NTB og “Breiviks menighet”

I ei NTB-melding frå idag heiter det:

Journalist og forfatter Øyvind Strømmen ga 22. juli-kommisjonen en redegjørelse for ideologien i det han omtaler som «Breiviks menighet», med særlig vekt på konspirasjonsteoriene i det antiislamistiske miljøet.

- Idag er det denne nye anti-islamske høyreekstremismen som er den mest omfattende i Norge, med tusenvis av medlemmer på facebookgrupper som forfekter tilsvarende tankegods og med aktivistiske grupper som Stopp islamiseringen av Norge (SIAN) og Norwegian Defence League, konkluderte Strømmen i foredraget sitt.

Korleis NTB har fått meg til å snakka om ei “menighet”, veit eg ikkje, eg kan ikkje nett hugsa å ha nytta dette ordet (og VG hugsar det tilsynelatande heller ikkje). I føredraget eg heldt for 22. juli-kommisjonen la eg blant anna vekt på inspirasjonskjeldene til Breivik sin ideologi, inspirasjonskjelder eg og synleggjer i boka Det mørke nettet. Menighet? Sjølv om det finst døme på høgreekstremistar som ikkje berre deler store delar av Breivik sitt tankegods, men også uttrykkjer støtte og sympati for 22. juli-terroren, høyrer dette til unntaka.

SIAN og Norwegian Defence League forfeikter idear og førestillingar som har særs mange fellestrekk med tankegodset Breivik legg føre i sitt manifest; noko som sjølvsagt har samanhang med at Breivik har skrive lite av dette sjølv, og istaden har klipt og limt frå ei rekkje kjelder, med såkalla kontrajihadistiske tekstar som den viktigaste kjelda – ikkje minst tekstar skrivne av bloggaren Fjordman. Båe organisasjonane har likevel teke eksplisitt avstand frå Breivik, til liks med Fjordman. Det har rett nok vore ein tendens, også til Noreg, til at islamhatgrupper etter denne markeringa av avstand har funne det opportunt å leggja skulda på ofra, altså på Arbeiderpartiet, eller eventuelt på muslimar, som dei meiner har skulda for det meste som er vondt og gale her i verda – inkludert terror motivert av islamhat.

I etterkant av terroråtaka i sommar har SIAN til dømes markert seg med påstanden “Ingen islam – ingen Oslo-terror”. Dei har elles anklaga Framstegspartiet for “knefall for islamismen”. Sekterisk? Ja, liten tvil om det. Breiviks menighet? Nei.

Det avsluttande sitatet frå underteikna i NTB-meldinga er presist nok, og henta frå mitt paper til 22. julikommisjonen (som du kan lesa sjølv her). Journalisten har rett nok oversett fotnota mi, men kven er det eigentleg som les fotnoter?1. Uansett: der understrekar eg at talet på medlemer på ei facebookgruppe sjølvsagt ikkje må tilleggjast for mykje vekt. At det er den anti-islamske høgreekstremismen som idag er den mest utbreidde forma for høgreekstremisme i Noreg er det likevel liten tvil om, blant anna fordi den norske nynazismen ligg med broten rygg.

Som PST synleggjer i si siste trusselvurdering er det likevel ikkje slik at det norske trusselbiletet er dominert av høgreekstremistar. Høgreekstremt tankegods er berre eitt av fleire trugsmål eitt liberalt samfunn står ovanfor. Som trugsmål bør han verken over- eller undervurderast.

Fotnote:

  1. Ok, nokon gjer visst det

9 Responses to “NTB og “Breiviks menighet””

  1. Martin Knutsen says:

    Man skal vel heller ikke glemme at ABB faktisk var medlem av NDL, så helt ensom ulv var han ikke.

  2. I terrortypologien kommer ensomme ulver – nettopp – fra et miljø. De er imidlertid ikke en del av en terroristisk kommandostruktur.

  3. Rickard Melkersson says:

    Tycker du inte att greenpeace har ett ansvar att inte underblåsa hatiska strömmningar när man marknadsför konspirationsteorier om att franska oljebolag “exolaterar” Nigerias befolkning, och “förgiftar” Nigerias vattendrag? Det finns ju en risk att de inspirerar nigerianska terrorister att kidnappa och mörda människor som jobbar på oljeplattformerna, menar jag.

    Har inte greenpeace ett ansvar att inte bidra till en hatisk stämmning i Nigeria?

    LOL

    • All den tid jeg ikke har sett Greenpeace forfekte verken konspirasjonsteorier eller hat, synes jeg det ville være en smule underlig å angripe dem for å støtte opp under “hatiska strömmingar”. Når det er sagt har alle demokratiske aktører ansvar for å ikke fremme ekstremisme, også miljøbevegelsen. Som anarkoprimitivismen illustrerer er heller ikke “grønn” politisk tenkning fri for ekstremisme.

  4. Geir says:

    Det er mye snakk om miljøene rundt SIAN og NDL i etterkant av 22/07-11. Hvor vil du plassere demokratene, da henholdsvis Vidar Kleppe og Jan Simonsen inn i dette ideologiske «bakrommet». For har ikke Jan Simonsen sluppet lett unna kritikk, for sine tildels ensidige og hatefulle angrep på Islam(muslimer) gjennom mange år?

    • Det er ihvertfall en tydelig overlapping mellom Demokratene og en del av disse organisasjonene. Når det gjelder Jan Simonsen er han vel av de minst ensidige i sitt eget parti, med folk som Demokratene-politiker og FMI-aktivist Amund Garfors i andre enden. Jeg skrive en del om Demokratene i min bok, “Det mørke nettet”.

      Samtidig er det klart at Demokratene beveger seg innenfor et høyreradikalt – ikke et høyreekstremt – univers.

  5. Geir says:

    Ok, men forskjellene mellom høyreradikalt og høyreekstremt er vel noe uklart. I alle fall for oss som ikke har gravd oss like mye ned i materien som du Øyvind. Om du har tid så, så ville jeg satt pris på en rask differensiering mellom de to begrepene/retningen. Og Simonsen er vel helst en henfallen Israel venn, som bruker mye tid på nyheter fra «Det hellige land». Og han er vel kanskje ikke like sentral på ytre høyrefløy som tidligere..

Leave a Reply