Posts Tagged ‘Islam og Midtausten’

Tilråding

Friday, September 29th, 2006

Som ein oppfølgar til mitt intervju med Asma Barlas på depesjer, håper eg at dette innslaget frå Nederlandse Moslim Omroep (Nederlandsk Muslimsk Kringkasting) kan vera av interesse. Innleiinga er på nederlandsk, men det meste av programmet går føre seg på engelsk.

- Projisert kjønnshat

Tuesday, September 19th, 2006

I fjor leia Amina Wadud muslimsk bøn i New York. Det fekk mange konservativt innstilte muslimar til å reagera i sinne. Utanfor bønelokalet hadde nokre demonstrantar møtt opp. Ein av dei, ein ung mann, slo fast:- Me godtek det Koranen seier utan spørsmål. Me har ikkje meiningar, me har ikkje kommentarar, me har ikkje forslag. Og me veit det sikkert, i islam kan ikkje kvinner leia menn i bøn. Og det ho gjorde i dag, ho endra lov i islam har brote ei lov som har halde i over 1400 år. No kan ho angra, eller ho vil brenna i helvete.

Den typiske jihadisten? Eller er det Wadud sjølv som er det?

I eit nyleg fjernssynsintervju på nederlandsk fjernssyn viser ho fram medisinane ho tek kvar dag: mot høgt blodtrykk, mot depresjon, mot jernmangel, osv. – Så folk må forstå, seier ho, utan eitt snev av ironi, – djihad tyder kamp. Personleg kamp.

- Gud ser

I det same intervjuet seier ho at det beste plagget ein kan bera er bevisshet om Gud. – Allah dømer ikkje på grunnlag av eit stykke stoff. Er du tru mot islam eller er det berre ein ide du pyntar deg med? Dersom du ber ein hijab, men er ein hyklar, så ser Allah det, om du ikkje ber hijab og du er oppriktig, så ser Allah det også. Det er ikkje noko gale med Allah sine auge. Ho ser godt.

Den tanken er radikal nok til å få folk på Jæren til å fnysa.

Ein reformasjon?

Er Wadud eit utslag av ei veksande reformrørsle i islam? Sett utanfrå, utvilsamt. Ein kan jamvel diskutera om ikkje idear som dei ho forfektar er eit naturleg resultat av den same historiske prosessen som har skapt ideologien til hatgrupper som Djamaat al-Tawhid wa’l-Djihad; om det ikkje er ein slags reformasjon islam går gjennom. Ikkje Reformasjonen med stor forbokstav, men kanskje med små bokstavar?

Depesjer snakka med ei anna framtredande muslimsk kvinne, Asma Barlas. Til liks med Wadud vert ho ofte omtalt som islamsk feminist. Sjølv føretrekk ho å ikkje kalla seg dette. I eit intervju har ho sagt at omgrepet treng klårgjering. – Mange feministar fordømer islam som ein patriarkalsk religion. Inntil det er meir klarhet blant muslimar om kva feminisme er føretrekk eg å berre seia: Eg er truande.

- Ingen monolitt

- Kva syns du om tilstanden til islam av i dag, spurde depesjer.no Barlas.

- Det er eit tankevekkjande og urovekkjande spørsmål, seier ho. – Det føreset at islam er ein monolitt som ein kan snakka om på ein enkel og oppsummerande måte. Det er som å spørja om kva tilstand kristendommen eller jødedommen er i. Eg trur ikkje det er mogleg å svara presist, eller ærleg, på det spørsmålet.

- Når det gjeld vestlege media sin presentasjon av islam og muslimar synest eg dei – i stor grad – gjentek motbydelege stereotypar. For meg er det interessant å sjå korleis europearane i dei hundrevis av åra som har gått sidan dei fyrst møtte islam og muslimar ikkje har vore i stand til å utvikla ei grunnleggjande annleis forståing av noko av dei to. Mange av ideane som sirkulerer i dag har sitt opphav i desse fyrste møta.

- Trur du slik monolitt-tekning er i ferd med å verta meir vanleg?

- Nei. Det er ein tendens som alltid har vore der. Ein kan faktisk hevda at det har vorte meir vanleg å snakka om ulike variantar av islam – progressiv, radikal, liberal, feministisk, osv. Problemet med det er, slik eg ser det, at desse skildringa forvekslar trusssystemet islam med utøvarane, muslimane. Dei to er ikkje synonym! Dessutan er det ein tendens til å vera ukritisk i høve desse merkjelappane, slik at ein til dømes ikkje stoggar opp og spør kva som vert meint med eit ord som “radikal”. Eg legg merkje til at det ofte vert brukt om muslimar som, uavhengig av kvifor, er motstandarar av vestleg globalt hegemoni.

- Endå eit “val”

- I Belgia har det nasjonalistiske partiet Vlaams Belang fått betrakteleg folkeleg støtte, mykje av ho gjennom åtak på særleg muslimske innvandrarar. Det same ser ein i andre land. Korleis ser du på situasjonen for muslimar i Vest-Europa?

- Dersom politiske parti som går til åtak på muslimske innvandrarar sankar støtte, fortel ikkje det oss noko om kor dårleg situasjonen er for muslimar i Europa?

- Filip Dewinter i Vlaams Belang har sagt at islam og vestleg demokrati kræsjar på fleire område og at muslimar må gjera eit val mellom dei to…

- Dette er ikkje noko anna enn den siste versjonen av “vala” muslimar har vorte tilbydd historisk, mellom å vera muslim og å vera noko anna. Under det britiske styret i Egypt fekk til dømes muslimske kvinner valet mellom å vera muslimar eller å vera frigjorte. Eg trur desse valalternativa fortel meir om dei som set dei opp enn dei seier om islam og muslimar.

- Det vert gjerne peika på politisk korrektheit, blant anna i den manglande vilja til å konfrontera kvinnediskriminering blant muslimar?.

- Når det gjeld muslimar kastar folk ofte all politisk korrektheit overbords. Det er ikkje ei einaste anna gruppe ein kan seia så grovt rasistiske ting om utan å verta kalla rasist! Det tyder ikkje at eg synest det er noko rasistisk med å konfrontera kvinneundertrykking. Det synest rett nok som om mange ikkje-muslimar er meir opptatt av å kjempa mot kvinneundertrykking blant muslimar enn i sine eigne samfunn. Det er den evige misjonstranga til kvite angloeuropearar, ynskjer om å reformera Dei Andre.

- Urovekkjande haldning hjå mange muslimar

- Korleis ser du på konflikta mellom det som ofte vert kalla konservativ islam i høve radikale grupper eller i høve liberalistiske muslimar som Irshad Manji, til dømes i høve kvinnesyn?

