Til Norheimsund og Köln
Norheimsund, ein dag i mai 2009: Sola skin, og turistane har byrja å koma. Softisen gjev ein smak av sommar, og ein blå himmel speglar seg i fjorden. På ei oppslagstavle heng reklame for ÅlvikRock. Nedanfor heng eit oppslag for ein utestad, som nokon har sett sitt snitt til å dekkja til med informasjon om ei møteveke med evangelisten Steinar Handeland i Tørvikbygd bedehus. Bortanfor heng ein plakat om alternativ terapi. Oppslagstavla fortel mykje om den kulturelle pluralismen i Hardanger sin vestlegaste kommune, Kvam herad.
Det er ikkje mange å sjå i Norheimsund si einaste eigentlege gate, Grova. Ei kvinne kjem ut frå poskontoret. Ein ung mann går forbi frisørsalongen, der eit skilt fortel: “Ledige timar i dag”. Ein mann – kanskje ein amerikansk turist – ser utover fjorden frå gjestebryggja, og endene samlar seg i håp om brødsmular.
Ved dei store trappetrinna ved busshaldeplassen sit eit ektepar i sekstiåra. Dei er dei einaste synlege innvandrarane – kvinna ber skaut etter muslimsk tradisjon. Men også dei liknar mest av alt på turistar, der dei sist og nyter godvêret. Det lokale pizzeriaet er ikkje opent. På samvirkelaget er det tilbod på svinekotelettar. I avishylla står VG og Dagbladet. Marie Simonsen skriv om integrering og trappevask.
Det nasjonalromantiske hjertet
Norheimsund skil seg ikkje nemneverdig frå andre småstader på Vestlandet, men Hardanger om våren leiar lett tankane til den norske nasjonalromantikken. Det var blant anna til denne regionen at nasjonalromantikarane kom på 1800-talet, på jakt etter den norske eigenarta. Kystkulturen vart oversett, den var ikkje “norsk nok”. I nasjonsbygginga var det bondekulturen som telde, og Hardanger vart sett på som noko av det norskaste av det norske.
Det velkjende nasjonalromantiske biletet “Brureferd i Hardanger”, som ironisk nok vart måla i Tyskland, viser tydeleg korleis borgarskapet ynskte at den norske bonden skulle framstå: som ein stolt og flott odelsbonde som heldt på tradisjonane. Her er felespel og brurekrone – og storslått norsk natur. Ingen hus er å sjå på biletet, berre ei ytterst underleg plassert kyrkje, ytterst på eit nes. Om biletet hadde så mykje med det røynlege Hardanger å gjera er diskutabelt. Men også dagens bilete av Hardanger er ikoniserte, og står i nasjonalromantikken sitt teikn. Det er alltid godt vêr på bilete frå Hardanger, og namnet leier tankane til hardingfele, hardangerbunad og hardangersøm, til blomstrande frukttre, høge fjell og glitrande sol over Folgefonna.
Sjølv om hardangerkommunane, som alle slit med synkande folketal, aktivt freistar å rekruttera innvandrarar, fyrst og fremst nederlendarar, synest ikkje innvandrarane i førestillinga om Hardanger. Ikkje ein gong i forteljinga om fortida, sjølv om det var engelske munkar som ein gong i tida brakte kunnskapen om epledyrking til denne biten av fjord-Noreg. Hardanger smaker av lefser, ikkje av kebab – sjølv om det er vel så enkelt å få tak på. Ikkje av bratwürst. Ikkje ein gong av nederlandske pannenkoeken.
Det til trass: Statistikk frå SSB synte at det våren 2008 var 45 ulike nasjonalitetar representerte i Kvam. 278 av kommunen sine vel 8.200 innbyggjarar hadde eit anna statsborgarskap enn det norske. I 2008 var det flest tyskarar blant dei, men året før var det irakarane som utgjorde den største gruppa. I småkommunane Granvin og Jondal var det få innvandrarar, i Ullensvang fleire. I industrikommunen Odda, inst i Sørfjorden – fjorden på Tidemand og Gude sitt bilete – var 38 nasjonalitetar representert. Dei fleste utlendingane kom frå Polen. I Ulvik var 13 nasjonalitetar representerte i ein kommune med 1.100 innbyggjarar. Den største gruppa kom frå Somalia.
Globaliseringa gjer seg altså gjeldande – også midt i det nasjonalromantiske Noreg sitt hjarta. Men kva med debattane om islam, og innvandring og integrering, om hijab i politiet og om snikislamisering? Er dei synlege? Vert dei i det heile opplevd som relevante?
– Debatten om snikislamisering er heilt irrelevant her, meinte Ragnhild Laengen frå Granvin då eg prata med henne. Ho melde seg ut av statskyrkja på slutten av 70-talet, og er ein veteran i Human-Etisk Forbund, blant anna initiativtakar til Humanistisk namnefest i nabokommunen Voss. – Folk er imidlertid engasjerte i debatten om bruk av hijab i politiet. Det er eg og. Hijab bør ikkje vera tillatt i politiuniforma. Den skal vera heilt nøytral.
Men kva såg ho på som dei viktigaste livssynspolitiske utfordringane? Å få eit skilje mellom stat og kyrkje, og å få gjennomslag for ein livssynsnøytral skule og barnehage. – Dessutan er det viktig å få på plass nøytrale og verdige gravferdslokaler.
