Posts Tagged ‘Islam og Midtausten’

Jernbura i Münster

Monday, February 13th, 2006

Anabaptistane var ei protestantisk sekt som vaks fram som ein del av reformasjonen sin radikale fløy i det sekstande hundreåret. Rørsla, som hadde sitt utspring frå Sveits, vart gjeve namnet som eit slags utnamn, det stod for noko av det som vart sett på som mest trugande ved dei. Namnet tyder «dei som døyper på ny». Sjølv såg dei på sin eigen vaksendåp som den einaste verkelege dåpen og den tradisjonelle barnedåpen som verdilaus. Anabaptistane sine radikale idear på dette og fleire andre område skulle skaffa dei vanskar med både katolikkar og protestantar. Rørsla vart forfulgt frå sine tidlegaste dagar. Dei svara fyrst med å trekkja seg fullstendig attende frå samfunnet, som vart sett på som korrupt og ugudeleg. Samstundes som dei var opptekne av dei etiske aspekta ved kristendomen freista dei å ha minst mogleg kontakt med omverda. Dessutan avviste dei ei kvar form for mellomledd mellom Gud og menneske, og nytta si eiga fortolking av Bibelen som grunnlag for sin sosiale orden.

På mange måtar minnar anabaptistane om tidlege islamistiske rørsler. Til liks med islamistiske rørsler vart dei også stadig radikalisert i takt med forfølgingane dei vart utsett for. Lidingane vart tolka som teikn på at førebuingane til det komande heilage tusenårsriket var i gang. Staten var Djevelen sitt instrument, og forfølginga og valden var Satan sitt siste åtak på dei rettvise. Den endelege kampen mellom det gode og det vonde var i gang. Anabaptistane, mange av dei i utgangspunktet pasifistar, skulle koma til å spela ei sentral rolle i eit av dei blodigaste kapitla i den tidlege reformasjonstida.

«Menneskeheita står i dag på kanten av stupet. Ikkje på grunn av det overhengande trugsmålet om utsletting; den er berre eit symptom på sjukdomen, og ikkje sjølve sjukdomen. Men på grunn av at menneskeheita har mista dei verdiane ho kan byggja sunn utvikling og sann framgang på». Det skreiv Saayid Qutb i boka Milepælar som kom ut i 1965. For Qutb var svaret til sjuande og sist ein islamsk stat, eit mål som vart understreka endå klarare og i ei endå meir radikal form hjå blant anna Muhammed abd al Salam Faraj, ein elektrikar:

me må etablera Guds religion i vårt land fyrst, og gjera Guds ord rådande. [...] Det er inga tvil om at den fyrste slagmarka i [vår] jihad er å utrydda denne vantru leiarskapen og å erstatta dei med ein fullstendig islamsk orden. Her byrjar me.

Då Melchior Hoffmann, ein av leiarane for den anabaptiske rørsla, vart arrestert i 1533 fekk ein bakar frå Haarlem, Jan Matthijszoon, ei viktigare rolle. Matthijszoon var anabaptistane sin Faraj, og meinte at dei truande måtte rydda vegen for tusenårsriket med sverd, og at jorda måtte reinsast for dei ugudelege. Den nordtyske byen Münster vart utpeika som Det Nye Jerusalem. Byen var sentralt plassert i høve dei nordlege Nederlanda, der anabaptismen stod sterkt, og hadde i tillegg slått inn på ein radikal kurs under inspirasjon frå den unge presten Bernd Rothmann. Særleg blant dei lavaste samfunnslaga, der bodskapen om Guds rike som ein slags kommunistisk idealstat var eit etterlengta håp i ei mørk tid, fekk anabaptismen i Münster entusiastiske tilhengjarar. Over heile det nordlege Europa hadde småfolk vorte oppmuntra av Luther sitt fridomsrop og så bittert skuffa når dette ikkje førde til ei radikal samfunnsomvelting. Som Diarmaid MacCulloch påpeiker i Reformation var lite meir naturleg enn å venda seg til den nyleg omsette Bibelen for å finna inspirasjon. Der fann dei oppmuntrande ord om det komande tusenårsriket på jorda og om rettferd og siger for dei truande. Folk byrja å strømma til Münster frå områda rundt og i februar 1534 var anabaptistane i stand til å overta makta i byen.

