Posts Tagged ‘Annleislandet’

Kvifor eg ikkje lenger er EU-motstandar

Wednesday, August 20th, 2008

Det å vera EU-motstandar var lenge ein viktig del av min politiske identitet. Eg høyrde heime på venstresida i norsk politikk, og på venstresida i norsk politikk – den ekte venstresida – fanst det eigentleg berre eit standpunkt i EU-saka. Argumenta var mange: miljø, lokaldemokrati, motstand mot marknadsfundamentalisme og skepsis til at dei fire fridomane eigentleg handla så mykje om fridom for vanlege folk.

Til sjuande og sist kokte det ofte ned til dette eine ordet: “Annleislandet“. Eller som Ivar Aasen skreiv det i eit av versa av “Nordmanden” som ikkje er å finna i – kremt – borgarlege songbøker:

Sud um Havet han stundom laut skrida
Der var Rikdom paa Benkjer og Bord
men kring um saag han Trældomen kvida,
og so vende han atter mot nord.

(Studentersamfundet, 17. mai 1867)

Eg skal gladeleg vedgå at eg stadig trur på “Annleislandet”, på eit land som fører ein grønare og meir sosial politikk. (more…)