Posts Tagged ‘Media’

Hva er viktigst for en liberaler?

Friday, September 5th, 2008

Når Heidi Nordby Lunde, aka Vampus – en av Norges mest kjente bloggere – kritiserer norske media for å være lite balanserte og unyanserte i sin dekning av den amerikanske valgkampen er det grunn til å høre etter. Sjansen for at McCain vinner valget i november er – til tross for inntrykket en i blant kan få i både Dagbladet, Aftenposten og andre aviser – betydelig. (more…)

Utanfor fortet

Friday, March 14th, 2008

Det tredje venstre: til kamp mot postmodernismen! Kinesisk propagandaplakat. Her brukt som skikkeleg, skikkeleg slem hersketeknikk (fy, Øyvind)

Då Magnus E. Marsdal og Bendik Wold si bok “Tredje venstre – for en radikal individualisme” kom ut i 2005 hadde eg det slett ikkje travelt med å kjøpa boka.

Eg såg at ho fekk mykje skryt, og at Klassekampen jamvel meinte boka ville vera eigna til å “endre lesernes bevissthet”, men det vetle eg las om og frå boka gjorde meg ikkje overbevist. Difor las eg romanar av John Connolly i staden. Dei endra ikkje bevisstheten min noko særleg, trur eg, men dei var iallfall kjekke å lesa.

I fjor ein gong kom eg over boka på billigsal, og eg tenkte at det kanskje var på tide å lesa ho. Magnus Marsdal si bok “Frp-koden” var høgst lesverdig, og eit lite håp var fødd i meg om at det kanskje var verdt å bruka tid også på “Tredje venstre”. Det viste seg i all hovudsak at det var ein betre strategi å satsa på Connolly.

For medan “Det kommunistiske manifest” kanskje er den aller kjedelegaste boka eg har lese frå perm til perm, så kjem boka til den venstreurbane, norske varianten av Marx og Engels ganske høgt opp på lista over bøker som eg har var lukkeleg over at eg berre las medan eg eigentleg gjorde på andre ting. Eg skal vedgå at eg las med eit halvt auge, rett og slett fordi mykje av boka rett og slett kjeda meg.

Kritikken mot nyliberalismen (og gamalliberalismen, også) var stort sett svært så forutsigbar. Mykje av han var fornuftig – det er ikkje det – men det var rett og slett ikkje “mesterstykket” Klassekampen lova, og heller ikkje “en svært viktig bok for vår samtid”, slik Le Monde Diplomatique sa. Det var ting eg har lest betre variantar av før.

Etter å ha lese rosemålinga av Marx i kapittelet “En historie om individet” syntest eg heller ikkje boka framstod som noko brot med det “andre venstre” (”Marcus Thranes, Martin Tranmæls, Lenins og Rosa Luxemburgs venstre, tuftet på forestillingen om arbeiderklassen som revolusjonært subjekt”, for å sitera Marsdal og Wold”). Denne opplevinga heldt seg ved lag trass i kritikken dei to retta mot “Venstresidens egen Jantelov, som bare gjør unntak for Marx, Lenin og kanskje to-tre til, figurer som til gjengjeld kan behandles i tråd med Loven om evig Storhet”.

Dei vondene åndene i moderne journalistikk: skandaler, kriminaljournalistikk, personfokus, osv. Plakat frå Puck US Magazine, 1888.

eitt område leverer boka likevel eit interessant utgangspunkt for debatt, og det er når det vert snakka om mediapolitikk (pass opp for puh-ord):

Hvis vi betrakter en demokratisk offentlighet som et nødvendig koordineringssystem for innbyggernes kulturelle og politiske samhandling, eller som demokratiets intellektuelle allmenning, fremstår nyliberalismen som et prosjekt for å gi private investorer adgang til å kolonisere, privatisere og manipulere denne allmenningen. […]

Vi kan være vitne til at den økonomiske makt, som med kapitalismens fremvekst skilte seg ut fra apparatene for ideologisk og politisk makt, nå forsøker å legge under seg den ideologiske makt og det politiske feltet gjennom ressurssterke tenketanker og et globalt medieapparat direkte underlagt eierne. […]

Med den sterke maktkonsentrasjonen i globale og nasjonale medieimperier forsterkes problemene for demokratiet. Borgerskapets stadig mer konsentrerte kontroll over kommunikasjonsmidlene fører det inn i en posisjon ikke helt ulik posisjonen til elitene det selv opponerte mot da det fremadstormende borgerskapet på 1700-tallet bekjempet kirkelige og adelige monopol og priviligier.

Puh. Marsdal og Wold leverer også argument til kva som bør gjerast: Dei vil til dømes gjera VG om til ei non-profitstifting der fagrørsla har 11 av 20 styrerepresentantar og dei tilsette har resten. Dei vil oppretta nye public service-kanalar på fjernsynet, dei vil gje rentefrie oppstartslån til nye media og dei vil skattleggja kvart aviseksemplar over 100.000 i opplag med 60 – seksti – prosent for å bruka millionane på å subsidiera dei mindre avisene. Eg spår gode tider for Klassekampen.

