Bok: “Eurofascism”

Det er liten tvil om at uttrykket “fascisme” har vorte misbrukt som politisk merkelapp, kanskje like ofte som ordet “demokrati”. Likevel er det både naudsynt og avslørande å studera fortida til ei rekkje av dei innvandringsfiendtlege partia som vinn fram Europa rundt i desse dagar.

Når ein gjer det, oppdager ein fort dei ideologiske, historiske og personlege banda mellom desse partia og fascistiske parti i tida før – og tida etter – andre verdskrigen. Denne boka søkjer å syna den anti-liberale, anti-demokratiske og anti-semittiske arven til parti som i dag har aukande innverknad på europeisk politikk.

Boka er på engelsk, og kan kjøpast frå Lulu, anten i trykt format eller som PDF-fil. Ho er også tilgjengeleg på Amazon.com og Amazon.co.uk. Eg er også i ferd med å leggja ut boka i gratis web-utgåve på nettstaden eurofascism.info.

Journalistar og bloggarar som er interessert i å skriva om boka “Eurofascism” kan få kopi i PDF-format gjennom å venda seg til forfattaren per epost. Også journalistar som arbeider med relevante tema kan få boka som presseeksemplar. Pressefoto av forfattaren kan leverast på førespurnad.

Dersom bloggarar eller journalistar har ynskje om å intervjua forfattaren kan dei ta kontakt på epostadressa ovanfor. Både profesjonelle media og borgarmedia som er interessert i artiklar om same tema som boka er meir enn velkomne til å lata høyra frå seg.