Archive for the ‘religion’ Category

Om Rustad, kanon og tekstkritikk

Monday, December 27th, 2010

"Ich wolte lieber bey Löwen und Drachen wohnen, als bey einem bösen Weib" - utdrag frå Siraks bok i ein tyskspråkleg biletbibel frå 1751.

“Det er en vatt-kristendom vi serveres i kirken”, skriv Hans Rustad i det som må vera ein av årets mest forvirra bloggpostar.

Rustad ynskjer “det revolusjonære i kristendommen” og “samvittigheten” tilbake, for om det ikkje skulle skje “kan [det] være slutten på Europa”, for kristendommen er “det eneste bolverket som kan forsvare Europa mot islam og mot dets egen elite som nettopp har påskyndet avkristningen”.

Rustad meiner dessutan at det “vrøvles om at religionen har fått økt betydning” og om at “man må gi større plass til irrasjonaliteten”, noko han meiner er “selvmorderisk tale”. Så går han til åtak på tekstkritisk bibellesning, det å lesa bibeltekstar med utgangspunkt i historiske og samfunnsmessige omstendigheiter:

Vi lever i den underlige verden at våre intellektuelle lærere har brukt et århundre på å fortelle oss at alt det Bibelen og Det nye testamente lærer er tilfeldig: et produkt av historiske omstendigheter.

Kunnskap om historiens betingethet ble forvandlet til en historie om maktmisbruk. Den kanon som kirken endte opp med, måtte nødvendigvis være resultat av maktmisbruk. Det var nok å vise til katharenes skjebne, eller korstogene. Slik var marxistenes og 68-ernes syn på historien. De seirende måtte per definisjon ta feil, være på den gale siden.

Den mulighet at kanon, dvs. de fire evangeliene, var uttrykk for at det beste vant, finnes ikke som mulighet. Det er utdefinert av historien.

Det synest ein smule irrasjonelt.

Eg skal hoppa bukk over Rustad si frykt for ein “apokalyptisk  islam”, som skal vera like farleg som både nazismen og kommunismen. Likeeins skal eg lata vera å bruka plass på å fundera kva for ein revolusjonær kristendom Rustad eigentleg ynskjer seg, og korleis denne skil seg frå “uforpliktende prat om kjærlighetens Gud og Jesus som har tatt på seg våre synder”.

Det er i grunnen ikkje så interessant.

I staden vil eg ta tak i motvilja hans mot den tekstkritiske bibellesinga og -tolking.

No er det slett ikkje slik at dei som driv tekstkritisk bibellesing i særleg mon ser på samansetjinga av dei nytestamentlege tekstane som tilfeldig, slik Rustad ser ut til å meina. Tekstkritiske bibelstudiar ser på Bibelen som ei samling tekstar som til liks med andre tekstar kan vurderast og analyserast med tanke på å finna omstende, påverknadskjelder, direkte kjelder, kven teksten var meint for, kven som skreiv han, og så bortetter.

Dette er verken marxistane eller 68-arane sin idé, men ei form for bibellesning som strekkjer seg attende til blant anna Thomas Hobbes,  Benedict Spinoza og – for nyetestamentet sin del – Hermann Samuel Reimarus. Me snakkar om sentrale tenkjarar frå – nettopp – opplysningstida.

Det slår meg at Rustad tidlegare har kritisert Iffit Qureshi for å blanda saman opplysningstid og imperialisme. “Qureshi kan ikke historien”, skreiv Rustad då. Men kan Rustad historia? Å blanda saman marxisme og tekstkritisk bibellesning kan tyda på at religionshistorie ikkje er hans sterkaste fag.

Vidare er det verdt å nemna at den kristne kanon, som Rustad meiner vart til (eller at i det minste kan ha vorte til) ved at “dei beste vann”, sjølvsagt utgjer langt meir enn dei fire nytestamentlege evangelia Rustad framhever – Markus, Matteus, Lukas og Johannes. Sjølv dei som ikkje har kjennskap til kristendomen frå anna enn kristendomstimane i grunnskulen vil vera kjend med Paulus’ brev, med apostelgjerningane og med Johannes openbaring.

Dei som har betre kjennskap til den kristne skrifta vil peika på at den protestantiske kyrkja opererer med ein kanon på 39 gamaltestamentlege og 27 nytestamentlege tekstar. Rustad burde iallfall nytta denne søndagsskuledefinisjonen, istadenfor å redusera kanon til fire evangelier. Men søndagsskulen strekk ikkje til – det det kanskje er færre som veit er at den luthersk-evangeliske norske kyrkja sin kanon skil seg frå kanon i andre kristne kyrkjer, jamvel frå den største av den alle: den katolske.

Katolikkane inkluderer faktisk heile sju såkalla deuterokanoniske skrifter, som ikkje er ein del av den hebraiske bibelen, men som er ein del av det katolske gamletestamentet. Protestantiske kyrkjer ser ikkje på desse som ein del av bibelteksten, men reknar dei som apokryfe1. Tobits bok, Judits bok, Visdomens bok, Siraks bok, Baruks bok og fyrste og andre makkabearbok er alle inkluderte i den katolske bibelen; og dei dukkar neppe opp i kristendomstimane på skulen (som no for tida sjølvsagt heiter noko anna). Dessutan kjem tillegg til Daniels bok og Esters bok.

Andre kyrkjesamfunn har også med fleire bøker utover desse: 1. og 2. Esdras, Manasses’ bøn, 3. og 4. makkabearbok, Enoks bok, boka om jubelåra og dei tre meqabyanbøkene (også kalla “dei etiopiske makkabearbøkene”). Når det gjeld det nye testamentet er semje om kanon hjå dei store kyrkjesamfunna, men det er verdt å understreka at nokre av dei tidlege kyrkjefedrene inkluderte fleire brev, samt Didache, Hermas’ Hyrden og Jakobs protoevangelium.

Med andre ord: når Rustad framhever den kristne kanon, og ser ut til å meina at “det beste vann” – då er det freistande å spørja: Kva for kanon var det som vann?

Rustad ser også ut til å meina at fokus på til dømes katarane – ei relativt marginal, og sein “kjettersk” gruppe – er eit uttrykk for marxistisk historieforståing, der “de seirende nødvendigvis må ta feil”. No skal eg gladeleg vedgå at katarane er snadder for religionshistorikarar, men historia om katarane skriv seg frå 1100-talet til 1300-talet og dei er ikkje vidare interessante for diskusjonar om korleis dei kanoniske skriftene vart kanoniske2. Her er det langt meir spanande å sjå på tidlege kristne skrifter, blant anna gnostiske tekstar. Det interessante er kva mangfaldet av tidlege kristne tekstar fortel om mangfald i den tidlege kristne kyrkja.

Einar Thomassen – som er ein internasjonalt anerkjend norsk religionsvitar og som dermed truleg kvalifiserer til Rustad sitt hånlege anti-intellektuelle omgrep “våre intellektuelle lærere” – skriv i Dagbladet:

Den aller eldste litteraturen om Jesus er gått tapt. Hva vi har i dag er senere skrifter som har benyttet seg av den eldste litteraturen som kilder (i tillegg til muntlig overlevering).

Det gjelder de fire evangeliene i Det nye testamente. Men også andre tidlige kristne skrifter overleverer informasjon om Jesus, særlig ord han skal ha sagt. Slik informasjon finner vi i flere av brevene i Det nye testamente, hos de såkalte apostoliske fedre og hos tidlige “kirkefedre”.

Vi finner det også i såkalte gnostiske og andre “kjetterske” skrifter. En del av denne informasjonen avviker i form og innhold fra det vi leser i de nytestamentlige evangeliene.

Man bør ikke ta for gitt at det bare er de kanoniske tekstene som har bevart stoff fra den aller eldste litteraturen om Jesus.

Det finst sjølvsagt bibelforskarar som – for å nytta Rustad sine ord -har “en hensikt bak, et ønske om å diskreditere den offisielle versjonen”. Det skulle då eigentleg berre mangla: alle bibelforskarar er sjølvsagt ikkje kristne.

Men hovudårsaken til at det i det 20. hundreåret har vorte meir fokus på desse andre skriftene er at mange av dei har vorte gjenoppdaga relativt nyleg. Stikkordet er Nag Hammadi. På 1940-talet kom ei lang rekkje tekstar som ein trudde hadde gått tapt til rette etter at to brør fann dei medan dei gravde etter gjødsel.

Codex IV frå Nag Hammadi

Tydinga av Nag Hammadi-funnet for studiar i mangfaldet av tidleg kristendom kan knappast overvurderast.

