Nokre ord om ansvar
Det er min sum av alt hva jeg har sett:
Jeg håper Gud lar nåde gå for rett!
Jeg håper Gud i himmelen vil si:
Rettferdigheten, barn, den glemmer vi.
- Jens Bjørneboe
I ein artikkel der han forklarer oss kvifor det er viktig å lytta til Bruce Bawer når den amerikansk-norske forfattaren kallar Petter Nome, Jostein Gaarder, Thomas Hylland Eriksen, Lars Gule, Anders Heger, Per Fugelli, Magnus Marsdal, Jens-Pedersen, Simen Ekern og Marte Michelet “nye quislingar” har document.no-redaktør Hans Rustad faktisk eit poeng. Poenget er ikkje at det er verdt å bruka tida si på Bawer, det er det ikkje. Poenget er det følgjande:
VG har en leder i dag der man konstaterer at PST for annen gang har tapt i saken mot somalieren som var tiltalt for å ha smuglet 200.000 kroner til al Shabaab. VG føyer til at PST tapte også i saken mot Arfan Bhatti og skytingen mot synagogen i Oslo, som ble nedskalert til grovt skadeverk. Men VG glemmer å nevne eller å sette spørsmålstegn ved tapene. Kan det være fordi det er noe galt med strafferettspleien, at det er domstoler som nekter å se de politiske sidene? Akkurat som mullah Krekar sitter trygt og kan slynge sine trusler mot navngitte politikere?
Om domstolane nektar å sjå dei politiske sidene skal ikkje eg uttala meg om. Men at både skota mot synagoga i Oslo – som definitivt fortener plass i norsk terrorhistorie – og pengeinnsamling og smugling til den somaliske jihadistgruppa al Shabaab har politiske sider er ei sanning som fortener å bli repetert. Det same gjeld sjølvsagt terroren som råka Noreg 22. juli, og det er ei sanning både Rustad sjølv og mange av kommentatorane på nettstaden hans ser ut til å ha vanskar med å innsjå.
Men Breivik gjekk ikkje i moskeen
Det er mogleg denne motvilja mot å innsjå enkle faktum har ein viss samanhang med at terroristen ikkje hang ut i ein moské, men i staden frekventerte kommentarfeltet på document.no. Dette har sjølvsagt gjort at document.no har fått mykje merksemd etter 22. juli, og ein god del kritikk. Ein del av denne kritikken har vore høgst ufortent, til dømes var Breivik aktiv brukar av fleire nettstader enn document.no. Han skreiv kommentarar på Minerva sine nettsider. Han hadde ein brukarkonto på Hegnar Online sitt nettforum, der hatpratet har vore av rimeleg omfattande karakter. Påstander eg ikkje har makta å stadfesta seier at han også hadde ein brukarkonto på VG Debatt, der ein god del idear av det heller lugubre slaget har florert. Ein del norske mediehus ser diverre ut til å meina at det er document.no som skal smaka steiken, sjølv om også dei har vore med på leiken.
Som Anders Giæver – mannen Rustad elles er glad i å skjella ut – påpeiker var det elles “ikke document.no som påvirket Anders Behring Breivik, men Anders Behring Breivik som prøvde å påvirke document.no”, noe “han ikke [lyktes] med”1. Rustad og dei andre i redaksjonen bak document.no har også tidlegare markert avstand til ulike høgreekstremistar, frå Fjordman til Norgespatriotene. Slik sett er det like kunstig å klistra document.no til høgreekstremismen som det er å klistra Framstegspartiet til same; men det er ikkje av den grunn unaturleg å meina at document.no har forfeikta ein del tankegods som bør utsetjast for ramsalt kritikk. Det er også heller tøvete å meina at document.no på ein eller annan måte har ansvar for terroråtaka 22. juli, men det er ikkje av den grunn dumt å meina at document.no fortener kjeft.
For det er ein heil del både Hans Rustad og document.no faktisk har ansvar for. Til dømes har dei ansvar for å trykka ein artikkel der ein gjesteskribent (vel og merka litt…. vel… hypotetisk) tok til orde for ein “religion mot islam”, som “kan samle befolkningen rundt en felles og konstruktiv tro”, og syta for tvangsomvending av dei vantru, inklusive muslimane. Hans Rustad har også ansvar for å skriva nonsens som dette:
Det spørsmålet Benedictow burde stille, er om Norge er på full fart inn i en islamiseringsprosess som vil føre til den samme kulturelle og intellektuelle død som vi ser i islamske land. Muslimene seiler inn på frakkeskjøtene til ML’ere, 68?ere og deres etterkommere, og Jonas Gahr Støre står i døren og ønsker velkommen til gards. Det er et historisk tablå som burde tiltale en maler som Rolf Groven, eller en kulturhistoriker som Karsten Alnæs. Men det skjer ikke, det er helt tyst, og nettopp denne tausheten vitner om at det er sant.