- Vel, ei kvar religiøs – og sekulær – gruppe har ulik forståing av den “rette” rolla for kvinner. Muslimar er ikkje unike i at dei er ueinige om kva denne rolla skal vera. Det eg syns er urovekkjande med haldninga til mange muslimar er at dei faktisk er einige om at kvinner kjem i andre rekkje i høve menn. For å forsvara denne ideen siterer dei vers frå skrifta, Koranen. Men, som mange samtidige muslimske lærde, eg er er sjølv blant dei, viser: det er også mogleg å lesa Koranen på ein frigjerande og anti-patriarkalsk måte. Å forsvara kvinneundertrykking og kvinnehat ut frå islam tyder at ein overser at det er avhengig av kven som les korleis Koranen si lære vert definert, avhengig av kontekst.

- Som muslimsk kvinne meiner eg at ei av dei største utfordringane muslimar står overfor i dag er å tenkja nytt rundt den patriarkalske lesinga av Koranen. Berre fordi denne lesinga har vorte ein del av muslimsk religiøs diskurs tyder ikkje det at ho bør godtas som ufeilbar. Å lesa forsvar for kjønnsdiskriminering ut av Koranen er det same som å projisera kjønnshat over på Gud, og slik eg ser det er det ikkje noko teologisk hald i islam for å gjera det.

- Dårleg klima for reformar

- Kan ein snakka om ein slags reformasjon i islam?

- Reform har alltid vore ein del av muslimsk historie, og det er berre tendensen til å sjå på islam som statisk og som ein monolitt som hindrar folk i å sjå dette. Problemet med muslimske samfunn, til forskjell frå islam, er at dei fleste er anti-demokratiske, lukka og undertrykkande. I eit slikt miljø kan ikkje reformar blomstra. Og eg bør påpeika at Vesten – i hermeteikn – har vore direkte involvert i å skapa og oppretthalda desse tilstandane. Då snakkar eg ikkje berre om hundreår med kolonialisme, men også om noverande politikk, politikk som søkjer å halda diktatorar ved makta ut frå økonomiske og politiske interesser.

- Smart nok legg ein skulda for stagnasjonen på islam heller enn på vestlege land sin eigen politikk. Korleis kunne ein gjera noko anna når “Vesten” på eit ideologisk nivå har gjort ekslusivt krav på diskursen om demokrati og menneskerettar?

Originalt skrive for depesjer.no

Om Augustin og islam

Wednesday, August 30th, 2006

Bloggaren bak Christian Culture gjev uttrykk for at han kjenner seg misforstått, og som eit offer for stråmannsangrep. Han meiner også at eg freistar å skyva han ned i ei skyttergrav ved å kalla det han presenterer for islamofobi. Kanskje byrjar CC å få ei kjensle for korleis muslimar i blant kan føla seg i vestlege land?

Eg kunne sjølvsagt spekulera i om CC ikkje sjølv har plassert seg i den skyttergrava han snakkar om, gjennom å omtala eit svensk forslag til ny integreringspolitikk som “eit nytt skritt mot kulturelt sjølvmord”, eller gjennom å snakka om det “bedragerske” i å sjå på Noreg som eit multikulturelt samfunn, eller som når han ikkje lenger var “ganske konsekvent” i å snakka om “radikal islam” i sin islamkritikk:

[Europas verdinøytrale og kulturrelative ideologi] har den konsekvensen at den islamske verden nå i økende grad ser seg istand til å fortsette der den slapp i 1683. Det finnes ingen historiske grunne[r] til å anta at islam har forandret sin agenda siden[.] 1683.

Men det skal eg gje CC, dersom han er der nede i skyttargrava kryp han iallfall litt opp igjen gjennom å seia at det for han finst akseptable sider ved islam (det skulle vel eigentleg berre mangla) og ved å slå fast at han på fleire område nok har meir til felles med ein muslim enn med ein sekulær nordmann. Som eg vil koma attende til har han faktisk meir rett der enn han sjølv verkar å vera klar over.

CC meiner også å vera forsiktig med å freista å unngå å så hat. Det er heller ikkje utenkjeleg. Eg kunne nok heilt sikkert ha funne tydelegare eksempel på islamofobi enn det CC står for, glitrande døme på folk som openlyst hatar og jamvel er stolt av dette. Leitar du på VG sine diskusjonssider ein liten halvtime er eg sikker på at du finn dei du også. Eg kunne også ha funne ekte galningar, folk som kanskje burde ha fått ei ekte medisinsk diagnose. Eg kunne ha funne vaskeekte fascistar, folk som berre har revidert hatet sitt litt, og gått over frå jødehat til muslimhat. Dei finst. Alle saman. Men i staden for å skriva meir om desse enn eg alt har gjort, valde eg å setja søkjelys på ein anonym kristen bloggar. Kvifor det? Fordi det han skriv er meir representativt for det meste som er gale med debatten om islam som vesten så til dei grader har fått på hjernen. Islamofobi er nemleg ikkje reservert fascistar, rasistar, galningar og folk som vert nervøse om dei ser ei kvinne med hijab. Han eksisterer langt inn i liberale sirklar, hos folk som kanskje ikkje er spesielt hatske, men som likevel hjelper til med å spreia nettopp hat – bevisst eller ikkje.

CC skriv:

Jeg er av den oppfatning at i vårt sekulariserte verden så er religion undervurdert som drivkraft. Vi har lett for å lete etter årsaker alle andre steder. Dette gir seg tydelig utslag i det meste av hva som hevdes som årsakssammenhenger når det gjelder islams konflikt med vesten, hvor alt fra fattigdom, til USAs utenrikspolitikk blir nevnt som årsaker, mens det svært sjeldent blir satt fokus på religionens innhold og hvordan den har kommet til utrykk i historien og kulturen, og at det faktisk finnes en kontinuitet her.

Dette er blanda drops. Ein ting er at ein kan diskutera om islam i det heile er i konflikt med vesten, og i så høve på kva nivå denne konflikta føregår? Når det gjeld framveksta av radikale grupper og den appellen desse har blant ungdom er sanninga ofte, men ikkje alltid, at konservativ islam er alliert med vestlege krefter i å stagga dette. Kanskje er det førestillinga om Clash of Civilizations som herjer her? Samuel Huntington sitt prat om “islam sine blodige grenser” er i seg sjølv så fordummande at det ikkje skal mykje til før det vippar over i islamofobi, der islam får skulda for konflikter der muslimar er involverte, uavhengig av kva rolle islam speler og uavhengig av kva andre partar i konflikta har gjort seg skuldige i.