Karen L. King oppsummerer3 i ein gjennomgang av den vitskaplege diskusjonen rundt gnostisisme beint fram med at forskarane ikkje lenger kan skulda på manglande bevis, då kjeldematerialet har “vakse dramatisk”. Kurt Rudolph samanliknar med funna av Dødehavsrullane4:

The discovery of Hebrew manuscripts in 1947 on the West bank of the Dead Sea near Wadi Qumran attracted attention far beyond the circle of scholars. It belongs beyond doubt to the most important finds of this kind and for that reason was extensively described and evaluated, and not only in the specialist journals. On the other hand another discovery has aroused less of a sensation among the wider public. It was made roughly at the same time in Egypt and is of similar significance, since for the first time it brought to light an extensive quantity of original Gnostic texts in the Coptic language.

Og det stoggar ikkje der. Judasevangeliet – som me tidlegare ikkje hadde kjennskap til av andre grunnar enn at biskop Ireneus av Lyon på 100-talet e.Kr. omtala det som “kjettersk” -  vart funnet i ei hole ved Nilen i 1978. Det er openbert at slikt er eigna til å skapa interesse for dei “andre” tidlege kristne.

Hans Rustad framhevar i sin tekst også Sokrates. Det viktige ved skrifter som Judasevangeliet er at dei er med på å fylla ut biletet av religion i seg sjølv  endra seg med då kristendomen etterkvart vart statsreligion i det veldige Romarriket. I maktkampen mellom hovudstraumen av kristendomen og dei alternative fortolkningane vaks det fram ein type religiøs intoleranse som var av eit anna slag enn den Sokrates vart utsett for då han – for å følgja Rustad – “ble beskyldt for å ikke respektere gudene, for å føre ungdommen vill”.

Om ein skal sjå på dette som maktovergrep eller ikkje, og korleis ein skal vurdera kriteria for kva tekstar som vart del av kanon, er eigentleg mindre interessant. Det verkeleg interessante er korleis det påverka både den kristne trua og Europa vidare, for – som Rustad skriv – “det er vanskelig å se for seg Europa uten kristendommen”. Likeeins er det vanskeleg å sjå for seg kristendomen utan Europa (og strengt teke er det også vanskeleg å sjå for seg Europa utan både jødedom og islam, som båe har spela viktige og avgjerande roller i europeisk historie, men det er ei anna sak).

Ifølgje Rustad har blant anna den tekstkritiske bibellesinga “rotet oss ut i et ordentlig uføre”. Men han veit råd: “[...] Kildene finnes der, like duggfriske som før. De venter bare på å bli oppdaget for å fylles som fulle seil. Vår tid har behov for det heroiske, og det vil helt sikkert komme”.

Kva Rustad eigentleg ynskjer seg er pinleg uklårt – og nokre av dei moglege tolkingane er såpass lodne at dei vekkjer ubehag.

Men dersom ein skal sjå til kristne tekstar som “duggfriske” kjelder er det ikkje meir urimeleg å sjå til Enoks bok – som faktisk er ein del av ein kristen kanon – enn til Lukas’ evangelium. Og det er vanskeleg å hevda at bodskapen i Thomasevangeliet er mindre “revolusjonær” enn bodskapen hjå Lukas eller Matteus.

Ved å lesa andre tidlege kristne tekstar enn dei kanoniske i nytestamentet vil det kanskje verta klårt at den historiske konteksten – og slett ikkje tilfeldigheiter – er viktig for bibeltekstane (og også for dei vala som vart gjort når det nytestamentlege kanon vart sett saman, merknad lagt til 28.12.10). Det gjeld elles også andre heilage tekstar, også Koranen og hadithskriftene.

Apokryfe fotnotar:

  1. Bokstaveleg talt “kryptisk”, “skjult”, men nytta om tekstar som ikkje vert rekna som guddomeleg inspirerte eller som på annan måte vert trukne i tvil
  2. Sjølv om katarane hadde andre skrifter utover det nye testamentet. Det er grunn til å tru at fleire av desse har gått tapt, men me kjenner Dei to prinsippa og Det hemmelege måltidets evangelium
  3. King, Karen L: What is Gnosticism?, Harvard University Press, 2005, s. 150
  4. Rudolph, Kurt: Gnosis: the nature and history of gnosticism, T&T Clark, 1988 (1983), s. 34-35

Kvar Bangstad bommar – og kvar han treff

Wednesday, December 8th, 2010

Debatten heldt fram: Shoaib Sultan har skrive ein lenger gjennomgang av filmen til Walid al-Kubaisi, antropolog Sindre Bangstad sin kommentar er publisert på nett og Olav Elgvin har laga ei oppsummering av det han kallar Kubaisi-debatten.

Emblemet til den Muslimske brorskapen, som syner Koranen og to sverd i kross.

Her oppsummerer Elgvin mitt standpunkt med at eg er “relativt positiv”, men meiner filmen er unyansert.

Tja. Eg meiner filmen er alarmistisk, men at det er lite som er faktisk feil i han. Eg synest ikkje at filmen er vidare god, men meiner at den trass sine manglar har positive sider.

Ein av dei er at sekulært orienterte arabiske kritikarar av islamismen slepp til; der dei i verkeleg islamofobisk diskurs stort sett anten ikkje eksisterer eller berre er løgnarar. I engelskspråklege media har eg i fleire år sett Gamal al-Banna referert eller intervjua, til dømes i denne dokumentaren på PBS og i denne glitrande kommentaren av Timothy Garton Ash. I større norske media har eg ikkje lagt merke til han tidlegare, og heller ikkje til ein del av dei andre interessante folka al-Kubaisi intervjuer1.

Eit anna at al-Kubaisi i alle fall freistar å gjera skilnad på islamismen som politisk ideologi og islam som religion, på islamistar og på andre muslimar2.

Samstundes har den – som både Olav Elgvin sjølv, Lars Gule og andre har påpeikt – ein del manglar. Ikkje minst synest eg at Walid al-Kubaisi fer grueleg unyansert fram i hijabdebatten – sjølv om eg er samd med han i at den hijabbølgja me ser i dag i stor grad er eit moderne fenomen. Han fer også svært unyansert fram i høve opptøya i Paris, og den biten han sjølv gir oss er knappast anna enn ein liten puslespelbit.

Kva er førestilling og kva er røyndom?

Utbrent bil under opptøya utanfor Paris. Foto Alain Bachellier. Under CC-lisens. Kjelde: http://www.flickr.com/photos/10653408@N00/62750490

I den opprinnelege kommentaren min skreiv eg også at filmen sikkert kunne fremma konspirasjonstenking mot muslimar generelt, men at det i så høve har meir med det generelle debattklimaet å gjera enn med al-Kubaisi sin film å gjera. Eg burde ha spart meg ordet kunne. På document.no har til dømes Hans Rustad tatt eit solid steg inn i det konspiratoriske når han skriv at det føregår ein “stille krig” som involverer “millioner av mennesker som ikke vil integreres, ikke er økonomisk bærekraftige og danner parallelle samfunn på storsamfunnets bekostning”, og i tillegg knyter den påstanden til “den skjulte islamiseringen” og “islamistene”.

Ikkje for det. Det finst det som kanskje kan kallast parallellsamfunn i ein del europeiske byar, ghettoar og ghettoliknande strøk der arbeidsløysa er svært stor, ungdomskriminalitet eit relativt omfattande problem og der det også er god – eller i det minste brukbar – grobotn for dei som forfektar radikal islamistisk ideologi.

Ill: Peter Forret. Under Creative Commons-lisens, sjå kjelde: http://www.flickr.com/photos/pforret/279808810/

Illustrasjonen til høgre viser Brussel; og arbeidsløysa i byen. Det skriv seg frå nokre år attende, men situasjonen har eigentleg ikkje endra seg all verda; tilsvarande kart finn ein no og då i belgiske aviser. Dei raude områda er dei innvandrartette nabolaga Sint-Jans-Molenbeek og Anderlecht3.

Arbeidsløysa kunne ha vore bytt ut med andre indikatorar – til dømes utdanning – og hadde synt det same: desse delane av byen er heim til ein sosial underklasse; og svært mange av dei har innvandrarbakgrunn, sjølv om dei gjerne er både andre og tredje generasjons belgiarar. No er ikkje dette noko nytt, Sint Jans-Molenbeek var i si tid kjend som “vetle-Manchester” og sosial naud har vore utbreidd i bydelen også tidlegare. Hovudproblema i desse bydelane er neppe den muslimske brorskapen, eller islamistane; men det er klårt at radikal islamistisk ideologi vert ei betre salsvare blant ungdomar som føler at dei er på utsida av samfunnet, som har lite utdanning og som har store vanskar med å få jobb.

