Archive for the ‘Politikk generelt’ Category

Litt babbel om økonomi og olje

Friday, February 11th, 2011

Eg vil byrja med å referera ei samtale i Babel ein gong for lenge sidan. Samtala er mellom ein mann som heiter Jens og ei kvinne som heiter Erna. Dette var sjølvsagt heilt vanlege babelske namn, og ein kvar likskap med nolevande personar er heilt tilfeldig.

Jens: Vi må bygge et svært tårn! Det blir veldig bra greier!
Erna: Du sier noe. Det vil jo gi mengder av arbeidsplasser. Men du, hva skal vi egentlig med det?
Jens: Vi skal øke bruttonasjonalproduktet!
Erna: Smart. La oss sette i gang!

I eitt av mine stadige forsøk på å verta ein klok mann (eg har trass alt både skjegg, briller og universitetsstudium, så eg må freista å leva opp til rykta) har eg byrja å sl opp ord i ordboka. I kveld slo eg opp ordet “vekst”, som ifølgje skriftet Unge Høgre misliker endå sterkare enn SV sitt partiprogram – altså nynorskordboka – tyder “det å vekse”.

Det hjalp ikkje så mykje, så difor funderte eg litt meir over dette med vekst. Det at noko veks, tenkte eg, må jo tyda at det vert større! Akkurat som tårnet i Babel, heilt til denne litt slitsome karen høgare oppe blanda seg inn og sa at nok var jammen nok. Men om økonomien veks, kva er det då som vert større? Og kor mykje større kan det eigentleg bli? Ja, kor stort kan det eigentleg verta?

Underleg nok må ein leita med både lys og lykter for å finna økonomar som ein gong freisar å svara på slike spørsmål. Etter at femåringen nemnde noko om eit monster – som eg meinte måtte vera ein økonom – under senga såg eg jamvel etter der. Men monsteret kunne heller ikkje svara. Det kom berre med nokre underlege lydar som ifølgje Google Translate hadde noko med Kristin Halvorsen og gullkort å gjera.

For la oss vedgå det, fyrst som sist. For både økonomar og finanspolitikarar er spørsmål om kvar den økononomiske veksta eigentleg skal stogga for ein uting å rekna. Under finanskrisa byrja sjølv Kristin Halvorsen frå SV å prata om kor lurt det var å shoppa meir. Ikkje vekst tyder krise. Elendigheit. Samanbrot.

Problemet: For ein økolog tyder evig vekst inn i himmelen nett det same; altså eit helvete.

Med ein økonomi av den typen me har tyder økonomisk vekst også vekst i den såkalla throughput: mengda naturressursar inn og mengda avfall ut. Når mengda ein tek ut eller mengda ein slepp attende er for stor kan det som skjer oppsummerast med eit enkelt ord: trøbbel!

Før den industrielle revolusjonen vaks ikke den gjennomsnittlege levestandarden noko særleg her i verda. Det er mange gode grunnar til å gle seg over at han gjorde det: me lever lengre og rikare liv. Til ut på sekstitalet ein gong vart me her til lands også lukkelegare. Samstundes har det vorte stadig fleire av oss.

Til ei viss grad går ikkje det heile ihop, noko den – etter det meste å døma – menneskeskapte globale oppvarminga er eit av fleire døme på. Men det går i det minste betre ihop enn det såg ut til for Malthus og andre domedagsprofetar.

Ei enkel og lite skremmande forklaring: Ny teknologi. Eg liker ny teknologi. Ny teknologi må også til for at me skal koma oss ut av trøbbelet. Ei anna og eklare forklaring: beslaglegging av stadig meir av naturallmenningen, fellesarva vår, planeten Tellus. Dei som snakkar om urørt natur i 2011 fer eigentleg med tull. Me har gjort som Gud seier i 1. mosebok; vore fruktbare, blitt mange, fylt jorda og lagt ho under oss, me rår “over fiskane i havet og fuglane under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorda”. For å bruka eit meir moderne bilete: me har teke over rattet. No er spørsmålet kvar me styrer hen.

