grupper og litteratur:

Tim McVeigh seemed able to find a militia meeting wherever he went. He was linked to militia groups in Arizona and Michigan, white supremacist groups in Oklahoma and Missouri, and at gun shows he sold copies of “The Turner Diaries,” a racist novel written by the founder of a neo-Nazi organization. No one finds such groups by accident.

McVeigh var ein del av ei rørsle, og som German skriv:

“Lone extremism” is not a phenomenon; it’s a technique, a ruse designed to subvert the criminal justice system. McVeigh did act as a lone extremist, as the FBI says. He was trained to do it this way. But his act of lone extremism was part of an ongoing conspiracy that continues to inspire violent attacks to this day, and to close our eyes to this conspiracy is to deny reality. It’s a matter of connecting the dots.

Året etter Oklahoma City-bombinga gjennomførte ein annan høgreekstremist, Eric Robert Rudolph eit bombeåtak under Atlanta-OL. Rudolph forklarte seinare åtaket på følgjande vis:

In the summer of 1996, the world converged upon Atlanta for the Olympic Games. Under the protection and auspices of the regime in Washington millions of people came to celebrate the ideals of global socialism. Multinational corporations spent billions of dollars, and Washington organized an army of security to protect these best of all games. Even though the conception and purpose of the so-called Olympic movement is to promote the values of global socialism, as perfectly expressed in the song “Imagine” by John Lennon, which was the theme of the 1996 Games even though the purpose of the Olympics is to promote these despicable ideals, the purpose of the attack on July 27 was to confound, anger and embarrass the Washington government in the eyes of the world for its abominable sanctioning of abortion on demand.

The plan was to force the cancellation of the Games, or at least create a state of insecurity to empty the streets around the venues and thereby eat into the vast amounts of money invested.

Rudolph stod for øvrig bak fleire andre bombeaksjonar i USA på nittitalet, blant anna ein aksjon mot ein nattklubb der mange homofile vanka. Også han vart framstilt som “lone nut”, også han hadde koplingar til ei breiare rørsle.
Hallgrim Berg verkar ikkje å vera særleg viljug til å trekkja liner frå punkt til punkt når det gjeld høgreekstrem terrorisme, noko som er forunderleg med tanke på dei imponerande strekteikningane han får til i samband med islam.

Den politiske kommentatoren Rick Perlstein skriv:

If the media does not start connecting some dots, they will have abdicated their citizenship duties. How many times has the nation potentially come within a hair’s breadth of suffering a right-wing terrorist attack this spring? As of today, three, or possibly six times – at least that we know about.

Om Henry George og Odd Roger Enoksen

Saturday, August 11th, 2007

I

I det Gamle Testamente får me fortalt at israelittane var uthungra etter å ha reist gjennom ørkenen, og at Gud sende manna ned frå himmelen. Det var nok til alle, og dei tok mannaen og dei var letta.

Men dersom ein seier at ørkenen var privat eigedom, slik som jorda i Storbritannia er det, og slik jorda er sjølv i våre nye Statar; dersom ein seier at ein av israelittane eigde ein kvadratkilometer, og ein annan eigde tjue kvadratkilometer og ein tredje eigde hundre kvadratkilometer, og at størstedelen av israelittane ikkje eigde jord nok til å setja føtene sine på – kva ville då skje med denne mannaen? Kva ville han ha gjeve fleirtalet av godt? Ikkje ein smule.

Sjølv om Gud sende manna nok til alle ville mannaen vera jordeigarane sin eigedom, dei hadde kanskje tilsett nokre av dei andre til å samla han saman i haugar for seg, og ville så solgt han til sine svoltne stammefrendar. Tenk over dette, denne innsamlinga av og salet av manna kunne ha halde fram til storparten av israelittane hadde gjeve alt dei eigde, sjølv klerne sine. Og kva hadde resultatet vore? Dei hadde ikkje hatt noko å kjøpa manna for, og konsekvensen ville ha vore at dei vart verande svoltne, sjølv om mannaen låg i store haugar og jordeigararane klaga over overproduksjonen av manna. Det ville ha vore ein stor manna-avling og svoltne folk, akkurat det same fenomenet som me ser i dag.

Henry George: Fattigdom som lovbrot, 1885

Det er heldigvis liten grunn til å bruka tid på å argumentera mot ideen om det totale felleseige. Det er berre nokre få svermarar av den typen som verkeleg har forlese seg fullstendig på Marx som framleis trur på slikt, og dei fleste av dei vil nok protestera om du freistar å ta palestinaskjerfet frå dei. Eg er ikkje overbevist om at Knut Sparhell sin kritikk av Magnus Marsdal er særleg rimeleg, men Sparhell har heilt rett i ein ting: demokratifrie soner er ein grunnpillar for eit liberalt demokrati.

Det er rett og slett så enkelt som at eit folkefleirtal ikkje har rett til å avgjera alt mogleg. Kommunestyret i min kommune eller parlamentet i mitt land skal ikkje blanda seg opp i om eg kjøper seterrømme eller lettrømme, eller om eg vil freista lukka som kokk eller gullgravar (eller som noko heilt anna). Men samstundes er det klart at desse folkevalda organa faktisk har rett til å – til dømes – slå fast at ei bedrift ikkje kan pumpa ut så mykje drit som dei berre orkar i det lokale vassdraget, og det sjølv om heile vassdraget skulle vera privat eigedom.

