Posts Tagged ‘palestina’

Stærk analyse

Sunday, January 11th, 2009

Bjørn Stærk treffer spikerens hode.

Løsningen på Midtøsten-debatten (men ikke konflikten) er å slutte med store meninger. “Jammen .. da kan jeg jo ikke lenger være for eller mot!” Ja nettopp. Så går verden fra å være klar til uklar, og i stedet for å dømme blir du nødt til å lytte og tenke.

Don’t wanna go kaput kaboom

Saturday, January 10th, 2009

Det er lenge sidan eg har sett eklare og meir motbydelege debattar i avisene. For eit par dagar sidan såg eit relativt klassisk antisemittisk innlegg på trykk i ei storavis – eit innlegg som på mange måtar minte ment om ting eg har sett i samband med research-arbeidet til boka mi om europeisk nyfascisme.

Samstundes tek rasande tullingar til å knusa vindauge, kasta molotov-cocktails og gå laus på politi og meiningsmotstandarar, og støyen er garantert (kvifor i #¤%#¤ skal det alltid gå utover Jan Thomas forresten – eg tviler på han har noko slags form for skuld i israelsk krigføring). Dermed treng ein ikkje akkurat leita lenge for å finna djupt reaksjonære, innvandrarfiendtlege og hatske innlegg, til dels med støtte til tiltak som ville vera stikk i strid med menneskerettserklæringa. Når folk i eit moderne, demokratisk land som Noreg kallar politikarane for “landsforrædarpolitikar“, snakkar om “landskadelige elementer”, tek til å gå til åtak på sjølve menneskerettane – og att på til hevdar å gjera det til forsvar for ytringsfridomen - ja, så bør det vera grunn til å stilla spørsmål ved kva slags politisk regime dei eigentleg ynskjer seg. Det vil seia: også denne retorikken er til å kjenna att.

I all denne støyen kjennest det nesten litt meiningslaust å repetera at det finst mange menneske i både Israel og Palestina som er engasjert i arbeidet for å skapa fred, men eg gjer det likevel. Også blant desse finst det moderate og meir yttarleggåande, men ein ting har dei alle til felles: dei trur at freden er mogleg, og dei er viljuge til å gjera offer for han. Ei av dei er 19 år gamle Omer Goldman, dotra til ein tidlegare toppkar i Mossad. Ho seier blant anna: (more…)

Ein song for fred

Tuesday, January 6th, 2009

“I mitt hjerte”, israelsk-palestinsk fredssong framført av David Broza og Wisam Murad, 2006.

Les meir her.

Ei utfordring

Sunday, January 4th, 2009
Amerikansk-israelske Bernard Avishai er ein svært interessant tenkjar og bloggen hans er vel verdt å lesa. I bloggposten Teaching a Lesson stiller han ei rekkje spørsmål også norske israelvenar burde stilla:
What is Hamas infrastructure if not the ambient support of the population? Doesn’t this attack make support stronger in the long run? Can any ground operation hope to topple the regime? What will stop the attack if not world opinion, that will not think about missiles on Shderot, but a “disproportionate response” to missiles on Shderot? Come to think of it, will they not think about Gaza under siege and what brought the place to desperate poverty? How will West Bankers react when they see Hamas standing up and dying while they feel the settlements growing around them?

And how will Egyptians react? And Jordanians? And Israeli Arabs, who are spontaneously demonstrating against the attack? And the Intel board, whose $4.5 billion dollar fab is in range? How do we build a future with Palestine when we are seen through a prism of vendetta? Will not the families and widening circles around the dead hate you forever? Do not terrorists come mainly from the ranks of youth who are ashamed to have survived? Was there not another way all along, which we cannot see now?

OUR GENERALS DO not address these questions. That is not their job. They speak instead about the need for hasbara, literally “explanation,” public relations, those critical soft skills the people in the Foreign Ministry are supposed to have, but judging from the world’s reaction seem not to have in abundance, at least, not to compare with the competence of generals, proven once again.

(Sjå også bloggposten han har kalla Teaching a Lesson – Appendix.)

Spørsmåla Avishai peiker på er viktigare enn mykje av det som vert diskutert i norsk bloggosfære, eller i norsk opinion elles. Difor vil eg gjerne utfordra israelsvenane blant norske bloggarar til å både lesa og kommentera Avishai sin artikkel. Palestinavenene, også, når eg tenkjer meg om.

Irrelevante argument

Wednesday, December 31st, 2008

Det er fleire ting som eg stadig let meg forundra av i den uendelege skyttargravskrigen mellom norske palestinavener og norske israelsvener. Ein av dei er alle dei fullstendig irrelevante argumenta som stadig vert repetert. I blant har desse karakter av historielaus løgnpropaganda, som når ein anonym lesar på KrFU-aren Sondre Olsen sin blogg hevdar at dei israelske jødane i hovudsak stammar frå den tyrkiske folkegruppa khazarane, og difor ikkje kunne seiast å ha hevd på landområda i det heile.

Det er ei historie eg elles berre har fått servert i nazipropaganda (men eit google-søk avslører at det også er andre som repeterer det, blant anna islamistiske grupper), og det er ei historie ein må ha ein minst talt mangelfull kjennskap til europeisk-jødisk historie for å svelgja.

