Posts Tagged ‘fildeling’

Om fildeling og kulturhistorie

Saturday, March 21st, 2009

Då eg var sju år gamal fekk me den fyrste datamaskina i hus, ein Sanyo MBC-775. Bror min tok brevkurs i programmering med BASIC og eg hang over skuldra hans. Meir interessert var eg nok likevel i dataspela, særleg i Rogue-varianten “Dungeons of Moria“. Eit anna spel som etterkvart vart ein favoritt var Digger, som diverre ikkje verka i det heile på mi neste datamaskin. 386sx-en var rett og slett altfor god.

moria

Byscene i Dungeons of Moria

Seinare skulle det sjølvsagt bli langt fleire dataspel, dei fleste av dei har eg sidan gløymd – men nokre juvelar set som klistra i hjernebarken. Eg har f.eks. lenge lyst å få tak på Commodore-64 spelet som eg spela hos ein kompis og som eg trur heitte “Schooldays” – det handla om å vera ei bølle på skulen.

Desse dataspela er ein del av vår nære kulturhistorie, men er ofte vanskeleg å finna tak på, og vanskelege å få til å fungera på ei moderne datamaskin. Selskapa som produserte dei er gjerne borte, programmerane har vakse ut av garasjane sine, men kopiretten er ofte framleis intakt (sjølv om ein del av spelprosjekta var open source).

Eg vil faktisk gå så langt som å levera følgjande påstand: Hadde det ikkje vore for ulovleg kopiering – blant anna gjennom såkalla abandonware-sider – hadde denne delen av kulturhistoria vore i stor fare for å døy fullstendig ut. Og for ein dataspel-entusiast som meg ville det vera omlag like ille som om norsk litteratur skulle vera foruten både Bjørnson, Wergeland, Hamsun, Undset og Vesaas. Ein del av dei gamle dataspela fortener absolutt nemninga klassikarar.

Kan ein seia det same om film? Ei stund attende kom eg over ein referanse til ein klassisk britisk film, “Passport to Pimlico“. Nyfikna mi vart pirra, men eg bur i ein liten distriktskommune der det knapt er mogleg å leiga film og der kjøpefilm er noko ein får hjå Kiwi og på Best-stasjonen, så det ville vera bortkasta å leita etter filmen der. Han finst på Amazon i ei DVD-utgåve laga av franskmennene som no (på eit eller anna vis) sit med rettane til filmen – men DVD-utgåva har fått utruleg dårlege kritikkar, dårleg lyd, dårleg kvalitet. Og så finst filmen på diverse fildelingstenester. Der er han lettare tilgjengeleg og raskare tilgjengeleg enn andre stader. Igjen vil eg påstå at den ulovlege fildelinga bidreg til at relativt nær kulturhistorie er tilgjengeleg for fleire. Ein skal vera bra kritisk til fildeling som fenomen for å unngå å sjå verdien av nett dét.

Sjølv meiner eg at den ulovlege fildelinga er eit utslag av eit teknologisk paradigmeskifte. Moderne datateknologi gjer det mogleg å dela store mengder informasjon over store avstandar og til relativt låg pris (men lunsjen er ikkje gratis, både internett, straum, datautstyr og servarar kostar pengar). Dette gjer at kulturen er i ferd med å venda attende til allmenninga, etter eit lengre opphald i marknadssfæra.

Det er lett å sjå problem ved dette. Kulturprodusentar som ikkje får betalt for arbeidet sitt. Nisjeforretningar som går dukken. Plateselskap som vert gjort overflødige. Veksten i ulovleg fildeling får negative konsekvensar, og det ville vera naivt å underslå det. Men samstundes: Let ho seg stogga? Kva slags virkemiddel må ein då ta i bruk, når sjølv ikkje Kina – med eit arsenal av totalitære metodar – klarer å hindra borgarane sine å gå til nettstaden piratebay.org? Det er noko lettare luddistisk over industrien sin kamp mot fildelingsmonsteret.  Nerdane, geekane og piratane sit med sterkare kort på handa, ikkje minst at svært mange finn det heilt naturleg å dela kulturprodukt – sjølv blant medlemene i organisasjonar som kjemper med nebb og klør mot fildeling.

Ulempene ved at kulturen vender attende til allmenninga er fleire: ein kan frykta at kunsten i endå større grad vert avhengige av sponsing frå staten og frå folk med mykje pengar. Produktplassering og rein reklamekultur kan verta vanlegare.

Men det som trengst no er likevel ein djuptgåande debatt på myndighetsnivå om kva ein gjera for at kulturen skal koma styrkt ut av paradigmeskifte og korleis ein skal sikra at produsentar framleis får betalt for åndsverka sine. Det bør vera ein ærleg debatt om korleis ein kan dempa ulempene og dra mest mogleg nytte av fordelane av den ikkje-kommersielle fildelinga, og debatten bør ikkje lenger handla om korleis ein skal kriminalisera hundretusenvis av menneske.