Den nasjonale debatten om islam, islamisering og hijab hadde ikkje hatt nokre utslag i politikken lokalt slik ho såg det. – Her i bygda er me så heldige at me ikkje har noko Framstegsparti. Etter kampen om dei såkalla monstermastene har – tre år seinare – også Arbeidarpartiet fordufta frå Granvin. Ved lokalvalet i 2011 vart Venstre det største partiet, med 34,9% av stemmene. Nest-størst vart Senterpartiet, med 31,4. Vegen er lang til Oslo.
- Kva med bedehusmiljøa? Er dei aktive i debatten?
- Me merkar lite til desse i mi bygd. Me har ikkje ein gong bedehus her i kommunen.
Endetida er her
Det er annleis i andre delar av Hardanger. Både i Kvam og i Odda er det aktive indremisjonsmiljø. – På mine kantar er det ein gjeng som arbeider veldig hardt for Israel, samlar inn pengar til nybyggjarane og blandar saman religion og politikk til ei nærast usmakeleg suppe, fortalde Kjell Telstø frå Øystese, berre nokre få kilometer frå Norheimsund, også han medlem i Human-Etisk Forbund.
Telstø fortel om møte der Johannes Openbaring har vorte tolka i lys av Gaza-krigen. – Igjen finn ein teikn på at endetida er nær, etter kvart eit gamalt tema. Eg hugsar at eg som born vart skremd av dette. Då var det i etterkant av andre verdskrigen.
Telstø nemner også at Darwin si utviklingslære fell enkelte tungt for brystet, og at dette har vore eit diskusjonstema i lesarbrevspaltene til lokalavisa Hordaland Folkeblad. Avisa er landets eldste lokalavisa, og vert kalla “Skåralappen” på folkemunne, sidan avisa i 112 år hadde redaktør frå Skaar-familien, som stadig sit med eigarskapen. Blant dei vanlege lesarinnlega om eigedomsskatt, bompengar og skulestrid finn ein ikkje berre innlegg om Darwin, men også knallharde lesarinnlegg mot den nye ekteskapslova, “ei heidensk lov”, som “ingen seriøs kristen eller seriøst tenkjande person” kan stø.
Islam er det få innlegg om, men som Telstø er inne synte Gaza-krigen at debatten absolutt lever i bedehusmiljøa. Det er ikkje overraskande. Her les ein dei konservative kristne avisene Norge IDAG og Dagen Magazinet flittig, samt kristne anti-islamske bøker som Mark Gabriels Islam og terrorisme. Men ikkje minst er det på israelsmøter i lokale bedehus at islam vert eit tema, og slike møte vert jamnleg arrangert.
I februar 2009 fann eit slikt møte stad i sjølvaste Norheimsund kyrkje, då den lokale Norge-Israel Foreningen leigde kyrkja og inviterte til eit møte med Arvid Bentsen frå Internasjonale Kristne Ambassade, ein sjølverklærd kristensionistisk organisasjon som meiner at «landet Israel er gitt til det jødiske folk av Gud som en evigvarende eiendom ved en evig pakt. Det jødiske folk har den absolutte rett til å eie og bo i Landet, inkludert Judea, Samaria (Vestbredden, journ. anm), Gaza og Golan» og videre at «Israel og nasjonene feiler ved å gi gunst og status til den Palestinske Autoritet og ved å gi i deres hender land og mennesker som er verdifulle for Gud. Det vil være ytterligere feil av nasjonene å anerkjenne en palestinsk-arabisk stat i noen del av Eretz Israel».
Bentsen er reisesekretær for norske IKAJ, og har ifølgje Vårt Land ikkje mindre enn 150 slike møter i året. Han er også ein endetidspredikant som hevdar å ha handhelst på Jesus i eit syn, og å ha fått i oppgåve å tala om “ham og hans folk”. For Bentsen var tsunamien i det søraustlege Asia berre eit av fleire teikn som fortel om Jesus’ var tsunamien i det sørøstlige Asia bare et av flere tegn som forteller om Jesus’ snarlige tilbakekomst.
Det poenget Bentsen oftast har gjenteke – også i kyrkja i Norheimsund – er likevel at konflikta i Midtausten har ein “andeleg dimensjon”, som politikarar og midtaustenekspertar ikkje kan skjøna fordi dei ikkje er inspirerte av den Heilage Anden, men snarare er forblinda av Djevelen. Bentsen meinte i 2009 at vonde åndsmakter var “usedvanlig aktive”, sidan Gud har kome eit steg nærare å oppfylla sin plan. Messias skal koma att, og det tyder at Antikrist – som Bentsen set i meir eller mindre direkte samanhang med islam, “sverdets religion” – også skal koma.
Eit ekstremistisk og politisk møte, meinte lokale kritikarar, og i strid med kyrkja sitt eige reglement: «Kirken må ikke brukes til politisk møte eller virksomhet». Det avviste kyrkjeverje Ingvard Teigland: – Norge-Israel Foreningen står for et syn på konflikta i Midtausten mange ikkje er samd. Det kan likevel ikkje vera slik at dei av den grunn verta nekta å nytta kyrkjene. Det ville tyda sensur av kva for meiningar som skal koma til orde i den offentlege debatten. Det var ikkje eit politisk møte som var i kyrkja, men eit opent møte med orientering om aktuelle kristelege og politiske synspunkt. At dei som hadde ordet på møtet målber eit anna synpå den aktuelle konflikta enn det fleirtalet i landet gjer, meiner me må vera lov i eit demokratisk samfunn.