Samstundes skal eg CC rett. Religion er undervurdert som drivkraft. Men blant islamkritikarar er kontinuiteten han snakkar om samstundes sterkt overdrive. Som eg var inne på i mitt førre tilsvar til CC representerer radikal islamisme ofte nyvinningar i religionen. Å underslå dette og freista gjera islam som heilskap skuldig for dei radikale elementa er kanskje freistande, men også ganske tåpeleg. At konservative krefter står sterkt i islam og at det også ber med seg ubehagelege element er det lita tvil om, men ideologien til grupper som Tawhid wa’l Jihad skil seg – ja, nettopp – radikalt frå konservativ islam. Denne gruppa set til dømes opp jihad som ei sjette søyle i islam, slik også al-Faraj, ein viktig tenkjar innan den radikale (egyptiske) islamismen gjorde. Faraj var for øvrig elektrikar, ikkje imam. Sjølv om nokre kharijittar (ei tidleg utgruppe i islam) meinte det same, er dette historisk sett ei høgst uvanleg forståing.

Men ikkje berre rolla til jihad har vorte nyfortolka, det har også innhaldet. Å framstilla det som om at eksistensen av radikale grupperingar som Tawhid wa’l Jihad er eit utslag for at “de islamske skriftene i økende grad blir tatt på alvor” viser manglande forståing, og reduserer islam til ein slags pappfigurislam.

Det er ein forskjell i bodskapen, skriv CC, “[versene i nytestamentet] som oppfordrer til maktbruk [finnes ikke], i motsetning til i Koranen”. Der han har forsåvidt eit poeng. Nytestamentet skriv heller lite om maktbruk i det heile. I Koranen vert krig via betydeleg plass. Problemet til CC er at poenget hans er irrelevant. Kristne teologiske funderingar, også i høve krigføring, har ikkje vore utelukkande basert på det nye testamentet, men også på det gamle. I det gamle testamentet er det på ingen måte vanskeleg å finna krigerske vers, noko CC sjølvsagt veit veldig godt. Når det er sagt, har tilhengjarar av “rettferdig krig” også brukt vers i nytestamentet for å forsvara sitt syn – som Rom. 13.4.

Meir interessant er det at doktrina om rettferdig krig, utvikla av blant anna St. Augustin, faktisk har ein god del til felles med det klassiske islamsk synet, sjølv om tankane om jus ad bellum (lover om når krig er tillatt) er meir uoversiktlege i klassisk islamsk lovforståing enn hos Augustin, ikkje så rart sidan fire lovskular og eit utal fortolkarar var involvert (og det er berre dei allment aksepterte i sunniislam, i tillegg kjem sjiaislam og ei rekkje mindre grupper). Kort oppsummert og svært forenkla ber likevel mykje av tenkinga i islam preg av dei same ideane som Augustin: krig er ikkje å trakta etter, men kan forsvarast i sjølvforsvar eller ovanfor urett. Dette synet har vore vanleg historisk, og er vanleg i dag.

Det har sjølvsagt på ingen måte har hindra muslimske hærar og statar i å oppføra seg på heilt anna vis, eller i å definera “urett” som det kan reagerast mot på relativt oppfinnsamt vis. Ein inngåande diskusjon er å finna her.

Oppdatert: Christian Culture tek sjølvkritikk for sitt originale innlegg, og seier det var overfladisk. Han ber også meg om å ta sjølvkritikk. Eg bør nok gjera det på mange område, blant anna på at eg ikkje har gjort det klart nok at mykje islamkritikk er både gyldig og rasjonell, blant anna i høve kvinneundertrykking og grufulle straffemetodar. Eg skal også la tvilen koma CC til gode. Det er mogleg han ikkje er islamofob. Haldningane og historiesynet han la føre i sitt opprinnelege innlegg var det.

Finst islamofobi?

Monday, August 28th, 2006

Den anonyme bloggaren bak Christian Culture har svart på min kritikk, i tillegg til å klaga over å ha blitt kalla islamofob. Eg synest det er synd at han ikkje også kommenterer debatten på depesjer eller på mi eiga nettside, men håpar at interesserte lesarar tek seg tid til å lesa tilsvaret hans (sidan vedkomande er anonym er det fullt mogleg at CC er ei kvinne, men eg held meg til han vidare i denne teksten).

Nokre av poenga til CC er gyldige. Blant anna har han rett når det gjeld ei samanlikning av tidleg kristendom og tidleg islam. I motsetnad til Muhammed var Jesus aldri i nokon annan maktposisjon enn den som læremeister, i motsetnad til Muhammed var han ingen hærførar. Tidlege kristne vart undertrykte, medan det hurtig ekspanderande islamske imperiet sjølv var undertrykkande (og snart i borgarkrig). CC har også heilt rett i at kristendommen i stor grad spreidde seg på fredeleg vis, og ikkje minst – CC bommar ikkje når han skriv at eg har stigmatisert han.

Eg har sett ein merkjelapp på både CC og den politiske tenkinga han forfekter, og merkjelappen er islamofobi. Dette er sjølvsagt ikkje noko psykriatisk diagnose, sjølv om det nok er god retorikk å framstilla meg som ein sovjetlege.

Islamofobi er ikkje vesensforskjellig frå jødehat, sjølv om jødane er ei etnisk gruppe i tillegg til å vera ei religiøs. Jødehat kan vera rått og blodig, som nazistane sitt jødehat, eller som ein del av jødehatet som herjar i den arabiske verda i dag. Noko jødehat er berre av det fordummande slaget, av ein type som også er å finna ein god del av i arabiske land; jødar (eller staten Israel) får skulda for all slags samfunnsproblem dei ikkje har skulda for. Gjennom å ta i bruk ein syndebukk slepp ein å gå i seg sjølv, og ein slepp å konfrontera sitt eige samfunn sine problem. Ein tredje type jødehat er det intellektuelle jødehatet, det som kler seg i dress og slips og bøker med mange fotnotar. Denne typen jødehat er ikkje så farleg i seg sjølv, men i den jorda det får spira veks fort andre og meir groteske variantar fram. Spirene frå hundreår med jødehat vaks seg sterke og store i Europa, og slo ut i full blomst i Nazi-Tyskland.

CC sin islamofobi er ikkje å samanlikna med jødehatet i Tyskland i førtiåra. CC er ikkje riv ruskande gal. Han minner meg meir om dei forstandige, tolerante og liberale jødehatarane som likevel hata jøder på attenhundretalet. Han er forsiktig med språket. Likevel sår han frø.

