Om sukat-rasisme og liberal politikk
Wednesday, August 16th, 2006Diverse bloggarar som ikkje stemmer Høgre har delteke i ein antirasistisk bloggstafett den siste tida. Det har ikkje eg. Det har sjølvsagt noko med at ingen har utfordra meg, men det har også noko med at Heidi Nordby Lunde har rett. Eg trur ikkje ein bør knytta utkastinga av afghanarar opp mot rasisme. Heidi Nordby Lunde kallar det sjølvsagt “sosialistisk vås”, noko som vel er å rekna for eit meiningslaust skjellsord frå den kanten. Eg kallar det i staden litt dumt.
Det er ikkje for det. Det kan godt tenkjast at det ligg rasisme bak denne saka, men i så høve er rasisme av sukat-typen. Nokon har baka rasismen inn i rosinbollane og sjølv om dei færraste eigentleg liker sukaten så et dei bollane likevel. Denne typen rasisme er diverre lei å ha med å gjera, fordi dei som et sukaten gjerne ikkje har det aller minste i mot folk med ein annan hudfarge og slett ikkje er med i ein syklubb som heiter Kvit Arisk Motstand på fritida. Det er faktisk overhengande fare for at folk involvert i sukatrasismen stemmer Sosialistisk Venstreparti. Nokon av dei stemmer nok på Høgre.
Når eg trur det er dumt å fokusera på rasisme, noko kampanjen “La afghanerne bli” ikkje ser ut til å gjera, er det fordi problemet her ikkje er rasisme. Det er byråkratisk A4-tenking som er problemet.
Blant anna har ein køyrd seg så fast i førestillinga om at det er trygt i Kabul at ein vil senda folk som ikkje har noko tilknytning til byen attende til eit tilvære som internflyktning. FN liker ikkje ideen. Nokre afghanarar såg så dystert på den moglegheita at dei valde å svoltestreika, eit verkemiddel folk ikkje har for vane å ta i bruk utan at dei faktisk meiner noko med det. – Ein skal ikkje kunna aksjonera seg til opphald i Noreg, seier fleire, blant anna Torbjørn Røe Isaksen. Det høyrest jo fornuftig ut. Men det er eit dilemma her. Kva om det er slik at norske myndigheiter tek feil, og at det er difor afghanarane bør få bli? Skal dei kastast ut likevel, fordi dei i ein desperat situasjon gjekk til svoltestreik? Der er det Martine Aurdal, redaktør av Ny Tid, seier det betre enn mange andre:
Det er ikke mulig å sultestreike seg til opphold i Norge. Det burde ikke være nødvendig heller.
Haddy Nije seier det forsåvidt også bra:
Jeg skammer meg når vi blir reddere for å være snillister eller politisk korrekte enn for å forårsake andres lidelse og død. Sultende mennesker på vår egen domkirkeplass må ha gjort noe med oss. Nå er det på tide å vise hva vi har lært.
Torbjørn Røe Isaksen seier at det sjølvsagt kan diskuterast kor trygt Afghanistan, spesifikt Kabul, er, men at han ikkje har moglegheit til å vurdera dette, og difor lyt stola på norske myndigheiter. Det er uvanleg veik tale frå ein kar som elles ikkje ofte har nøla med å utfordra norske myndigheiter. Er det frykta for å verta oppfatta som snillist som har råka han, angsten for å vera politisk korrekt og støyta frå seg nokre veljarar som potensielt kan stø han? Heidi Nordby Lunde gjer sitt for ikkje å verta oppfatta som nokon av delane. “[Jeg] har ikke tatt til orde for å føre en mer liberal flyktninge- og asylsøkerpolitikk, men støtter varmt en langt mer liberal innvandringspolitikk”, seier ho, før ho slår over i prat om ubegrunna asylsøkjarar og falske asylsøkjarar. Er det afghanarane ho snakkar om? Eller er det nokon andre? Og kva skal eigentleg til for å vera ubegrunna asylsøkjar? Er det når ein var ute og gjekk ein dag og heilt tilfeldig endte opp i Noreg? Eg vil tru at dei fleste asylsøkjarar har ein grunn, sjølv dei som ikkje stakk frå heimlandet fordi det var fare for at nokon skulle ta live av dei.