Det er heldigvis ikkje særleg grunn til å argumentera mot at folkevalde organ har slike rettar heller. Det er få som er ueinige. Dei få som er det har eit like totalt verdsbilete som dei som seier at alt er felleseige. Båe typar total tenking gjev seg lett utslag i totalitær tenking.

Det interessante spørsmålet er difor: Kvifor har dei folkevalde organa denne retten?.

Korleis kan det moralsk forsvarast at samfunnet blandar seg inn i kva ei bedrift driv på med på bedrifta sitt eige område? Svaret er ganske enkelt: naturressursar er moralsk felleseige. Som Thomas Paine, av mange rekna for å vera ein av dei klassiske liberalistiske tenkjarane, skreiv i “Agrarian Justice” (1797):

It is a position not to be controverted that the earth, in its natural, cultivated state was, and ever would have continued to be, the common property of the human race. In that state every man would have been born to property. He would have been a joint life proprietor with rest in the property of the soil, and in all its natural productions, vegetable and animal.

II

Lufta me alle pustar i, vatnet i elvene og fisken i fjordane våre, jorda me dyrkar poteter og gulrøter i, villbringebæra som veks i marka, soppen som veks i skogen. Alt dette er moralsk sett felleseige. Allemannsretten handlar om mykje meir enn retten til å slå opp telt i villmarka. Naturen er ei felles arv, og me har felles ansvar for han.

Som forvaltarar av vår felles eigedom har folkevalde organ sjølvsagt retten til å til dømes avgrensa marknaden. Marknaden er ikkje noko anna enn ei fellesskapsløysing blant fleire – marknaden er ingen naturtilstand.

Dette endrar ikkje på den moralske retten til privat eigedom. Den retten er eit produkt av arbeid. Eg kan ikkje gjera krav på blåbæra i utmarka, men eg kan gjera krav på bergmynten eg har i hagen. Den har eg sjølv planta. Eg har sjølv luka vekk ugras. Eg har sjølv vatna bedet i ein solrik juni månad. Det er min bergmynte.

III

I dag skjer diverre ofte det Henry George snakka om i talen eg har sitert ovanfor. Nokon forgiftar mannaen! Nokon privatiserer han! Nokon tek ting som er felleseige frå fellesskapet og gjer det sitt til eige. Det verste av alt er at desse tjuvane i blant stel på heilt lovleg vis. Lov og moral er ikkje det same.

“Himlens regn, som ved vor naturs beskaffenhet opmagasineres paa fjeldet som hvite kul er en rigdom, som vi ikke vil kaste ut som grams for fremmede gribbe”. Det sa mannen som kanskje må reknast for å vera faren til den norske heimfallsordninga, Johan Castberg.

Ein kan kanskje seia at uttrykket “framande gribbar” med tida har vorte noko politisk ukorrekt, og arbeidardemokraten Castberg hadde definitivt tvilsame synspunkt på ei rekkje område. Det sentrale i sitatet er imidlertid “vor naturs beskaffenhet”. Fossar og vassdrag er moralsk manna, dei er felleseige. Då private aktørar fekk løyve til å byggja kraftverk og gjera seg nytte av vasskrafta var det eit løyve til å gjera seg nytte av noko som tilhøyrer samfunnet i fellesskap.

Vilkåra var klåre. For å sikra seg “en almengavnlig utvikling av vore naturherligheter”, vart heimfallsordninga innført, trass i “en kraftig politisk agitation, som har været baaret av de mægtige grupper, som gjerne vil være alene om at skumme fløten av vore naturrigdomme”. Private aktørar fekk løyve til å utnytta ein felles ressurs. Betalinga var heimfall.

Offentlege aktørar vart unnateke ordninga. Diskriminering kallar nettavisa Liberaleren det. Men det er rein logikk. Stikkordet er “offentleg”, eller lat oss bruka det engelske ordet “public” – “acting on behalf of the people or community”.

IV

Det var sjølvsagt ikkje alle som likte heimfallsordninga. Nokon private aktørar fantaserte kanskje om godt gamaldags avtalebrot, og dersom dei gjorde det er det grunn til å tru at dei fekk vatn i munnen då dei fekk ESA og EFTA-domstolen med på laget. Løysinga regjeringa til slutt fall ned på var meir eller mindre den einaste moglege løysinga dersom ein skulle syta for å halda felles eigedom felles, utan å samla all vasskraft i statsmakta sine hender. Takka vera EØS var det kanskje den best tenkelege løysinga, og løysinga gjev i det minste moglegheit for desentralisert felleseige.

Det som er synd er at private aktørar ikkje lenger vil få konsesjon til å driva med storskala vasskraftproduksjon i Noreg. Det er ingen grunn til at ein ikkje skal kunna gje private selskap moglegheita til å vera med i utviklinga av norsk vasskraft og til å tena pengar på investeringane sine. Det sytte heimfallsordninga som ESA ikkje godtok for at var mogleg.

Det som er bra er at Regjeringa har sytt for at avtalane vert overhaldne. Ingen tjuvar og bandittar kan sleppa unna med å stikka av med vårt felles arvesølv. Ikkje ein gong på lovleg vis.