Fleire har blitt kalla islamofobar urettvist. Den amerikanske islamforskaren og -kritikaren Daniel Pipes har til dømes vorte kalla islamofob mange gongar, etter mi meining ufortent, sjølv om eg i blant er rivande ueinig i tolkingane hans. Den amerikanske nykonservatisten Stephen Schwartz har også vorte kalla islamofob, på trass av at han er muslim (Trifkovic kallar forresten Schwartz “sjølvhatande jøde”). Schwartz skriv likevel i Frontpage magazine:

Sjølv om nokre i Vesten argumenterer for at det ikkje er tilfelle, så eksisterer islamofobien, den er ikkje ei myte. Islamofobi består i: å gå til åtak på heile islam som religion som eit problem for verda, fordøming av all islam og av all islamsk historie som ekstremistisk, å nekta for eksistensen av ein moderat muslimsk majoritet i den moderne verda, [...] å sjå på alle konflikter der muslimar er involvert (inkludert til dømes Bosnia for eit tiår sidan) som muslimane sin eigen feil, og å mana opp til krig mot islam som heilskap.

Eg mistenkjer ikkje Christian Culture til å mana opp til krig, men fleire av dei andre punkta oppfyller han med glans. Islam vert framstilt å ha “en agenda” og denne agendaen består i “å fortsette der den slapp”, nemleg ved beleiringa av Wien i 1683. Islam spreia seg “i all hovedsak gjennom erobring”, grunngjeve i “rettferdiggjøring av jihad og vold” i Koranen og hadith. Når kristendommen spreidde seg med vald og erobring skjedde det imidlertid, slik eg les CC, på trass av kristen lære. Det er kreativ historielesing. For å sitera Norman Daniel i “Islam and the West” (Edinburgh University Press, 1958):

Essensen av [heilag krig] var å drepa for Guds kjærleik.

Det som skal stå der eg har skrive “heilag krig” er “å føra krosstog”. Daniel skriv om dei kristne. Og sjølvsagt var både krosstoga og andre (og meir einsidige) krigar teologisk funderte, på trass av at ikkje-religiøse motiv også spela ei sentral rolle. Som eg siterte Khaled Abou El Fadl på i min førre artikkel har både kristen og jødisk tenking utvikla seg, medan ein del islamkritikarar nektar islamsk tenking den moglegheita.

- Faktum er at islams skrifter ikke har forandret seg og at radikaliseringen vi opplever blant mange muslimer i dag innebærer at de islamske skriftene i økende grad blir tatt på alvor, skriver CC.

Kristne skrifter har heller ikkje forandra seg, og likevel bad, som CC er inne på, paven om unnskyldning for overgrep mot kjettarar, jødar og andre. Kvifor det? Fordi den kristne forståinga av skriftene har forandra seg. Men muslimar kan ikkje tillata seg slikt. CC passar vel på å fortelja muslimar kva religionen deira eigentleg seier - nemleg at den skal spreiast med vald. Om muslimar er ueinige med han i dette er det fordi dei ikkje tek islamske skrifter på alvor. På andre måtar kan det han skriv vanskeleg tolkast.

Reint faktisk har sjølvsagt islamske skrifter alltid blitt tolka og blir dei framleis tolka på ulikt vis. Svært mange muslimar vil reagera på forståinga CC legg til grunn. I boka “The Shade of Swords” legg M.J. Akbar fram det som kanskje er det mest utbreidte synet:

Islam, som ordet sjølv indikerer (han peiker her på rotbokstavane som ein finn at i ordet salaam, fred, min anm), søkjer ikkje vald. På same tid tillet islam heller ikkje tam overgjeving. Det finst situasjonar der alle muslimar er forplikta å kjempa i forsvar for religionen sin.

Dette synet vert fundert i versa 190-195 i Koranens andre sure, al-baqarah (Kua). Versa er bloddryppande nok til å verta sitert i diverse islamkritiske bøker, men i blant er ei strofe utelatt: – Men gjer dykk ikkje skuldige i aggressjon, for sanneleg, Gud elsker ikkje dei som er aggressive.

I motsetnad til det CC legg til grunn er den radikale islamismen i stor grad prega av teologiske nyvinningar. Nokon av desse er så radikale at andre muslimar vil oppfatta dei som direkte blasfemiske. Den Islamske Kommisjonen i Spania, som representerer rundt to tredjedelar av muslimane i landet, gjekk så langt som å erklæra at Osama bin Laden ikkje er for muslim å rekna (svært drastiske ord i islamsk tru) og sa at han var skuldig i istihlal, forvridning av islamsk lov i form av å erklæra noko som er haram (ulovleg) som halal (lovleg), i denne samanhang var det ulovlege “drap på uskuldige, som både Koranen og sunna etter Muhammed eksplisitt forbyr”.

Sjølvsagt finst det muslimar som forfektar eit heilt anna syn enn desse spanske leiarane gjer. Men at CC meiner at det er desse andre muslimane som tek islamske tekstar på alvor, og at han meiner det er desse andre muslimane sin agenda som er islam sin agenda, det får han setja på sin eigen rekning. Det er islamofobi, irrasjonell frykt for islam. Bloggaren Bjørn Stærk har og skrive om det:

Mange islamkritikarar har ein irrasjonell frykt for alt som er islamsk, noko som får dei til å tru på ville historier om den Vonde naturen til ein religion med ein milliard tilhengjarar. [I den norske debatten] eg skreiv om var det ei norsk muslimsk jente som skreiv om korleis hennar islam er fredeleg og tolerant, og så hadde nokon guts til å svara at ho hadde misforstått islam.

Kjelder CC viser til eller tilrår på bloggen sin, Bat Ye’or (“Over a billion Muslims who curiously share the views…”), Serge Trifkovic (“Islam is a violent cult characterized by the fundamental lack of love”), Ole Hasselbalch (“der er følgelig heller ikke basis for en dialog med islam, så længe denne tros udøvere blot betragter sådant som et redskab til vildledning”), Fjordman (“Islam is toxic to a democratic society”) er også prega av same slags einspora tenking. Det gjer i seg sjølv til at dei mister truverde som kjelder.

Når det er sagt er ikkje alt Serge Trifkovic seier feilaktig, på trass av islamofobi og på trass av at han svel serbiske nasjonalistar sine argument rått, ikkje overraskande sidan han sjølv har jobba for dei. Noko av det han skriv er korrekt, som når han skildrar massakrar i India. At desse fann stad er det liten tvil om, sjølv om ein nok kan diskutera i kva grad historiske kjelder kan seia noko om omfanget. Propaganda er ikkje ei moderne nyvinning, og i det lyset må ein sjå både hinduistiske, muslimske og andre kjelder.