Den tredje – og kanskje eklaste – forklaringa: fossil energi. Omlag samstundes med den industrielle revolusjonen skjedde det noko med energiforbruket vårt. Der me før hadde nytta i all hovudsak solenergi – direkte og indirekte – byrja me å gjera oss nytte av kol, og seinare av olje og gass. Etterkvart fann me olje i Nordsjøen, og Noreg vart eit rikt land – eit av dei rikaste i verda. Veksten i fossil energi gav oss tilgang på enorme mengder billeg arbeidskraft; i dag omlag som om kvar av oss skulle ha femti store og kraftige karar som sykla på ergometersyklar heile døgeret og slik laga straum for oss.

Sidan tidleg i dette hundreåret har norsk oljeproduksjon gått nedover. Det kjem den til å fortsetja å gjera, jamvel om me skulla henta opp olje frå både Lofoten, Vesterålen, Jan Mayen, Svalbard. Men av ein eller annan uforståeleg grunn er det få politikarar som snakkar om det.

Og det er dramatisk: Finanskrisa vart utløyst av ei lånedriven boble i blant anna bustadmarknaden. Nesten heile økonomien vår kan vera ei tilsvarande boble, drive på lån frå naturen som me slett ikkje har moglegheit til å betala attende. Det får finanskrisa til å sjå ut som ein flau bris. Og eg tviler på at til dømes irar og grekarar opplever ho slik.

Kva tyder dette i klårtekst? Kva er det me sjeldan snakkar om? Her er det enkle svaret: me treng ein annan type økonomi, ein økonomi utan veksttvang, ein økonomi som er basert på fornybare ressursar og som gjev mindre avfall, ein økonomi der throughput er mindre.

Blir det ei enkel oppgåve? Nei. Ideane om korleis ein slik økonomi skal utformast er i hovudsak heller uklåre eller flummige. Ideane om korleis det skal kombinerast – som det må – med sosial og økonomisk berekraft, og med personleg fridom; er halvkveda viser. Ei miljørørsle som gjennom fleire tiår har vore opptekne av å snakka om problem, og mindre opptekne av å snakka om løysingar må bera sin del av skulda. Jens Stoltenberg & Co – som snakkar om karbonfangsteknologi som ei månelanding, medan det eigentleg er lite anna enn eit forsøk på å forlenga fossilalderen – må bera sin del. Men sidan me no snakkar om månelanding, kan det vera verdt å sitera noko president John F. Kennedy sa i september 1962:

We choose to go to the moon in this decade and do the other things, not because they are easy, but because they are hard, because that goal will serve to organize and measure the best of our energies and skills, because that challenge is one that we are willing to accept, one we are unwilling to postpone, and one which we intend to win [...].

Tilbake til Babel, og korleis det kunne ha utspela seg, om dei heilt tilfeldige aktørane Jens og Erna hadde tenkt seg betre om:

Jens: Vi må bygge et svært tårn! Det blir veldig bra greier!
Erna: Du sier noe. Det vil jo gi mengder av arbeidsplasser. Men du, hva skal vi egentlig med det?
Jens: Hva skal vi egentlig med det? Øh… utsikten blir jo fin?
Erna: Jens, skjerp deg!
Jens: Arbeidsplassene du nevnte?
Erna: Hmmm… Nei, de blir kortvarige, og dessuten kommer vi til å gå tom for murstein.
Jens: Ja, eh, altså… Hva med veksten i bruttonasjonalproduktet?
Erna: Blir vi lykkeligere av den?
Jens: …
Erna: Nå?
Jens: Nei, vi blir vel ikke det. Kanskje vi skulle dra på fisketur i stedet, og så kose oss litt med den drikken Lars lager?
Erna: Ja, det hørtes hyggelig ut. La oss gjøre det.

Kjære Framstegspartiet

Monday, February 7th, 2011

I can’t believe the news today. I VG les eg at Per-Willy Amundsen i Framstegspartiet synest at det finst gode argument for å gje innvandrarar lågare løn enn andre. I tillegg vil han ta kontantstøtta og barnetrygda frå dei. Og eg tek meg i å tenkja: “Kva i alle dagar er det du seier, mann?”.

Okay. Greitt. Eg vedgår at det eg eigentleg tenkjer inneheldt eit par vestlandske kraftuttrykk der diverse landbruksreiskap speler ei sentral rolle, men eg er jo oppteken av å kommunisera positivt. Eg ynskjer jo å vera forståingsfull. Men dette får eg rett og slett ikkje til å hengja på greip.