Og ikkje minst har Rustad ansvar for å rosa Oriana Fallaci opp i skyene for ei bok der muslimane vart sagt å formeira seg “som rotter”, der konspiratoriske førestillingar om politikarar, akademikarar og andre som “femtekolonnistar” for ein islamsk invasjon og okkupasjon av Europa vart forfeikta og der holocaustnektarar – interessant nok – vart forsvart og redusert til nokon som “gå[r] gjennom Historien og forteller den på en annen måte enn den offisielle versjonen”. Javisst, Rustad, du har ansvar. Og det ansvaret hadde du lenge før 22. juli.
Ein annan ting Rustad har ansvar for er ein dobbeltmoral av den sjeldne. I den siste artikkelen sitert ovanfor nøler nemleg Rustad ikkje det aller minste med å klistra Aslak Sira Myhre og Marte Michelet til dei venstreekstreme terrorgruppene Rote Armee Fraktion og Brigate Rossi. Det at nokon tek Myhre og Michelet alvorleg er utslag for forfall, “ikke et individuelt forfall, men et kollektivt”, noko ein “kunne forsvare å analysere [...] ut fra samme mal som nazikoryfeenes barn; hvordan har de overlevert og formidlet budskapet?”.
No er ikkje eg framand for å retta rimeleg ramsalt kritikk mot norsk venstreside, men det er ein fordel med ein kritikk som treff, og der må det seiast at Bård Larsen si bok Idealistene – den norske venstresidens reise i det autoritære treff langt betre enn Rustad si samansausing av graut og bløtkake. Årsaken er kanskje at Larsen slett ikkje blandar graut og bløtkake.
“På kanten av pogromen”
Sidan me snakkar om kaker: Rustad sitt ansvar er likevel småkaker og kjeks samanlikna med det ansvaret Peder (Fjordman) Jensen ber på. Jensen er kontrajihadismen sin Sayyid Qutb, ideologen som legg til rette for hatet. Ytringane hans har ein langt meir ytterleggåande karakter enn det som er gjengs på redaksjonell plass på document.no, sjølv om Peder Jensen idag likar å lest som om han berre har drive med ein slags “islamkritikk”. Document.no skriv sjølve at Fjordman “har eit problem” og at han “lot språket løpe av med seg”, samt at det media finn er “ubehagelig”. Eg har lese Jensen sine tekstar i årevis, og dei har vore ubehagelege i årevis, men problemet er strengt tatt større enn at Ålesund-mannen lot språket springa av garde med seg. I essayet Will Holland survive the 21st century? – som document.no syner til – skriv Fjordman blant anna følgjande:
European political elites implement the agendas of our enemies and ignore the interests of their own people. They are thus collaborators and traitors and should be treated accordingly.
Ideen om det store Sviket er i det heile sentralt hjå Jensen, og er også noko han gjentek i essayet “Sviket”, publisert av Ole Jørgen Anfindsen i hans bok Selvmordsparadigmet 2. I dette essayet i Selvmordsparadigmet heiter det blant anna:
Vestlige eliter samarbeider på transnasjonal basis for å demontere sine egne land og knuse den hvite flertallsbefolkningen gjennom multikultur og masseinnvandring. Europeiske ledere demonterer urbefolkningen på et helt kontinent, kulturelt og demografisk. Jeg har uttalt gjentatte ganger at dette utgjør verdenshistoriens største svik, og jeg mener det.
Med andre ord: Europeiske leiarar er forrædarar. Men ikkje berre dèt. Dei er skuldige i verdashistoria sitt største svik, det største forræderiet nokonsinne. Og – seier Jensen i Will Holland… – slik må dei også handsamast. Den sjølverklærde anti-terroristen Jensen seier ikkje noko meir. Men annanstads oppmodar han til å “ta dei passande stega for å verna om vår eigen tryggleik og sikra vår nasjonale overlevnad”. Han seier ikkje noko meir der heller. Fjordman dansar på kanten av stupet, lik dei litterære antisemittane den tyske anti-fascisten og fredsprisvinnaren Carl von Ossietzky omtalte i Die Weltbühne i 1932:3
Disse litterære antisemittene må omgås et stort dilemma. De beveger seg alltid på kanten av pogromen, de smaker på den, men de passer seg for å bli like aktive i den som de medborgere som er mindre tynget av intellekt. Hvorfor så sjenerte mine herrer? Gjør et rykk, slipp løs den indre pøbelen som gjemmer seg i alle antisemitter. Plukk nå opp en hestepære, kast den i ansiktet på den jødiske medborgeren og skrik “jødesvin” etter ham. Dere vil føle en lettelse, og dere vil, ettersom vi lever i Tyskland, også finne en rett som møter deres plagede tilstand med forståelse. [...]