Noko av det han seier er meir omdiskutert, som når han omset namnet på fjellkjeda Hindu Kush med “hinduslakt”, ei omsetjing som ikkje er uvanleg (og som vart gjort av den berbiske muslimske reisande Ibn Battuta på trettenhundretalet), men som det ikkje er einigheit om, sidan “kush” kan tenkjast å simpelthen referera til fjell, eit noko mindre blodig ord. At slavar vart teke til fange, og at slavar mista livet i fjellområdet er det mindre tvil om.

Noko av det Trifkovic skriv er reint vrøvl, historieforfalsking, som når han skriv at “kor som helst” ein finn tolerante, fornuftige, oppdagar ein snart at dei byrja som muslimar og så gjekk vekk frå (det Trifkovic oppfattar som) ortodoks tru.

Det store problemet med Trifkovic, som med CC, er imidlertid ikkje det han seier, men det han ikkje seier. Ikkje problematiserer han gjennom å samanlikna med samtidige hendingar i ikkje-islamske område. Ikkje skriv han om relativ toleranse, der den eksisterte, ikkje set han søkjelys på andre forklaringar enn dei religiøse i høve overgrep og krigar. På den måten reduserer han all islamsk historie til ekstremisme. Det er islamofobi, og ingenting anna. Det sår frø til hat, øydelegg for islamske liberale og moderate og dreg all islamkritikk ned i søla.

Islamofobe snakkar ikkje så mykje om Imre

Friday, August 25th, 2006

- Eit samfunn som mister sin religion mister før eller seinare også sin kultur. Det sitatet set bloggen Christian Culture inn i si ramme, den anonyme bloggaren er overbevist om at den europeiske kulturen er ein kristen kultur.

Berre dèt er sjølvsagt ein diskutabel påstand, men eg ler han passera. I staden vil eg setja søkjelyset på islamkritikken nettstaden målber, ikkje fordi Christian Culture er så interessant i seg sjølv, men fordi problema med denne kritikken er typisk for svært mykje av dagens islamkritikk. Den er historielaus og fordummande. I boka “Ein islamsk reformasjon?” skriv eg:

Mitt viktigaste poeng er at framveksta av islamistiske rørsler må setjast i ein sosiologisk, økonomisk og ikkje minst historisk samanhang. I mykje islamkritikk dei siste åra er det ein tendens til å lausriva ekstremistane frå alle andre samanhangar enn den religiøse. Mi samanlikning med reformasjonen er meint å synleggjera desse andre samanhangane, fordi dei færraste ville våga å hevda at den kristne reformasjonen utelukkande var motivert og forårsaka av religion.

Mykje av dagens islamkritikk er rett og slett basert på å studera islam gjennom eit lite hol så langt oppe på veggen at ein er nødt til å hoppa for å nå opp til det. Det er ikkje mykje ein ser, og det ein faktisk får auge på er berre utsnitt av eit mykje større bilete. Dessutan kan det vera ein vert noko påverka av at ein sjølv har måla fanden på veggen. Christian Culture gjer sitt beste på å framstå som tolerant, men det vaklar fort når Serge Trifkovic, som eg nyleg skreiv om her, vert drege fram som sanningsvitne.

Men lat meg byrja med Bat Ye’or, som nyleg vart intervjua i fundamentalistblekka Norge IDAG, og som Christian Culture tilrår.

Bat Ye’or har gjeve ut ei rekkje bøker, på fransk, engelsk og hebraisk. Ei av dei heiter “Eurabia – The Euro-Arab Axis”, og oppsummerer idear som utvilsamt har tent som inspirasjonskjelde for dei meir kreative av konspirasjonsteoriane i Oriana Fallaci sitt makkverk, “Fornuftens styrke”. I ei bok på nær trehundre tettskrivne sider, og med eit hav av sluttnotar og tillegg, niles Bat Ye’or referat frå møter, litteraturkonferansar, og politikartalar på jakt etter europeisk underkasting ovanfor arabarane, på jakt etter den store Konspirasjonen. Ein konferanse på Universitetet i Venezia i 1977 “opna for den storstilte arabiske og muslimske migrasjonen til Europe”. Javisst… dei diskuterte arbeid for å spreia kjennskap til “arabisk språk og kultur”, dei diskuterte språkforsking. I følgje Bat Ye’or var det “ikkje anna enn eit skalkeskjul for dawa [misjonsverksemd]“. Vil du vita om noko anna skummelt også? Romani Prodi sa i ei tale at “folk i Europa ikkje trur på the clash of civilisations”, og sa at europearar har lært at “tryggleik ikkje er eit resultat av høgare murar eller dødelegare våpen, men av sterkare og meir stabile forhold basert på fred og framgang, mjuk tryggleik”. Uthevingane er Bat Ye’or sine. Johann Hari skriv ein stad at teoriane hennar er ramlande nær å væra “det tjuefyrste hundreårets Mekkas Vises Protokollar”. Og det verste er at han har eit poeng.

Eigentleg er det synd, fordi Bat Ye’or utvilsamt har retta eit fortent søkjelys mot historisk urett mot ikkje-muslimar under muslimsk styre, ein del av historia mange ville ha godt av å konfrontera. Om ein treng dela hennar oppfattingar på området er ein annan sak, men på det området har ho i det minste levert noko meir lesverdig enn det paranoide vrøvlet om det dhimmiserte Europa. Christian Culture sitt neste problem oppstår når det er berre dei stygge delane av islams historie som vert sett søkjelys på, blant anna er det visst svært viktig å få fram at islam spreidde seg gjennom militærmakt. I all hovudsak, skriv CC.

I all hovudsak? Tja, det er ei vanskeleg vurdering. For det fyrste var det sjeldan slik at den militære ekspansjonen i seg sjølv førte til at religionen vart spreidd. I blant vart folk konverterte framfor sverd, men i stor grad vende folk seg om til islam etter å ha vorte utsett for ymse mindre valdelege pressmiddel, etter rein misjonsverksemd eller fordi dei sjølv såg seg tente med det. Greske adelsmenn såg snittet til å vinna makt i det veksande imperiet og vart ottomanske adelsmenn. Indarar av lågkaste fann ein veg ut av lågkasta. Og dessutan, i t.d. Bengal var islam ein “plogens religion”, som Richard M. Eaton skriv, snarare enn ein “sverdets religion”, og for den del snarare enn ein religion som leverte sosial frigjering.
I Indonesia, verdas folkerikaste muslimske land, spela handel ei sentral rolle for spreiinga av islam. Det same gjeld for Kina og for Aust-Afrika. Alt dette ser eg ikkje islamkritikarar skriva mykje om, kanskje fordi dei måtte gje opp å forstå også dagsaktuelle hendingar utelukkande ut frå religion? Samstundes passar dei sjølvsagt på å oversjå korleis kristendommen spreidde seg, og på korleis kristne overgrep vart rettferdiggjort i Jesu namn.