For å reingjera Det Nye Jerusalem ville Matthijszoon no avretta alle gjenverande katolikkar og lutheranarar i byen, men av taktiske omsyn såg anabaptistane seg nøydd til å berre kasta dei ut. I vinterkulden 27. februar vart katolikkane og lutheranarane jaga ut av byen utan å få med seg eigendelar, mat eller ekstra klede. Det perfekte samfunnet var etablert. Men det var også omringa, biskop von Waldeck kringsette byen, snart med støtte frå lutherske fyrstar og nærliggande lutherske byar.

Då Jan Matthijszoon omkom i eit dumdristig åtak på biskopen sine styrker var det ein tidlegare skreddar, Jan Beukels – eller John av Leiden som han gjerne vert kalla – som overtok makta. I august same året, då biskopen og hans allierte hadde bestemt seg for å stengja alle utgangar frå Münster, utropte Beukels seg sjølv til konge og messiansk verdsleiar. Han innlemma sine venar i hoffet og unna seg sjølv og sine næraste all slags luksus medan han krevde stadig meir asketisk livsførsel frå sine undersåttar. Revolusjonen åt sine born den gongen også. Og til slutt åt revolusjon også Jan Beukels. I juni 1535 inntok biskopen sine styrkar endeleg byen, ei blodig massakre fulgte, og Beukels og to av hans nære medhjelparar vart fanga og avretta med uvanleg sadisme. Gigantiske klør var gjort gloande varme og brukt til å slita kroppane deira i stykker. Lika vart stilt ut til skrekk og åtvaring i tre jernbur.

Reiser du til Münster vil du oppdaga at dei tre bura heng på St. Lambertskyrkja den dag i dag, som eit stille minne om den religiøse ekstremismen som velta fram i fotspora av Luther og Calvins reformasjon. Ikkje mange steinkasta frå den gamle katedralen med jernbura treff ein på kebabsjapper og butikkar der ein kan ringja billeg til Afrika og Midtausten. Byen har, som dei fleste tyske byar, ein synleg minoritet av muslimske innvandrarar. Har reformasjonen kome attende til Münster?

Ein skal vakta seg vel for overdrivne historiske paralellar. Det som er sikkert er at møtet mellom islam og modernitet har sådd eit frø i islam som har spira sidan før den ottomanske sultan Selim III lanserte sin nye orden, Nizam-i-Cedid, eit ord inspirert av den nye ordenen i Frankrike etter den då nylege franske revolusjonen. Dette frøet har vakse opp til eit tre med mange greiner, både den tidlege islamske modernisten al-Afghani, den pasjtunske pasifisten Badshah Khan – ein av Gandhi sine allierte, terroristen Osama bin Laden og den lesbiske liberalisten Irshad Manji kan sjås på som utslag for den same historiske prosessen, ikkje ein Reformasjon, men så absolutt ein reformasjon. Kva kraft ber denne reformasjonen med seg? Kan den kvelande konservative og dominante delen av islam verta utfordra frå andre retningar enn valdsromantisk islamisme? Kan einsretting verta til toleranse og nye idear byrja å spira i den jorda? Var den europeiske reformasjonen, eller riktigare dei europeiske reformasjonane, i det heile teke verdt det? Kunne den katolske einsrettinga ha vorte brote på nokon annan måte?