Miljøpartiet Dei Grøne er viljuge til å ta den debatten. Det same er EGP, samanslutninga av grøne parti over heile Europa. SV-minister Bård Vegar Solhjell viser gode takter, og Unge Venstre glimtar til i blant. Raudt synest tilsynelatande det er ein del av ein kul anti-kapitalistisk kamp, men gløymer i stor grad opphavsmennene, kunstnarane.

Men kvar er resten av politikarane? Vel dei å ignorera ein av dei viktigaste kulturpolitiske debattane me står ovanfor?

Fildeling – eit politisk spørsmål

Wednesday, February 18th, 2009

Ein stor del av tilkoplingane til den etterkvart så berykta nettsida Pirate Bay kjem frå Kina, trass i at nettsida er blokkert av den såkalla “Store brannmuren”, eit teikn i seg sjølv på kor vanskeleg det er å stogga fildelinga, ulovleg eller ikkje.

Ikkje aner eg kva kinesarane lastar ned, men dette illustrerer både problemet og det fantastiske med bit torrent-teknologien: nemleg tilgang.

Det speler liten rolle kvar i verda du er, så lenge du har tilgang på nettet, du får tilgang til tonnevis av materiale – lovleg eller ikkje – heilt gratis. I det ligg det eit stort potensiale for spreiing av materiale dei fleste helst såg ikkje vart spreidd, her er barneporno det mest openberre dømet.

Men det ligg også eit enormt – nærast revolusjonerande – demokratisk potensiale i fildeling. Ikkje berre i Kina, men også i til dømes norske distriktskommunar. Gjennom bittorrent kan kinesarar få tak på materiale kinesiske myndigheiter nok skulle ynskja at dei ikkje hadde tilgang på, medan folk i til dømes Samnanger vil kunna få tak på kulturprodukt som elles ville vera vanskeleg, umogleg eller svært tidskrevjande å skaffa seg.

Det er enklare å finna den italienske spelefilmen “Lo Scatenato” frå 1967 via ein av piratbukta sine konkurrentar enn det er å finna ein netthandel som sel han til Noreg. Nedlastinga vil truleg gå raskare enn å få ein DVD sendt i posten.

Det er denne utfordringa musikkbransjen, filmbransjen og TV-bransjen i liten grad har klart å svara på. Industrien er som ein dinosaur i platebutikken: teknologien har sprunge frå dei, og interesseorganisasjonane deira har vore meir interesserte i å kriminalisera hundretusenvis av menneske enn av å finna nye måtar å tena pengar på.

Industrien heng ikkje med og er i liten grad ute av stand til å hengja med, då teknologien gjer at me på mange måtar står ovanfor eit opphavsrettsmessig paradigmeskifte: kulturen er i ferd med å verta dradd vekk frå marknaden og på sett og vis venda attende til allmenninga (av gamalnorsk allmenningr, alle menn). Og kvifor ikkje? Det var der folkemusikken, folkeeventyra og folkesongane kom frå – og for den del moderne urbane legender og vandrehistoriar. Allmenningen er ein stad der det faktisk finst noko slikt som ein gratis lunsj, noko også blant anna filmindustrien har synt seg å utnytta gjennom filmatisering av gamle eventyr og nyare historier om skrømt og galningar.

Bittorrent er berre eit av fleire symptom: Sjølv om YouTube er høgst kommersielt er tenesta – med alle dei opphavsrettslege spørsmåla ho reiser – eit anna. Myspace eit tredje. At bloggarar bruker andre sin bilete utan eit sekund ettertanke eit fjerde. Det finst hundrevis av døme.

Eg reknar underhaldningsindustrien sin sjanse for å setja ein stoggar for dette for å vera ekstremt dårlege. Dei stogga ikkje kopiering av filmar på VHS. Dei stogga ikkje kopiering på kassett. Og “Don’t copy that floppy” fekk ikkje sett ein stoggar for kopiering av dataspel attende i datamaskinenes jernalder. Underhaldningsindustrien sitt store problem er at deling av kultur er høgst menneskeleg, og – lovbrot eller ikkje – noko svært mange vil finna moralsk forsvarleg. Kulturminister Trond Giske kan vera så antipirat han berre vil, men utan å ta sovjetiske metodar i bruk står myndigheitene makteslause, og sjølv med sovjetiske metodar skal dei få det vanskeleg.

Men fildelarane har eit stort problem til felles med både artistane, produsentane og regissørane, og det er problem mange ikkje tek på alvor. Fildelarane sitt store problem er at dei som lager kultur også må ha høve til å kunna leva av det. Den politiske oppgåva Trond Giske burde ta tak i er å finna ein politikk som ikkje kriminaliserer hundretusenvis av nordmenn heilt unødig, som legg til rette for å utnytta allmenningen sine mange fordelar framfor både marknad og stat og som samstundes gjev artistar, produsentar og regissørar høve til å tena pengar på arbeidet sitt.

Alternativa til å finna ein slik politikk er få og ukoselege: Ei vidare oppblomstring av ulovleg fildeling, og med dette kriminalisering av stadig fleire vanlege borgarar. Eller system for digital overvaking av motbydeleg omfang.

Kort sagt: Fildeling er eit politisk spørsmål. Ikkje eit juridisk.