Ein islamsk skriftlærd eg intervjua i arbeidet med boka mi, Khaled Abou El Fadl, kommenterte at både kristne og jødiske syn har utvikla seg, men at islamkritikarar no fortel muslimar at slikt ikkje er lov for dei. Christian Culture skriv:

Senest i 1683 ble muslimene stoppet ved Wien i sitt forsøk på å erobre Europa [...] den islamske verden [ser] nå i økende grad ser seg istand til å fortsette der den slapp i 1683. Det finnes ingen historiske grunnen [sic] til å anta at islam har forandret sin agenda siden.

Å snakka om ein islamsk agenda er i seg sjølv tøvete, eit uttrykk for trua på det Uforanderlege Aust og for trua på ein stor ansiktslaus horde. Men det er svært lenge sidan islam var ein samla religion, sjølv religiøst. Tek ein alle aspekta som ikkje har noko med religion å gjera vert biletet endå meir oppsplitta. Det var ikkje islam som vart stogga av ved Wien. Det var det ottomanske imperiet. Ein av ottomanarane sine allierte var forresten grev Imre Thököly de Kesmark, ein ungarsk protestant. Islamofobe snakkar ikkje så mykje om Imre. Han passar ikkje inn.

Note: To rettingar er gjort i teksten jfr. Bat Ye’or si bok.

Eg vel meg Israel

Friday, August 4th, 2006

Bjørnstjerne Bjørnson hadde visst nok eigentleg ikkje noko val. Han skulle skrive eit vers til ein dansk kalender for 1869. I kalenderen skulle det vera eit dikt for kvar månad, men – slik historia går – då turen kom til Bjørnson var dei andre allereie brukt opp. Berre april var att. Kanskje likte Bjørnson januar betre, kanskje var han glad i juni, det spelar forsåvidt lita rolle, akkurat som april skapte Bjørnson gjerne litt rabalder – fred er ei det beste, men at man noget vil.

Det kan vera at det er på same måte Andreas Ytterstad i Internasjonale Sosialistar tenkjer. At det er best om ein vil noko. Etter at Lars Gule kritiserte venstresida for å ha eit ukritisk og naivt syn på den libanesiske organisasjonen Hizb’allah vart Ytterstad intervjua i Klassekampen. Ytterstad var, ikkje overraskande, ueinig med Gule. Han meiner norsk venstreside bør støtta Hizb’allah, fordi det «tyder ein moglegheit til ein samla front mot Israel og USA». – Det er sioniststaten Israel som er problemet i Midtausten i dag, ikkje Hizb’allah, seier Ytterstad.

Lars Gule må vel seiast å vita ein del om både Midtausten og terrorisme. På syttitalet vart han sjølv verva av «den demokratiske fronten for frigjering av Palestina», DFLP, og skulle sprengja ei bombe i Israel. Han vart avslørt av ein libanesisk kontrollør på flyplassen i Beirut, og sat fengsla i eit halvt år i Libanon. Med andre ord er det freistande å meina at Gule veit kva han snakker om når han seier at støtta til Hizb’allah er eit utslag av ei manglande emne til refleksjon og kritisk tenking. Hizb’allah er, som Gule er inne på, sjølvsagt ein kompleks organisasjon, men det er ikkje til å stikka under ein stol at organisasjonen har ein del trekk som kanskje best kan skildrast som fascistiske. Hizb’allah har ein religiøs leiar som ikkje er vald, dyrkar ein martyrideologi og er gjennomsyra av jødehat. Fjernsynskanalen al-Manar, eit talerør for organisasjonen, sender dei mest utrulege ting. Eit velkjend døme er den syriske fjernsynsserien al-Shatat, ein serie som gjev seg ut for å fortelja sionismen si historie frå 1812 av og fram til Israel vart grunnlagt. Den er ei suppe av jødehat og konspirasjonsteoriar, som i scena der jødar tek livet av ein kristen smågut for å bruka blodet hans i bakverk. Så drøy er miniserien faktisk at det nesten blir komisk (sjå klipp frå serien her: 1, 2, 3, 4).

Men kjennskap til kva slags tragediar løgner som dette har ført til ei rekkje gongar i europeisk historie gjer at latteren fort stoggar i halsen.

- I denne kampen dreier det seg om å velja side, seier Ytterstad i Klassekampen. Og partane teiknar han opp: anten er det USA og Israel som vinn, og då er «Syria og Iran neste», elles vinn Hizb’allah, «ei av dei meir progressive rørslene i Midtausten».

Men dersom valet står mellom Hizb’allah og Israel, så er mitt val enkelt. Då ender eg opp som Bjørnstjerne Bjørnson, utan noko val. Då lyt eg velja meg Israel. Eg stør heller det halvveis demokratiske Israel enn å stø det halvveis fascistiske og jødehatande Hizb’allah, og det gjer eg på trass av at det israelske samfunnet er ubehageleg militaristisk, prega av rasisme og på trass av at IDF er skuldig i menneskerettsbrot.

You’re either with us or against us, seier Ytterstad eigentleg, du må velje side. I den verkelege verda slepp eg heldigvis å gjera det. Det er ikkje naudsynt å stø israelske overgrep berre fordi ein ser at Hizb’allah er ein motbydeleg organisasjon som norsk venstreside ikkje burde ta i med eldtang.

Hvilken ensidighet?

Monday, July 31st, 2006

Finn Graffs karikatur av Ehud Olmert ble av Israels ambassadør Miryam Shomrat omtalt som «blasfemisk», «totalt uakseptabel», som et «uttrykk for ignoranse» og til og med som «å ubetydeliggjøre shoa (holocaust)». Det er krasse ord, og Shomrat klagde da også tegningen inn for Pressens Faglige Utvalg.

Akkurat det kan en kanskje regne med var et PR-fremstøt fremfor noe annet, jeg tviler på at Shomrat regnet med å finne støtte i PFU. Klagen ble avvist i løpet av bare noen dager, – vi legger i likhet med [Dagbladet] vekt på den store takhøyde karikaturer har hatt og bør ha, opplyste PFU-sekretariatet til Dagbladet. Og de har selvsagt sitt på det tørre. Det bør ikke være opp til Israels ambassadør å sette føringer for hvilke type tegninger som kan publiseres i norske aviser og ikke.