Nå om dagen behøver ingen skribent med dårlige nerver å anstrenge seg. Et treffende ord holder for å bringe hendene i bevegelse. I vår tid er luften tung av bloddunst. Den litterære anti-semittismen leverer bare de immaterielle våpen til å slå i hjel. Resten besørger den tapre og ærlige Hansen med sin velsignede kraft.
Eg er jamnt over forsiktig med å samanlikna med 1930-talet – sidan det den gongen var slik at statlege myndigheiter for alvor kasta seg på bølgja av hat, og det endelege resultatet i fleire land vart eit industrielt massemord – men det ville sanneleg ha vore interessant å samanlikna nokre av reaksjonane på von Ossietzky sin ramsalte tekst den gongen med reaksjonane på dei som vågar å nytta ordet “ytringsansvar” i dag. Det får vera ei oppgåve for historikarane.
Eg skal venda attende til notida, og til utgreiinga frå dei sakkyndige, der det vart konkludert med at Breivik er paranoid schizofren. I ei av samtalane med dei sakkyndige vil ikkje Breivik seia noko om hemmelege koder, men han fortel at “forfatteren Fjordman skriver veldig mellom linjene, men det forstår alle. Det er ikke myntet spesielt på meg”. Inneber det ansvar for Jensen?
Nei, Jensen kan vanskeleg seiast å ha ansvar for kva Breivik har lest mellom linene, men det er noko anna Jensen har ansvar for, og det er kva som står på linene, dansen langs stupet, konspirasjonsteoriane han har forfeikta, hatideologien han har vore ein sentral bidragsytar til på nettet, ein hatideologi som har eit openbert valdspotensiale. Det ansvaret hadde Jensen før 22. juli, og det ansvaret har han også etter 22. juli.
Fjordmans “maskulinisme”
Og lat oss ta ein gjennomgang av nokre av Jensen sine tekstar, og sjå på akkurat kva han meiner. Me kan byrja med eitt av dei nær 40 essaya av Jensen som Breivik fann det naturleg å inkludera i sitt såkalla “kompendium”, essayet The Failure of Western Feminism. Her går Jensen til åtak på feminismen, som han meiner har gjort at mennene i vår “stamme” (ja, det er ordet han nyttar) svake og demoraliserte, noko som fører til at kvinnene vert gjort til slavar.
I Peder Jensen sitt univers har norske kvinner sjølv – “to some extent”, som han seier – skuld i valdtekter, fordi dei “have been waging an ideological, psychological and economic war against white men for several generations, believing that this would make [them] ‘free’”. Resultatet av denne påståtte krigen – som for dei fleste av oss handlar om framsteg i likestillinga – er at kvinner i dag har “less freedom of movement and security than ever, as a direct result of the immigrant policies supported by you and your buddies”.
Her gjev Peder Jensen norske kvinner ansvaret for at dei vert valdtekne, fordi dei har stemt på feil parti, fordi dei ikkje deler han dystopiske fantasiar, hans verdsbilete og hans konspirasjonsteoriar, men ikkje minst fordi dei har kjempa for likestilling gjennom ein påstått “ideologisk, psykologisk og økonomisk krig” mot kvite menn. Og det er sjølvsagt eit standpunkt han har ansvar for. Det same gjeld det følgjande:
Which means that if you break down men’s masculinity, their willingness and ability to defend themselves and their families, you destroy the country. That’s exactly what Western women have done for the last forty years. So why are you surprised about the results? As you said, you can’t fool Mother Nature. Well, you have tried to fool her for a long time, and you are now paying the price for this.
Feminismen har altså – ifølgje Fjordman – brote ned menn sin maskulinitet. Slik øydelegg feminismen landet. Men det er sjølvsagt eigentleg marxistane sin feil, for dei har utsett vestlege kvinner for “systematic Marxist indoctrination meant to turn you into a weapon of mass destruction against your own civilisation, a strategy that has been remarkably successful”. Heile den greia med likestilling? Eit marxistisk påfunn. Meint å få deg, kvinne!, til å verta eit masseøydingsvåpen mot sjølve sivilisasjonen.