Andre irrelevante argument er tilsynelatande meir tilforlatelege. Nokre nyttar faktisk historie til sin fordel, og hevdar at den eine eller den hi folkegruppa har meir hevd på området. Men sjølvsagt har ingen av folkegruppene i området (og det er fleire enn to) kome ut av svarte hol. Dersom ein ikkje har visjonar om etnisk reinsing – og det likar eg å tru at få i Noreg har – er det fullstendig irrelevant kven som kan seiast å ha mest eller minst hevd til landet. Dette er snakk om folk. Som bur der. Og som har budd der i generasjonar. Som har heimane sine der, og er fødde og vaksne opp der.

Eit klassisk argument frå israelvenane si side er at palestinarane ikkje finst; dei er eigentleg berre arabarar – og arabarane har jo så mange land allereie. Her er det Olsen sjølv som syndar. I motsetnad til den anonyme palestinavenen han hadde på vitjing baserer han seg i det minste på fakta: ja, det finst mange arabiske land, nei, få av dei har særleg til overs for Israel. Argumentet han leverer er ein avart av eit anna argument som dukkar opp på ymse debattsider og bloggar om og om igjen. Olsen skriv det ikkje, men i forlenginga av hans argument kjem dette: Palestinarane finst ikkje. Dei er berre ein konstruksjon.

Ingen av dei palestinarane eg har møtt har verka spesielt konstruerte; det er ikkje snakk om golemar dette, sjølv om metaforen kanskje klaffar i blant. Men javisst: nasjonaliteten palestinar er i høgaste grad ein konstruksjon, ein konstruksjon som vaks fram som eit resultat av arabisk og syrisk-palestinsk nasjonalisme tidleg i førre hundreår, og som seinare har vorte utvikla vidare; kanskje særleg etter 1967.

Det er grunn til å minna om at nasjonaliteten israelar i aller høgaste grad også er konstruert (og ei vidareutvikling av ein jødisk nasjonalisme som vaks fram på om lag same tid som den syriske). Nasjonaliteten belgiar er så konstruert at mange i Belgia fnys av han, og nasjonaliteten nordmann er også konstruert. Med mindre ein ynskjer å dra inn raseteoriar, og det mistenkjer eg få for å vilja, er nasjonar ikkje å betrakta som naturfenomen; dei er kulturelle fenomen. Og som kulturelt fenomen er palestinaren ein utvilsam røyndom.

Sjølv om dei snakkar same språk (men høgst ulike dialekter) og i stor grad (men slett ikkje utelukkande) praktiserer ulike variantar av same religion så kan ikkje alt frå marokkanarar til irakarar og jemenittar reduserast til ei einaste monoton kulturell gruppe. Ein kan gjerne kalla palestinarane arabarar, men det er ikkje relevant. Dersom israelsk politikk er feil, er den feil sjølv om landet Jordan finst, og uavhengig av kven som budde i Hebron for 2.000 år sidan. Israelsk politikk kan ikkje gjerast verken lettare eller tyngre å forsvara gjennom å peika på den palestinske nasjonaliteten som ein konstruksjon. Slike argument er beint fram innhaldslause konstruksjonar.

Eit anna innhaldslaust argument er at Israel er så lite. “På størrelse med Hedmark fylke”, skriv Sondre Olsen. Javisst. Men spelar det noko rolle? Eg skjønar godt Israel sitt behov for å forsvara seg, og det at landet er lite kan nok seiast å understreka dette behovet. Men dersom forsvaret er av ei form som ikkje let seg forsvara speler det inga rolle om landet er lite eller stort. Dersom forsvaret tek ei form som jamvel er eigna til å gjera konflikta endå djupare og endå meir uoverkomeleg, ja, så det er like kritikkverdig uavhengig av flatemål.

Hamas er ei djupt reaksjonær, motbydeleg og pseudofascistisk gruppe, og det er synd og skam at norske venstreradikalarar finn det for godt å ha sympati med slike grupper. Når professor Daniel Heradstveit finn det for godt å seia at Hamas like gjerne kan betraktast som “frihetskjempere” som som “en terroristorganisasjon” set eg att og lurer på kva slags fridom det kan vera Hamas kjemper for. Deira styre i Gaza har ikkje akkurat vore prega av liberalitet, for å seia det forsiktig.  Når Stian Oen i ein kommentar hjå bloggaren VamPus vel å fokusera på at Hamas er ein “geriljabevegelse (…) med betydelig folkelig støtte som står opp mot mot undertrykking og okkupasjon i regi av verdens femte største militærmakt”, framstår det som like pussig. Om Hamas kan kallast “geriljabevegelse” eller ikkje er strengt teke irrelevant: det gjer ikkje dei stadige rakettangrepa mot stader i det sørlege Israel verken meir eller mindre moralske, og det gjer heller ikkje Israel sitt tilsvar verken meir eller mindre riktig.

I høve Israel sitt åtak på Hamas er det tre spørsmål som burde diskuterast, og som i stor grad har forsvunne frå også denne Israel-Palestina-debatten.

Det fyrste er om det er grunn til å tru at israelarane kjem til å oppnå det dei ynskjer, nemleg å knekkja ryggen på Hamas og få ein slutt på terroråtaka. Det andre er om det no er Hamas som får det slik dei ynskjer, om det israelske militæråtaket er nettopp det dei har freista å oppnå gjennom dei stadige rakettåtaka og eit utal andre provokasjonar. Det tredje spørsmålet er kva Noreg eller me nordmenn eventuelt kan gjera for å bidra til fred i området.  Eg trur ærleg talt ikkje at det er så mykje me kan gjera, men det står iallfall klart for meg kva me ikkje burde gjera: me burde ikkje støtta ein av partane – same kva for ein – meir eller mindre blindt, og basert på irrelevante, innhaldslause argument.