Alt dette minte meg også om noko eg har lest før, og jamvel om noko eg har sitert før. Høyr berre:

Ingen informert politikar kan ha unnlatt å leggja merke til endringane som har skjedd i journalistikken dei siste tredve åra. Dei meiningsdannande avisene, som brukte å samla lesarar i leire splitta etter partilinene, som brukte å balansera og motarbeida kvarandre, har no vorte erstatta av store nyhendeorgan. Det som har hendt i industrien har også skjedd med pressa. Massive festningar har vorte bygd opp, slott som skyggar over og truar med å knusa dei mindre festningane.

Det var franskmannen Joseph Caillaux som skreiv dette, tidleg på tjuetalet. Og det er sjølvsagt vanskeleg å seia seg ueinig med Caillaux, og like vanskeleg å seia seg ueinig med Marsdal og Wold. Dei har heilt rett: Mediehusa har vorte større og større. Den norske mediemarknaden er fullstendig dominert av nokre få aktørar.

Her må det nemnast at den radikale venstresida ofte vil seia at media er høgrevridd eller – i det minste – at media er prega av ein “kommersialistisk medieideologi” som “brer om seg, […] nesten automatisk hvis en stadig større del av mediebransjen blir definert som pur forretning” (for å sitera Marsdal/Wold endå ein gong).

Høgresida vil på si side hevda at media er venstrevridd, dominert av journalistar som også stemmer til venstre. Sanninga ligg, som så ofte før, ein stad midt i mellom. Den klassiske norske medieverda – midtstraumsmedia – er eit sentrumsdiktatur, det er få stemmer som skil seg ut. Heidi Nordby Lunde kan gjerne sukka over at journalistar i Noreg stør Demokratane, men i Noreg er det ikkje særleg venstrevridd å lika Barack Obama.

Norsk politikk og norske midtstraumsmedia har nemleg ein ting til felles. Dei høyrer til det evigmoderate sentrum (ordet “midtstraum” burde vera eit hint). Akkurat det passar sjølvsagt bra med den “kommersialistiske medieideologien” Marsdal og Wold snakkar om: siktar du i sentrum treff du fleire enn om du tek sikte på ein politisk ytterkant. Magasinet Memo var ikkje journalistisk all verda å skryta av, men det var heller ikkje politisk korrekt nok (sjølv om akkurat det å slengja drit i muslimar etterkvart har vorte veldig politisk korrekt).

Det låg for langt frå midten. Og avhengig som det var av å tena pengar, så varte det ikkje lenge før det gjekk adundas.

P4 derimot, har overlevd. Valgerd til trass.

Marsdal og Wold si løysing for å få ein breiare mediakvardag er å gå til åtak på “borgarklassen” sin tilgang på produksjonsmidlene. Men har dei ikkje gløymt noko? Me lever ikkje lenger i 1850-åra, dette er 2008, og me kan strø rundt oss med flotte ord som “Web 2.0? og bruka datamaskiner utan eit einaste produkt med lukka kjeldekode, om me absolutt vil det.

Ny teknologi, meiner nokon, er svaret. Andre er meir skeptiske. John Markoff, New York Times sin veteran på datajournalistikk, uttala seg svært pessimistisk om blogging fem år attende. – Det er i grunnen ikkje klart om blogging er noko meir enn privatradio.

Men det er nettopp dèt. Både borgarjournalistikk og blogging kan vera i slekt med privatradioane, og det i seg sjølv er ei utfordring for dei som lukkar seg inne i dei gamle mediafestningane, anten dei er venstresidejournalistar eller Murdoch-robotar. Det er ikkje særleg krevjande å starta ein blogg. Det er ikkje så veldig vanskeleg å registrera seg som brukar på ein nettstad. Den digitale tidsalderen har snudd det heile på hovudet:

Kunsten er ikkje lenger å finna ein stad som kan og vil trykka det du skriv, kunsten er å skriva noko som faktisk er verdt å trykka. Det har vorte lett å driva eit nettmagasin, ein blogg, å publisera radio-liknande opptak eller jamvel å laga filmar.

Så lenge ein slepp å tenkja på økonomien, og har ein jobb som betaler internettrekninga og datamaskina, kan ein no, på sett og vis, starta sitt eige trykkeri. Og det kan sjølvsagt bidra til ein opnare opinion, og til at det vert enklare å utfordra økonomiske, politiske og kulturelle elitar.

Det kan sjølvsagt også bidra til at det vert publisert uhorveleg mykje søppel og til at debattar vert drukna i innlegg frå folk som opererer under fleire spenstige namn og stort sett ikkje har anna å meddela enn at islam er vondskapen sjølv, uansett og alltid og saman med dei homofile og Arbeidarpartiet. Men der inne blant all driten finst det perler, og det at meir drit vert gjort tilgjengeleg tyder også at perlene vert fleire.

Sjølv om ein ikkje tyr til Pirate Bay eller andre nedlastingstenester på iallfall teoretisk kant med lova, så kan ein likevel gå på kulturell oppdagingsferd på internett og oppdaga kulturelle perler ein aldri har høyrt om før. Sjølv har eg lagt ut på ei poetisk verdsreise, takk vere internett. I aukande grad er det mogleg for vanlege folk å skapa sin eigen mediarøyndom – både som konsument og som produsent.