Så langt eg har skjøna er Framstegspartiet relativt opptekne av at innvandrarar må integrerast her til lands – nokre vil endå til assimilera dei. Eg har også oppfatta at Framstegspartiet ser betydelege manglar ved dagens norske integreringspolitikk, og om eg ikkje er samd i dykk i mykje, er eg tilbøyeleg til å vera samd med dykk der. Når de kritiserer venstresida for å ha svikta i høve det eine og det hitt i integreringspolitikken er eg også stundom samd med dykk.

Problemet mitt med Framstegspartiet sin integreringspolitikk er at den relativt jamnleg synest å vera ein politikk mot integrering, som når de i den eine augneblinken synest at det er gale at innvandrarar ikkje lærer seg norsk, og i den neste synest at det er gale å bruka pengar på norskopplæring for innvandrarar. Catch 22, kallast slikt.

Men dette utspelet, kjære Framstegsparti, dette tek verkeleg kaka.

Dette utspelet gjev nemleg inntrykk av at de ikkje synest det er nok at innvandrarar allereie er i ferd med å verta omskapt til ein lågtløna økonomisk underklasse – med alle dei problema det fører med seg – men at de faktisk synest at det er ein prosess som bør forsterkast.

Det er faktisk eitt av dei dårlegaste integreringspolitiske framlegga eg nokon gong har sett. De burde skamma dykk djupt inn i den liberale og ikkje-diskriminerande sjela partiprogrammet dykkar hevdar å ha. Dette er ei oppskrift på å skapa avstand. De kunne like gjerne ha føreslege å gje millionar av kroner i støtte til rabiate islamistiske organisasjonar som hatar Vesten.

Eg har sjølv vore innvandrar i eit anna land, Belgia. Som mange innvandrarar var eg rimeleg oppteken av å læra meg språket der eg budde; i dette høvet nederlandsk. Nederlandsk og afrikaans er to sider av same sak, og difor veit eg at det sørafrikanske ordet apartheid tyder “adskilthet”.

No skal ikkje eg samanlikna dykk med skitstøvlane som styrte i det rasistiske Sør-Afrika. Trass Anders Lange sine tvilsame sympatiar og skribleri om raseforrædarar i “Hundeavisen” trur eg faktisk betre om dykk. Eg kjenner fleire høgst skapelege og oppegåande folk i partiet dykkar – hyggelege folk som eg gjerne kunne ta ei øl saman med. Eg er ein av dei som reknast til norsk venstreside og som likevel gjer mitt beste på å ikkje vera ein unyansert Frp-hatar.

Men – unnskyld meg, Framstegspartiet – er ikkje dette pratet frå Per-Willy Amundsen ei oppskrift på nettopp adskilthet? Verkar det som ein god idé? Var dette særleg gjennomtenkt?

Eg veit sjølvsagt at Framstegspartiet ynskjer seg ein meir restriktiv innvandringspolitikk.

Det kjem neppe som noka overrasking for dykk at eg er usamd i det, men eg aksepterer det legitime i å ha ulike meiningar i den saka; heilt utan at eg tek i bruk ymse skjellsord lånt frå Tjen Folket-aktivistane i SOS Rasisme.  Men, Framstegspartiet, har de ikkje tenkt over at eit utspel om å gje lågare løn til innvandrarar ikkje akkurat framstår som om de er skeptiske til dagens innvandringspolitikk? I staden framstår det som om de er motstandarar av innvandrarar som menneske, som enkeltpersonar, som individ.

Og det, kjære Framstegspartiet – det får faktisk håra til å reisa seg i nakken min. Det er ei glidebane framstegspartipolitikarar – som alle vaksne og ansvarlege folk – burde halda seg langt unna. Eg skjønar at de ikkje med naudsyn er særleg interesserte i råd frå ein politisk motstandar frå eit parti som framleis ikkje er representert på Stortinget ein gong,  men – vær så snill, Framstegspartiet: Tenk dykk om.

Drittsekkismen

Wednesday, January 26th, 2011

Fritt etter Rune Gerhardsen

Noe har skjedd med Norge. Jeg vet ikke når det skjedde, men på et eller annet tidspunkt fant vi ut at det var negativt å være snill eller vennlig. Å være det ble utstyrt med et skjellsord. Først var det kanskje et nødvendig oppgjør med naivitet. Men samtidig kom noe annet snikende.