Bokomslag

Som i Paris sine banlieus har det også vore bråk i Sint-Jans-Molenbeek; om enn i mindre skala.

Den som både studerer statistikken og tek seg ein tur dit ville kanskje ikkje ha så store problem med å skjøna kvifor. Forklaringa på bråket er ikkje islamisme – verken i Sint-Jans-Molenbeek eller i Paris sine begredeligaste forstader. Men det er samstundes rørande naivt om ein overser islamistisk tenkning som ein ingrediens i denne rørte suppa.

Som Fadela Amara skildrar i den høgst lesverdige boka Ni putes, ni soumises (også gjeve ut på engelsk som Neither Whores Nor Doormats) hamnar unge kvinner i desse bydelane under dobbelt press – dei vert utsett for både rasisme og for ei undertrykking som er fødd av ein miks av konservativ islam (med eit avgrensande kvinnesyn), islamistisk tankegods og ein slag hiphop-inspirert gangsta-kultur. Når ungdom i Paris sine forstader sette fyr på bilar og kasta stein på politiet, og samstundes ropte “Allahu akbar!” (arabisk: “Gud er stor”), var dette sjølvsagt heller ikkje heilt tilfeldig. Det fortel svært lite eller ingenting om islam, men det fortel noko om ingrediensar i den suppa som boblar i les banlieues.

Slik eg ser det forfekter både dei som analyserer opptøya rundt Paris (og andre stader) som utelukkande utslag for islamisme, og dei som berre skjønar dei ut frå sosioøkonomiske omstendigheiter, forenkla og simplistiske syn på opptøya. Al-Kubaisi kan skuldast for å gjera det fyrste. Ein del av kritikarane han kan skuldast for å gjera det andre.

Bangstad gjer meg irritert. To gongar.

På fritanke.no samanlikna Sindre Bangstad al-Kubaisi sin film med nazistisk propaganda, og for “udokumenterte sammensvergelsesteorier, påstander som ikke henger på greip og fiffige, stigmatiserende grep”. Eg veit ikkje kor mange nazistiske propagandafilmar Bangstad faktisk har sett eller kor mange fascistiske bøker han har lest.

Eg har – som journalist, skribent og samfunnsengasjert, ikkje som forskar eller akademikar – vore gjennom ein heil del, og eg har også brukt ein del tid på å skildra framvekst av nyfascisme og andre former for reaksjonær nasjonalisme i artiklar i blant anna Fri Tanke, Morgenbladet, Humanist, Argument og på ein del nettsider. Det finst parti i fleire europeiske land som ikkje berre forfekter det mange vil oppfatta som fascistisk politikk, men som også har genuint fascistiske røter. Ved å samanlikna filmen til ein rimeleg venstreorientert norsk-arabisk sekularist med nazistitisk propaganda undergrev Bangstad ein seriøs diskusjon om fascismen si ideologiske utvikling.

Seinare har Bangstad fulgt opp med denne artikkelen, publisert i Klassekampen. Artikkelen er rett nok betre enn kritikken som kom i sitatform hjå fritanke.no, fordi Bangstad her diskuterer filmen sin faktiske innhald. Likevel klarer han på ny å irritera meg. Hovudpoenget som er henta fram på Universitetet i Oslo sine nettsider er at al-Kubaisi ikkje har fagleg tyngde.

Her er det to tankar som slår meg, og eg vedgår at dei er litt motstridande.

Den fyrste: Kvar i heite helvete er Bangstad sin faglege tyngde på nazistisk propaganda? Den andre: So what? Bør ein vera antropolog, statsvitar eller religionsvitar for å kunna ta del i ein viktig debatt rundt framveksta av reaksjonær islamisme i den arabiske verda; eller rundt det Bangstad kallar “legitim bekymring knyttet til reislamisering i Midtøsten”4? Det meiner Bangstad forhåpentlegvis ikkje. Så kvifor i alle dagar vert “fagleg tyngde” i det heile drege inn, når diskusjonen burde dreia seg om al-Kubaisi sine påstandar og argument (eller om t.d. biletbruken i filmen, som i høgaste grad kan problematiserast)?

Men sidan fagleg tyngde er eit moment både Bangstad og Olav Elgvin dreg fram (Elgvin påpeiker her at professor Terje Tvedt, konsulent for filmen, er professor i utviklingsstudiar, og ikkje i islam eller religionsvitskap) skal eg likevel klårgjera min eigen faglege bakgrunn: eg er utdanna journalist.

I tillegg har eg studert religionsvitskap (spesialemne: islam, norsk kristendom og antikk religion), bibelsk hebraisk og midtaustenhistorie ved Universitetet i Bergen. Eg har rett nok inga grad i religionsvitskap, sidan eg la dei formelle studiane på hylla då eg flytta utanlands og berre nyleg har plukka dei opp igjen for å fullføra bachelorgraden min5. Eg vonar det er ein grei fagleg bakgrunn, men når eg no vil kritisera Bangstad sin kritikk av al-Kubaisi på fleire punkt må dette sjølvsagt takast med det ein måtte meina er eit høvande tal klyper med salt.

Bangstad fokuserer i sin lange artikkel i Klassekampen (gjeve att på UiO sine nettsider) på fleire påståtte svakheiter i al-Kubaisi sin film; i hovudsak på seks. Eg vil gå gjennom kvar av dei.

Uærleg handsaming av al-Kubaisi sitt hijabsyn

Bangstad skriv:

Hijaben er ut ifra al-Kubaisis noe reduktive forståelse utelukkende uttrykk for ideologisk tilslutning til Brorskapets store plan for verdensherredømme.

Eg er samd i at Walid al-Kubaisi har ei noko reduktiv forståing av hijaben. Bangstad kunne gjerne ha fjerna ordet “noe”.

Men her dukkar det opp eit alvorleg problem, nemleg at Bangstad ikkje er ærleg ovanfor motparten sin. Al-Kubaisi har ei rekkje gongar, også før denne filmen, hevda at hijaben er ei islamistisk uniform – blant anna i denne artikkelen på fritanke.no. I den aktuelle kommentaren kjem han også med den høgst tvilsame påstanden om at hijaben er noko den Muslimske brorskapen fann på for “drøyt 60 år siden”6.

Men al-Kubaisi skriv også:

Det betyr på ingen måte at enhver kvinne som bærer hijab er islamist, liksom en kvinne iført et palestinaskjerf ikke nødvendigvis er palestiner.

Tidlegare har han knytt hijaben til det khomeinistiske Iran, og også kalla plagget “mote“. Den fyrste påstanden er forsåvidt riktig, men det er ein flik av sanninga som gjev eit galt inntrykk om den står åleine (til liks med påstandar rundt Muslimbrødrene og hijab).

Den andre påstanden er ganske vesentleg: i stor grad er hijab nettopp eit moteplagg, og det er også eit moteplagg som som ofte ikkje har anna politisk eller religiøst innhald enn som identitetsmarkør, eit poeng til dømes teolog Morten Dahle Andersen gjer.

Al-Kubaisi meiner altså ikkje det Bangstad hevdar at han meiner. Sjølv om eg meiner Al-Kubaisi si framstilling av det heile er grovt unyansert og sjølv om eg er djupt usamd med dei politiske konklusjonane Al-Kubaisi ser ut til å trekkja rundt hijab, synest eg dette er ein uærleg form for argumentasjon. Bangstad burde vita betre.

Usakleg poeng om Egypt

Bangstad skriv:

Filmen gir inntrykk av at Egypt ville vært et fint land hvis det ikke var for islamistene.

Som Bangstad sjølv påpeiker vert sosialisten Mohammed Rifaat el-Said intervjua i filmen, og framstilt som dissident. I filmen kjem det også fram at han har vore fengsla som resultat av sitt virke. Med det i mente synest eg at Bangstad sin kritikk av al-Kubaisi på dette punktet er heller tynn. Den er også heller usakleg. Al-Kubaisi sin film handlar ikkje om Egypt, men om den Muslimske Brorskapen (og eigentleg mest om kritikarane deira).

Når det er sagt har Bangstad rett i at det er lite heldig om dei som ser filmen sit att med eit slikt inntrykk. Egypt har eit udemokratisk styresett, og når Bangstad skriv det følgjande er det langt frå urimeleg:

Fakta er at det sittende sekulære regimet, som domineres av aldrende dinosaurer, gjør nokså omfattende bruk av vold, undertrykkelse og tortur. Noen kaller en spade for en spade, og en politistat for en politistat, mens andre, som vår mann, lovpriser Egypt for å være en spydspiss for sekularisering i regionen.

Rett om Ramadan, unyansert om Paris-opptøya

Bangstad skriv:

Et viktig moment for al-Kubaisi er å framstille Tariq Ramadan som Det Muslimske Brorskapets mann i Europa. [...] en for å vurdere det ideologiske forholdet mellom Ramadan og Brorskapet, må man se på hva Ramadan faktisk skriver i sine bøker. Der kommer det fram at han skiller lag med hovedstrømningen i Det Muslimske Brorskapet i svært sentrale spørsmål knyttet til sekularisme, kvinners og minoriteters rettigheter, antisemittisme og så videre.

Om eg skulle gjera ei grundig analyse av Tariq Ramadan ville det bera for langt av stad i ein allereie lang artikkel. På dette punktet er eg i hovudsak samd med Bangstad. Sjølv om eg knappast er nokon tilhengar av Ramadan, og sjølv om eg synest ein del framstillingar av mannen er i overkant romantiske og ukritiske, har Bangstad rett i at han definitivt skil seg frå hovudstrauminga i den muslimske brorskapen på fleire av dei nemnde punkta.

Her er Ramadan sine synspunkt langt meir spiselege enn dei som rår grunnen i Brorskapen. Når det er sagt: det hadde ikkje skadd om Bangstad gjekk meir i detalj på dette punktet og faktisk klargjorte korleis han meiner både Ramadan og Brorskapen ser på til dømes antisemittisme, på kvinnerettar og på minoritetar sine rettigheiter. Hadde han gjort det hadde det vorte synleggjort at Brorskapen på fleire område står for ganske motbydeleg ideologi.

Ramadan kan framstå som ein relativt sleip politisk aktør. Men å hiva han i hopehav med den egyptiske Muslimske Brorskapen, slik al-Kubaisi gjer, vert for enkelt. Hjå salon.com har han vorte entusiastisk samanlikna med Luther. Problemet med den samanlikninga er kanskje ikkje at ho ikkje passar – Ramadan er ein reformator of sorts – men at ho passar betre enn mange trur. For å seia det på ein annan måte: I filmen sin legg al-Kubaisi føre eit rørande romantisk syn på den franske revolusjonen. Det er mange som har eit tilsvarande romantisk tilhøve til den europeiske reformasjonen, medan sanninga er at Luther hadde idear som i dag ville framstå som djupt reaksjonære7.

Bangstad skriv vidare:

Skal vi tro al-Kubaisi, var opptøyene i de franske forstedene i Paris i 2005 inspirert av islamistene. Denne påstanden er imidlertid tilbakevist i all tilgjengelig forskning på disse opptøyene. Opptøyene var en respons på antatte politi­overgrep, og tilknyttet sosial og økonomisk marginalisering.

Dette diskuterte eg innleiingsvis, men det er verdt å nemna at også Latif Lakhdar – ein velkjend og langvarig aktiv kritikar av Muslimbrørne og eit av al-Kubaisi sine intervjuobjekt i filmen – peiker på sosiale omstendigheiter. I tillegg vert det synt klipp av intervju med deltakarar i opptøya. Dei peiker verken på islam eller islamisme, men på arbeidsløyse.

Problemet – slik eg ser det – er at verken Bangstad eller al-Kubaisi ein gong freistar å få med seg alle bitane i det kompliserte puslespelet opptøya i les banlieues var. Sjølv om forskinga med rette peiker på sosiale forklaringar og på dei utløysande (riktige eller uriktige) påstandane om politibrutalitet vert det for enkelt å oversjå den “lekmannsislamismen” som til ei viss grad har vakse fram i desse områda, i stor grad eit resultat av nettopp den same marginaliseringa.

Kalifat eller ikkje; moderat eller ikkje

Dei siste to punkta frå Bangstad:

En annen sentral påstand i filmen er at islamistene forsøker å etablere et kalifat i Norge og Europa. Hvis al-Kubaisi hadde hatt den minste interesse for å undersøke den relevante forskingslitteraturen om Det Muslimske Brorskap, så ville han ha oppdaget at de fleste islamistiske bevegelser er langt mer opptatte av den nasjonalstatlige konteksten enn av kalifatet.

Og:

Sist, men ikke minst ønsker al-Kubaisi å banke inn overbevisningen om at det bare finnes én islamisme, ikke moderate og radikale former for islamisme. Dette er mildt sagt et problematisk standpunkt. Det er store forskjeller mellom ulike muslimske kontekster”.

Igjen synest eg det er litt påtatt med desse stadige referansane til “forskingslitteraturen”, særleg sidan den strengt tatt spriker meir enn Bangstad gjev uttrykk for. Al-Kubaisi har ikkje laga noko akademisk film – noko han sjølv er ærleg på – men han gjev ein grei gjennomgang av Brorskapen si historie og han har intervjua både ei rekkje kritikarar av Brorskapen og den tidlegare leiaren Mohammed Mahdi Akef.

Likevel har Bangstad eit poeng: Muslimbrørne og dei ymse avleggjarane deira i forskjellige land (inklusiv – til ei viss grad – Hamas) har stort sett eit nasjonalstatleg fokus. Kalifatprat er, som Bangstad skriv, stort sett “luftig retorikk om den islamske gullalderen”. I motsetnad til grupper som Hizb-ut-Tahrir er ikkje Brorskapen særleg opptekne av spørsmålet, og dei arbeider meir med “daglegdagse” politiske spørsmål.

Men det tyder ikkje at det ikkje også finst eit overnasjonalt aspekt8. For å ta ei ikkje heilt irrelevant samanlikning: i fleire land i Europa har nyfascistiske, postfascistiske, reaksjonære nasjonalistiske parti og nasjonalistisk høgrepopulisme vakse fram. Nokre av dei er meir moderate, andre er meir ekstreme. Nokre har i det minste tette koplingar til valdsbruk, andre er demokratisk orienterte parti som tek avstand frå slikt.  Dei opererer i all hovudsak innanfor nasjonalstatlege kontekstar: NDP i Tyskland, Jobbik i Ungarn, Ataka i Bulgaria, SNS i Slovakia, BNP i Storbritannia, Sverigedemokraterna i Sverige, Vlaams Belang i Flandern, osv.

Trass i dei  nasjonale kontekstane går det føre seg fleirnasjonale møter, samarbeid og strategiutvikling, og eg trur ein gjer rett i å sjå på det som eit urovekkjande fenomen, også frå ein overnasjonal ståstad. Gjer ein det, kan ein også bli vel alarmistisk; slik al-Kubaisi er i høve Muslimbrørne. Skal ein laga ein dokumentarfilm på ein time er det diverre fort gjort at nyansar og problematisering forsvinn på vegen. Eg opplever eigentleg ikkje at Walid al-Kubaisi freistar å banka inn ei forståing av all islamisme som lik all annan islamisme, men om Bangstad meiner at filmen kan gje eit slikt inntrykk, skal eg gje han heilt rett.

Summa sumarum

Medan eg er samd med Bangstad i nokre av innvendingane hans, meiner eg at han på andre punkt gjev ei tildels usakleg og uærleg framstilling av al-Kubaisi sine argument. Vidare synest eg ikkje dei faktiske svakheitene han peiker på ved al-Kubaisi sin film gjer grunnlag for å samanlikna han med nazistisk propaganda (ein hårreisande påstand) eller kalla han “en stigmatiserende og generaliserende sammensvergelsesteori med dype ekkoer til tidligere tiders Sions Vises Protokoller”.

Problemet med både al-Kubaisi sin film og kritikken han har vorte møtt med er at han blir skvist inn i ein polarisert debatt om islam (som filmen ikkje ein gong handlar om) og islamisme. Det problemet kan verken Bangstad,  al-Kubaisi eller underteikna gjera altfor mykje med, men det me i det minste burde gjera er å freista å framstilla våre politiske motstandarar sine argument på ein nokonlunde sakleg og nyansert måte.

Det synest eg ikkje verken Bangstad eller al-Kubaisi maktar. Både Sylo Taraku (positiv til filmen) og Shoaib Sultan (negativ til filmen) lukkast noko betre i sine omtaler, som eg tilrår for dei om er interesserte i spørsmålet. Sjølv vonar eg at eg lukkast iallfall delvis med det, men eg ynskjer kritikk av mine standpunkt hjarteleg velkomen.