På ein måte opnar internett for ei samansmelting av sosialisme og liberalisme: det er noko ved mediet i seg sjølv, kanskje at det føles så nært, som gjer at det er freistande å bruka tid som mediaprodusent sjølv når ein ikkje får betalt for det; og kanskje jamvel i eit enormt samarbeid med mange andre, folk ein gjerne verken har møtt eller veit kven er. Kva er sosialisme, om ikkje nettopp dette? Samstundes er det mogleg for sjølv dei raraste raringar å sleppa til, og vanskeleg for sjølv dei kjipaste diktatur å totalregulera alt. Er ikkje det i det minste steg på vegen mot liberalistiske ideal? Er det ikkje ein siger for fridomen då det dukkar opp interessante bloggar frå heile verda, også frå – til dømes – det djupt reaksjonære religiøse diktaturet Saudi Arabia [1].

Mykje av dette skjer utanfor festningane Cauillaux skreiv om, og utanfor den medierøyndom Marsdal og Wold vil endra gjennom radikal samfunnsmessig inngripen.

Og då er kanskje spørsmålet: burde ein ikkje i staden for å utforma radikale forslag til ny styresamansetjing i VG setja alle klutar til på å gjera både datamaskiner og internett tilgjengeleg for flest mogleg, i Noreg og verda over? Burde ein ikkje i staden for å søkja å straffa aviser som sel mykje til fordel for aviser som sel lite, søkja å gjera det mogleg for flest mogleg folk å driva aviser og også “aviser” som sel endå mindre?

Sjølv om Marsdal og Wold nemner linuxfans i ei setning i boka si, så synest eg boka ber preg av å vera skrive i ei fjernare fortid enn det som faktisk er tilfelle. Eg har ei kjensle av at dei har stirra så lenge og så hardt på karane som sit på festningane at dei overser at mediarøyndomen er i ferd med å endra seg heilt utan radikale inngrep i VG sitt styre.

Fotnote:

[1] Kva for sprengkraft blogging kan ha i eit diktatur trur eg det er vanskeleg å verkeleg fatta for folk som er vorte vant med den norske bloggosfæra, der det gjerne er navletitting som skaper aller mest debatt.

Jakta på NRK-hataren

Wednesday, August 22nd, 2007

Det at det knapt finst stemmer som argumenterer for at NRK bør leggjast ned gjorde meg relativt nyfiken på dei folka som faktisk har denne oppfatninga. Eg leita på internett, og fann fram til ein del av dei, alle saman anonyme debattantar på ymse nettfora. Kva argument vert brukt for å forsvara oppfatninga om at NRK bør leggjast ned? Går det an å skjøna NRK-hataren?

Les gjerne min artikkel i Vox Publica. Artikkelen er ein del av deira åpne netthøring om NRK si framtid, eit fabelaktig tiltak.

Kvifor eg kan leva med lenker

Wednesday, August 8th, 2007

Janne oppmodar folk til å ikkje oppretta ein blogg på trykker.com og også til å be om å verta fjerna frå bloggoversikten.com.

Det eine gjev forsåvidt god meining. Eg skjønar godt folk som ikkje ynskjer å verta sett i samband med teoriar av den typen Øyvind Sæther slengjer rundt seg, ikkje minst på nettstaden xiandos.

Sjølv har eg vald å blogga på mitt eige domene, det gjev meg i det minste litt meir kontroll. Men korleis veit eg at dei eg kjøper domeneplass hjå ikkje brukar pengar på noko eg ikkje likar? Det er vanskeleg, er det ikkje? Kva med bloggarar som skriv på blogspot – kjenner dei seg vel med alt Google driv på med? Kva med dei som har ei epostadresse frå yahoo? Er dei nøgde med yahoo sin politikk? Og kva med folk som brukar VG-bloggen sin på å fortelja at VG er ei drittavis?

Til liks med Janne er eg journalist. Eg lever av å skriva. Sjølvsagt ynskjer eg å fortelja gode historiar, og å skapa engasjement for viktige saker. Sjølvsagt har eg det ofte moro medan eg skriv, og det eg publiserer på denne bloggen er stort sett ting eg har det moro med eller ting eg synest er viktige, og berre i blant ting eg også har tent pengar på. Men samstundes er eg som skribent avhengig av eit publikum. Dersom eg skårar høgt på eit googlesøk er det bra. Og, dersom nokon finn meg på ein bloggoversikt, er det i grunnen ikkje så gale det heller. Eg kan leva med lenker.

Som bloggar har eg fleire gongar registrert at folk har klipt ut frå mine innlegg og limt desse utklippa inn på andre nettsider for å forsvara ein politikk eg er ueinig i. Det er sjølvsagt ikkje alltid like kjekt, men i all hovudsak trur eg folk har vit til å skjøna at dei for å finna ut av mine meiningar kjem lengst ved å spørja meg og ikkje berre basera seg på oppfattingane til ein som har skrive på ei nettside der namnet mitt også har vorte nemnd. Eg kan leva med det på same måte som eg kan leva med å verta kalla stygge ting.

Jarle Synnevåg har kalla meg ein “patetisk idiot og terrorist”, eit retorisk høgdepunkt frå den kanten. Hallgrim Berg på si side har skulda meg for å fara med “åndeleg terrorisme” fordi Shoaib og eg påpeika at han tok feil og sannsynlegvis ikkje minst fordi eg drista meg til å vera ueinig med han. Bloggaren bak ‘Uten Grenser’ har omtala meg som “antimiljøvernar” fordi eg synest primitivismen er noko forbaska ræl.