Jeg har kalt det drittsekkismen. Jeg bruker ordet som betegnelse på det fenomenet at vi som samfunn – uvisst i hvilken hensikt, men det har formodentlig noe med penger å gjøre – tøyer systemet i retning av den ekstreme og misforståtte vrangvilje. Prinsipper og paragrafer trekkes ut i parodier. Når lovverket ikke gir oss andre muligheter fremstår vi fremdeles som myke, men så snart vi ser en sjanse skal vi være harde. Tøffe. Strenge. Alle ønsker skal betraktes med mistenksomhet, enhver meningsytring skal oppfattes som et urimelig «krav», uavhengig av om intet faktisk kreves. Alle problemer skal hauses opp og overdrives til det ekstreme. Da trives drittsekkisten.

Drittsekkisten har funnet et hjem i det sosialdemokratiske Norge; skjønt det er ikke så viktig med det sosiale, og egentlig ikke med det demokratiske heller. Drittsekkisten overser menneskerettskonvensjoner når det passer ham, men skriker høyt om menneskerettigheter når noe eller noen går ham imot. Drittsekkisten møter alle ønsker med vond vilje, med mistenkeliggjøring og med spørsmål om andre har rent mel i posen. Drittsekkisten mistenker alle. Drittsekkisten er aldri forståelsesfull, og overser andres behov og interesser. Drittsekkisten anser asylsøkere som «lykkejegere» og innvandrere som en trussel. Drittsekkisten forakter akademikere, journalister og kunstnere. Ikke liker han bønder heller. Drittsekkisten ser samfunnssnyltere overalt, men arbeider gjerne svart hvis han kan. Den eneste yrkesgruppen drittsekkisten virkelig liker er politiet. Men ikke når de skriver ut fartsbøter.

Av og til – men ikke særlig ofte – liker drittsekkisten å fremstå som dialogorientert. Da holder han lange monologer for å forklare hvorfor hans eget standpunkt er det eneste logiske, det eneste kloke, det eneste rettferdige; men ikke minst: det eneste forsvarlige. Drittsekkisten elsker ordet «forsvarlig». Ordet «ansvar» liker han mindre.

Konsekvensen av drittsekkismens inntog er at solidariteten undergraves. Enkeltmenneskene forsvinner i en rekke med tall. Drittsekkisten ønsker ikke å vite hva naboen heter, men vil gjerne ha oversikt over hva naboen driver med, hvor mye han tjener og hvor ofte han er på nettet. Drittsekkisten snakker med store ord om moral, men lever godt på aksjeinvesteringer i miljøødeleggende virksomhet. Drittsekkisten sier at han liker fagforeninger, men investerer hos fagforeningsknusere. Noen ganger selger drittsekkisten våpen. Det er gode penger i våpen. Det vet drittsekkisten.

Bare en ting har drittsekkisten til felles med snillisten. Han stiller ingen krav. Han kunne jo risikere at de ble oppfylt. Derfor kommer drittsekkisten bare med postulater. Da ser drittsekkisten på seg selv som modig. Uendelig modig.$

Distriktstabu

Thursday, February 26th, 2009

Dei såkalla borgarlege partia er ueinige om mykje, men alle er langt på veg einige om ein ting: nemleg at det bør bli færre kommunar her til lands.

Per Sandberg i Frp vil fyrst bruka gulrot og sidan bruka pisk: - Vi skal fornye offentlig sektor. Jeg gir meg ikke i det partiet her før vi sitter igjen med 170 kommuner!

I fylkestingsvalet 2007 stemte annankvar fusing, annankvar samning og over to tredjedelar av osingane på eit av dei fire såkalla borgarlege partia (Venstre, Kristeleg Folkeparti, Framstegspartiet, Høgre). På bakgrunn av dette etterlyste eg i ein kommentarartikkel skrive som journalist i Os og Fusaposten (artikkelen er også å finna som faksimile på Bygdabloggen) ein lokal diskusjon.

eitnytthordaland

Eit av kommunescenaria i KS-rapporten "Eit nytt Hordaland?" frå 2004. Dei tre kommunane Os, Fusa og Samnanger vert her slått saman - ein ikkje utenkeleg modell som har ein del støtte i dei tre kommunane, men som vil skapa ein svært kunstig konstruksjon

Eg spurte: Kva meiner innbyggjarane i Os og Fusa om kommunesamanslåing? Kva meiner – ikkje minst – politikarane og veljarane til Frp, Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti. Det same spørsmålet kan glatt gå ut til politikarar og veljarar i Samnanger.