Ei kvinne i skaut
Vegen frå israelsmøta i bedehusmiljøa til markeringa av 8. mars er lang, men også i samband med at Kvinnedagen vart markert i Norheimsund dukka debatten om islam opp. Årets hovudtaler i Kvam var i 2009 Meriem El-Mesbahi, kvinnesekretær i Det Felles Innvandrarrådet i Hordaland, opphavleg frå Marokko og busett i Noreg sidan 1976.
– Kvinnedagen betyr mykje for meg, sa Mesbahi til Hordaland Folkeblad, og fortalde at situasjonen for kvinner har vorte betre i Marokko. – Kvinneorganisasjonane har påverka styresmaktene, og no har ein fem kvinnelege ministrar. Ting vert betre også i andre land. Det er svært positivt, sa ho.
Mesbahi uttrykte samstundes uro for korleis debatten hadde utvikla seg i Noreg. – Istadenfor å sjå på valdtekter, drap og mishandling av kvinner har ein byrja å diskutera om ein bør gå med skaut eller ikkje. Det synest eg vert ei gal prioritering.
Biletet i avisa viser at Mesbahi sjølv nyttar det ho omtaler som skaut. Det fekk journalist Olav Bjørkum, også tidligere redaktør for Hardanger Folkeblad, til å reagera. I en kommentartikkel med tittelen «Kvalmen» skrev han:
Foto viser at el-Basmehi (sic) er muslim. Ho ber hovudtørkledet som for meg er symbolet på at muslimske kvinner er undertrykte. Muslimske kvinner er ikkje lenger muslimar om dei nokon gong greier å kjempa til seg dei same rettane som vestlege kvinner har oppnådd.
Bjørkum heldt fram:
Er det ingen som ser at islam og kvinnefrigjering ikkje går i hop? Me listar oss på tå og set islam inn ein kulturell samanheng. Kultur er verdifullt, godt. Ingen som har høyrt om ukultur? El-Basmehi ynskjer fokus på valdtekt, drap og mishandling av kvinner. Det kan ho ikkje gjera utan å fokusera på islams kvinneforakt.
Konklusjonen:
Neste gong kan kvinnedagen i Kvam leita fram ei kvinne som har røynt islam på kroppen. Det vert ei oppleving som rispar sjel og samvit.
Reaksjonane lot ikkje venta på seg: – Me opplever innlegget som fordomsfullt, ekskluderande og arrogant, skreiv 8. mars-komiteen i eit svarinnlegg til Bjørkum. – Om ikkje Meriem El-Mesbahi er velkommen til å dela sine røynsler og tankar med oss på 8. mars, slik ho er med sitt skaut og stå for sine meingar vert det lite igjen å feira. Respekt for kvarandre og kvarandre si tru er grunnleggjande for all kommunikasjon og grunnlaget for eit inkluderande samfunn, som igjen er viktig for kvinner sin situasjon. Alle kvinner.
El-Mesbahi sjølv meiner at Bjørkum sin kommentar syner at han ikkje har peiling på verken islam eller muslimar. – Han må innrømma at undertrykking er eit verdsomspennande problem, seier ho. Ho føler seg ikkje undertrykt sjølv. – Skaut er inga hindring. Det er beklageleg at ein journalist uttaler seg på denne måten. Han burde visst meir før han skreiv noko, men i denne debatten er det vond sirkel sidan det vert nytta mot deg same kva du seier.
El-Mesbahi, som heldt til i Bergen, meinte likevel at debatten om integrering og islam gjekk i positiv lei på Vestlandet. – Som kvinnesekretær i innvandrarrådet har eg delteke i konferansar og seminar om islam og muslimske kvinner, og eg har fått gode tilbakemeldingar. Kva meiner ho er dei viktigaste utfordringane i kvinnekampen? Likeløn og like moglegheiter i arbeidslivet. I religionsdebatten opplever ho at muslimske kvinner vert misbrukt. – Nokre politiske parti nyttar muslimske kvinner som agn for å få mange stemmer, seier Mesbahi.
Antiislam frå nettet
– Islam ynskjer at visse tankar og refleksjonar ikkje skal kunna uttrykkast utan straffereaksjonar. Dersom dette ynskjet vert innfridd, vert eg amputert som menneske, som samfunnsmessig påverkande individ – og innlemma i fryktens rike, meinte Olav Bjørkum. Bjørkum – som skreiv for både Hordaland Folkeblad og for lokalavisen på Stord, Sunnhordland – fortalde vidare at han i liten grad har fulgt den nasjonale debatten.
- Min informasjon om islam har eg frå Koranen, frå islamkritisk litteratur og islamkritiske nettstader, fyrst og fremst document.no og rights.no. Etterkvart har eg også leitt meg fram til ei mengde meir eller mindre rabiate anti-islam-sider på engelsk og norsk, seier han.
På Bjørkum si leseliste står blant anna Ibn Warraqs Hvorfor jeg ikke er muslim – som han omtaler som eit «utskjelt standardverk», samt bøker av Hege Storhaug, Oriana Fallaci og Irshad Manji, men også meir ålmenn religionskritikk frr Richard Dawkins og Michel Onfray. Lokalavisjournalisten har ikkje inntrykk av at islam er eit tema som opptek folk i særleg grad. – Når eg sjølv gjev uttrykk for uro, vert eg møtt med ei rekkje – etter mi meining – overfladiske kommentarar som skal dempa mine påståtte overreaksjonar. Mitt inntrykk er at kunnskapane om islam, historisk og i samtida, er omtrent fråverande.
