
Eg har interesse for urtar, og ein veksande urtehage – jamvel om ein knallhard vinter tok knekken på både sitronmelissen (melissa officinalis) og agastache-plantane mine.
Interessen har mest å gjera med deira eigenskapar som mat- og teplantar, kombinert med ei veksande interesse for kulinær religionshistorie – og då er klosterhagane sjølvsagt ein del av det. Etterkvart har eg og tenkt å prøva meg på å laga nokre krydderdrammar. Det er spanande kva ein kan få ut av nokre plantar i ei vestlandsk li.
Urtemedisin er eg ikkje så oppteken av, sjølv om eg i blant drikk kamillete (av chamaemelum nobile) om eg har dårleg mage eller kan finna på å bruka apotekerkattost (malva sylvestris) på eit utslett. Om det faktisk verkar, eller berre er placebo, er ikkje så viktig for meg. Mange av påstandane om medisinske eigenskaper tek eg med ei klype salt (har ein dessutan jordskokk, potet og skvallerkål – samt gjerne litt heit chorizo eller liknande, får ein ei god suppe).
Ein del venar og bekjente av meg er meir opptekne av slikt. Det er nok ein del av forklaringa på at eg den siste tida har fått ein del e-post. Og eg må beklaga til dei som har sendt meg desse e-postane, men meldingane har vore uvanleg meininglause, og har etterkvart gjort meg lettare irritert.
Fleire dei har synt til kampanje Save Natural Health eller til nettsidene til Fritt Helsevalg – ein organisasjon som har fare med mykje nonsens før. Det vert gjerne det hevda at EU er i ferd med å forby urtar. I blant vert det trekt fram døme som (den særs uskuldige) peppermynten (mentha x piperita), som det visstnok skal vera fare på ferde for. “Big pharma” og EU får skulda.
Sjølv om påstandane verka mildt sagt tvilsame, tenkte eg som Espen Oskefis: “Eg har no slikt å gjera, eg har no slikt å bera, så eg ber vel den med”. Det syner seg også at eg ikkje er den einaste som får slik e-post, og det har vore litt småprat om det heile i bloggosfæra, til dømes hjå Heidi Nordby Lunde (Vampus).
Komplementær, ikkje alternativ
Lat meg fyrst slå fast noko viktig. I motsetnad til ein del andre former for “alternativ medisin” er urtemedisin gjerne basert på vitskapleg etterprøvbare og dokumenterbare objektive fakta, noko eg tidlegare har diskutert med skeptikaren Gunnar Tjomlid (som eg ofte er samd med) og også kommenterer under ein nyleg bloggpost hjå han.
Eller: Urtemedisin kan i det minste vera det. Ein del påstandar om urtar sin effekt er heller vel… kreative. Urtar kan innhalda faktiske verkestoff i verksame doser. Og som Tjomlid skriv:
En stor del av vanlig medisin kommer fra planteriket. I USA regner man med at rundt 70% av alle nye medisiner utviklet de siste 25 år har sitt utspring i planteriket. Selv stoffer som alternative behandlere synes høres veldig unaturlige og skumle ut og gjerne anbefaler sine kunder å unngå, f.eks. cellegift mot kreftsvulster, har et naturlig utgangspunkt i planteriket.
Sidan urtar er – eller kan vera - medisin tyder dette også at urtar har – eller kan ha – både verknader, biverknader, både indikasjonar og kontraindikasjonar. Johannesurt kan til dømes påverka leveren negativt, noko som kan vera ein risikofaktor i kombinasjon med farmasøytika som paracetamol. Det er også mogleg at urten kan gjera p-pillar mindre effektive. Andre urtar kan vera heller uheldige for gravide. Ein skal ikkje kimsa av urtemedisin.