Når dei brenn norske flagg i gatene er det lett å tru at striden i den muslimske verda handlar om oss. På trass av terroråtaka i New York og Washington, London og Madrid, i Paris og mot vestlege mål i Beirut, Riyadh, Bagdad, Istanbul, på trass av alt dette, er det muslimar som er dei fyrste ofra for terror motivert av radikal og valdeleg islamisme, akkurat slik det var andre tyskarar som var nazismen sine fyrste offer. Konflikta handlar ikkje om oss, det handlar ikkje om at islamistane hatar våre samfunn, ikkje om at dei foraktar vår fridom. I dei fleste tilfella er forakten er fyrst og fremst retta mot eigen leiarskap, og nokre av islamistane er faktisk våre allierte i kampen for framsteg og demokrati i den muslimske verda. Det er på trass av at dei er anti-sekularistar av ein type som heldigvis har vorte politisk ukorrekte i Europa for lenge sidan. – Den kortaste vegen til islamsk liberalisme går gjennom islamsk fundamentalisme, seier Ebrahim Moosa, ein professor i islamske studiar ved Duke University i eit intervju med San Francisco Chronicle.

Men sjølv om det er eit utslag for ein misforstått eurosentrisme å tru at det handlar om oss, kjem Europa til å spela ei ikkje uvesentleg rolle. Den franske islamkjennaren Gilles Kepel skriv:

det viktigaste slaget i krigen om dei muslimske hovuda det neste tiåret vil ikkje gå føre seg i Palestina eller Irak, men i desse muslimske samfunna i utkantane av London, Paris og andre europeiske byar, der Islam alt er ein veksande del av Vesten.

- Mange i Vesten trur at berre fordi ein muslim har langt skjegg så må han vera ekstremist, fortalte ein ung muslimsk mann frå ein av desse stadene meg. Han kjem frå Sint-Jans-Molenbeek, ein bydel i Brüssel som ein gong vart kalla «vesle belgiske Manchester» og i dag av sume blir kalla «vesle Marokko». – Eg har ikkje skjegg, men eg har også idear.

Kva var det han meinte? At han var ekstremist? På nokre måtar var det kanskje nettopp det, at også han i augene til mange europearar ville bli oppfatta som det, trass i at han drakk vin og trass i at bokhylla hans inneheldt både eit nederlandskkurs og gamletestamentet ved sidan av Koranen og ein haug med belgiske teikneseriar. Anti-sekularismen hans, det negative, tåpelege synet på jødar, ideane om ein islamsk stat, understrekinga av kor viktig det var å sjå på Muhammed som den siste profeten, fordi dei tidlegare religionane sine skrifter hadde vorte forfalska, alt saman plasserte han i ein situasjon der han vart konfrontert med dei islamske statane som kanskje er best kjend for europearar, Iran og Saudi-Arabia.

I mine auge var han likevel ingen ekstremist. Han ynskte seg meir demokrati i landet han har opphav frå, meir demokrati i Nord-Afrika, meir rettferd og større fridom til å vera muslim. I diskusjonen brakte eg opp kva ein tidlegare rektor ved den muslimske skulen i Oslo hadde sagt; at Noreg var meir muslimsk land enn Irak. – Slik er det også med Belgia, svara karen frå Molenbeek. Ikkje berre det. Han ynskte seg meir demokrati i Europa, og såg på den låge interessa for val blant belgisk ungdom som eit utslag for eit lite reelt folkestyre. Idear som dette kan ha kraft nok i Europa, når dei vert eksportert attende til opphavslanda til europeiske muslimar kan dei verta eksplosive. I meir enn ei tyding.

- Det er to islamistiske tendensar i verda i dag, sa den amerikanske statsvitaren Muqtedar Khan, sjølv muslimsk med indisk bakgrunn, til meg då eg intervjua han like før jul i 2004. – Dein eine leier til autoritære regime som under Taliban og i Saudi-Arabia, den andre går i retning av demokrati, slik som i Tyrkia.