Bjørkum fortalde vidare at han har møtt ein lokal intellektuell som gjev uttrykk for same uroa som han sjølv, men at vedkomande ikkje hadde uttrykt dette offentleg. – Me veit kor lett det er å bli stempla som rasist, og me kjenner islam sine reaksjonar mot dei som offentleg kritiserer denne religionen i kraftige ordelag. Eg beundrar dei som tek opp kampen mot denne religiøse ideologien og mot dei løgnene som vert servert om den påståtte “fredens religion”.
Han meinte utfordringa på dette området både for Hordaland og andre fylke er mykje avhengige av nasjonale føringar, blant anna i høve diskusjonen om hijab i politiet. – Inntrykket mitt er at det stort sett er lagt lokk på islam som politisk tema av frykt for stigmatisering og hån og påstandar om fordommar. Eg er likevel ikkje i tvil om at det finst eit nesten umerkeleg overtrykk som kjem Framstegspartiet til gode ved valet til hausten.
Det fekk han kanskje rett i. På nasjonalt nivå fekk Framstegspartiet 22,9 prosent av stemmene. I Kvam stemte 20,7 prosent på partiet. Bjørkum gjekk likevel langt vidare enn Framstegspartiet. Han meinte at Noreg og Europa ikkje kan løysa det han såg på som problemet med islam ut frå sin humanistiske tradisjon. – Islam har ingen humanistisk eller demokratisk tradisjon, meinte han. – Det passar glitrande for islam sin agenda at Vesten er forvirra og handlingslamma. – Sjølv er eg djupt pessimistisk med tanke på den tsunamien som er i ferd med å knusa Europa. Etter mitt syn er dette imperialisme så godt som noko, ikkje minst sidan islam også er eit styresett. Det er ikkje utan grunn at leiande muslimar hevdar at Europa alt i deira hender. Islam har det til felles med kommunismen at den har tid til å venta. Samstundes har islam noko kommunismen ikkje hadde: eit paradis å døy for.
- Me er ein gjeng som samlast rundt eit kafébord kvar laurdag, fortalde HEF-medlemmer Kjell Telstø. – Her vert både eitt og hitt diskutert, men islam og snikislamisering har ikkje vore eitt tema. Hijabdebatten har derimot vore det. Hijaben vert sett på som kvinneundertrykkjande. At den skulle verta tillatt i politiet vart ganske samrøystes avvist.
Også Telstø trudde at Framstegspartiet ville tena på sine standpunkt i saka. – Vanlege folk hadde ikkje sans for at nokre politikvinner skulle bera hijab.
—

Egyptiske delegatar til kongressen for kvinneleg stemmerett i Roma i 1923. Huda Shaarawi i midten. Foto: Carrie Chapman Catt collection, Swarthmore College
Viktoriansk ideal
Det viktorianske idealet for kvinna var at ho skulle vera «ein engel i huset». Ikkje berre skulle kvinna vera sjarmerande, vakker og sympatisk, men og sjølvoppoffrande, pietistisk – og viktigast av alt, ho skulle vera rein. Kvinna si rolle var i heimen, og ho skulle vera lydig og dedikert som kone.
Det var dette tronge kvinneidealet den tidlege feministiske rørsla gjorde opprør mot. Etterkvart skulle kampen for stemmerett for kvinner stå sentralt, og dei såkalla suffragettene tok i blant i bruk militante metodar for å setja saka si på dagsordenen. Myndigheitene i fleire land slo knallhardt tilbake. I England vart suffragetter som hadde vorte arrestert etter ruteknusing, brannstifting og liknande aksjonar fengsla og utsett for brutal behandling. Når nokon av dei reagerte gjennom å sveltestreika vart dei til dømes tvangsfora gjennom eit rør sett inn gjennom nasa. Etterkvart vart det meir og meir bråk om det heile, og det britiske parlamentet vedtok ei lov ein vona ville hindra folkeleg sympati for dei radikale kvinnene. I følgje den nye lova kunne dei som hadde vorte sjuke på grunn av sveltestreikinga sleppast fri for å verta betre, men når dei hadde vorte friske stod politiet fritt til å arrestera dei på ny. Lova fekk snart utnamnet «katt og mus-lova», og taktikken mislukkast. Oppslutnaden for det britiske Arbeidarpartiet vaks, og prominente tenkjarar som Bertrand Russell forlot det liberale partiet i protest.
Ein konferanse i Köln
På den internasjonale kvinnedagen i 2007 vitja eg ein internasjonal konferanse i Köln, ein by som seinare skulle verta ein sentral skodeplass for internasjonal anti-islamsk organisering, blant anna gjennom “anti-islamiseringskongressen” i 2009, der politikarar frå ei rekkje høgreradikale parti i ulike europeiske land var tilstades og vart møtt med sterke protestar. Konferansen to år tidlegare gjekk for seg utan det same nivået av merksemd. Der møttes muslimar frå aust til vest i den muslimske verda, og ikkje minst frå den muslimske diasporaen. Temaet for dagen var kvinnekamp. Spennet var vidt. Nikaben var fråverande, men ein traff kvinner både med og utan hijab, og ikkje minst kvinner med svært moteriktige hijabar.
Ein fekk høyra både relativt konservative røyster og kompromisslause muslimske sekularistar som nederlandske Nahed Selim, som hamna i ein heitt diskusjon med ein gjeng hijabkledde tyske jenter av tyrkisk bakgrunn. Det dei alle likevel hadde til felles, trass i stor usemje, var eit ynskje om å fremma kvinner sin posisjon i den islamske verda.
