Archive for the ‘EU’ Category
Spørsmål og svar om EU
Monday, November 2nd, 2009For en stund siden ble jeg kontaktet av en journaliststudent som arbeidet med en artikkel om bloggere og EU-syn. Jeg vet ikke hvordan det gikk med arbeidet hans, men spørsmålene han stilte var ihvertfall interessante nok som utgangspunkt for videre debatt om EU, og jeg har derfor tatt meg frihet til å skrive spørsmålene og mine egne svar om til en bloggpost. Jeg har også utvidet svarene mine noe.
Jag vill älska och sjunga här
Tuesday, October 27th, 2009EU-motstandarar kjem i mange utgåver, alt frå reaksjonære nasjonalistar ytterst til høgre, via store delar av sentrum i norsk politikk og heile vegen ut på ytterste venstrekant, der EU vert omtala som blant anna “arbeidarfiendtleg“.
Nokre ser på EU som ein uting i seg sjølv. Andre meiner EU er greitt nok – men berre ikkje for Noreg. (more…)
Sanne finlendere og britiske fascister
Friday, October 23rd, 2009Høyreekstreme partier gjorde et godt europarlamentsvalg. Men kan de samarbeide med hverandre, og kan de oppnå noe?
Vår resa började så
Monday, September 28th, 2009Den grøne europarlamentarikaren Pierre Jonckheer kritiserer i ei utgåve av tenketanken Etopias sin bokserie Revue Etopia den flittige bruken av erlik-teiknet mellom EU og ekstrem marknadsliberalisme. Jonckheer, som representerer Ecolo – eit belgisk parti som neppe kan kritiserast for å vera særleg høgreorienterte – skriv: (more…)
“Det var här allting började”, sa Peter
Sunday, September 27th, 2009Det store problemet i EU-debatten er at han ikkje tek utgangspunkt i røyndom, men heller i ja- og nei-sida sine fantasikonstruksjonar. Nei-sida har laga til eit mytisk “annleisland” der det flommar over at lokaldemokrati, miljøvern og rettvise, medan EU berre består av slemme menn med dress som foraktar både lokaldemokrati, miljøvern og sosial rettar. Nei-sida sitt EU er djupt blåfarga og står i den norske nei-sida sine auge for ein ekstrem marknadsliberalisme. Ja-sida har på si side konstruert eit EU som berre handlar om fred og smilefjes, og der nei-folk berre er ein gjeng med sære, nasjonalistiske nissar. (more…)
Kvifor eg ikkje lenger er EU-motstandar
Wednesday, August 20th, 2008Det å vera EU-motstandar var lenge ein viktig del av min politiske identitet. Eg høyrde heime på venstresida i norsk politikk, og på venstresida i norsk politikk – den ekte venstresida – fanst det eigentleg berre eit standpunkt i EU-saka. Argumenta var mange: miljø, lokaldemokrati, motstand mot marknadsfundamentalisme og skepsis til at dei fire fridomane eigentleg handla så mykje om fridom for vanlege folk.
Til sjuande og sist kokte det ofte ned til dette eine ordet: “Annleislandet“. Eller som Ivar Aasen skreiv det i eit av versa av “Nordmanden” som ikkje er å finna i – kremt – borgarlege songbøker:
Sud um Havet han stundom laut skrida
Der var Rikdom paa Benkjer og Bord
men kring um saag han Trældomen kvida,
og so vende han atter mot nord.
(Studentersamfundet, 17. mai 1867)
Eg skal gladeleg vedgå at eg stadig trur på “Annleislandet”, på eit land som fører ein grønare og meir sosial politikk. (more…)