Posts Tagged ‘fascisme’

Om Obama, Stalin og kamelar

Sunday, November 16th, 2008

Som dei fleste veit er ikkje USA det vestlege landet der marxismen står sterkast. Den marxistiske presidentkandidaten Gloria La Riva fekk då heller ikkje meir enn 7.478 stemmer ved presidentvalet. Det er over sju gongar fleire stemmer enn Norges Kommunistiske Parti fekk ved førre stortingsval, javisst, men det er ikkje eit spesielt imponerande resultat samanlikna med Obama sine 66.774.472 stemmer.

Men ifølgje enkelte på amerikansk høgreside speler det lite rolle. Ta berre ein titt på dette utvalet av “herleg” politisk kunst:



Ein del Obama-fans får forsåvidt som fortent. Det er ikkje til å leggja skjul på at ein del folk både i Statane og i andre land har samanlikna Bush med ymse ukoselege politiske figurar, blant anna Adolf Hitler. Mitt inntrykk av amerikansk politisk debatt er at han har vorte meir og meir polarisert; noko ikkje minst ein del bloggarar har bidrege til. Det fører til meiningslause samanlikningar og til stadige påstandar om at George W. Bush eigentleg er fascist, og at Barack Obama altså eigentleg er marxist – for ikkje å seia stalinist.

For nokre dagar sidan såg eg også ein bloggkommentator som samanlikna Obama med Enver Hoxha.

Men det stoggar ikkje der. På nettstaden faithfreedom.org – som elles er kjent for sin islamkritikk og som ofte vert sitert på norske nettforum – dukka det i september opp ein artikkel med eit namn eg ikkje maktar anna enn å le av, nemleg: “Understanding Obama: The making of a Fuehrer”.

Artikkelen er ikkje å finna på nettstaden lenger, men takk vere Google Cache har han ikkje forsvunne ned i “The Memory Hole”. Artikkelen er langt som eit vondt år, og handlar i stor grad om at Obama visst nok er ein narsissist, men du verda for ein tittel!

Det er ikkje berre i USA denne typen svada har ein viss appell. Også i Noreg snik samanlikningar med både Hitler og Stalin seg inn i den politiske debatten. Det er problematisk på to måtar. For det fyrste gjer det den offentlege samtalen ytterst ubehageleg; for det andre vanskeleggjer det kritikk av dei som faktisk stør totalitær tenkning. For joda, det finst fascistar i dagens Amerika, det finst fascistar i dagens Europa og det finst fascistar også her heime. Og det finst såvisst også folk på til dømes den skandinaviske venstresida som stadig – den dag i dag – ser på Enver Hoxha som ein helt, eller i det minste som ein stor visjonær. Stalin har stadig vener, jamvel blant aktivistar som er tilknytt partiet Raudt.

Sjølv trur eg – og veit eg tildels av erfaring – at ekstremisme, dogmatisme og totalitære idear kan utvikla seg innanfor høgst ulike politiske miljø. Også den grøne idetradisjonen, som eg sjølv høyrer heime i, har sitt å svara for på dette området. Bloggosfæra har gjort det lettare for ekstremistar å finna kvarandre og å utvikla ein politisk diskurs som er basert på å slett ikkje snakka saman, men snarare på å skjella kvarandre ut på det grovaste.

Eg kjem framleis ikkje til å nøla med å kalla folk som stør fascistisk tenkning for fascistar, heller ikkje om dei sjølve vel å kalla ideane sine for noko anna. Eg kjem ikkje til å nøla med å angripa marxistar for dei mange openberre feila i deira politiske tenkning. Eg kjem sjølvsagt heller ikkje til å leggja to fingrar imellom i min kritikk av Framstegspartiet sin innvandringspolitikk, eller av høgresida sin privatiseringskåtskap, eller av venstresida sin frykt for nær sagt alle private løysingar. Men her er mitt valløfte:

Eg kan lova at eg også kjem til å kritisera dei som samanliknar Siv Jensen med Adolf Hitler, dei som samanliknar Jens Stoltenberg med Josef Stalin og dei som samanliknar SV-politikk med politikken til Enver Hoxha. Noreg er ikkje tent med ein politisk debatt prega av den same polariseringa som det ein i betydeleg grad har sett i Statane. Noreg er tent med å ha politikarar med ulike ideal som likevel emnar å snakka med kvarandre og å ta ein pils (eller ein cola) med kvarandre. Noreg er tent med politikarar som er viljuge til kompromiss, og jamvel med politikarar som ein gong i blant toler å svelgja ein kamel.

Den nye anti-amerikanismen?

Monday, September 8th, 2008

Fascistisk anti-amerikanisme, fra Groupe Union Défense. Tittelen er: “Velkommen til Europas fiender”.

Sigmund Ro skriver i Dagbladet om den nye anti-amerikanismen:

Siden Berlinmurens fall, og særlig siden krigen i Irak, har antiamerikanismen blitt vår mest potente politiske «store fortelling» og globale «lingua franca».

Og:

Reaksjonær islamisme og politiske venstremiljøer finner hverandre i en felles motvilje mot den nye «hypermakten».

Sigmund Ros oppfatning av at reaksjonær islamisme og politiske venstremiljøer har en felles motvilje mot USA har jeg ingen problemer med å være enig i.

Det er mye absurd anti-amerikanisme på den politiske venstresiden, både i Norge og i resten av Europa. Jeg har de siste dagene drevet research til en artikkel om konspirasjonsteoriene rundt 911, og få steder er det vel lettere å oppdage en virkelig pervertert anti-amerikanisme enn her. At mistroen mot USA her gir ikke bare sosialister og islamister, men også fascister og høyreekstremister, et lingua franca blir tydelig når man følger trådene dem i mellom på internett. (more…)