Ufaglærte fotnotar:

  1. Om dei står inne for “summen” i dokumentaren er ei anna sak, som denne artikkelen i Klassekampen til ei viss grad synleggjer, sjølv om eg er i tvil om dei har dekning for ingressen sin
  2. Etter mitt syn lukkast han greitt i filmen, trass i ein del biletbruk som kan kritiserast; dette gjer at filmen er eitt av dei meir edruelege innslaga i den islamismedebatten som har kome i norske massemedia. Men al-Kubaisi har ikkje alltid lukkast like godt i debatten i for- og etterkant av filmen. Samstundes ser eg at andre meiner han ikkje lukkast med å halda islamisme og islam frå kvarandre, og det kan sjølvsagt i seg sjølv tyda at mi vurdering er riv ruskande galen
  3. På fransk: Molenbeek-Saint-Jean og Anderlecht
  4. At reislamisering er eit uttrykk eg synest er djupt misvisande når me faktisk snakkar om ideologiske retningar som i aller høgaste grad er eit ektefødd born av den moderne og etterkvart globaliserte verda er eit anna moment. Ordet reislamisering kan tolkast til at islamismen er eit slags uttrykk for å gå attende til eit eldre og eigentleg islam, på same måte som det misvisande omgrepet fundamentalisme. Eg trur ikkje Bangstad meiner det på denne måten, og tek det difor berre med i denne fotnota
  5. Vonleg med ei samanliknande studie rundt sabiarane
  6. Ein påstand Shoaib Sultan kjem med ei ganske solid problematisering av i den lange omtala han har skrive av filmen, sjå særleg innleiinga og “vedlegget” nederst
  7. I tillegg var reformasjonen bakgrunn for ei rekkje blodbad, krigar og massakrar, men det kjem på sida av poenget mitt her
  8. Bangstad gjev faktisk sjølv eit godt døme i denne artikkelen i Morgenbladet, der rolla den brorskaptilknytte imamen Ahmed Abu Laban spela i “karikaturkrisa” vert synleggjort

Om al-Kubaisi, al-Banna og Lenin

Wednesday, December 1st, 2010

Walid al-Kubaisi sin dokumentarfilm om den muslimske brorskapen skapar debatt. I kveld fekk eg endeleg sett filmen, og debatten forundrar meg ikkje, sjølv om verken det som kjem fram i filmen eller det som vert hevda frå al-Kubaisi eller andre kritikarar av muslimbrødrene er særleg overraskande.

For dei som har vore viljuge til å setja seg inn i kva denne greina av radikal islamisme står for er det i det heile gamalt nytt; og i motsetnad av kva ein kanskje skulle få inntrykk av frå filmen er det ganske lett tilgjengeleg materiale.

Om ein siler vekk ymse rabiate kjelder på internett, og heller går til ganske nøkterne og keisame franske akademikarar, til egyptiske analytikarar eller for den del til muslimbrødrene sine eigne tekstar, som er vidt tilgjengelege på engelsk, og delvis også på norsk.

Men urk. Kven er det eigentleg som gjer slikt kjedeleg arbeid? Svaret på det spørsmålet er: Walid al-Kubaisi. Det er lite i filmen som er faktisk feil, sjølv om det er ein del alarmisme ute og går, og sjølv om al-Kubaisi legg føre eit rørande romantisk syn på den franske revolusjonen.

For å gå vidare i å kommentera sjølve filmen vil eg ta utgangspunkt i nokre av reaksjonane som har kome på han.

Eg er freista til å byrja med Islamsk Råd sin reaksjon, men det er heller vanskeleg; sidan den er eit heller uklårt formulert forsøk på å ta avstand frå både filmen og den muslimske brorskapen sin bodskap samstundes. Det kunne nok ha fungert, om det heile berre var betre forklart. Men slik pressemeldinga frå IRN er skrive er den dømd til å verta misforstått.

Ikkje for det: akkurat det hadde nok hendt i alle høve.

Olav Elgvin har eit klårare svar, både i Dagbladet og på sin eigen blogg.

Elgvin viser blant annet til to ferske bøker om Den muslimske brorskapen, som ifølgje han teiknar eit meir kompleks bilete av brorskapen enn det al-Kubaisi gjer. Eg har ikkje lese dei to nemnde bøkene, men har ingen grunn til å tvila: det finst rikeleg med litteratur som viser det same som Elgvin seier. Og kva er det? Brorskapen er eit laust nettverk snarare enn ein sentralstyrt organisasjon, og at måla for dei ulike brorskapa varierer frå land til land.

Om nokre meiner at al-Kubaisi teiknar eit simplistisk bilete av den muslimske brorskapen har dei også heilt rett. Men kor nyansert kan ein eigentleg bli i løpet av ein times dokumentarfilm? Spør ikkje meg. Spør Michael Moore.

Elgvin har vidare rett i at filmen – gjennom intervjua med ei rekkje kritikarar av både egyptiske myndigheiter og muslimbrørne -”viser at den arabiske verden er langt mer mangfoldig enn hva man kan få inntrykk av”. Sosialantropolog Sindre Bangstad ser ikkje ut til  ha det same inntrykket.

I ein e-post gjeve att på fritanke.no skuldar han filmen for “udokumenterte sammensvergelsesteorier, påstander som ikke henger på greip og fiffige, stigmatiserende grep”. Vidare følgjer opp med å samanlikna filmen med nazistisk propaganda.

Nei, nei, nei. Al-Kubaisi er riktignok alarmistisk, og grueleg lite nyansert i høve hijabdiskusjonen og i høve opptøya i Paris sine forstader (der intervjuobjektet Latif Lakhdar treff mykje betre), men filmen handlar ikkje om islam og ikkje om muslimar generelt. Den handlar om den muslimske brorskapen, som representerer ein konkret variant av islamistisk ideologi; og blant dei som vert intervjua er representantar for ideologien, folk som ein faktisk bør tru at meiner ting dei seier. Hovudvekta ligg likevel på dei arabiske og muslimske kritikarane til den muslimske brorskapen; kritikarar som i verkeleg drøye islamdebattar vert skrivne ut av eksistens. Her slepp dei til orde.

Svake sider til trass er filmen eitt av dei meir edruelege innlegga eg har sett i norsk debatt om radikal islamisme dei siste åra. Dette er verken Oriana Fallaci, Hallgrim Berg eller Christian Tybring-Gjedde. Sjølv om partiet til sistnemnde heilt sikkert kjem til å freista å ta filmen til inntekt for seg sjølv.

Det er mogleg filmen trass alt dette kan fremma konspirasjonstenkning og hat mot muslimar generelt; men det har i så høve meir med det generelle debattklimaet å gjera enn med al-Kubaisi sin film å gjera. Det debattklimaet kunne eg ha sagt mykje om. Denne gongen lèt eg vera.

Kunne al-Kubaisi ha laga ein betre film? Ja. Kunne filmen vore meir presis og meir nyansert? Utvilsamt. Når al-Kubaisi ikkje problematiserer påstanden om muslimske barnetal i Europa (som vert lagt fram av ein islamsk predikant som al-Kubaisi knyter, riktig eller uriktig, til muslimsbrørne), er det klårt at dette kan gje god grobotn for tøysete statistikkbruk og for ein av yndlingsteoriane blant IT-alderen sine Theis Lundegaard-ar (ein eidsvollsmann al-Kubaisi ikkje nemner når han syner fine bilete frå 17. mai).

Gje gjerne al-Kubaisi pepper for det – men hugs på at det slett ikkje er han som legg fram taltøyset. Det er det ein egyptisk TV-predikant som gjer.

Det er også ein svakheit ved filmen at det berre er Gamal al-Banna, eitt av intervjuaobjekta, bror til muslimbrørne sin grunnleggjar og for øvrig ein svært interessant mann,  som trekkjer den ganske gode paralellen til Lenin og leninistane. Paralellen burde vera slåande i lys av ein av al-Kubaisi sine kommentarar innleiingsvis:

En organisasjon som vil overta Vesten, det høres utrolig ut.

Ehrmm…. nei. Det finst ikkje utruleg. Det tjuande hundreåret var fullt av organisasjonar som ville overta Vesten. Nokre av dei vart mektige, og stod for enorme menneskerettsovergrep, dødsleirar og elende. Andre vart verande marginale, men var farlege. Nokre var berre parodiske – eg har vore med i iallfall ein av dei, og burde vita kva eg snakkar om. Og nokre var slett ikkje så ekstreme.

Frå ein liberal ståstad er det naturleg å kjempa mot illiberale krefter. Skal ein gjera det kan ein ikkje lukka augene for at dei faktisk eksisterer. Heller ikkje når den som åtvarer mot dei er ein alarmist. For fascist er Walid al-Kubaisi ikkje.

Om Gelius og munndiare

Friday, November 26th, 2010

Frå min kommentar om Gelius-saken på fritanke.no:

Tysdag vart det klårt at Kyrkja vurderer å kvitta seg med sokneprest Einar Gelius. Det er det fleire grunnar til, men ein kan vanskeleg leggja skjul på at boka «Sex i Bibelen» er dråpen som får begeret til å renna over.