Eg kan jamvel leva med at ein anonym kommentator på Tidens Tegn kallar meg “vondskapsfull”. Ord har avsendar. Det er ikkje alle avsendarar som har same kraft til å såra.

Eg kan leva med alt dette fordi eg lever av det. Den dagen eg skriv ting som ikkje får ein einaste til å kritisera meg har eg med stort sannsyn vorte ein veldig kjedeleg skribent.

Fordi eg lever av å skriva og er vand med å finna namnet mitt i samanhangar eg ikkje alltid liker må også bloggoversikten meir enn gjerne linka til meg. Eg håpar dei som kjem til nettsida mi på den måten fort oppdagar kva mine eigne oppfattingar om konspirasjonsteoriane er: fyrste regel for dei som meiner ein burde vera meir kritisk ovanfor “den offisielle versjonen” er at ein sjølv burde utvisa kjeldekritikk ovanfor det ein las på ei eller anna obskur nettside.

Don’t copy that floppy!

Friday, July 27th, 2007

Haldningskampanjar er naturlegvis fine ting. Difor vart eg faktisk ganske glad då eg såg denne videoen.

Det kan knapt finnast betre reklame for dei av oss som er skeptisk til dagens kopirettlover. Really.

Ikkje at denne er så mykje betre: “(mørk og dyster stemme) Piracy funds terrorism”.

Next time I’ll buy a pirate DVD. At least this bloody trailer won’t be on it.

Kildekritikk er et vakkert ord

Friday, April 13th, 2007

Som blogger skal man være spontan, og har man en mål om å etablere en viss leserskare er det også en fordel å oppdatere ofte. Men samtidig har bloggere andre ting å gjøre på enn å sitte bak skjermen hele dagen og derfor blir det ofte så som så med arbeidet bak det som blir skrevet.

Kildekritikk har en lei tendens til å komme i annen rekke.

Dersom du skriver om ting som står deg nær spiller det liten rolle, du er selv førstehåndskilde til ditt eget liv. Men skriver du om ting som foregår langt borte, blir det fort verre. Blog er et sterkt medium som gjør det lettere for “den lille mann” å få ut sine budskap. Men det er også et medium som gjør det lettere å spre rykter, misforståelser og i blant løgner.

Hårek Hansen skriver på sin relativt ferske blogg innlegget “FN forbyr islamkritikk?”. Han viser til den svenske nettavisen Världen Idag, som skriver om en resolusjon fra FNs menneskerettsråd. “I følge resolusjonen skal ikke islam kritiseres”, forteller Hansen oss, “da islamkritikk sårer muslimer og leder til intoleranse”.

De som kommenterer på bloggen har lite å innvende. Påstanden fra kristen-konservative Världen idag blir uten videre godtatt, “islam bör inte få kritiseras, det kan såra muslimer och leda til intolerans. Det är innebörden i en resolution som antogs av FN:s råd för mänskliga rättigheter i Genève i förra veckan”. Men bloggen er et fjør-til-fem-høns-medium og snart baller påstanden på seg.

VamPus plukker den opp, men hun dropper Hansens spørsmålstegn: “FN forbyr islamkritikk”, heter det nå, og så kommer den krasse fortsettelsen: “dersom det er noen gravende bloggere der ute så kunne det vært interessant å få listen over resolusjoner mot kritikk av kristendommen, jødedommen, katolisismen, buddhismen, hinduismen .. ja, you get the picture?”.

Igjen er det ikke å så mange innsigelser å høre, og når jeg kommer med mine dukker en fast kommentator (med mange navn) opp for å skjelle meg ut. Men glem det, en “gravende blogger” trenger faktisk ikke lete lenger enn til den nevnte resolusjonen. Islam nevnes konkret, men det referes også til religion generelt. Et av punktene i den omstridte uttalelsen lyder: “[the UN human rights council] deplores the use of the print, audio-visual and electronic media, including the Internet, and any other means to incite acts of violence, xenophobia or related intolerance and discrimination towards Islam or any other religion”.

Merk at det her ikke er snakk om islamkritikk, men om “oppmuntring til vold, fremmedfrykt eller relatert intoleranse og diskriminering ovenfor islam eller enhver annen religion”.

Det blir verre. På Kristenblogg plukkes artikkelen i Världen i dag igjen opp. Martin Drange skriver under tittelen “FN-råd forbyr kritikk av islam”:

FNs menneskerettighetsråd vedtok i forrige uke en resolusjon som skal forby kritikk av islam. De som stemte for var overveiende hel- og halvdiktaturer, og samtlige demokratiske land stemte i mot. FNs generalforsamling må vedta resolusjonen for at den skal bli gyldig. «Kritikk av islam bør forbys fordi kritikk kan såre muslimer» står det blant annet i resolusjonen.

Nei, det gjør ikke det. Dersom Drange faktisk hadde tatt seg tid til å lete frem resolusjonen selv, ville han fort ha oppdaget dette. Resolusjonen er tilgjengelig i Word-format her. Det er en virkelig førstehåndskilde, den ligger offentlig tilgjengelig på nettet og det var – for å være helt ærlig – ikke spesielt vanskelig å finne den.