Det var også der eg møtte Asma Barlas, ei lita kvinne med ei utstråling som kunne få eit heilt rom fullt av menneske til å tagna på ein augneblink, prominent tenkjar, akademikar og koranfortolkar. – Ei kvar religiøs, og sekulær, gruppe har ulik forståing av den «rette» rolla for kvinner, sa ho. – Muslimar er ikkje unike i at dei er usamde om kva denne rolla skal vera. Det eg synest er urovekkjande med haldninga til mange muslimar er at dei faktisk er samde om at kvinner kjem i andre rekkje i høve menn. For å forsvara denne ideen siterer dei vers frå skrifta, Koranen.
Ein skal ikkje måtta sjå seg om lenge i den muslimske verda for å seia seg einig med Barlas si skildring. Kvinneundertrykking er eit utbreidd fenomen, og i blant tek ho ekstreme former. Omskjering av jenter – kjønnslemlesting – er eit døme. Den motbydelege tradisjonen, som finst blant både muslimar og hjå andre religiøse grupper og særleg er utbreitt i det nordaustlege Afrika, vert ofte også sett i samanhang med at offeret skal haldast «rein». Eit anna døme er dommen mot Amina Lawal i ein sjariadomstol i delstaten Katsina nord i Nigeria, ho vart dømd til døden ved steining fordi ho hadde vorte gravid utanfor ekteskap.
Men sjølv om ein ser bort frå dei ekstreme døma er det mykje å ta fatt på. Islamske skrifter vert nytta til å forsvara undertrykkjande strukturar, blant anna i høve arv, vitnemål, ekteskap og også i høve kleskodeks. Det kan vera freistande for oss å etterlysa dei muslimske suffragettene. Men finst dei? Og er islamsk feminisme i det heile teke mogleg? Er ikkje omgrepet sjølvmotseiande?
Røtene
Sjølv om nokon sjølverklærte islamske feministar vil hevda at røtene for islamsk feminisme går heilt attende til profeten Muhammed – ein idé mange vil reagera på, men som skriv seg frå ei forståing av at det vart tekne steg i retning meir frigjering for kvinner i den tidlege islamske staten – er det naturleg å byrja historia om den feministiske rørsla i den muslimske verda seint på attenhundretalet. Samstundes som det ottomanske riket vakla og vestlege makter for alvor gjorde sitt inntog i den arabiske verda, kom også reaksjonen, i form av arabisk nasjonalisme og islamsk modernisme. I kjølvatnet vaks det fram ei uavhengig presse, særleg i Egypt, og denne gjorde det mogleg for kvinnelege røyster å verta høyrd.
Idag er Aisha Shezadi Kausar ein av dei viktigaste norske talskvinnene for bruk av det heildekkjande plagget nikab (nikab er eigentleg namnet på den delen av drakta som skjuler ansiktet, men vert nytta i vidare forstand enn dette). Blant dei egyptiske feministane som markerte seg den gongen var namnesøstra Aisha Ismat al-Taymuriyya, ei tyrkisk kvinne fødd i Egypt, og Zaynab Fawwaz, som vaks opp i ein fattig libanesisk arbeiderklassefamilie. Båe var radikale, men Fawwaz var den mest radikale av dei to. I avisartiklar og bøker tok ho opp kvinner sin status i islam. Fawwaz meinte kvinner hadde rett til å gjera nettopp det Kausar gjer trass i sitt heildekkjande plagg: delta politisk, arbeida utanfor heimen og skaffa seg formell utdanning. Desse rettane var, hevda ho, slått fast i islam. Den frittalande kvinna stilde også spørsmål ved ektheita av hadithskrifter der kvinnefiendtlege synspunkt vert tillagt den islamske profeten.
Tidlege feministar i Egypt, som Fawwaz, henta også inspirasjon frå og knytte kontaktar internasjonalt. I ein artikkel i al-Nil i 1891 uttrykte ho støtte til engelske kvinner sin kamp. Ei av bøkene hennar. Ei av bøkene hennar, Kittab al-Durr, var eit kompendium med biografiar av kjende arabiske og europeiske kvinner. I tillegg til dette skreiv Fawwaz dikt og to romanar.
I dag er desse tidlege feministiske stemmene i den arabiske verda i stor grad gløymde, og det er kanskje talande nok at det er ein mann som vert hugsa for å for alvor ha sett kvinnefrigjering på dagsordenen. Endå meir talande er det kanskje at perspektiva til denne mannen ikkje var utprega feministiske i det heile, han argumenterte ut frå den veksande tradisjonen av islamsk modernisme kombinert med meir sekulær nasjonalisme.
Det var i 1899 at den egyptiske juristen Qasim Amin gav ut boka Tahrir al-Mar’a (Kvinnefrigjering), ei bok han via til situasjonen for kvinnene i det egyptiske aristokratiet. Han oppfatta desse som ignorante og inaktive, og meinte at skulle ein reformera nasjonen eller det muslimske samfunnet, ummaen, måtte ein byrja med å reformera familien. Fordi kvinnene var avsperra frå samfunnet og fordi dei ikkje hadde vidare moglegheiter til utdanning vart det også umogleg for dei å oppdra kompetente born, då særleg gutar, til å leia den egyptiske nasjonen. Dermed vart muslimane hengande etter, sidan gammaldagse verdiar og tradisjonar heldt fram.