Dermed har ein del kyrkjekritikarar fått munndiare.

Om Rocky, Wiman og Muhammed

Wednesday, November 3rd, 2010

Det kan vera at du etterkvart byrjar å lura på om denne bloggen handlar meir om teikneseriar enn om religion, som eg på sett og vis har lova å skriva ein del om.

Av ein eller annan grunn kryssar dei to vegar ganske ofte, og ikkje berre i den heller blasfemiske (men morosame) ateistteikneserien Jesus & Mo. Dessutan les eg strengt tatt meir teikneseriar enn religionsvitskap. No har ein av mine favoritt-teiknarar, Martin Keller, tydelegvis trakka i salaten med denne stripa – som vert skulda for å vera antisemittisk:

Antisemitten Rocky. Teikning: Martin Kellerman. Gjeve att som dokumentasjon.

Personleg synest eg at stripa snarare gjer narr av antisemittismen og av folk som ser på det “politisk ukorrekte” som ein verdi i seg sjølv, jag lyfter frågan, liksom. Men kulturredaktøren for den svenske avisa Dagens Nyheter er visst ikkje heilt samd. SVT rapporterer:

- Jag tror inte att Martin Kellerman är antisemit men uttrycket i den här serien är väldigt lätt att tolka in i den traditionen och då var det naturligt för mig att plocka bort den från DN:s publiceringsplattform, förklarar [kulturredaktør Björn Wiman] han för Kulturnyheterna.

Vilken gräns var det som passerades i stripen?
- Den innehåller ett helt omisskännligt antisemitiskt uttryck, nämligen att “judarna på Bonniers” gör vissa saker för att tjäna pengar, säger Björn Wiman.

Är det inte viktigt att en konstnär får provocera?
- Absolut, men när det gäller antisemitism så har jag en väldigt låg toleranströskel och då spelar det mindre roll vad intentionen är när uttrycket är så tydligt.

Faksimile, Dagbladet, 10. juli 2006

Vel og bra. Min toleranse over anti-semittisme er også heller låg, eg syntest til dømes lite om Finn Graff sin famøse Ehud Olmert-karikatur – som i mine auge var antisemittisk, og som også vakte internasjonale reaksjonar. Israel sin ambassadør Miryam Shomrat omtala han då også beint fram som “blasfemisk”.

Men det skurrar i høve Rocky-vitsen over. Og det som skurrar endå meir er DN-redaktøren si grunngjeving for at det derimot var heilt greitt å publisera Lars Vilks sin teikning av Muhammed som hund. Wiman til SVT igjen:

- Skillnaden är ju att Lars Vilks teckning driver med en påhittad religiös figur, nämligen profeten Muhammed, medan antisemitismen som den tar sig uttryck i stripen riktar sig mot en enskild folkgrupp. Det är en solklar och viktig distinktion att göra.

Lat meg vera tindrande klår på at eg meiner både Dagbladet og Dagens Nyheter må få publisera det dei vil, anten det dreier seg om ein motbydeleg Olmert-karikatur eller berre om ein tåpeleg kunstteikning. Eg synest også reaksjonane mot Vilks (og andre) i etterkant av hunde-Muhammed er skremmande, og vitnar om ein ukultur som må konfronterast. Eg stør like fullt DN sin rett til å ikkje publisera ting dei ikkje liker. Deira redaktøransvar er ikkje mitt.

Men: det er noko rart ved argumentasjonen. Vilks sin teikning (som vart publisert saman med ein kommentar om ytringsfridom) kan i like stor grad lesast inn i ein tradisjon av anti-islamsk retorikk som Kellerman sin antisemittisme-vits.  Der den sistnemnde kanskje kan tenkjast å såra nokre jødar, kunne den fyrstnemnde definitivt såra nokre muslimar. Om Muhammed er oppdikta eller ikkje er i så måte ramlande irrelevant.

Det mest pussige er likevel påstanden om at Muhammed er “påhittad”, ein påstand kulturredaktøren serverer utan fnugg av moderasjon. Innan akademia finst det rett nok ein debatt om dette, men ideen om at Muhammed er ahistorisk er eit klårt mindretalssyn, som etter mi vurdering er langt vanlegare i anti-islamsk polemikk enn i den akademiske debatten.

Det kan her vera verdt å nemna religionsvitaren Karl-Heinz Ohlig – som meiner at tidleg islam var ei kristen sekt med innvendingar mot treeiningslæra1. Ein kan også nemna den velkjende, anonyme islamkritikaren Ibn Warraq – som rett nok er polemikar snarare enn akademikar. Ibn Warraq har redigert ei bok der den “tradisjonelle” forteljinga om den historiske Muhammed på ulike måtar vert trukke i tvil2.

I tillegg kan ein nemna den kontroversielle boka Hagarism: The Making of the Islamic World, publisert av Patricia Crone og Michael Cook i 19773, som hevdar eit alt anna enn tradisjonelt syn på tidleg islamsk historie. Forfattarane understrekar imidlertid følgjande4:

[...]The account we have given of the origins of Islam is not one which any believing Muslim can accept: not because it in anyway belittles the historical role of Muhammad (mi utheving), but because it presents him in a role quite different from that which he has taken on in the Islamic tradition. This is a book written by infidels for infidels, and it is based on what from any Muslim perspective must appear an inordinate regard for the testimony of infidel sources. Our account is not merely unacceptable; it is also one which any Muslim whose faith is as a grain of mustard seed should find no difficulty in rejecting.

Eit av verdas eldste koranfragment, funne på loftet i den store moskeen i Sanaa, Yemen, i 1972. Skriv seg truleg frå rundt år 700 e.v.t.

Eit av verdas eldste koranfragment, funne på loftet i den store moskeen i Sanaa, Yemen, i 1972. Skriv seg truleg frå rundt år 700 e.v.t. Bilete frå Wikipedia.

Kort oppsummert kan ein seia at det er problematisk å studera den historiske Muhammed av tre årsaker:

Den fyrste er at det skriftlege kjeldetilfanget uansett er avgrensa, med mindre ein godtek seinare historiske kjelder. Dette er ikkje akkurat eit ukjent fenomen innan religionsvitskapen.

Det andre problemet finn ein også att i høve blant anna kristendomen; det finst omlag like få ikkje-muslimske kjelder til den historiske Muhammed som det finst ikkje-kristne kjelder til den historiske Jesus5.

Det tredje problemet er at dei ikkje-muslimske kjeldene ikkje gjev det heilt store grunnlaget til å vurdera verken islam eller den historiske Muhammed, då dei er farga av andre religiøse syn. Det vert som å vurdera forkjetra retningar i tidleg kristendom ut frå dei protoortodokse kristne sitt syn – ikkje utan vidare uproblematisk.

Desse vanskane vert av religionsvitar Harald Motzki oppsummert slik6:

At present, the study of Muhammad, the founder of the Muslim community, is obviously caught in a dilemma. On the one hand, it is not possible to write a historical biography of the Prophet without being accused of using the sources uncritically, while on the other hand, when using the sources critically, it is simply not possible to write such a biography.

Før eg går vidare med å visa til nokre ikkje-muslimske kjelder til Muhammed, kan det vera verdt å peika på dei vesentlegase muslimske kjeldene til Muhammed sitt liv:

  • Koranen, som rett nok berre i avgrensa grad refererer til Muhammed
  • ulike biografiar skrivne av muslimske forfattarar med utgangspunkt i muntlege tradisjonar. Den eldste vart skriven av Ibn Ishaq, som levde hundreåret etter Muhammed. Her har originalteksten dessutan gått tapt7
  • hadithtekstar med utgangspunkt i muntlege tradisjonar om Muhammed sitt liv og lære. Sjølv om fleirtalet av muslimar ser på desse som iallfall delvis autentiske, er kjeldeverdien omstridd.

Den tidlegare nemnde boka Hagarism har fått mykje – og etter mitt syn ofte berettiga – kritikk, men kan likevel tena som eit godt utgangspunkt for å sjå på ikkje-muslimske kjelder til Muhammed og til tidleg islam. Tidleg i boka vert det blant anna nemnd tre konkrete døme på ikkje-muslimske tekstar som nemner Muhammed direkte eller indirekte, den eldste frå 634:

  • Den greske anti-jødiske teksten Doctrina Iacobi, som i form av ein skildra dialog mellom jødar frå 634, nemner ein “falsk profet blant sarasenarane” som fortel om “den salva som skal koma”8, og som vert forkasta som ein falsk profet med følgjande spørsmål: Kjem profetar med sverd og stridsvogn?9
  • Den jødiske, apokalyptiske teksten Rabbi  Simon ben Yohay sine løyndommar frå midten av det åttande hundreåret, som nemner ismaelittane sin profet10.
  • Forteljinga om Muhammed hjå den armenske biskopen og historikaren Sebeos, skrive rundt 66011.