Dette er også årsaken til at eg meiner det er problematisk å gruppera urtemedisin som “alternativ medisin” saman med kreti og pleti av meir eller mindre underlege teknikkar utan vitenskapleg dokumentasjon i det heile (og ikkje sjeldan med dokumentasjon nok til å konkludera at det ikkje er nokon forskjell samanlikna med placebo). Ei slik gruppering kan føra til manglande kunnskapar og manglande forholdsreglar – både frå brukarar og frå til dømes allmennlegar – i høve urtar som faktisk er medisin. Resultatet kan verta uvøren omgang med det som i praksis er medisinsk behandling. Ikkje heldig.
Difor meiner eg at kjennskap til slik folkemedisin med faktisk (potensiell) verknad bør vektleggjast sterkare i helsesektoren, og at urtemedisin snarare enn å verta sett på som “alternativ” bør sjåast på som “komplementær”.
Om det også resulterte i større bruk av urtemedisin i allmennmedisinen – mot ymse meir eller mindre uskuldige plager – ville det heller ikkje by meg imot (det som byr meg imot er når alternativbehandlarar tek i bruk urtemedisin utan fnugg av dokumentert effekt og jamvel med potensielle fårer i behandling av alvorleg sjukdom som kreft).
Ein kopp te med ein uskuldig urt og litt avslapping kan gjerne vera ein god idé istadenfor jamnleg paracetamolknipsing når ein har hovudpine. Kanskje det jamvel ville skapa meir interesse for alle dei fantastiske plantane som finst i naturen, og bidra til mindre framandgjering frå naturen? Det er lov å vona.
Store, stygge EU?
Så over til EU, og “forbodet” mot urtar me starta med. Det heile handlar om eit EU-direktiv som vart vedteke i 2004, direktiv 2004/24/EF (og som endrar eit tidlegare direktiv, 2001/83/EF). Om du har lyst å gjera deg sjølv vondt med å lesa byråkratspråk er det lett å finna, her på dansk, her på engelsk.
Som dei fleste som kan lesa dansk eller engelsk vil oppdaga er det beint fram tøv at dette direktivet på nokon måte handlar om å forby urtar. Ein av intensjonane med direktivet er faktisk å gjera handel med urteremediar enklare innanfor det som i Noreg gjerne vert kalla EØS-området. Samstundes stiller regelverket ein del krav til godkjenning av slike middel.
Er det snakk om urtar som ikkje har vore i tradisjonell bruk gjennom ein del år vert det stilt krav til kliniske testar, og prosessen kan vera både særs kostbar og heller byråkratisk. Det kan til dømes skapa vanskar for ein del ayurvediske urteremediar utan særleg tradisjon i Europa, og her kan regelverket framstå som noko rigid, og det vil utvilsamt favorisera større aktørar – med dei føremoner og ulemper det har. Ein kan med andre ord stilla gode spørsmål ved direktivet frå ein næringspolitisk ståstad, noko Høgre-aktivisten Heidi Nordby Lunde kanskje burde ha gjort.
Samstundes kan ein vel våga seg til å hevda at forbrukartryggleik ikkje er eit heilt uvesentleg moment i høve kva som vert marknadsført som medisin?
Godkjenning – utan testing
For middel basert på urtar som har vore i tradisjonell bruk fell imidlertid dette kravet om klinisk testing vekk; det tyder – i klårtekst – at ein kan få det som nok kan verta oppfatta som eit “godkjent”-stempel på urteremediar som slett ikkje har dokumentert effekt, simpelthen fordi folk har nytta det før. Ikkje alle er like nøgde med det:
David Colquhoun, a professor of pharmacology at University College London, is a fundamental flaw with the system.“Registration is better from the point of view of toxicity and safety but the labelling is very misleading,” he says.
Product packs use the wording: “A traditional herbal medicinal product used for…” and carry the disclaimer that any health claims are “based on traditional use only”.
However Professor Colquhoun says: “Nine out of 10 people will read ‘traditional use’ as ‘it works’.”