Langt mer interessant enn Shomrats sinne over Graffs karikatur er en kommentar hun kommer med i et intervju med Dagsavisen:

Hun kom til Norge [...] med en programerklæring om å forbedre de bilaterale relasjonene mellom Norge og Israel, om å øke kontaktflaten økonomisk, kulturelt og intellektuelt. Imidlertid handler det om konflikt nesten hver gang hun dukker opp i norske medier. Shomrat sukker. – Det er problemet med Norge. [...] I løpet av de seneste årene er mediene og den offentlige opinionen blitt ekstremt kritisk og ensidig i sin holdning til Israel.

Klager om ensidighet er nok noe vi kommer til å se betydelige mengder av i leserbrevspalter i ukene som kommer. I et innlegg i Aftenposten der Graffs tegning ikke bare er uakseptabel og et uttrykk for ignoranse, men også «antisemittisk», sier Samuel Bodd og Edvard Dæhlin i Info-Midtøsten «nei til ensidig kritikk». Det hele minner meg om en debatt Ove Eikje i Kristent Pressesenter og undertegnede førte i fagbladet Journalistens spalter noen år tilbake.

Eikje kritiserte den «skjeve framstillingen som de fleste norske medier, med NRK i spissen, gir av konflikten i Midtøsten». Han brukte israelernes inntog i flyktningeleiren i Jenin som eksempel, og spurte hvorfor det hadde blitt så stille i norske media etter at det ble konkludert, blant annet av Human Rights Watch, at det ikke var en massakre. Jeg svarte at det i så fall var usedvanlig høylydt stille, siden både ANB og NTB hadde nyhetsmeldinger om saken, og flere aviser – inklusiv Aftenposten og Dagbladet – hadde lengre saker om samme tema.

Det finnes problemer med norske media sin dekning av konfliktene mellom Israel og naboene. Ikke sjelden er den overfladisk og preget av grove forenklinger.

Men mens karikaturer og kommentarartikler ofte svartmaler Israel, er selve nyhetsdekningen som regel relativt balansert. De gangene det mangler balanse er det som regel fordi også virkeligheten er skjev. På den ene siden står et velsmurt militærapparat med høyteknologisk utstyr, på den andre står militser stort sett bevæpnet med håndvåpen. Hadde det vært annerledes bør ingen tvile på at tapstallene på israelsk side hadde sett annerledes ut. Likevel er det ikke skjevhet når libanesiske ofre vies mer spalteplass enn israelske ofre; de siste ukene er det omtrent ti ganger flere av dem.

Likevel har Shomrat et poeng. Norske media er svært ensidige i sin holdning til Israel, ja, faktisk er norske media ensidige i sin holdning til både israelere, palestinere og libanesere. De er ensidig konfliktorienterte. Det fører ikke bare til at man overser andre hendelser, kulturelle, politiske, økonomiske, men også til at det er motpolene i konfliktene får mer oppmerksomhet enn de kanskje fortjener.

Ensidig og usaklig

Wednesday, July 26th, 2006

Finn Graffs heller idiotiske tegning av den israelske statsministeren Ehud Olmert som halvnaken tysk fangevokter i ridebukser, støvler og med gevær har vakt sterke reaksjoner. Den israelske ambassaden har klaget Dagbladet inn for PFU, og hadde jeg hatt hatt skulle jeg spist den om avisen blir felt. Jerusalem Post har også skrevet om saken.

Karikaturen er ensidig og usaklig, skriver kristendemokraten Martin Drange, og jeg ser med gru for meg et land der bare saklige og balanserte karikaturer kommer på trykk. Men Drange har likevel et poeng, debatten om Midtøsten er ofte preget av usaklige argumenter, og den er ofte ensidig til det begredelige, selv om det er gjensidig ensidighet.

På den ene siden finner en palestinavenner som kaster alle hemninger over bord og leser Stein Ørnhøi slik Fanden – nei, faktisk slik enkelte israelsvenner leser Bibelen: som en stor autoritet på det moderne Midtøsten. Morten Drægni er bare en av mange som reduserer Israels angrep mot Libanon til å handle om bare de to soldatene som ble tatt fange av Hizb’allah, og som dessuten sammenligner israelerne med Gestapo – intet mindre. Fullt så enkelt er det selvsagt ikke. Imens gjentar såkalte israelsvenner en del ting til det kjedsommelige.

Jeg skal ikke anklage Drange for å være absolutt ensidig, men han tryller i det minste et av de mest usaklige av israelsvennenes argumenter frem fra hatten. Israel er så lite, bare null-komma-litt av “den arabiske verden”. Jada, Israel er lite. Landet er faktisk enda litt mindre enn Belgia, og det sier sitt, for Belgia er så lite at du er i Nederland, Tyskland eller Frankrike før du vet ordet av det – og du kan ha kommet i skade for å kjøre forbi Luxembourg på veien. Men spiller det noen rolle at Israel er lite?

Faktum er at de palestinske araberne bor i området, og at det har de gjort i generasjoner. De har også de jødiske naboene deres. Ingen av dem kommer til å flytte på seg frivillig, selv om det er trangt om plassen. At det bor irakere i Irak og marokkanere i Marokko er i den sammenheng fullstendig irrelevant. Dersom israelsk politikk ikke kan legitimeres på andre måter enn å si at landet er lite, ja, da kan den ikke legitimeres.

Drange nevner også Hamas’ charter. Det er kanskje noe ensidig, siden dette er et dokument som begynner å dra på årene, og siden Hamas har utviklet seg en del siden den gang da. Men argumentet er i det minste saklig og makan til motbydelig propagandaskrift skal man lete en stund etter. Hamas er ikke akkurat en sympatisk organisasjon; selv om alternativet Fatah er gjennomkorrupt var jeg ikke særlig glad når islamistene gikk av med valgseieren i Palestina.

Det beste ville være at både Hamas og Hizb’allah forsvant som dugg for solen. Dèt kommer neppe til å skje så lenge Israel fører ren militærpolitikk ovenfor naboene. Det sies at dersom man dreper en av ti terrorister vil det i følge israelsk logikk være ni igjen, mens det i følge palestinsk logikk vil være tolv. Israelske myndigheter bør gjøre det Yossi Sarid foreslår i den israelske avisen Ha’aretz – senke forventningene sine et hakk eller fem. Og akkurat dèt burde palestinerne gjøre også.

Men jeg har større tro på israelerne. Israelsk opinion er i det minste ikke fullstendig dominert av gærninger og ekstremister.