Ein kan dessutan syna til greske og syrisk-arameiske kjelder som fortel om denne nye religionen og gjer tilhengjarane eit namn, på gresk magaritai, på syrisk mahgraye. Det tilsvarande arabiske ordet er mujahiroun, emigrantane. Det svarer godt til forteljinga om korleis Muhammed og tilhengjarane hans emigrerte frå Mekka til Medina i 62212.

Med utgangspunkt i det manglande og tildels sprikande kjeldematerialet kan ein sjølvsagt velja å hevda at det ikkje er dokumentert at Muhammed fantest. Problemet med ein slik teori er at han fort vert svært kompleks, om ein skal forklara både muslimske og ikkje-muslimske kjelder til ein mann som i så høve aldri har eksistert.

Då er det freistande å dra fram Ockham sin barberhøvel: entia non sunt multiplicanda praeter necessitatem13, folkeleg oppsummert: den enklaste forklaringa er som regel den beste. Kven den historiske Muhammed var veit me lite om, og det er vanskeleg å seia noko utan å ta i bruk kjelder som lett kan kritiserast. At den historiske Muhammed har eksistert er vanskeleg å benekta om ein samstundes skal ta omsyn til kjeldene som faktisk eksisterer.

Eg veit ikkje kor kulturredaktøren i Dagens Nyheter har ideen om at Muhammed er “påhittad” frå, og heller ikkje kvifor han uttaler seg så skråsikkert. Men det er freistande å tolka uttalen inn i ein konkret anti-islamsk, polemisk tradisjon. Og det burde kanskje vera ein tankevekkjar for Björn Wiman.

Fotnotar som truleg finst:

  1. Sjå t.d. dette intervjuet på nettstaden qantara.de, der Ohlig blant anna seier: It is entirely possible – even when previously historically improvable – that an important preacher was present at the beginning or at another point in the history of the Koran movement. However, according to the evidence of Arab coins and the inscription in the Dome of the Rock, it must be assumed that the term muhammad, the revered or the praiseworthy, was originally a Christological honorific title
  2. The Quest for the Historical Muhammad, Prometheus Books, 2000. Boka fekk elles knallhard refs i ei bokmelding i Middle East Studies Association Bulletin
  3. Crone, Patricia et al: Hagarism: The Making of The Islamic World, Cambridge University Press, 1977
  4. Ibid, s. vii – viii
  5. Den viktigaste er den jødisk-romerske historikaren Josefus, sjølv om ein og kan nemna til dømes tekstar i den babylonske Talmud, satirikaren Lucian og den anti-kristne skribenten Celsus
  6. Sitert i S.A. Nigosian: Islam: its history, teaching, and practices, 2004, s. 6
  7. Ibid.
  8. Dette vert hjå Crone et al knytta til jødiske førestillingar om Messias
  9. Crone et al, s. 3
  10. Ibid., s. 4-5
  11. Ibid., s. 6. Kan lesast her
  12. Nigosian, s.7
  13. einingane må ikkje multipliserast utover det naudsynte

Eit godt sitat

Monday, November 1st, 2010

Eg synest dette sitatet frå Louise Bruit Zaidman og Pauline Schmitt Pantel sin introduksjon til gresk religion, Religion in the Ancient Greek City, seier mykje om kva utgangspunktet for religionsvitskap er:

The study of Greek religion requires a preliminary mental readjustment: we must temporarily abandon familiar cultural territory and radically question received intellectual categories.

[...] For ‘us’ [in a still christianized culture], the divine (in the form of a transcendent God is external to the world, it has created the world and mankind, it is present within mankind, and it is confined, lastly, to its own sharply defined sphere within everyday life.

For ‘them’, the Greeks, on the other hand, the gods were not external to the world: they did not create either the cosmos or mankind, but were themselves created; they had not always existed, but had usurped power; they were not eternal but only immortal; they were not omnipotent and omniscient, but possessed merely limited powers and areas of knowledge; they were themselves subject to fate, and they intervened constantly in the affairs of men.

Even this rapid comparison makes it clear that we must shed all our preconceived ideas of religion before we embark on the study of the Greeks’ peculiar amalgam of religious practices and beliefs.

Kapittelet utdraget er henta frå heiter “The necessity of cultural estrangement”, og det treff spikeren på hovudet.

Satanisk! Jadda!

Monday, November 1st, 2010

Som ein apropos til min vesle Halloween-epistel, kan me låna øre til den republikanske senatorkandidaten Christine O’Donnell, slik at me får ei meir… eh, altså… inngåande forståing av fenomenet:

Dette er faktisk eit vanleg tema hjå ultrakonservative, amerikanske kristne; omtala i ymse propaganda og jamvel gjort i teikneserieutgåve på den heller berykta nettstaden chick.com (som også proganderer i tekstversjon).  Her er eit fint døme på kristen anti-halloween propaganda.

Og her er litt av chick.com-teikneserien:

Obamantikrist

Monday, November 1st, 2010

Denne diskusjonen er jo heit som helvete:

– Jeg har ventet på det en stund, og nå er tiden kommet der det forkynnes i visse miljøer at president Obama er Antikrist. Enten er han Antikrist eller så stilles det spørsmål om han kan være Antikrist, sier pastor Sten Sørensen i Lyngdal Misjonsmenighet. Nå tar han kraftig til motmæle mot dem som hevder at Obama skulle være Antikrist.

Pastoren legg også fram eit strålande argument mot Obama som Antikrist:

- Og dersom Obama er Antikrist vil hele det amerikanske demokratiet bryte sammen, ja det vil utløse et totalt kaos først og fremst i USA, sier Sørensen.

Det skulle ein vel tru, ja.

Møkkastorm – utan grunn

Monday, November 1st, 2010

Bokomslag: Juritzen forlag

Eg har no lese Einar Gelius’ si bok “Sex i Bibelen”; og satsar på lura ein eller annan avis- eller tidsskriftsredaktør til å ta inn ein kronikk. Men før dette dristar eg meg til å dela nokre betraktningar her.

Betraktning nummer ein: Kva i alle dagar handla mediestormen – for ikkje å seia shitstormen - om denne boka om? Same dag som boka kom sa Oslo-biskop Ole Christian Kvarme at det var “ein trist dag”. Han hadde ikkje lest boka. No er Kvarme i “samtaler” med Gelius, og seier:

– La meg si det slik: Både den måten han bruker bibeltekster og egne erfaringer på, er spekulativ, og burde bære problematisk for enhver prest.

I Dagbladet heiter det at Gelius skriv om “rå sex”. Det høyrest ut som om presten har skrive ei pornobok, som om dette er ei slags sakral utgåve av Bjørneboes “Uten en tråd”. På forumet Kristendom for Kristne trur dei tydelegvis at pornobok er ei sann skildring. Marte Michelet kalte Gelius ein “pervoprest” og fokuserer på urinsex, som det ikkje står særleg mykje meir om i boka (eit par sider av 174) enn det gjer i Michelet sin kommentar.

Anita Apeltun Sæle var sint, og synest at det er “underlig at noen kan få så mye sprøyt, dog ufyselig mellom to permer”. Eg har sterke tvil til at Sæle har lest boka. Dei fleste som uttalte seg har nok framleis ikkje det, med unnatak av Jone Salomonsen som har skrive langt om henne i Morgenbladet.

Og lat meg seia det slik: Dersom ein oppfattar dette som ei pornobok har ein jaggu ikkje særleg kjennskap til porno, verken av den gode eller den dårlege typen. Boka er ikkje særleg pornografisk. Strengt tatt er ho ikkje særleg spennande heller. Ho er faktisk ganske keisam.

Reaksjonane er langt meir interessante. For denne shitstormen fortel at Gelius har eit poeng i det som kanskje er den beste delen av boka, kapittelet om synd og skam. her skriv han:

Dessverre er det kirken som fra første stund har inntatt en moraliserende holdning til seksualitet, selv om det ikke finnes noe bibelsk grunnlag for å gjøre det1.

Betraktning nummer to:verdidebatt.no skriv Espen Ottosen – informasjonsleiar i Norsk Luthersk Misjonssamband – at Gelius “idylliserer overgrep”. I motsetnad til Kvarme har Ottosen lest boka, men han har sjølvsagt lest ho som Fanden les Bibelen. For dei som kjenner til Ottosen frå før er det knappast ei overrasking.