Debatten på området har vore nærast fråverande, både før og etter mitt innlegg. Det kan synast som om spørsmålet er eit slags distriktstabu, noko politikarar på lokalplan ikkje skal snakka om i det heile, men heller overlata til politikarane på Stortinget. Varaordførar Atle Kvåle i Fusa er ein av dei få som har snakka om det, sjølv om det er nesten fem år sidan no. Bakgrunnen var eit utspel frå Tverrpolitisk Samlingsliste, leia av Magne Djuvik (no Frp), med støtte til ein storkommune beståande av nettopp Os, Fusa og Samnanger.

Arbeidarparti-politikaren Kvåle sa:

Me må unngå å koma i ein situasjon der me får tredd ei samanslåing ned over hovudet på oss. Me må setja oss i førarsetet og sjølve kome med meiningar om korleis me vil ha det.

Problemet med framlegget om storkommunen Os er at resultatet rett og slett ikkje heng på greip (dei som har vorte for urbaniserte til å skjøna det omgrepet bør umiddelbart tinga seg ein gardsferie ei veke med hard jobbing på eit økologisk småbruk).

Fusa er i seg sjølv eit glitrande døme på tullete kommunekonstruering: Sjølv over 40 år etter at Strandvik, Fusa og Hålandsdal kommunar vart samla til ein kommune ber storheradet Fusa endå preg av å vera ein kunstig konstruksjon. At Ølve og Hatlestrand (og for den del Varaldsøy) ligg i Kvinnherad understrekar det ulogiske i dagens kommunegrenser (“En liten flik av Kvinnherad ligger på vestsiden av fjorden”, skriv wikipedia).

Dette kan ikkje botast med å slå Fusa saman med Os og Samnanger. Osøyro er knappast noko naturleg sentrum for fusingane og slett ikkje eit naturleg senter for samningane, som har kortare veg til Arna i Bergen. Vegen til Bergen sentrum er kortare for dei fleste samningar enn det vegen til Osøyro er; og han er verken så smal, så svingete eller så dårleg som vegen utetter fjorden.

Den felles fortida dei tre kommuna har i gamle Ous herad er nettopp fortid, knytt til ei tid der fjorden var hovudfartsåre. Jamvel om keisar Wilhelm II skulle visa seg å få rett i at bilen berre er eit “mellombels fenomen” er det liten grunn til å tru at framtidas Midthordland kjem til å ha fjorden som motorveg. Kort sagt: Ideen om desse tre kommunane som ein storkommune er mest av alt eit teikn på manglande idérikdom. Sjølv ein storkommune beståande av Os, Fusa, Ølve, Hatlestrand og Tysnes ville vera langt meir logisk.

Det finst ei rekkje gode argument for at små kommunar er betre enn store, og eg er ingen varm tilhengar av storkommunar – Samnanger klarer seg bra åleine. Ikkje minst har småkommunane ein fordel i at lokalpolitikarane er folk ein treff på butikken – og difor kjem val i småkommunar ofte svært nære å vera reine personval. Det hadde ikkje alltid vore så dumt på stortingsnivå heller.

Større kommunar har og demokratiske fordelar. For det fyrste kan det tenkjast at større og sterkare kommunar kan kjempa seg til å overta meir ansvar frå høgare forvaltningsnivå, og dermed bidra til desentralisering, og det ville utvilsamt vera av det gode. For det andre vil store kommunar ofte ha ein meir levande partipolitikk, noko som også gjer småpartia betre sjansar.

I Bergen er eit utslag av dette det nesten umerkeleg vesle Sentrumsalliansen, eit parti grunnlagt av utbrytarar frå Arbeidarpartiet. I fjor foreslo Terje Dalland i Sentrumsalliansen at Os skal lemmast inn i Bergen. Morosamt nok nyttar han draumen om ny E39 som argument for slik samanslåing, medan Terje Søviknes har argumentert med at ny E39 må til for å unngå samanslåing. Dalland meiner at ei samanslåing vil styrkja Bergen og med det Vestlandet som region.

Ikkje særleg mange osingar eg har prata med – heller ikkje av dei som stemmer borgarleg – har særleg lyst til å verta bergensarar. Trass i det er det liten tvil om at ei slik samanslåing ville meir logisk enn storkommunen Os. Bergen er sentrum. Osøyro er det ikkje.