Eg trur Khan tek feil. Det finst ein heil haug med retningar. Nokre av dei er det ingen som veit kvar som fører, og få som vil vera i stand til å gissa resultatet av. Khan hadde rett i det neste han sa. – Det gjenstår å sjå kva islamistisk tendens som vil få overtaket.

-

Denne artikkelen er basert på utdrag frå ei bok om den islamske “reformasjonen” underteikna jobbar med. Han er også publisert på depesjer.no.

En sekulær stat er bedre vaksinert

Friday, December 30th, 2005

Morbus Norvegicus forsøker Morten Magelssen å ta opp spørsmålet statsreligion fra et prinsipielt ståsted. Magelssen har flere interessante poenger og artikkelen er velskrevet, men han mislykkes likevel i sitt mål. Debatten han utlover drukner i problematisering av det han kaller det det liberale samfunn.

Grunnlovens § 2 sier: den evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens offentlige Religion. De Indvaanere, der bekjende seg til den, ere forpligtede til at opdrage deres Børn i samme.

Magelssen mener den er “sovende”, og ser beleilig ut til å glemme at den “evangelisk-lutherske Religion” står solid i den norske staten f.eks. når det gjelder formålsparagrafen i skole og barnehage og i forhold til statskirken. “Det liberale samfunn” Norge har en statsreligion. Når Magelssen hevder at “alle andre verdensbilder enn det gjeldende liberale [må] holde seg innen privatsfæren [og ikke har] gyldighet i den offentlige debatt” låter det noe underlig i et land som inntil nylig hadde en statsminister fra Kristelig Folkeparti.

For en tid tilbake diskuterte jeg presis det samme med en ung europeisk muslim som, inspirert av islamistisk ideologi, ønsket seg islamske stater i Nord-Afrika.

Han ble umiddelbart angrepet av andre rundt bordet, som dro frem faktiske eksempler på islamske stater som Saudi-Arabia og Iran, land som ikke akkurat er for fyrtårn å regne når det gjelder toleranse og menneskerettigheter.

Den unge muslimen understreket at det selvsagt ikke var en slik stat han ønsket seg. Magelssen tar samme forbehold – det er ikke Iran han ønsker seg, skriver han, før han slår fast at det finnes gode og dårlige religiøse statsordninger, akkurat som det finnes gode og dårlige sekulære statsordninger. Det er da vi kommer inn på det prinsippielle. Magelssen siterer Jon Kvalbein som i Aftenposten skriver:

Når KRL-faget fremstiller alle religioner og livssyn likt, fremmer faget i praksis et nytt livssyn – nemlig at ingen av dem er sanne. En påtvunget likestilling av livssyn krenker alle som tror at noe er sant. En liberalisme som krever at alle skal likestille motstridende syn på tro og etikk, fungerer illiberalt“.

Problemet er at Jon Kvalbein tar feil. Det finnes en annen mulighet for et KRL-fag som fremstiller alle religioner og livssyn likt. I stedet for å hevde at ingen av dem er sanne kan man hevde at man ikke vet. Man kan si at KRL-faget, som religionsvitenskapen, ikke går ut på å vurdere sannhetsgestalt, men på å lære å kjenne og å forstå ulike religiøse standpunkt og å se sammenhenger som gjør det mulig å lære om noe allmenn-menneskelig.

Man kan slå fast at det verken er skole eller stat sin oppgave å bestemme for andre mennesker hvilke religiøse verdensbilder som er riktige og hvilke som bare er tøv.

Det er ikke religionen som gjør en religiøs stat verre eller bedre enn noen annen stat. Så lenge storsamfunnet aksepterer at andre mennesker ikke bare har rett til å tenke annerledes, men også til å handle og være annerledes er en religiøs stat relativt uproblematisk. Problemet oppstår når en stat med et religiøst standpunkt forsøker å tvinge holdninger som ikke er allmenn-menneskelige over på andre. Dette gjelder uavhengig av om staten er kristen, muslimsk eller sekulær. Når ikke-muslimske kvinner tvinges til å dekke seg til i følge muslimsk tradisjon har dette betydelige fellestrekk med når kristne elever i franske skoler blir forbudt å bære krusifiks eller muslimske elever blir forbudt å bære hijab.