Gelius dreg fram døme på sex i Bibelen gjennom heile boka (nokre av dei basert på uvanlege, men knappast nyskapannde). Ottosen påstår at Gelius synest det er heilt greitt å bli “stimulert seksuelt” av fortellinga om ei gruppe menn som forlangar å “få vilja si” med Lot sine gjestar i Sodoma. Dette er vas. I boka er forteljinga om Lot nemnd tre gongar2, men utan at det Ottosen påstår vert sagt.

Kapittelet der teksten vert diskutert i detalj vert faktisk innleia med følgjande3:

Ikke alle Bibelens erotiske tekster er til å glede seg over. Her beskrives også incest4, voldtekt og prostitusjon. Men også disse tekstene hører med – og utfordringen blir å prøve å tolke dem inn i vår tid.

Ottosen si framstilling av Gelius si bok er i det heile grunnleggjande uærleg.

Betraktning nummer tre: Sidan eg verken er prest eller teolog skal ikkje eg gå vidare inn på Gelius sine bibelfortolkingar. Ein del av dei er som nemnd heller uvanlege, men tolkingsrommet er då også betydeleg. At Gelius er flink til å lesa andre bodskap inn i teksten enn det som var meint kan kanskje illustrerast over at han les Bjørn Eidsvåg sin song “Floden5 til å handla om våtsex, noko Eidsvåg sjølv – heller lite overraskande – nektar for. Det er også heller eh… spesielt når Einar Gelius les 2. Kongebok 18, 27 til å ha eit fetisjistisk aspekt6. Her er bibelteksten i samanhang, med det Gelius siterer utheva7:

Tror du kanskje jeg har dratt mot dette stedet for å ødelegge det uten at Herren ville det? Nei, det var Herren som sa til meg at jeg skulle dra opp mot dette landet og legge det øde!

Da sa Eljakim, Sjebna og Joak til kommandanten: «Tal til dine tjenere på arameisk, for vi skjønner det. Tal ikke judeisk til oss, så folket som står på muren, hører det».

Men kommandanten svarte: «Tror du min herre har sendt meg for å si dette bare til din herre og til deg? Nei, det er like mye til mennene som sitter på muren, de som snart må ete sin egen skitt og drikke sitt eget vann, likesom dere.»

Dermed gikk kommandanten fram og ropte med høy røst på judeisk: Hør hva storkongen, Assyrias konge, sier!

Så sier kongen: La ikke Hiskia narre dere! For han er ikke i stand til å berge dere ut av min hånd. La ikke Hiskia få dere til å stole på Herren, når han sier: «Herren vil sikkert berge oss. Denne byen skal ikke overgis i assyrerkongens hånd.» Hør ikke på Hiskia! For så sier kongen i Assyria: Slutt fred med meg og overgi dere til meg! Så skal dere få spise, hver av sitt vintre og fikentre, og drikke vann, hver av sin brønn, inntil jeg kommer og tar dere med til et land som ligner deres eget, et land med korn og most, et land med brød og vingårder, et land med oliventrær, olje og honning. Da skal dere ikke dø, men leve! Hør ikke på Hiskia når han lokker dere og sier: «Herren vil nok berge oss.»

Vel.

Andre stader der Gelius les sex inn i forteljingane framstår gjerne dette som meir underleg enn det er. Når Gelius skildrar korleis Jael lurer kanaanittane sin hærførar Sisera gjennom å gje han mat, drikke og sex8 – og deretter tek livet av han gjennom å slå ein teltplugg gjennom skallen på han – er dette i tråd med til dømes den jødiske skriftlærde Ari Schvat si tolking.

Betraktning nummer fire: Gelius nemner nokre apokryfe tekstar. At han ikkje går inn på fleire av dei kristne tekstane som ikkje kom med i Bibelen når han fyrst snakkar om sex – og også tillet seg å snakka om sex utanfor Bibelen (blant anna sin eigen) – er litt skuffande.

Betraktning nummer fem: Gelius freistar med boka å ta opp ein debatt som kan synast viktig. Då er det synd at han brukar tid på snakka om sitt eige sexliv, som nok har avgrensa interesse for dei fleste og som er med på å spora debatten om boka heilt av banen.

Men samstundes er det nok nettopp det at ein prest skriv om eigne seksuelle erfaringar, utanomekteskaplege og greier, som gjer at mediamerksemda har vore så stor. Dermed kan Juritzen forlag truleg le heile vegen til banken. Bør du lesa boka? Tja. Ho er i aller høgaste grad for spesielt interesserte. Og Marte Michelet.

Fotnotar er ikkje særleg sexy:

  1. Gelius, Einar: Sex i Bibelen, s. 23. Påstanden om at det ikkje finst bibelsk grunnlag må sjåast i samanhang med Gelius’ sitt høgst liberale teologiske grunnsyn, som han gjer greie for på s.11-21, ein del av boka som faktisk er verdt å lesa
  2. Ibid, s. 119, s. 129, s.143
  3. Ibid, s. 121
  4. Historia om Lot inneheldt også incest då Lot sine døtre sjenkar han full og ligg med han for at han skal få mannlege arvingar etter at kona til Lot har blitt ei saltstøtte, eit tema Gelius også tek opp
  5. Gelius, s. 79
  6. Ibid, s. 119
  7. Sitert frå bibel.no, versnummer fjerna
  8. Gelius, s. 95

Meir enn kommers drit

Sunday, October 31st, 2010

Amerikansk postkort frå 1904

“Kommers drit” og “Ekkel amerikanisering” er nokre av kommentarane eg har sett på at næringslivet og Donald Duck har brakt halloween-feiringa til Noreg.

Og jo, det kjem frå Amerika (utan at alt som kjem derfrå er ekkelt), og all juggelen som vert selt i butikkane er definitivt kommers.

Men tradisjonen er ei interessant blanding av så mykje meir, og eg innrømmer gladeleg at eg har byrja å skjera ut graskar kvart einaste år.

Eg synest halloween, trass sine litt dystre assosiasjonar, er ei fin haustmarkering. Eg markerer med graskarsuppe på ovnen (og graskaret er norsk, ikkje usansk), rare spesialepisodar av amerikanske TV-show (mine favorittar er dei sjuke halloween-episodane av “Two guys, a girl and a pizzaplace”),  og “knask eller knep” i Donald Duck.

I Halloween: an American history, an American holiday1 av Lesley Pratt Bannatyne kan ein lesa om korleis den amerikanske festen har utvikla seg. Bannatyne byrjar med den velkjente Donald-feiringa, med dørbanking og snopesamling, nett som norske julebukkar (ei historie i seg sjølv). Så heldt det fram2:

Those born earlier in this century 3 might remember a parade, or a barn dance with hot apple cider and fresh doughnuts. Our great-grandmothers would have conjured a different affair – a party, perhaps, with parlor games and roasted nubs and tubs filled with apples they’d fish for with a fork between their teeth. (…) The story of Halloween is the story of American folk; it tells the story of the ethnic, religious and occult heritage of all the people who settled here.

Og okay, så må ein vada gjennom haugar med kinesiske plastleikar og dårlege kostymar som moglegvis burde få ein til å tenkja på barnearbeidarar og anna fælsleg for å koma fram til dette. Men rota i historia om halloween er ei historie om den amerikanske, kulturelle smeltedigelen; og det er ei ganske vakker historie om ein av det amerikanske samfunnet sine største kvalitetar.

Bannatyne blandar rett nok  inn den romerske festen til ære for fruktgudinna Pomona4, noko det kanskje ikkje finst det heilt store grunnlaget for, men har utvilsamt rett i at her er det rituell synkretisme ute og går.  Og det er ganske spanande.

Vil du lesa meir? Ei god byrjing er engelsk wikipedia, sjølv om wikipedia må takast saman med klyper salt.

Mitt poeng er berre dette: å sjå på Halloween som ein ufyseleg kommers fest tyder berre på at ein vel å sjå dei ufyselege kommerse sidene. Og då er ein heilt blind på eine auga. Og det er ikkje særleg kult. Om ein i god synkretistand plukkar med seg det fine med halloween, er dette ei amerikanisering verd å setja pris på5.

Skikkeleg skumle fotnotar6:

  1. Bannatyne, Lesley Pratt:  Halloween: an American history, an American holiday, Pelican Publishing Company, 1998 (1990)
  2. Ibid, s. ix
  3. boka er skrive på 90-talet
  4. av latinsk pomum, frukt, som ein elles kan kjenna igjen i fransk pomme, eple, og som ein og finn att i dei steikte “jordepla”,  pommes frites
  5. Bø!
  6. Bø igjen!