Kva med fusingane og samningane? Samnanger kunne også verta lemma inn i Bergen, betre å vera utkant i by’n enn å vera ei fullstendig bakevje i Os. Betre ville det likevel vera om Arna kommune kunne stå opp att av grava, og verta lagt saman med Vaksdal, Osterøy og Samnanger. Ein slik kommune ville hengja geografisk på greip og dessutan ha eit klårt definert sentrum. Fusa kunne verta ein del av ein liten storkommune saman med Tysnes, Hatlestrand, Ølve, Mundheim og Varaldsøy; ein kommune som ville ha nær 8.000 innbyggjarar.

Mange i dei ulike kommunane vil sjølvsagt reagera på desse framlegga på ein eller annan måte. Sant og seia gjer eg det sjølv også, sidan eg helst vil halda på Samnanger som eigen kommune. Men samstundes er dette ein diskusjon som både osingar, fusingar, samningar, arnabu, ostringar, vaksdølar, kvinnheringar og andre lyt taka, særleg sidan det er god grunn til å tru at eit nytt stortingsfleirtal i 2009 vil ynskja å setja fart i kommunesamanslåingane. Dersom debatten ikkje vert teken lokalt kan det fort verta andre som avgjer alt om kommunegrensene. Difor er det på høg tid å utfordra distriktstabuet.

(Sjå: KS-rapporten “Eit nytt Hordaland?” frå 2004)

Eg har ikkje femti karar med ergometersykkel i bakhagen

Saturday, January 10th, 2009

I boka “Transition Handbook” skriv den britiske aktivisten Rob Hopkins:

Eg likar å tenkja på fossile brennstoff som den magiske drikken i bøkene om Asterix og Obelix. Goscinny og Uderzo sine galliske heltar bur i den einaste landsbyen som heldt ut mot den romerske okkupasjonen, takk vere ein magisk drikk laga etter hemmeleg oppskrift av vismannen deira, Miraculix.

Drikken gjev dei overmenneskeleg styrke og gjer dei usårbare, til stor sorg for Julius Cæsar. Som Asterix og Obelix’ magiske drikk gjer olje oss langt sterkare, raskare og meir produktive enn me nokon gong har vore, og gjer det mogleg for samfunnet vårt å gjera 70 til 100 gongar meir arbeid enn det som hadde vore mogleg utan. Me har levd med denne drikken i 150 år og har – som Asterix og Obelix – vorte vande med å tenkja at me alltid vil ha han, me har faktisk lagt opp liva vore til å vera fullstendig avhengig av drikken.

Hopkins heldt fram med å visa til at ein gjennomsnittleg amerikansk borgar nyttar energi tilsvarande femti karar som syklar på – dag og natt – for å laga straum. No ligg riktig Noreg eit hakk lågare enn USA på denne statistikken, men eg har likevel eit problem: eg har slett ikkje femti karar med ergometersykkel i bakhagen. Ikkje har eg plass til å husa dei eller mat til å fø dei heller.

Heldigvis bur eg i Samnanger, som er benåda med rike vasskraftressursar og heldigvis kan eg fyra med ved (bioenergi vert det visst kalla i våre dagar), men oljeavhengigheita mi og vår er likevel eit stort problem, som heng saman med både klimakrisa, matvarekrisa og ei stor energikrise – ja, det spørs om ein ikkje kan trekkja liner til finanskrisa også. (more…)

Spanande hundeval

Monday, November 17th, 2008

Dagbladet i dag:

Men det som det kanskje er knyttet størst forventninger til når det gjelder Obamas overtakelse, er hva slags hund de tar med seg inn i Det hvite hus.

Så veit me det.

Om Obama, Stalin og kamelar

Sunday, November 16th, 2008

Som dei fleste veit er ikkje USA det vestlege landet der marxismen står sterkast. Den marxistiske presidentkandidaten Gloria La Riva fekk då heller ikkje meir enn 7.478 stemmer ved presidentvalet. Det er over sju gongar fleire stemmer enn Norges Kommunistiske Parti fekk ved førre stortingsval, javisst, men det er ikkje eit spesielt imponerande resultat samanlikna med Obama sine 66.774.472 stemmer.