For å få slutt på dette måtte ein få slutt på ein situasjon der kvinner hadde det «verre enn slavar» og var gjort til «fangar i sitt eige hus». Med eit lovfokusert islamsk utgangspunkt argumenterte Amin blant anna mot heildekkjande slør og polygami.
Huda Shaarawi
Frå eit feminismehistorisk perspektiv er Huda Shaarawi meir interessant. Som marokkanske Fatima Mernissi skriv:
Mange vestlege feministar var overraska over Margot Badran sin biografi om den egyptiske feministen, for dei var overtydde om at muslimske kvinner ikkje var noko anna enn etterfølgjarar i kampen for kvinnerettar. Men det er sant at, sjølv i den muslimske verda, har denne feministiske rørsla [...] vorte gløymd, minnet feidd til side av dei konservative og fundamentalistiske ideane media har sunke ned i.
Shaarawi høyrde heime i det egyptiske aristokratiet og beherska både tyrkisk, arabisk og fransk. Tretten år gammal vart ho tvangsgifta med fetteren Ali Shaarawi, men når han gjorde konkubina si gravid nekta ho å godta dette – og levde separert frå ektemannen i årevis. Etterkvart skulle ho utnytta ektemannen sitt nettverk til å knyta kontakter både i Egypt og internasjonalt, og snart var ho ein leiande figur innan egyptisk feminisme.
I 1919 var ho blant anna med på å leia det fyrste kvinneopptoget i landet. Etter at ektemannen døydde, sat ho att utan nokon mannleg autoritetsfigur som kunne freista å avskrenka henne og med ei betydeleg formue å ta av. Ho vart meir og meir oppteken av kvinnesaka og grunnla det egyptiske feministforbundet i 1923. Då ho kom att frå eit internasjonalt feministmøte i Roma same året vart ho møtt av vener og tilhengjarar på jernbanestasjonen i Kairo. Her tok ho for fyrste gong av seg sløret offentleg. Fyrst var det stille. Så braut det ut applaus og fleire andre fulgte eksempelet hennar.
Mernissi sitt hjartesukk om korleis den feministiske rørsla har vorte gløymd er på sin plass. I dag er den mest markante avleggjaren av attenhundretalet sin islamske modernisme verken liberal eller frigjerande, og snarare anti-moderne enn moderne. Islamismen trakk det lengste strået, og den islamske modernismen vart kapra av det som, særleg i europeisk forstand, må sjåast på som djupt reaksjonære krefter. Kva låg bak? Det er vanskeleg å peika på ein årsak åleine, både politiske omstende og inngrodd konservatisme spelar ei rolle. Religiøs påverknad frå Saudi-Arabia og det faktum at islam sine to viktigaste byar, Mekka og Medina, har vore på hendene til den ekstreme wahhabirørsla spelar heilt sikkert også inn.
I Egypt var det militærkuppet i 1952 som skulle setja ein stoppar for den feministiske rørsla. Det nye regimet gav kvinner stemmerett i 1956, men den egyptiske feministunionen lei same skjebne som andre uavhengige politiske organisasjonar: han vart knebla.
Ikkje horer, ikkje undertrykte
Til liks med mange vestlege sekularistar og islamkritikarar ser den franske menneskerettsaktivisten Fadela Amara på hijaben som eit undertrykkande klesplagg og som eit politisk symbol, snarare enn eit religiøst. Sjalet, seier ho, er «ingenting anna enn ei metode for undertrykking som spring ut frå eit patriarkalsk samfunn». Amara, som har skrive boka Ni putes, ni soumises er praktiserande muslim. Likevel representerer ho på mange måtar ein sekulær feminisme det er lett for nordmenn å kjenna seg att i. Samstundes har ho vore kraftig kritisk ovanfor vestlege intellektuelle, og ho er på ingen måte unnvikande i høve å kritisera muslimske miljø, slik nokre vestlege feministar nok kan anklagast for. Ho meiner at unge jenter i dei franske ghettoane står under dobbelt press: ikkje berre vert dei utsett for rasisme og diskriminering, dei er også offer for ein machokultur som har vakse fram i krysspunktet mellom motløyse, konservatisme og radikal islamisme, det ho kallar «den grøne fascismen». Organisasjonen ho var med å stifta har same namn som boka, «Verken horer eller undertrykte». Dei har fått mykje merksemd og mykje støtte i Frankrike, men også mykje kjeft.
Andre muslimske feministar har eit utgangs-punkt som er mykje mindre sekulært. I november 2006 vart den andre konferansen om islamsk feminisme arrangert i Barcelona. Konferansen vart gjesta av ei rekkje sjølverklærte islamske feministar frå verda over. Blant dei fant ein både dei utan hijab, som den frittalande amerikanske feministen Asra Nomani, og dei med hijab, som indonesiske Lily Zakiyah Munir.
Ein finn også både kvinner og menn. Ein av mennene, og ein av initiativtakarane, er Abdennur Prado, ein spansk konvertitt til islam. – Prosjektet sprang ut frå arbeidet vårt med nettsida webislam.com. Medan me såg på nyhende frå den islamske verda oppdaga me den andre sida av biletet, akkurat det som midtstraums media i Vesten har ein tendens til å skjula, nemleg at det finst ei brei intellektuell rørsle innan islam som er kritisk både til det vestlege samfunnet og til lovfesta islamsk tradisjon. Det gjekk opp for oss at det har dukka opp mange muslimske kvinnegrupper desse siste åra, og det i land så langt frå kvarandre som Malaysia, Nigeria, Syria og Pakistan, for å nemna nokre. Alle desse rørslene hadde noko til felles som me har kalla «islamsk feminisme»: muslimske kvinner krev rettane sine ut frå eit islamsk rammeverk. Me fekk ideen om å samla saman nokre av desse akademikarane og aktivistane til ein internasjonal konferanse, slik at islamsk feminisme kan verta synleg som ein heilskap, som ei fornyande kraft i ummaen.
- Ei religiøs plikt
– Den viktigaste drivkrafta er at muslimske kvinner vert diskriminert på måtar som ikkje har noko med bodskapen i Koranen å gjera, og at det er naudsynt å gje samtidige svar på vår tids problem. Det høyrest kanskje rart ut, men eg kan ikkje forstå kvifor storparten av muslimar verda over ikkje slost mot denne diskrimineringa. For meg, som muslim, er dette ei plikt. Meir personleg handlar det òg om at eg nektar å godta mønsteret for «den muslimske mannen» som tradisjonalistane tilbyr. Dette mønsteret har ikkje noko med mi spirituelle oppleving av islam å gjera, ikkje noko med bodskapen i Koranen å gjera, og ikkje noko med min vestlege kulturelle bakgrunn å gjera.
– Mange vil seia at islamsk feminisme er ei sjølvmotseiing?
– Då har dei ei essensialistisk oppfatning av islam.
Prado meiner at ordet feminisme eigentleg er overflødig, at feminismen er ein del av islam. Asma Barlas, som føretrekk å ikkje kalla seg feminist, men berre som «truande», seier det på denne måten: – Mange muslimske lærde i dag, eg er sjølv blant dei, viser at det også er mogleg å lesa Koranen på ein frigjerande og anti-patriarkalsk måte. Å forsvara kvinneundertrykking og kvinnehat ut frå islam, tyder at ein overser at det er avhengig av den som les, korleis Koranen si lære vert forstått, det er avhengig av kontekst. Å lesa forsvar for diskriminering ut av Koranen er det same som å projisera kjønnshat over på Gud, og slik eg ser det er det ikkje noko teologisk hald i islam for å gjera dette.
Potensiale til endring?
Ein ting er teorien. Kva arbeid gjer dei islamske feministane i praksis, og har dei i det heile sjanse til å få gjennomslag for dei politiske ideane sine? – Eit godt døme er endringane som vart gjort i den marokkanske familielova i 2004, i følgje Margot Badran, kanskje den akademikaren i verda som har best oversikt over rørsla, og også til stades på konferansen i Köln. Ho meiner den islamske feminismen hjalp til med å bera fram endringane, som blant anna innebar at det vart enklare å skilja seg, at fleirgifte vart strengt regulert, at minstealderen for ekteskap vart sett opp frå femten til atten år og som også oppheva kravet til kvinner om å vera lydig ovanfor ektemannen. – Samstundes var det konkrete politiske grunnar til at dette gjekk gjennom, seier Badran.
Mange set lovendringane i samanhang med at islamistane hadde hamna på defensiven og fått store delar av opinionen mot seg etter terroråtaka i Casablanca i mai 2003.
I møtet med feministiske rørsler som kombinerer sin kvinnekamp med muslimsk tru, vil mange i Vesten utvilsamt stussa. Badran meiner at den islamske feminismen ikkje kan fangast opp i det ho kallar gamle oppkonstruerte motpolar, til dømes mellom religiøse og sekulære krefter eller mellom Austen og Vesten. – Eg meiner at den islamske feminismen demonstrerer at ein har både problem og mål til felles, med idear om likskap mellom kjønna og sosial rettferd som grunnleggjande utgangspunkt. Å snakka om eit klæsj mellom sekulær feminisme og religiøs feminisme er gjerne eit resultat av manglande historiekjennskap, eller, i mange tilfelle, av eit politisk motivert forsøk på hindra brei solidaritet kvinner mellom.
Konfrontert med den flamske politikaren Filip Dewinter, ein av Europa sine mest vellukka høgreekstremistar, si utsegn om at islam og vestleg demokrati kræsjar på fleire område og at muslimar må gjera eit val mellom dei to, reagerer Asma Barlas på krassare vis. – Dette er ikkje noko anna enn den siste versjonen av «vala» muslimar har vorte tilbydd historisk, mellom å vera muslim og å vera noko anna. Under det britiske styret i Egypt fekk til dømes muslimske kvinner valet mellom å vera muslimar eller å vera frigjorte. Eg trur desse valalternativa fortel meir om dei som set dei opp enn dei seier om islam og muslimar.
—
Denne artikkelen er skriven med utgangspunkt i to artiklar eg tidlegare har hatt på trykk i “Fri Tanke”. Sjølv om artiklane handlar om ganske ulike tema, vestlandsk islamdebatt og islamsk feminisme, står dei godt saman. Medan islam og muslimar har vorte utsett for skarpe åtak frå både lokalavisjournalisten Olav Bjørkum og anna hald, er nokre av dei i strid for å betra kvinner sine vilkår i muslimske land og for å reisa ei ny, feministisk fane i den europeiske, muslimske diasporaen. Medan reaksjonære krefter – som dei Aisha Kausar representerer – er både høgst reelle og høgst verksame er det beint fram tåpeleg å redusera islam til å handla om dei. Der tåpelege konspirasjonsteoriar om det komande eller alt eksisterande Eurabia vert utelete er dette den høgreradikale islamkritikken sitt største problem: prega av ein forkvakla nasjonalisme vel den å retta motstand mot menneske som kunne ha vore allierte i arbeidet for fridom. Muslimske kvinner vert nytta som ammunisjon i nasjonalistisk retorikk, ikkje handsama som tenkjande menneske.