No har eg tidlegare skrive om kvifor Fjordman passar som fot i hose på ein statsvitskapleg definisjon på fascisme, men eg vedgår at eg der ikkje fokuserte på denne maskulinitetstenkinga – som er eit trekk ein finn i mange fascistiske rørsler. Norske media kunne godt ha dratt fram desse riktig festlege skjeletta frå Fjordman sin omfattande garderobe.
At Ole Jørgen Anfindsen – som i oktober uttrykte at Anders Behring Breivik har “et visst poeng” i at “hele vårt politiske system” er “falskt” – nyleg fann det verdt å hevda at Peder (Fjordman) Jensen har gjeve oss “såpass viktige bidrag til forståelse av samfunnsutviklingen i Vesten de siste tiårene at det blir feil å nekte å forholde seg til hans tekster” er for øvrig eit godt døme på den forvirringa som rår i Anfindsen sitt hovud. Og det har han Gud betre meg ansvar for, sjølv om han maktar å sjå at det er nokre av Jensen sine synspunkt som er “kort og godt uakseptable”.
Etnisk rensing
Det stoggar sjølvsagt ikkje med draumar om eit slags etterkrigssamfunn utan den hersens marxistiske likestillinga – innført berre som våpen for å utsletta vår sivilisasjon – Fjordman går lenger. Og no skal me ta turen til eit essay frå våren 2011, eitt av dei som ikkje har kome med i Breivik sitt klipp-og-lim-manifest. Me snakkar om Peder Jensen sitt essay Preparing for Ragnarök. I dette essayet presenterer Fjordman sine vanlege dystopiar, no fora av blant andre den franske nouvelle droite-tenkjaren Guillaume Faye, ein av dei sentrale ideologane i den nyfascistiske GRECE-rørsla 4. Men Faye er strengt teke meir forsiktig enn Jensen.
I dette essayet skriv Jensen blant anna følgjande5:
Erfaring forteller oss også at hvis to eller flere forskjellige befolkninger bebor samme land, vil de til slutt blandes. I kombinasjon betyr dette at den eneste måten den europeiske sivilisasjon kan blomstre i det lange løp, er hvis vi har store territorier spesielt reservert for folk som er overveldende av demografisk europeisk avstamning. I de tilfellene der dette har gått tapt trenger det å bli gjenopprettet. Ideer er viktige, men kulturen følger primært gener.
I tillegg at dette er ein reinspikka genetisk rasisme, og vanskeleg kan tolkast som noko anna enn ei oppmoding til etnisk rensning, er det sjølvsagt nettopp den typen idear som passar som fot i hose med tidlegare nemnde Roger Griffin sin definisjon på fascisme. Fascismen er “a revolutionary form of nationalism [inspired by a core myth] that only a populist, trans-class movement of cathartic national rebirth (palingenesis) can stem the tide of decadence”. Faktisk er nettopp dekadense noko som står sentralt i Preparing for Ragnarök. Med utgangspunkt i Faye skriv Fjordman at “the current advanced state of decadence owes much to the secularization of Christian charity and its modern egalitarian offshoot, human rights”.
Og det revolusjonære aspektet passar han sjølvsagt også på å få med. Litt seinare i essayet heiter det6:
Dette innebærer også at for første gang på århundrer vi er underdogs. Det er mange historiske eksempler, fra de persiske invasjoner i antikken til de muslimske invasjonene senere, der europeere har mestret vårt beste når vi har vært underdogs. Kanskje vi kan gjøre det samme når den multikulturelle galskapen forsvinner. Vi må da sørge for at de som har kjempet for de giftige ideene til multikulturalismen og masseinnvandringen av fremmede stammer forsvinner med den. Hvis det skjer, kan vi gi våre etterkommere en ny start og legge grunnlaget for en ny renessanse, der den europeiske sivilisasjon kan blomstre igjen.
Dei som har kjempa for dei giftige ideane må ifølgje Jensen “forsvinne”. Slik at me kan gje etterkomarane våre ein “ny start”, og leggja grunnlaget for ein “ny renessanse”. Dette er revolusjonær fascistisk retorikk med eit openbert voldspotensiale. Og det er sjølvsagt retorikk Jensen har eit ansvar for.
Men ikkje berre Fjordman
Men det er ikkje berre Peder (Fjordman) Jensen som har eit ansvar her. Også norske media har eit ansvar, om enn av ein heilt annan type. Det er greitt nok at Jensen slepp til med sutring over at politiet har vore “slem” med han. Det er greitt nok han slepp til med artiklar der han framstiller det som om kritikken mot han er fordi han er “svært kritisk til islam og stiller spørsmål ved hva som skal til for at et demokratisk samfunn skal kunne fungere”. Jamvel fascistar må få lov å snakka i det offentlege, om om redaktørar synest det er greitt å bruka spalteplassen sin på deira propaganda, ja, så må dei gjerne gjera det.
Eg forventar likevel at norske mediahus også nyttar litt ressursar på heilt grunnleggjande journalistisk gravearbeid. Og dette er ikkje gravearbeid av det tunge slaget – ein slepp å leita i Nasjonalbiblioteket sine arkiv eller å leita fram ein eller annan Deep Throat blant IT-alderen sine brunskjorter. Det heldt faktisk å lesa dei mange essaya Fjordman har skrive. Få fram i ljoset kva denne mannen står for. For ein ting er sikkert: Islamkritikk er det ikkje.
Og visst pokker har Peder Jensen ansvar. Det hadde han lenge før Anders Behring Breivik sette seg i bilen på veg til Oslo. Bør han dømast? Neppe. Bør han straffast? Neppe. Bør han ha lov til å halda fram med å spreia fascistisk tankegods? Joda, ytringsfridomen gjeld for fascistar også. Men ein ting bør Jensen ikkje få lov til. Og det er å sleppa unna med sin hatske ideologi nærast uimotsagt. Difor fortener Breivik sin forsvarsadvokat all ære for å villa kalla han inn i vitneboksen. Der – om ikkje andre stader – står ikkje Jensen sjølv for regien. Der – om ikkje andre stader – kan han ikkje delta i ein debatt på berre sine eigne premissar.
–
Fotnotar til folket:
- ei anna sak er at Breivik fann ei del støtte i kommentarfeltet til document.no, men sjølv om ideane han la fram der var ytterleggåande, så skilde dei seg ikkje dramatisk ut på noko vis ↩
- Dette er noko Anfindsen definitivt har ansvar for, til liks med at han har ansvar for å spreia kvasivitskapleg tøv – som eg har omtala i tre bloggpostar: 1, 2, 3 ↩
- Ivar Bakkes oversettelse ↩
- jf. t.d. Roger Griffin, Fascism, Oxford University Press, 1995, s. 350, 371 ↩
- I vepsen.org si omsetjing, skrivefeil justert av underteikna ↩
- Som over ↩


Jeg har mistanke om at det omsider ikke vil være en så selvfølgelig sammenheng mellom retorikk og idealier/ideer som man nok ellers kunne frykte, når en har å gjøre med uttalelser som artikkelforfatter tar tak i; disse sitatene som tydeligvis er forenklede argument ment å virke interessant eller kanskje bare overbevisende hvis en spekulerte i at forenklingene skulle kunne spille på andres folks dumhet/overbevisninger.
Jeg blir sittende å lure på om folks holdninger kanskje er så ille som en kan frykte, at en masse mennesker rundt omkring har en slags bevissthet om sin absolutte forakt for enkeltmennesker eller grupper av mennesker.
Er bare det at jeg tenker dette da vil være mye verre enn det å bare gi uttrykk for å ville håne folkegrupper som sådan. To nyanserte problemstillinger om virkelige forhold som kanskje ikke kan påvises (hva er det alle folk egentlig går rundt og tror selv?).
Jeg aner at det vil være vanskelig å omsider kunne skille fascistisk retorikk fra fascistisk ideologi. Vil tro at det blant de “større” politikere i USA er en trang til å buse ut med fordummende ytringer for å appelere til folks dumhet. Sånn sett kan man vel ane, at en kobling mellom fascistisk retorikk og fasicstisk ideologi blir umulig, hvis man hele tida skal ha seg til å overstyre egne forutintattheter om f.eks hva “Amerika” skal måtte bety. Selve statsdriften og den offisielle politikken tenkes da forstått som en mulig “hvitvask” av det man ellers måtte tro er motivasjonen hos velgermassen. Siden statsvitere formodentlig (er ikke sikker) har et heller snevert syn på hvordan en stat skal kunne drives, så tror jeg ikke de vil engang ville innrømme noen bestemt sammenstilling mellom folk flest og den politikk som staten nok bedriver, slik at det (for folk flest?) kan være vanskelig å engang bli trodd på at de populistiske strømningene som til enhver tid er rådene (formodentlig) former politikken. Altså at praksis og idealer sånn for statsvitere tenkes å være styrende, selv om menneskers liv og leven i inn- og utland i stor grad er påvirket av folkemassen som jo er det man liker å tro er hoveddelen i et demokratisk styrt land. Slik at folk flest tror politikken har en bestemt betydning og lever sine liv ut fra dette.