Det er god grunn til å kritisere denne resolusjonen. Jennifer Windsor i organisasjonen Freedom House setter fingeren på noe viktig når hun sier “this resolution condones state punishment for public utterances that authoritarian governments will claim defame religion”. Men resolusjonen forbyr ikke islamkritikk, den sier ikke noe om at islamkritikk per se bør forbys og den referer til religion generelt, og ikke bare til islam. Skal man kritisere den bør man kanskje kritisere dens egentlige innhold og ikke ting man tror at den kanskje sier.

Ekstra patetisk blir det selvsagt når Martins innlegg blir fulgt opp med følgende svingende og nestekjærlige kommentar fra medkristenblogger Andreas:

Forslaget til FN-resolusjon er et utrolig godt eksempel på hvilke hindringer som skapes for oss kristne i samfunnet i endetiden. Satans dominans i verden gjør at homofili og Islam har stor fremgang.

Kildekritikk er et vakkert ord. Men ikke bare det. Kanskje kan ung.no være et bra sted å begynne?

Olje på dei lånte fjøra

Wednesday, March 14th, 2007

Tiande mars kunne nettsida HonestThinking fortelja at franske myndigheiter «har måtta gje opp i alle fall delar av sin autoritet over ikkje mindre enn 750 urbane område». Ser ein nærare på denne påstanden er det underleg at nokon som helst kan ta nettsida, eller redaktør Ole Jørgen Anfindsen alvorleg i debatten om innvandring og integrering.

Strengt teke er Frankrike ikkje lenger nokon stat, heiter det i epistelen, og vidare vert det slått fast at dei som meiner Hallgrim Berg teiknar eit for negativt bilete av utviklinga i Europa «kunne ha godt over å filosofera litt over situasjonen i Frankrike». For å liksom villa understreka poenget legg Anfindsen ut ei lenkje til ei nettside som gjev ein oversikt over områda han hevdar Frankrike har gjeve opp kontrollen av, dei såkalla zones urbaines sensibles.

Problemet hans er at det han fortel ikkje er ærleg tenking i det heile, men blank løgn.

ZUS-sonene er byområde som har vorte definert som politiske satsingsområde, område ein ynskjer å fremma økonomisk utvikling i. Mange av stadene på lista er innvandrarstrøk, men ikkje alle.

Det dei har til felles er gjerne høgare arbeidsløyse, lågare utdanningsnivå og dårlege bustadforhold. Og sjølvsagt: at franske myndigheiter i alle fall på papiret tek problema alvorleg og freistar å gjera noko med dei.

Det er få i fransk opinion som deler dette fantastiske biletet av ZUS, av den enkle grunnen at det er idiotisk. Sjølv ikkje Le Pens Front National snakkar om dei som område som Frankrike har gjeve opp, men klager i staden over at det vert brukt så mykje pengar på områda, og at det utgjer «positiv diskriminering». Ideen om okkuperte område i Frankrike trivst imidlertid godt på enkelte amerikanske og nokre få europeiske nettsider som elles er prega av høgst unyansert og stereotyp islamkritikk, og i blant også av eit heller velutvikla hatforhold ovanfor alt fransk.

Det burde vera openbart at ein kvar som freistar å gjera ei liste med 750 område definert som viktige for byutvikling om til ei liste som viser at Frankrike ikkje lenger er ein stat rett og slett er vanskeleg å stola på.

Tre dagar seinare har brørne Anfindsen høyrd frå ein lesar som meiner dei har vorte villeia av kjelda. Ein merknad vert lagt til under overskrifta «Adieu, France»: «Vi undersøker nå saken, og vil komme tilbake til den i løpet av noen dager», står det. I merknaden kjem det nemleg også fram kven kjelda for påstanden er, nemleg den belgiske nettjournalen Brussels Journal, drifta av påstått konservative Paul Belien.

Det kan vera verdt å reflektera over eit par ting Belien har skrive. I etterkant av eit rovdrap i Brüssel, som både media, politikarar og politi meinte var utført av ungdommar av nordafrikansk opphav (to polske ungdommare vart seinare pågripe), skreiv han:

Rovdyra har tenner og klør. Rovdyra har knivar. Alt frå dei er små lærer dei i sine årlege offerritual korleis ein skjer over halsen på varmbloda husdyr. Me vert kvalme av å sjå blod, men det vert ikkje dei. Dei har trening og dei er væpna. Me kan ikkje ein gong gå med pepperspray i lommene. Dei har springknivar og slakteknivar og dei veit korleis dei skal bruka dei.

Artikkelen var kalla «Gje oss våpen». I ein annan snakkar han om «valdtekta av Europa», og slår fast:

‘Dersom trua kollapsar så kollapsar også sivilisasjonen’. Det er den eigentleg årsaken til at Europa sin sivilisasjon vert stengt ned. Islamisering er berre ein konsekvens. Sjølve ordet islam tyder «underkasting» og sekularistane har allereie underkasta seg. Mange europearar har allereie vorte muslimar, sjølv om dei ikkje skjøner det og sjølv om dei ikkje vil vedgå det.

Det er den same Belien som har skrive artikkelen brørne Anfindsen bruker som kjelde for si «ærlege tenkning» – og tilhøyrande blanke løgn – om Frankrike. Påstanden som har vorte henta ut utgjer ein liten del av ein større artikkel som eigentleg handlar om Nederland.

