Eg har ikkje femti karar med ergometersykkel i bakhagen
Saturday, January 10th, 2009I boka “Transition Handbook” skriv den britiske aktivisten Rob Hopkins:
Eg likar å tenkja på fossile brennstoff som den magiske drikken i bøkene om Asterix og Obelix. Goscinny og Uderzo sine galliske heltar bur i den einaste landsbyen som heldt ut mot den romerske okkupasjonen, takk vere ein magisk drikk laga etter hemmeleg oppskrift av vismannen deira, Miraculix.
Drikken gjev dei overmenneskeleg styrke og gjer dei usårbare, til stor sorg for Julius Cæsar. Som Asterix og Obelix’ magiske drikk gjer olje oss langt sterkare, raskare og meir produktive enn me nokon gong har vore, og gjer det mogleg for samfunnet vårt å gjera 70 til 100 gongar meir arbeid enn det som hadde vore mogleg utan. Me har levd med denne drikken i 150 år og har – som Asterix og Obelix – vorte vande med å tenkja at me alltid vil ha han, me har faktisk lagt opp liva vore til å vera fullstendig avhengig av drikken.
Hopkins heldt fram med å visa til at ein gjennomsnittleg amerikansk borgar nyttar energi tilsvarande femti karar som syklar på – dag og natt – for å laga straum. No ligg riktig Noreg eit hakk lågare enn USA på denne statistikken, men eg har likevel eit problem: eg har slett ikkje femti karar med ergometersykkel i bakhagen. Ikkje har eg plass til å husa dei eller mat til å fø dei heller.
Heldigvis bur eg i Samnanger, som er benåda med rike vasskraftressursar og heldigvis kan eg fyra med ved (bioenergi vert det visst kalla i våre dagar), men oljeavhengigheita mi og vår er likevel eit stort problem, som heng saman med både klimakrisa, matvarekrisa og ei stor energikrise – ja, det spørs om ein ikkje kan trekkja liner til finanskrisa også. (more…)