Når en sekulær stat er bedre enn den religiøse er det fordi den er bedre vaksinert mot slikt, ikke fordi den er immun.

Veien fra sekulær stat til statsateisme er lengre enn veien fra kristen stat til statkirke, avstanden mellom en sekulær stat og at alle barn skal oppdras til sekularister i skolen større enn avstanden mellom kristen stat og kristen formålsparagraf.

Oppfinnsomhet rundt hvitvask

Saturday, December 24th, 2005

I et innlegg på Nytt fra Vestfronten klarer Jan Haugland å sparke både til media, til en midtøstenforsker og til den europeiske “intellegensiaen”.

Han følger kort sagt Bjørn Stærks oppskrift for en god politikkblogger nærmest til punkt og prikke, inklusiv “en klype bedrevitenhet, 3 dl outsider-affekt, og en ørliten dråpe martyrkompleks”.

Midtøstenforskeren han går til angrep på er, kanskje ikke så overraskende, Hilde Henriksen Waage. Waage, som absolutt kan sies å ha vist slagside i konflikten, er et enkelt offer. “Renvaskingen av terroristorganisasjonen Hamas er i god gang blant norske ‘fredsforskere’”, skriver Haugland, etter å ha lest følgende linjer i Dagbladet:

Tidligere forsker ved fredsforskningsinstituttet (PRIO) og Midtøsten-kjenner Hilde Henriksen Waage tror Hamas er offer for politisk taktikkeri både fra palestinske og israelske myndigheter.

Ifølge Henriksen Waage har ingen av partene interesse av at Hamas skal vinne valget.

- Israel ser på Hamas som en terrororganisasjon, og velger kun å fokusere på den fløyen av Hamas som driver med selvmordsaksjoner. Men Hamas er mye mer, mener Henriksen Waage som nå er førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Oslo. – Hamas er det nærmeste du kommer både et korrupsjonsfritt, velorganisert politisk parti og en velferdsorganisasjon. Det vet Fatah og de palestinske selvstyremyndighetene godt, og derfor er de redde for å tape valget, sier Henriksen Waage til Dagbladet.no.

Jan Haugland velger å sammenligne Hamas med nazistene, som “bygget gode motorveier”, og Hitler, som var “snill mot hunder”. Han viser så til at organisasjonen vil utslette Israel og har en henvisning til jødehaternes yndlingsfalskneri, Sions vises protokoller, i sitt charter (se f.eks. her). Å bringe det frem er absolutt på sin plass og selv om jeg strengt tatt ønsker meg en mindre andel artikler om Israel og Palestina i norske aviser, og ikke en større andel, kunne norske aviser gjerne skrive mer rundt dette.

Men det gjør ikke kritikken mot Waage mindre urettferdig. Å hvitvaske noen vil, i følge min ordbok, si å fremstille dem som “ganske uskyldige”. Gjør Waage virkelig det gjennom å si at organisasjonen består av mer enn selvmordsbombere? At Hamas – i motsetning til Fatah – er relativt lite korrupte, og at organisasjonen driver omfattende sosialt arbeid er viktige forklaringer for at Hamas vil kunne gjøre et godt valg. Dersom det blir noe av valget.

For å danne seg en forståelse av Hamas og av Midtøsten-konflikten holder det selvsagt ikke med bare dette perspektivet, men det holder heller ikke med å gjøre som Haugland og utelukkende fokusere på jødehat.

Det er for øvrig vanskelig å forstå hvordan Jan Haugland klarer å få en høyst omstridt forsker, Henriksen Waage, til å bli en hel gruppe – “norske fredsforskere”, “den europeiske ‘intelligensiaen’”. Kort fortalt viser Haugland her en solid porsjon oppfinnsomhet rundt hvitvask.