På HonestThinking har dei ikkje berre slukt han rått, utan å stilla eit einaste kritisk spørsmål, men har også lagt til si eiga tolking: «På litt lengre sikt vil Frankrike enten bli delt i flere stater, eller det må dramatiske endringer til for å gjenopprette statens autoritet». Kanskje dei burde byrja å “undersøkja saka” får dei brakte slike bodskaper? Kanskje dei burde meditera over ordet “kjeldekritikk”?

Og kanskje både ein og hin også burde stilla seg meir kritisk ovanfor Anfindsens ideologiske tenkning?

Eit memo til magasinskaparar

Friday, September 22nd, 2006
Det er slutt på magasinsatsinga til Dagbladet, Memo. Styret set ein stoppar, då “magasinet ikkje har klart å innfri måla, verken når det gjeld opplag eller annonser”.- Bladet har ikkje klart å trekkja til seg nok lesarar, seier Mads Nygaard i Magasinforlaget, som står som utgjevar av magasinet, i ei pressemelding. Han er lei for nedlegginga, fordi Memo etter deira oppfatting var eit godt produkt.Eg skal glatt vedgå at eg ikkje har vore av dei ivrigaste Memo-lesarane. Det hadde vore tungvint frå mitt sjølvpålagte eksil. Litt har eg likevel fått med meg og det eg har sett gjev meg ikkje noko grunn til å vera ueinig med Nygaard. Samanlikna med mykje norsk journalistikk vil ikkje eg hevda at magasinet var eit dårleg produkt. Problemet var vel snarare at det i grunnen var ganske forutsigbart. Og litt amerikansk.

- Muslimer, selvsagt
Tek ein det fyrste bladet som døme, er det freistande å innbilla seg at det var omtrent denne diskusjonen som gjekk føre seg i Memo før fyrste utgåve:

- Jeg er litt moody i dag [avbrytes av hysterisk latter fra de andre rundt bordet]… Hva er det dere ler av? Bruker dere tiden på å sende dårlige e-postvitser til hverandre igjen nå? Hva? Vi trenger noe med virkelig futt i til det første bladet. Er det noen som har noen ideer?

- Eh ja, sjef, hva om vi gjør noe på sikhene, sjef?

- På hvem?

- Eh… sikhene, sjef. Vi har jo et ønske om å nå ut til de som er litt ekstra samfunnsengasjerte, og det er veldig spennende mater…

- Jaha?

- Eh… ja… og det er jo en verdensreligion som folk ikke vet så mye om og greier, så…

- Verdensreligion? Ja! Der har du noe! Muslimene! Vi må skrive noe om muslimene! Noe om at de er farlige! Kanskje vi kan få noen til å si at de er en bombe? Håhåhå, bombe. Da blir vi jo deilig politisk ukorrekte også…

- Eh jo… men er det egentlig så nyskap…?

- Og så må vi ha et bilde av en sint muslim! Gidder du å sjekke i arkivet?

Kva sel eigentleg betre enn å skriva om farlege muslimar i eit Noreg som har fått muslimar fullstendig på hjernen? Dette sel så godt for tida, at det vert snakka om farlege muslimar overalt. Vil du bli kjend journalist? Skriv om farlege muslimar. Populær politikar? Snakk om farlege muslimar. Forfattar? Fyll boka di med farlege muslimar.

Same shit
Den presseetisk høgst tvilsame framsida selde sikkert. Men artikkelen framsida reklamerte for brakte ikkje noko nytt til torgs, verken ideologisk eller nyhendemessig, som Dagsavisen sin mediakommentator Mode Steinkjer skreiv. Og slik var det gjerne med Memo. Lekker layout, javisst, men samanlikna med andre tilbod på den norske mediamarknaden gav det gjerne ei kjensle av “Same shit, new wrapping”. Og den kjensla heng litt i.

No avgår Memo ved døden. Og eg lurer på kva som eigentleg var målet med bladet? Eg les på nettsidene deira (lekker layout, lite innhald) at Memo skal gje lesarane andre vinklar, og at staben synest det er viktigast med nyhende, innanriks og utanriks politikk, økonomi og kultur. Eg reknar med at det tyder mindre om Paris Hilton og mindre om t.d. VM i å kasta tunge ting langt. Så langt, alt vel. Men lukkast Memo i å gje lesarane andre vinklar? Kanskje ikkje?

To problem
Memo hadde sjølvsagt to problem. Det fyrste er at det faktisk blir levert mykje god journalistikk i ein haug med aviser landet rundt. Han druknar diverre altfor ofte i puppemas og kva veit eg, men han er der jo! Det andre er at det finst mykje god og grundig journalistikk i utanlandske media, og i målgruppa Memo hadde, vil eg tru at dei fleste både les engelsk og har tilgang til Internett. Og dermed vart Memo endå meir “same shit”. Brukbart, kanskje til og med bra og kanskje til og med velskrive, men likevel ikkje så veldig interessant.

Me er amerikanarar
Desse problema har ikkje berre Memo. Dette er eit generelt problem med norske media. Les du noko i ei norsk avis, er sjansen stor for at du har høyrd det før. Og til sjuande og sist handlar det om kulturell identitet.

Ein ting du kanskje også har høyrd før, er at norske media er anti-amerikanske. Dei skriv jo alt mogleg negativt om USA. Javisst! Men sanninga er enklare enn som så; sanninga er at norske media skriv alt mogleg om USA. Punktum. Og stort sett har det vore å lesa i ei amerikansk eller kanskje engelsk (ikkje skotsk, ikkje irsk; men engelsk) avis tidlegare. I blant er artiklane nærast for avskrift å rekna.

Forklaringa er enkel. Ikkje berre målgruppa til Memo les engelsk. Det gjer også journalistar. Og dei bryr seg ikkje med å lesa Langtvekkistan Times, den regjeringsgodkjende avisa som sikkert finst i dette donaldlandet. Dei les i staden New York Times. Ofte. Problemet med norske media er at dei på mange måtar er amerikanske. Og det er ikkje så rart; for på mange måtar er også nordmenn veldig amerikanske. Me prater norsk og (gjerne litt haltande) engelsk, og ikkje så mykje meir, ikkje så forskjellig frå andre amerikanarar med engelsk som andrespråk. Me ser på amerikanske fjernsynsseriar og amerikanske filmar, og lyttar til amerikansk og engelsk musikk, og sjølvsagt les me amerikanske aviser, som takka vera ressursar og kjeldetilgang ikkje sjeldan også er betre enn dei norske amerikanske avisene.

Min engelske språkbruk fleire stader ovanfor kunne ha vore eit godt døme på kor amerikanske me er, men eg har eit endå betre på lager. I Norsk Journalistlag sin katalog over norske frilansjournalistar finn eg 110 som oppgjer å snakka flytande engelsk. I denne forsamlinga, som eg har grunn til å tru at er jamt over høgt skulerte, snakkar 23 flytande tysk. 13 snakkar spansk. 10 fransk. Berre to snakkar italiensk flytande. Ein einaste frilansar snakkar russisk. Ingen snakkar nederlandsk. Ingen snakkar tyrkisk, serbokroatisk eller kinesisk heller. Ikkje ei sjel snakkar arabisk.

Kanskje noko for neste magasinsatsing?
Sjølv har eg nokre idear om korleis eit norsk nyhendemagasin kanskje kunne verta meir interessant, iallfall for underteikna. Desse tipsa skal Dagbladet og andre få heilt gratis (særleg sidan eit slikt magasin kanskje ville lida døden i FrP-Noreg endå fortare enn Memo). Her er dei:

- Finn nokon som snakkar arabisk flytande. Gje dei jobb.

- Inngå avtaler med aviser som ikkje skriv på engelsk om omsetjing og bruk av stoff. Lær av franske Courrier International.

- Les engelskspråklige aviser frå andre land enn USA og England

- Prøv å hugse på at Noreg, trass i sitt manglande EU-medlemsskap, tilhøyrer det kontinentet som ofte vert omtala som Kontinentet

- Om det absolutt skal skrivast om farlege muslimar, prøv i det minste å skriva noko nytt!

    Hvilken ensidighet?

    Monday, July 31st, 2006

    Finn Graffs karikatur av Ehud Olmert ble av Israels ambassadør Miryam Shomrat omtalt som «blasfemisk», «totalt uakseptabel», som et «uttrykk for ignoranse» og til og med som «å ubetydeliggjøre shoa (holocaust)». Det er krasse ord, og Shomrat klagde da også tegningen inn for Pressens Faglige Utvalg.

    Akkurat det kan en kanskje regne med var et PR-fremstøt fremfor noe annet, jeg tviler på at Shomrat regnet med å finne støtte i PFU. Klagen ble avvist i løpet av bare noen dager, – vi legger i likhet med [Dagbladet] vekt på den store takhøyde karikaturer har hatt og bør ha, opplyste PFU-sekretariatet til Dagbladet. Og de har selvsagt sitt på det tørre. Det bør ikke være opp til Israels ambassadør å sette føringer for hvilke type tegninger som kan publiseres i norske aviser og ikke.

    Langt mer interessant enn Shomrats sinne over Graffs karikatur er en kommentar hun kommer med i et intervju med Dagsavisen:

    Hun kom til Norge [...] med en programerklæring om å forbedre de bilaterale relasjonene mellom Norge og Israel, om å øke kontaktflaten økonomisk, kulturelt og intellektuelt. Imidlertid handler det om konflikt nesten hver gang hun dukker opp i norske medier. Shomrat sukker. – Det er problemet med Norge. [...] I løpet av de seneste årene er mediene og den offentlige opinionen blitt ekstremt kritisk og ensidig i sin holdning til Israel.

    Klager om ensidighet er nok noe vi kommer til å se betydelige mengder av i leserbrevspalter i ukene som kommer. I et innlegg i Aftenposten der Graffs tegning ikke bare er uakseptabel og et uttrykk for ignoranse, men også «antisemittisk», sier Samuel Bodd og Edvard Dæhlin i Info-Midtøsten «nei til ensidig kritikk». Det hele minner meg om en debatt Ove Eikje i Kristent Pressesenter og undertegnede førte i fagbladet Journalistens spalter noen år tilbake.