Det er også verd å merka seg at ikkje-medisinske urteprodukt ikkje fell naturleg under direktivet, og at urtar føreskrivne av godkjende behandlarar (og det inkluderer – iallfall i nokre land – herbalistar) heller ikkje gjer det. I tillegg har direktivet – som vart vedteke i 2004, og innført året etter – gått gjennom ei overgangsperiode som varte heilt fram til 1. mai dette året.
EU kan ikkje akkurat skuldast for å ha gjort ting vanskelegast mogleg for urteremedieindustrien (og lat oss for all del ikkje gløyma at det er ein industri).
The Association of the European Self Medication Industry – som representerer produsentar av medisinar som ikkje er på resept – seier for øvrig følgjande (mine uthevingar):
We have heard that among some of the smaller companies that manufacture these remedies there may be some difficulties with the new rules. However there has been a very long transitional period pending the introduction of the full directive and we do not disagree fundamentally with the directive itself.
Men slike kommentarar har sjølvsagt ikkje kome med i kjedebreva eg har motteke på e-post. Underleg, det der.
Norsk regelverk er strengare
Ei anna sak som ser ut til å ha gått mange hus forbi er at norsk regelverk faktisk er betydeleg meir restriktivt enn det aktuelle EU-regelverket. Etter norsk regelverk er alle urtar å betrakta som legemiddel – og kan dermed ikkje omsetjast som vanleg handelsvare – med mindre dei er tekne med som handelsvare på den såkalla urtelista, jfr. forskrift om legemiddelklassifisering, §4:
Urter er legemidler. Dette gjelder likevel ikke urter som i det følgende er merket med H (handelsvare).
Det vil seia at til dømes djevleklo (Harpagophytum procumbens) er eit legemiddel i Noreg. I England er ei rekkje djevlekloremediar godkjende etter direktivet. Det same gjeld klaseormedrue (Cimicifuga racemosa), gjerne omtala med sitt engelske namn black cohosh. Legemiddel i Noreg. Godkjent etter direktivet i England. Legevendelrot (Valeriana officinalis)? Legemiddel i Noreg. Godkjent etter direktivet i England. Johannesurt (Hypericum perforatum)? Legemiddel i Noreg. Godkjent etter direktivet i England. Men det står ikkje noko om dette i e-postane eg har fått heller.
I ein artikkel i Daily Express 30. april fortel ein representant for Holland & Barrett – ein av dei store aktørane innan urteremediar i Storbritannia – at det einaste remediet dei då kunne stadfesta at ville forsvinna frå deira sortiment var eit middel basert på “horny goat weed” (Epimedium sp. – som regel Epimedium grandiflorum), som ikkje har vore i tradisjonell bruk i EU (men ikkje er uvanleg i japansk og kinesisk urtemedisin), og som dermed utløyser krav om klinisk testing. Denne urten heiter på norsk bispelue. I Noreg er han klassifisert… som legemiddel. Kva regelverk framstår som strengast?
I røyndomen vil dette EU-direktivet neppe ha noko som helst å seia på utvalet av urteremediar i Noreg, verken på eller utanfor apotek. Verken peppermynte eller anna er iferd med å verta forbode. Og det er heller ingen som kjem til å hindra deg i å bruka til dømes legevendelrota i hagen som medisin, sjølv om det er definert som eit legemiddel i norsk regelverk.
Kort fortalt: Du skal ikkje tru alt du høyrer. Er det for godt til å vera sant, er det gjerne usant. Er det for gale til å vera sant, er det gjerne rein, skjær løgn. Sjølv om jamvel Avaaz har kasta seg på det.
Elles er det jo slåande korleis e-postane fyrst byrja å koma i mars eller april; medan direktivet vart vedteke i 2004. Eg mistenkjer at ein del burde både følgja betre med på EU-politikk og setja seg betre inn i korleis politiske prosessar i EU fungerer. Men det… er ei anna sak.
Foto: Epimedium grandiflorum (bispelue). Ein urt du neppe har nytta deg av. Under CC-lisens by-sa-2.5. Fotograf: Sphl.
Fotnotar med ting eg ikkje fekk plass til teksten: