Kort, men god
Ein av tinga eg brukar å gjera når eg er i Oslo er å stikka innom Norli og gå gjennom deira utval av svensk litteratur, bøker ein gjerne ikkje får tak på mine kantar av landet – utanom på internett, sjølvsagt. Det er to årsaker til det.
Den eine er at eg liker svensk krimlitteratur, og på sist Oslo-tur inkluderte fangsten kriminalromanen Idealisten skrive av den svenske riksdagspolitikaren (og tidlegare justisminister) Thomas Bodström, ei grei bok1, sjølv om biletet av Sverigedemokraterna kanskje er litt vel prega av at det er ein sosialdemokrat som har skrive ho. Den andre årsaken er at eg har inntrykk av at den svenske bokmarknaden har mykje av noko eg ofte saknar på den norske, bøker som Tina Thunanders Resa i Sharialand, Magnus Sandelins Den svarte nazisten og Niklas Orrenius Här är allt så perfekt.
Dette biletet av den norske bokmarknaden er sjølvsagt noko for enkelt, men det er likevel slik at eg vert glad når eg kjem over journalistiske bøker – og særleg når eg kjem over interessante bøker som Ellen Reiss reportasjebok Søstre – hvordan unge, muslimske kvinner skaper sin egen frihet som nyleg kom ut på Frekk Forlag. Boka omhandlar dessutan eit tema som har vore mykje framme i samfunnsdebatten, men på ein betre måte: kvinner si stilling i islam som religion. Som det heiter i forlagsredaktørane si innleiing:
[..M]ens vi alle sammen snakker om dette, går en utrolig viktig utvikling sin gang: Unge muslimske kvinner utdanner seg, deltar i samfunnsdebatten, får posisjoner og utfordrer til og med sitt eget miljø. De skaper sin egen frihet.
Som redaktørane også skriv viser boka dessutan det som burde ha vore openbert – men diverre ser ut til å ikkje vera det for ein del – nemleg at islam “ikke er en bestemt ting. Islam er de menneskene som tror på religionen. De kommer i usedvanlig mange sjatteringer”. Rett nok veit eg ikkje kor “usedvanlig” det er, men desse forskjellane vert ekstremt synleg når ein samanliknar bileta av to av unge kvinnene som vert intervjua, den frilynte Nayab (etternamnet hennar vert utelatt) og Islam Net-aktivisten Aisha Shezadi Kausar, som ein ikkje får sjå meir av augene av, resten er gøymd bak ein niqab.
Men forskjellane kjem også meir enn tydeleg fram i svara dei gjev; Kausar er oppteken av “dei lærde” – som i Islam Net-samanhang i hovudsak dreier seg om saudiske salafistar. Nayab er oppteken av ei islamsk kjerne av medmenneskelegheit. – Ja, jeg er muslim, men aller først er jeg et medmenneske. Jeg lytter til magefølelsen og samvittigheten. Om en tolkning går mot menneskeligheten, tenker jeg at den er feil. Jeg kan lese og skrive, hvorfor skal jeg ikke kunne tolke selv?
Nettopp det at Søstre er ei journalistisk bok gjev ho også si største styrke, nemleg at ho kombinerer innsikt med å vera lett tilgjengeleg. Det same kan ein diverre ikkje seia om mykje av den norske litteraturen som er gjeve ut om islam. Men dermed er det også dei journalistiske innvendingane som melder seg. For det fyrste kan ein stilla same spørsmål som Kadra Yusuf gjer i Vårt Land og spørra om ikkje boka fokuserer for mykje på islam, slik at spørsmål og refleksjonar rundt kulturell identitet utover dette vert nedtona. Her kunne til dømes intervjuet med “Araweelo” – bloggaren bak den høgst lesverdige bloggen Bak rosa burkaer og gule mullahskjegg – ha gjeve meir plass til diskusjonane rundt somalisk kultur, på både godt og vondt.
For det andre sit ein att med at det er nokre spørsmål som manglar, også av dei kritiske spørsmåla, utan at eg forsvarer den reine revolvarjournalistikken. Fleire av dei som vert intervjua uttaler seg sterkt kritisk om Islam Net, men Kausar vert tilsynelatande berre konfrontert med noko av denne kritikken. Ein får auge på nokre av dei sentrale skilnadene, på noko av det som gjer at Islam Net skil seg ut – ikkje berre frå dei liberale motstemmene, men og frå meir konservative muslimske grupper – men ein kunne fått auge på meir. Eitt anna døme er der statsvitar Olav Elgvin – som står bak bloggen Muslimprosjektet – “i utgangspunktet” ikkje vil kalla same organisasjon for fundamentalistar, men boka lar det vera noko uklårt kvifor. Er det sjølve omgrepet fundamentalisme han reagerer på? Eller er det noko anna? Her kunne ein med fordel gått noko meir i djupna.
Å påpeika at boka ikkje gjer det, vert kanskje likevel som å ynskja seg ei litt anna bok. Ein av dei store føremonene med Søstre er at det er ei lita bok; 94 sider i eit slags magasinformat. Det gjer at ein kan lesa ho på ein ettermiddag. Og den ettermiddagen er det verd å setja av.
Søstre – hvordan unge muslimske kvinner skaper sin egen frihet
av Ellen Reiss, Frekk Forlag, 2012
Høyr også NRK “Ekko” sitt innslag om boka – som du finn i MP3-format her.
–
Litterær fotnote:
- Men eg må gje Expressen-meldaren eit poeng når han skriv at boka gjer at “svenskt förläggarväsende avslöjas som ett geschäft där man kan få ge ut halvdana böcker om man råkar ha ett känt namn. ↩