    Eikje kritiserte den «skjeve framstillingen som de fleste norske medier, med NRK i spissen, gir av konflikten i Midtøsten». Han brukte israelernes inntog i flyktningeleiren i Jenin som eksempel, og spurte hvorfor det hadde blitt så stille i norske media etter at det ble konkludert, blant annet av Human Rights Watch, at det ikke var en massakre. Jeg svarte at det i så fall var usedvanlig høylydt stille, siden både ANB og NTB hadde nyhetsmeldinger om saken, og flere aviser – inklusiv Aftenposten og Dagbladet – hadde lengre saker om samme tema.

    Det finnes problemer med norske media sin dekning av konfliktene mellom Israel og naboene. Ikke sjelden er den overfladisk og preget av grove forenklinger.

    Men mens karikaturer og kommentarartikler ofte svartmaler Israel, er selve nyhetsdekningen som regel relativt balansert. De gangene det mangler balanse er det som regel fordi også virkeligheten er skjev. På den ene siden står et velsmurt militærapparat med høyteknologisk utstyr, på den andre står militser stort sett bevæpnet med håndvåpen. Hadde det vært annerledes bør ingen tvile på at tapstallene på israelsk side hadde sett annerledes ut. Likevel er det ikke skjevhet når libanesiske ofre vies mer spalteplass enn israelske ofre; de siste ukene er det omtrent ti ganger flere av dem.

    Likevel har Shomrat et poeng. Norske media er svært ensidige i sin holdning til Israel, ja, faktisk er norske media ensidige i sin holdning til både israelere, palestinere og libanesere. De er ensidig konfliktorienterte. Det fører ikke bare til at man overser andre hendelser, kulturelle, politiske, økonomiske, men også til at det er motpolene i konfliktene får mer oppmerksomhet enn de kanskje fortjener.

    Ensidig og usaklig

    Wednesday, July 26th, 2006

    Finn Graffs heller idiotiske tegning av den israelske statsministeren Ehud Olmert som halvnaken tysk fangevokter i ridebukser, støvler og med gevær har vakt sterke reaksjoner. Den israelske ambassaden har klaget Dagbladet inn for PFU, og hadde jeg hatt hatt skulle jeg spist den om avisen blir felt. Jerusalem Post har også skrevet om saken.

    Karikaturen er ensidig og usaklig, skriver kristendemokraten Martin Drange, og jeg ser med gru for meg et land der bare saklige og balanserte karikaturer kommer på trykk. Men Drange har likevel et poeng, debatten om Midtøsten er ofte preget av usaklige argumenter, og den er ofte ensidig til det begredelige, selv om det er gjensidig ensidighet.

    På den ene siden finner en palestinavenner som kaster alle hemninger over bord og leser Stein Ørnhøi slik Fanden – nei, faktisk slik enkelte israelsvenner leser Bibelen: som en stor autoritet på det moderne Midtøsten. Morten Drægni er bare en av mange som reduserer Israels angrep mot Libanon til å handle om bare de to soldatene som ble tatt fange av Hizb’allah, og som dessuten sammenligner israelerne med Gestapo – intet mindre. Fullt så enkelt er det selvsagt ikke. Imens gjentar såkalte israelsvenner en del ting til det kjedsommelige.

    Jeg skal ikke anklage Drange for å være absolutt ensidig, men han tryller i det minste et av de mest usaklige av israelsvennenes argumenter frem fra hatten. Israel er så lite, bare null-komma-litt av “den arabiske verden”. Jada, Israel er lite. Landet er faktisk enda litt mindre enn Belgia, og det sier sitt, for Belgia er så lite at du er i Nederland, Tyskland eller Frankrike før du vet ordet av det – og du kan ha kommet i skade for å kjøre forbi Luxembourg på veien. Men spiller det noen rolle at Israel er lite?

    Faktum er at de palestinske araberne bor i området, og at det har de gjort i generasjoner. De har også de jødiske naboene deres. Ingen av dem kommer til å flytte på seg frivillig, selv om det er trangt om plassen. At det bor irakere i Irak og marokkanere i Marokko er i den sammenheng fullstendig irrelevant. Dersom israelsk politikk ikke kan legitimeres på andre måter enn å si at landet er lite, ja, da kan den ikke legitimeres.

    Drange nevner også Hamas’ charter. Det er kanskje noe ensidig, siden dette er et dokument som begynner å dra på årene, og siden Hamas har utviklet seg en del siden den gang da. Men argumentet er i det minste saklig og makan til motbydelig propagandaskrift skal man lete en stund etter. Hamas er ikke akkurat en sympatisk organisasjon; selv om alternativet Fatah er gjennomkorrupt var jeg ikke særlig glad når islamistene gikk av med valgseieren i Palestina.

    Det beste ville være at både Hamas og Hizb’allah forsvant som dugg for solen. Dèt kommer neppe til å skje så lenge Israel fører ren militærpolitikk ovenfor naboene. Det sies at dersom man dreper en av ti terrorister vil det i følge israelsk logikk være ni igjen, mens det i følge palestinsk logikk vil være tolv. Israelske myndigheter bør gjøre det Yossi Sarid foreslår i den israelske avisen Ha’aretz – senke forventningene sine et hakk eller fem. Og akkurat dèt burde palestinerne gjøre også.

    Men jeg har større tro på israelerne. Israelsk opinion er i det minste ikke fullstendig dominert av gærninger og ekstremister.