Tåkeskvalder
Thursday, September 4th, 2008Det burde eigentleg ikkje vera naudsynt å ta fleire oppgjer med dei fantasifulle teoriane til gjengen som meiner at amerikanske myndigheiter anten sjølv stod bak 911-åtaka eller med vilje lot dei passera.
Eg har kritisert tøvet før, og mange andre har gjort det langt betre enn meg. Dette speler sjølvsagt lita rolle i ei førestillingsverd der kjeldekritikk er noko ein berre utøver ovenfor den “offisielle konspirasjonsteorien”, medan ein sveljer dei underlegaste påstander rått så lenge dei byggjer opp under førestillinga om at Bush er eit vondskapsfullt geni som langt overgår dei vondskapsfulle genia i James Bond-filmar både i vondskapsfullhet og genialitet. (more…)