What clash?

Monday, March 14th, 2005

Many people are talking of a battle between the West and the Islam these days. Samuel Huntingtons idea of an upcoming (or ongoing) Clash of Civilizations is popular both in the blogosphere and in main stream media.

I do not believe in that battle. I do not believe in any Clash of Civilizations. In my opinion there is something completely else going on. The Muslims call it fitna, a complex term that can be loosely translated to “inner strife”. In my opinion there is something of an Islamic reformation going on, one of those great shifts that occur when what religious scholar Karen Armstrong the concervative spirit meets the modern world. The process have some similarities with the reformation of Western Christianity, though one should not draw the comparison too far. It is a process that started a long time ago. It is a process which has been and probably is going to be quite bloody. And it is a process where Europe plays a crucial role.

For Europeans who support secularized politics, regardless of whether they are right-wing or left-wing, there are more than one opponent to be found on different sides of that struggle. One obvious opponent is extremists movements that use violence as a political tactics, ranging from the perpetrators of M-11 (the terrorist attacks in Madrid, 11th March 2003) and 9-11, to the guy who killed the Dutch Islam critic Theo van Gogh. But while being our allies in the fight against terrorism we also face challenges from Islamic minorities in the West where the “concervative spirit” is still going strong.

An article series that started in the Belgian newspaper Het Nieuwsblad today illustrates several things. The first article is also an excellent piece of new journalism – the kind of journalism we should have more of. It is written by Hind Fraihi, a young Muslim female journalist who has gone undercover in “Little Morocco” in Brussels – Sint-Jans-Molenbeek. In the first of her articles she tells us, amongst other things, with her meeting with a well-known Muslim extremist, the Syrian sheikh Bassam Ayachi:

The following day I had an appointment with Bassam. In Rue de Piers I rang the doorbell of number fourteen again. No one opned and just as I was about to return home three men walked up to me. The folkloristic figure of the three wore a long grey tunica, a turban on the head and had a white beard. This is the Syrian sheikh, Bassam Ayachi, I though to myself. “Peace be with you. I am a student of sociology”, I said in the Arabic. Bassam greeted me back, but we did not shake hands. I am a woman and he is a man.

Bassam founded the CIB – Centre Islamique Belge – a radical association of Muslims in Belgium. This association runs the mosque where the Tunisian Abdessatar Dahmane got married in 1999. He later made himself a name by killing the Afghan opposition leader Massoed (of the Northern Alliance), supposedly on orders from Osama bin Laden. The CIB has also attention for running paramilitary scout camps and spreading radical Islamist propaganda. Bassam calls that a lie. He did however also gain some notoriety by writing a letter to the former French interior minister, Nicolas Sarkozy, threathening him with suicide attacks if the French ban on hijabs were not lifted. And Bassam still spouts the same kind of fundamentalist stuff I have heard before:

A Muslim extremist is someone who thinks that Muslim women does not have to wear a hijab and that an Islamic state is possible without Islamic laws. In short, anyone who gives the new Western notion to Islam. We consider that a Christian Islam. That is extremism.

According to Bassam Europe is not going to resist pedophilia for long, since we have already given in to gay people. And the “European freedom” is destructive.

(Where have I heard this before? Answer: From some good old Christian fundamentalists back home in Norway).

It is quite possible that Bassam supports terrorism in one way or another, although he says that jihad (holy strife) should first be led with words. He denies wanting a holy war in Belgium though, the Belgian state gives us food and drink and work. But even if Bassam does not support terrorism, he is an opponent of my ideals. And even though many, many Muslims would rightly disagree with Bassam on a number of points, there are surely those who would agree with him in his views on for example gay rights.

That makes them my opponents. Just like Christian fundamentalists. It does, however, not make all Muslims my opponents. In the fight against terrorism a large majority of them are my allies. In my fight for womens rights many of them are too. In my fight for gay rights, they are not that many, but they do exist. It is sad, but I already have a feeling that the series of articles by Hind Fraihi is soon going to be used by people who want to make enemies of all Muslims.

They are my opponents too.

In the fight that rages inside Islam the West is going to play a crucial role. We have a fight to fight, too. It is a fight for integration. Let me quote the French Islam researcher Gilles Kepel:

The most important battle in the war for Muslim minds during the next decade will be fought not in Palestine or Iraq but in these communities of believers on the outskirts of London, Paris, and other European cities, where Islam is already a growing part of the West.

If European societies are able to integrate these Muslim populations, handicapped as they are by dispossession, and steer them towards prosperity, this new generation of Muslims may become the Islamic vanguard of the next decade, offering their co-religionists a new vision of faith and a way out of the dead-end politics that has paralyzed their countries of origin. (The War for Muslim Minds)

Islam og media

Wednesday, March 31st, 2004

Ein tilfeldig vald dag i mars 2004 går eg inn på søkjemotoren Kvasir si side for søk på nyhende og tastar inn ordet «islam».

I svært stor grad handlar det om terrorisme. Dagbladet og VG fortel at Hamas sin nye leiar har erklærd krig mot USA og kalla Bush ein «fiende av islam». No er neppe Hamas sin fiendskap mot USA noko stort nyhende, men i lys av dødsfallet til gruppa sin førre leiar kan dette nok forsvarast ut frå nyhendekriteria. Det same kan det når Aftenposten fortel om ein britisk kyrkjeleiar som kjem med utfall mot islam og når P4 har lese i kristenavisa Norge IDAG at Ludvig Nessa fryktar muslimsk terror i Noreg. Eva Bratholm i Dagbladet skriv at Salman Rushdie har teke eit oppgjer med ideen om at terroråtaka 11. september ikkje hadde noko med islam å gjera.

Det fyrste spørsmålet som melder seg når eg les desse sakene er kva som ikkje er med. Islam er jo ein verdsreligion, tenkjer eg. Ein religion med minst ein milliard tilhengjarar og eit utal retningar.

Islamsk mystisisme har påverka ein rik kulturell tradisjon med musikk og poesi. Islamsk sosialt arbeid er viktig i ei rekkje land. Det skulle vera rom for mykje spanande stoff. Men sjeldan sym vel media meir i stim enn når dei skriv om islam. Eitt av få positive glimt eg finn i min høgst uvitskaplege gjennomgang er NRK Nitimen som fortel om skodespelaren Omar Sharif, ein konvertitt frå koptisk kristendom til islam som ein gong var forførerisk halvgud på lerretet og fekk bråk då han kyssa jødiske jenter på film.

Det andre spørsmålet som melder seg er korleis me bruker orda.

Ja visst, 11. september hadde noko med islam å gjera, terroristane var religiøst motiverte. Men kva med sprenginga av Murrah-bygningen i Oklahoma City? Terroristen Timothy McVeigh hadde koplingar til Christian Identity-rørsla. Var bombeåtaket i Oklahoma då kristen terrorisme? Er kristne abortmotstandarar sine åtak på legar det? Kvifor er det slik at muslimsk terrorisme er muslimsk, medan kristen terrorisme berre er terrorisme?

Eit anna interessant døme fins i ein ANB-notis om det tyrkiske lokalvalet. Regjeringspartiet vert omtalt som «pro-vestleg». Det er sant det, partiet er pro-vestleg og vil ha Tyrkia inn i EU. Men det er også eit parti med islamistiske røter og har difor også noko med islam å gjera.

Det er i ferd med å verta teikna eit svart-kvitt bilete av islam som religion. Media må bera sin del av skulda.


Dette lesarinnlegget vart originalt publisert i Journalisten, våren 2004. Det gjorde meg fortent til nemninga “patetisk idiot og terrorist” hjå Jarle Synnevåg, islamofob og superhelt.