Men Nordby Lunde har samstundes eit poeng, og det er at det er ein forskjell på folk som flyktar frå krig og når dei kjem som innvandrarar med til dømes økonomisk motiv.
Fyrstnemnde gruppe treng meir hjelp, støtte og oppfølging, er oftare ute av stand til å arbeida av ymse (og som regel gode) grunnar, nokon av dei er analfabete på sitt eige språk og vil ha vanskar med å læra norsk. Sjølv om mange av desse menneska, som mihoe påpeiker, vil gjera det bra i Noreg, er det ingenting overraskande i at nokon av dei hamnar på ymse skråplan. Dei vil så lett bli oppfatta som snyltarar, og FrP kan slengja i veg nokre strofer om det og nokre strofer om dei farlege islamistane, og vips så vinn dei stemmer så dei kan le heile vegen inn i regjering. For FrP er den psykisk ustabile, sosialstønadmottakande, dårleg utdanna asylsøkjaren med dårlege norskkunnskapar den perfekte innvandrarar, beviset på at det var dei som hadde rett heile tida.
Noreg bør ha ein meir liberal asylpolitikk fordi me har råd til det, og også fordi det er i tråd med gode liberale tradisjonar, tradisjonar som delar av høgresida diverre har forkasta og delar av høgresida ikkje tør snakka så høgt om fordi det kan vera at dei gjer seg upopulære blant nordmenn av sorten som skjelv i buksa om dei ser ein neger.
Debatten rundt dette har diverre vorte sausa saman med noko heilt anna, som eigentleg har lite med asylpolitikk å gjera, nemleg innvandringspolitikk. Den bør også verta meir liberal, noko anna let seg då også vanskeleg gjera sidan Noreg har hatt innvandringsstopp sidan syttitalet og berre har sluppe inn unntak av diverse typar (“me vil eigentleg ikkje ha innvandrarar her, men – mumlemumle – greitt då!”). Den viktigaste grunnen til at me bør ha ein meir liberal innvandringspolitikk er ikkje at det er snilt, og ikkje ein gong at det er liberalt. Den viktigaste grunnen er at Noreg ville ha godt av innvandring.
Sjølv om ein, frå ein liberal ståstad, strengt tatt skulle ha åpna grensene fullstendig let dette seg vanskeleg gjennomføra i røynda. Dessutan er det ikkje sikkert at me har bruk for Osama bin Laden som bonde i Uskedal. Det ein lett kan gjera er å ta eit steg i kanadisk retning og opna for innvandring av folk som oppfyller visse krav. Der vert det stilt krav til erfaring, til at ein kan livnæra seg sjølv og familien i seks månadar etter ankomst, til kjennskap til eit av Canada sine offisielle språk (engelsk eller fransk, her lyt nok Noreg lempa litt på kravet, sidan verken norsk eller fjelldansk er for verdsspråk å rekna), og til utdanning. Ein kan godt skåra dårleg på eit punkt så lenge ein elles skårer bra, og dersom ein allereie har skaffa seg jobb i landet får ein ekstrapoeng. Ein slik politikk i Noreg ville tilføra landet kunnskap, kreativitet, kulturelle impulsar, you name it. Som bonus ville Noreg få ei betydeleg mengd innvandrarar av typen som er rasistane sitt verste mareritt: dei høgt skulerte, ressurssterke og motiverte innvandrarane som snart lærer seg det norske (eller i det minste det fjelldanske) språket betre enn nokre lokalpolitikarar eg kan koma på.
Det er berre ein ting som står i vegen for å innføra ein slik liberal politikk i Noreg, og det er politisk korrektheit, den politiske korrektheita som seier at innvandrarar er nokre forferdeleg skumle dyr.