Drittsekkar og solidaritetsforeninger

Wednesday, July 19th, 2006

Les også: A great day for Palestine?, A response to Akerhaug

Nasaret var lenge rekna for å vera utanfor rekkjevidda for Hizb’allah sine rakettangrep mot Israel, den velkjende byen ligg eit godt stykke sør for grensa mot Libanon. Men det er ikkje den einaste grunnen for at byen vart rekna for å vera off-limits. I motsetnad til andre byar i området vart ikkje arabarane tvunge ut frå Nasaret, noko dei kan takka ein kanadisk jøde for. Dei fleste som bur i byen er arabarar, mange av dei kristne.

Søndag slo rakettane ned på begge sider av byen. Ingen vart såra. Det er uklart om Hizb’allah eigentleg ville råka Nasaret Ilit, ein jødiskdominert by i nærleiken. Men frykta vart vekt i den arabiske byen. – Israel er den mektigaste staten i Midtausten, seier Amin Abu Taha til Washington Post, – men rakettar diskriminerer ikkje. Dette er ei gamal historie som må løysast.

Mange i byen frykter no for nye åtak. – Her har me rakettar, [i Libanon] bomber, seier Omar Nasri. Han plukkar opp eit par sokkar og slepp dei for å illustrera eit bombeåtak. – Ingenting er i våre hender. Korleis skal det enda? Spør Olmert, spør Nasrallah.

Imens slår rakettane også ned i Haifa, ein multikulturell by med jødar, muslimske og kristne arabarar, ahmadi-muslimar, drusarar, bahaïar og andre. Og her har dei hatt ein underleg effekt. Ha’aretz skriv:

“At the human level, there is a complete sense of shared fate,” says Zkoor. Now he is making use of his good connections with representatives of the Islamic Movement in the municipality to accelerate attention to the shelters. For everyone, both Arabs and Jews. In contrast to terror attacks, the rockets have indeed created a sense of a common fate. “When there were terror attacks, the Arabs had to apologize all the time,” says Zkoor, distinguishing between the situations. “Now, the reaction is one of togetherness.”

Det seier seg sjølv at dersom ein skal skjøna kva som no foregår i Midtausten så må ein sjå saka frå fleire sider. Det gjer ikkje Lars Akerhaug i RV. Han kallar israelarane “motherfuckers” – inkluderer det Zkoor? Akerhaug meiner at israelarane no ikkje ynskjer fred, inkluderer det Abu Nasser, ein arabisk kristen som også vert intervjua i Ha’aretz og som seier: – No er eg berre eit menneske og ein israelar viss hjerte blir knust, som ikkje ynskjer at landet hans skal lida, men også er ueinig i den arrogante politikken som fører til øydelegging av Libanon.

Akerhaug lenkjer til Hamas si “stadfesting” av lovlegheita i å ta “den sionistiske soldaten i varetekt”. Det er akkurat det som treng å bli sagt no, seier Akerhaug, at palestinarane har rett til å forsvara seg. På bloggen med det oppfinnsome namnet Israel føler dei at det er heilt andre ting som bør seiast.

Der vert åtaket på libanesiske mål forklart med at den angripande part, Hizb’allah, er med i den libanesiske regjeringa. Det vert dessutan framheva at militsen ikkje har vorte avvæpna, slik FN sitt tryggleiksråd har krevd (sjå tryggleiksrådsresolusjon 1559). Bloggen siterer venstresidepolitikaren Yossi Beilin, som meiner at åtaket kan forsvarast. Oppfattinga er ikkje uvanleg, krigen vert oppfatta som rettferdig i vide krinsar i Israel, sjølv om debatten i Israel – som så ofte før – gjerne verkar å vera meir nyansert enn debatten blant norske sjølvutnemnde israelsvener.

Trass i kritikk frå Saudi-Arabia, som faktisk var å venta, meiner Hizb’allah naturlegvis at retten er på deira side. Dei ser på rakettåtaka mot Israel som legitimt sjølvforsvar, og argumenterer med at Sheba-distriktet, som dei meiner er ein del av Libanon, framleis er kontrollert av den jødiske staten. Dessuten heldt Israel libanesarar fanga. Hizb’allah hevdar dessutan at den israelske panservogna som vart øydelagt og soldatane som vart teke til fange og drept 12. juli hadde kryssa grensa til libanesisk side.

Alle krigar er rettferdige for dei som ikkje er offer. Eg tviler ikkje på at både det eine og det andre kan sjåast på som legitimt. Den Store Midtaustendebatten blir såleis berre ein debatt av typen: – Det var dei som byrja. – Nei, det var dei.

Eg kunne sikkert ha hoppa ned i ei skyttergrav på ei av sidene i konflikta, som også raser i Noreg. I staden for å kasta bomber og granatar i hovudet på kvarandre, kunne me ha skrive sinte lesarinnlegg i avisene, me kunne ha diskutert terrorisme til me vart gule og blå, me kunne ha skrive bøker om terrorstatar og ha leika oss med festlege forteljingar frå alternative røyndomar. Me kunne ha starta kvar våre solidaritetsforeningar. Me kunne ha støtta kvar våre drittsekkar.

Men hjelper det?

Gratis bok!

Wednesday, June 14th, 2006

Eg har i lang tid arbeida med boka “Ein islamsk reformasjon?”, som omhandler blant anna islamisme. Boka vart jamvel sendt til eit forlag, og – uvanleg nok for ein hobbypoet som meg – tilbakemeldinga frå forlaget var positiv. Det var berre det, sa Forlaget, at dei ikkje trudde det ville vera marknad for boka.

Det kan det vera dei har rett i. Eg vurderte ulike strategiar; som Bjørneboe ein gong skreiv er “kunsten å marknadsføre” ikkje anna enn “kunsten å nødvendiggjøre”. Men det spørs kor naudsynt endå ei bok om islamisme eigentleg er. Difor prøver eg meg på eitt anna sleipt triks: narkotikatrikset.

Dette er mi fyrste bok. Du kan lasta ho ned heilt gratis, og lesa ho og elska ho, hata ho, verta kjeda av ho, bli interessert av ho, kva som helst. Du kan senda ho rundt til vener og kjende, det einaste eg krevjer er at ho forblir uendra, og at eg vert ståande som opphavsmann. Har du lyst å bruka ho i kommersielle samanhangar får du heller ta kontakt. Og bok nummer to? Det er vel der eg håpar narkomanien kjem inn i bilete og at marknaden blir skapt.
Boka lastar du ned her.

Forresten: tilbakemelding kan sendast på oyvindstrommen ætt gmail dått com.

Skulle du ynskja å gje nokre kroner som takk for boka er det ein paypal-knapp nedanfor