Men det er noko meir eg ynskjer å fortelja. Sjølv kjem eg frå Kvam sin nabokommune Samnanger. Då eg vaks opp var det få innvandrarar i kommunen – idag er 5,8 prosent av innbyggjarane anten innvandrarar eller norskfødde av to innvandrarforeldre. Men kommunen har vore fleirkulturell lenge, sidan indremisjonsrørsla eg skildrar i Kvam også er sprell levande her i kommunen. Bentsen sine idear om Israel og endetida er ikkje idear han er åleine om, men denne kristenkonservatismen gjev seg også andre utslag. Om det var dei som låg bak at symjeundervisninga i mine skuledagar ei heil tid var kjønssegregert veit eg ikkje, men eg veit at det var eit tema – eit problem – for nokre av mine medelevar (eller foreldra deira) at dans var ein del av gymnastikkundervisninga. Og eg veit at eg las eit lesarinnlegg om det same i lokalavisa Samningen i gymnasdagane mine, seint på 1990-talet.
Eg veit også at denne rørsla i ei viss mon er prega av friviljug segresjon frå storsamfunnet, og at klåre kjønnsrollemønster framleis eksisterer. Endå sterkare utslag har ideane deira for seksualmoral. Det er uhøyrd å liggja saman før ekteskapen, mange giftar seg unge – og i stor grad innanfor sitt eige miljø. Mange går på eigne vidaregåande skular, og hadde kommunen vore større, ville det ikkje forundra meg om einskapsskulen snart stod for fall, på same vis som i Kvam. Indremisjonsmiljøet er også ein av forklaringane på at Kristeleg Folkeparti står sterkt i kommunen, sjølv om hovudforklaringa er ein populær og folkeleg ordførar med bakgrunn i eitt langt breiare kristent miljø. Religion og politikk let seg ikkje heilt skilja åt.
Då eg les dei evinnelege islamdebattane i det offentlege hender det i blant at eg lurer på om denne røyndomen er ukjend for verda utanfor. For meg gjev kjennskapen til eit rotnorsk konservativt religiøst miljø seg fleire utslag. For det fyrste synest eg ikkje religiøs konservatisme i seg sjølv er særleg skummelt. Små religiøse miljø endrar ikkje samfunnet, gjer det ikkje uleveleg, byggjer ikkje om det norske huset, men er ein del av mangfaldet eit liberalt samfunn faktisk gjev oss. For det andre ser eg ikkje skilnaden på å retta kritikk imot konservative miljø som er kristne og rotnorske og konservative miljø som er muslimske og innvandrarprega. Eitt av dei verste utslaga for kristenkonservatisme i indremisjonsmiljøa på Vestlandet er homofobi, noko som også lever langt utanfor desse miljøa. Eg synest synd i den homofile ungdomen som veks opp i eit vestlandsk indremisjonsmiljø, for det er mykje som ligg ann for at dette er eit reint helvete å gjennomgå. Då er det også rimeleg å koma med politisk kritikk. Det same gjeld sjølvsagt, og openbert, i høve konservative islamske miljø; blant anna i høve nettopp homofobi, der enkelte av desse jamvel går så alfor mykje lenger.
Det gjeld òg i høve nikab. På same vis som eg ville ha reagert skarpt dersom indremisjonsmiljø idag skulle freista å pressa dans ut av gymnastikkundervisninga – og det er framleis ikkje eit heilt utenkjeleg scenario – reagerer eg sterkt på at ein representant frå eit reaksjonært islamsk miljø med politiske vyer får reisa rundt på skulane og halda føredrag om bruk av eit plagg som representerer ei langt verre form for sjølvsegregering enn indremisjonsmiljøa har stått for. Det skulle – for å vera ærleg – berre mangla.
Og det skulle – for å vera ærleg – også berre mangla at me diskuterer korleis sosial tvang og forventningar skapar problem for ungdom. I etterkant av at min korte kommentar “Noen ord om nikab” vart publisert i Dagbladet vart eg kontakta av ei kvinne som fortel om ungdomar i hennar omgangskrins som grunna religiøst prega sosialt press knytt til klede føler at det er vanskeleg å delta i friluftsliv, idrett og skulegymnastikk. Eg har liten grunn til å tvila på røyndomen i det. Medan religionsfridomen må og skal forsvarast – og den fridomen også inkluderer retten til å gjera val som gjer livet vanskelegare – bør me i Noreg vera frimodige nok til å diskutera kva me som storsamfunn kan gjera for å syta for størst mogleg fridom for flest mogleg på flest mogleg område. Også dette.

Veldig veldig bra og viktig. Som en som har vokst opp på Flekkerøya i Vest Agder kjenner jeg lignende kristne miljøer. Det skal dog sies at misjonstanken faktisk har en positiv side, i det mange har vokst opp med et grunnleggende positivt syn på andre kulturer, jeg vet ikke hvor mye indremisjons-miljøene også reiser ut?
Forøvrig til sluttpoenget, er det ikke forskjell på en neagtiv aksjon (presse ut svømmeundervisning) og et forsøk på dialog (invitere en ekstremt religiøs kvinne)? Det ene er et inngripen i andres rettigheter, det andre er et tilbud om dialog/forståelse. (Jeg går ut i fra at hun ikke rekrutterer til jihad på skoleforedraget…)