Men ifølgje enkelte på amerikansk høgreside speler det lite rolle. Ta berre ein titt på dette utvalet av “herleg” politisk kunst:



Ein del Obama-fans får forsåvidt som fortent. Det er ikkje til å leggja skjul på at ein del folk både i Statane og i andre land har samanlikna Bush med ymse ukoselege politiske figurar, blant anna Adolf Hitler. Mitt inntrykk av amerikansk politisk debatt er at han har vorte meir og meir polarisert; noko ikkje minst ein del bloggarar har bidrege til. Det fører til meiningslause samanlikningar og til stadige påstandar om at George W. Bush eigentleg er fascist, og at Barack Obama altså eigentleg er marxist – for ikkje å seia stalinist.

For nokre dagar sidan såg eg også ein bloggkommentator som samanlikna Obama med Enver Hoxha.

Men det stoggar ikkje der. På nettstaden faithfreedom.org – som elles er kjent for sin islamkritikk og som ofte vert sitert på norske nettforum – dukka det i september opp ein artikkel med eit namn eg ikkje maktar anna enn å le av, nemleg: “Understanding Obama: The making of a Fuehrer”.

Artikkelen er ikkje å finna på nettstaden lenger, men takk vere Google Cache har han ikkje forsvunne ned i “The Memory Hole”. Artikkelen er langt som eit vondt år, og handlar i stor grad om at Obama visst nok er ein narsissist, men du verda for ein tittel!

Det er ikkje berre i USA denne typen svada har ein viss appell. Også i Noreg snik samanlikningar med både Hitler og Stalin seg inn i den politiske debatten. Det er problematisk på to måtar. For det fyrste gjer det den offentlege samtalen ytterst ubehageleg; for det andre vanskeleggjer det kritikk av dei som faktisk stør totalitær tenkning. For joda, det finst fascistar i dagens Amerika, det finst fascistar i dagens Europa og det finst fascistar også her heime. Og det finst såvisst også folk på til dømes den skandinaviske venstresida som stadig – den dag i dag – ser på Enver Hoxha som ein helt, eller i det minste som ein stor visjonær. Stalin har stadig vener, jamvel blant aktivistar som er tilknytt partiet Raudt.

Sjølv trur eg – og veit eg tildels av erfaring – at ekstremisme, dogmatisme og totalitære idear kan utvikla seg innanfor høgst ulike politiske miljø. Også den grøne idetradisjonen, som eg sjølv høyrer heime i, har sitt å svara for på dette området. Bloggosfæra har gjort det lettare for ekstremistar å finna kvarandre og å utvikla ein politisk diskurs som er basert på å slett ikkje snakka saman, men snarare på å skjella kvarandre ut på det grovaste.

Eg kjem framleis ikkje til å nøla med å kalla folk som stør fascistisk tenkning for fascistar, heller ikkje om dei sjølve vel å kalla ideane sine for noko anna. Eg kjem ikkje til å nøla med å angripa marxistar for dei mange openberre feila i deira politiske tenkning. Eg kjem sjølvsagt heller ikkje til å leggja to fingrar imellom i min kritikk av Framstegspartiet sin innvandringspolitikk, eller av høgresida sin privatiseringskåtskap, eller av venstresida sin frykt for nær sagt alle private løysingar. Men her er mitt valløfte:

Eg kan lova at eg også kjem til å kritisera dei som samanliknar Siv Jensen med Adolf Hitler, dei som samanliknar Jens Stoltenberg med Josef Stalin og dei som samanliknar SV-politikk med politikken til Enver Hoxha. Noreg er ikkje tent med ein politisk debatt prega av den same polariseringa som det ein i betydeleg grad har sett i Statane. Noreg er tent med å ha politikarar med ulike ideal som likevel emnar å snakka med kvarandre og å ta ein pils (eller ein cola) med kvarandre. Noreg er tent med politikarar som er viljuge til kompromiss, og jamvel med politikarar som ein gong i blant toler å svelgja ein kamel.

Verdiløse handlinger?

Monday, October 20th, 2008

Fra Hanna E. Marcussens blogg:

I dagens samfunn har følgende tre handlinger verdi:

  • Flytte digitale nummer (som symboliserer papirbiter) rundt mellom ulike instanser i en virituell verden.
  • Brenne ned huset du ditt.
  • Slippe ut enorme mengder olje langs norskekysten

Følgende tre handlinger har ingen verdi:

  • Dyrke maten du selv trenger for å overleve.
  • Bruke tid med dine egne barn og gi dem en trygg oppvekst.
  • Bidra aktivt til sosiale arrangementer i lokalsamfunnet.

Provoserende? Det håper jeg.

Men faktisk kommer min partikollega Hanna styggnært virkeligheten. Dersom du vil gå enda mer i dybden i en kritikk av hvordan BNP måler velstand og verdi, anbefales denne artikkelen på nettstedet inspiredeconomist.com som et utgangspunkt. Her skriver Chris Milton:

The biggest difference between [Genuine Progress Indicator] and GDP is what they class as costs and what they class as benefits. For instance:

  • Crime: GDP counts this as a benefit because it
    gives rise to property repairs, legal and medical fees etc; GPI counts
    it as a cost because it damages to people’s lives and leads to stress.
  • Volunteer Work and Education: GDP totally ignores these because no money changes hands; GPI values of both as a benefit for a growing economy.
  • Resources and Pollution: GDP counts both of these
    as an income, pollution twice over (once for creation and once for
    cleanup!); GPI counts both as costs.

Mange i den grønne bevegelsen er vekstkritiske. Personlig mener jeg at vi godt kan tåle mengder av vekst, så lenge vi klarer å redusere det økologiske fotavtrykket vårt. Forestillingen om at det hadde vært så mye enklere for oss alle sammen dersom vi bare var fattigere er en forestilling jeg har problemer med å svelge, og det er dessverre en forestilling som ofte kommer seilende i kjølvannet av vekstkritikk. Rundt neste hjørne ligger direkte menneskefiendtlig tenkning.

Der vekstkritikken likevel definitivt har noe for seg er når den stiller spørsmålet: Er vekst et mål? Jeg vil gjerne formulere det spørsmålet på en litt annen måte, og spørre: Er vekst et mål i seg selv?

I deler av verden er økonomisk vekst nødvendig. I enkelte sektorer ville økonomisk vekst være svært gledelig. Problemet med BNP er imidlertid at svaret ikke blir slike betingede ja-svar, men at svaret alltid er ja. Dette preger debatten om samfunnsutvikling på en pussig måte. Spør man politikere i et nær sagt hvilket som helst norsk parti om hva de mener er viktigst for samfunnsutviklingen er det sjelden økonomisk vekst som kommer øverst på den lista. Likevel ender de samme politikerne ofte opp med å diskutere som om økonomisk vekst var et ufravikelig mål.

Dersom noen spør meg om hvorfor vi har bruk for et grønt parti i Norge så er nettopp dette en del av svaret: vi trenger et parti som utfordrer den rådende tenkningen på hvordan utvikling og verdier måles, og som samtidig ivaretar grunnleggende liberaldemokratiske verdier.

Grønt er smart – uansett

Sunday, June 15th, 2008

Det siste innlegget på grønbloggar Hanna E. Marcussen sin blogg handlar om at dagens klimadebatt i stor grad handlar om å gje vanlege folk dårleg samvit, og ikkje om å faktiske ta dei naudsynte politiske grepa som trengst:

Norsk klimadebatt er i dag dessverre preget av at det enkelte menneske, den enkelte forbruker, burde innse sitt ansvar og legge om livsstilen sin. Jeg mener dette er en avsporing. Jeg mener samtlige partier her har trådt feil og at det eneste man har oppnådd er en befolkning med samme forbruk, men med en smak av dårlig samvittighet og skyld. Vi har ikke oppnådd annet enn en følelse av uvilje, apati og økende problemer.

Marcussen sitt fokus er klimaendringane, og det er forståeleg nok. (more…)

Frp-problemet

Saturday, May 31st, 2008

Hittil er det slett ikkje miljøet, men heller Framstegspartiet som har tent på avgiftsauken på diesel og bensin. Og det er ikkje så rart. Ein femøring er så liten at han ikkje er i bruk lenger, og ein hundrelapp i året for ein vanleg bilbrukar rekk vel knapt til to Munkholm som utepils. Då er det klart at dette ikkje er noko miljøtiltak: det skal litt kraftigare lut til.

Men samstundes demonstrerer dette at Framstegspartiet har eit stort problem. Deira problem er at noko er i ferd med å skje som Jens Stoltenberg slett ikkje kan klandrast for.
(more…)