Hvis ikke “our interests” (sikkerhet da foruten) i så henseende blir å forstå som noe grunnleggende fascistisk, da veit ikke jeg. Nasjonalisme blir i så fall å forstå som en slags metode vil jeg påstå. Så da kan man vel undre seg; hvis man mener man har med nasjonalisme å gjøre, hvordan er det da meningsfullt å tenke omkring det fascistiske?
Når det gjelder det man kan tenke på som maskulinitet (tradisjon i vår tid?), så lurer jeg på om tilhengere av eh dét egentlig ser for seg følgende utopi: at folk flest (alle og enhver) blir såpass egenrådige at ubehageligheter i samfunnet vil forsvinne; videre at egenrådigheten hos den enkelte ikke lengre kan tenkes være kuet eller tenkes utilbørlig forledet av politikk eller utvikling som de kanskje ville mene gjorde dem mindre egenrådige og da tenkes forstått som å være mindre maskuline.
Da jeg leste noe på internett her i dag, så kom jeg til å tenke på den franske psykoanalytikeren Jacques Lacan, som på et senere tidspunkt i livet sitt tok for seg dette som er betegnet som “sinthome”. Inntil videre så synes det for meg rimelig å spekulere; at dette er ment å undergrave det autonome med det jeg vil kalle maskuline “symptom”, hvor symptom i så henseende er å forså som noe utelukkende autoritært. Altså, noen (de autoritære) mener du “har” et symptom (psykiatri), ergo er du syk, dermed basta.
En kunne tro at en undergraving av det som jeg aner kan tenkes som “det maskuline” i psykiatri var utelukkende en trussel, men i dette tilfellet ville det anti-maskuline med ‘sinthome’ måtte innebære den type autonomi og egenrådighet som ellers var kjent for det “maskuline” generelt. Så om den “maskuline” psykiatrien (antagelig basert på eldre psykoanalytisk teori mistenker jeg), så vil det autonome og det egenrådige ikke egentlig bestå av verken det autoritative med gruppen og ei den enkeltes trang til autoritet overfor andre. Sånn sett kan man tenke seg (mener jeg) at de som så å si gir uttrykk for savn av “maskulinitet”, da forstås som å mangle en tenkt egenrådighet, men da paradoksalt for en gruppe av mennesker (folk, div grupper av mennesker). Sånn sett kunne man vel tenke seg dette da var snakk om en “frihetskamp”, til tross for en retorikk som muligens/antagelig er basert på å tja kanskje ville forlede andre til å tro på løfte om at ting ska være så enkelt å få til. En trang til enkle løsninger altså, som nok ville også virke som noe rent praktisk i et politisk perspektiv, da en gruppe vil kunne gjøre seg opp formålstjenelige oppgaver med en selverklært selvhøytidlighet.
Med det internasjonale og det overnasjonale og slike trender som innvanding (sånn veldig generelt, folk flytter på seg ganske enkelt), så kan jeg så skjønne at det internasjonale eller bare det overnasjonale, blir noe et hinder for nasjonalister i sin hm søken etter å nå sine mer eller mindre utopiske mål.
Vil til slutt bare nevne at jeg er selv ingen nasjonalist hvis noen skulle komme til å tro det.
Det kom dessverre til at jeg fikk skrevet “Sånn sett” i starten av er par setninger like over her. Klønete formulert, men det får bare stå.
Jeg er enig i kritikken av Fjordman, make no mistake, men det er en setning som du lister, men som likevel har appell hos mange. Det går på dette med konsekvensene av innvandringen og verdenshistorie. La meg gi et eksempel fra Nederland. 57 % kaller innvandringen den største feilen i landets historie. :
Van de 1.069 ondervraagden noemt 56 procent de islam een bedreiging voor de Nederlandse identiteit en 57 procent vindt het toelaten van grote groepen immigranten de grootste vergissing uit de Nederlandse geschiedenis.
http://www.elsevier.nl/web/Nieuws/Nederland/186947/Immigranten-toelaten-grootste-vergissing-ooit.htm
Hva betyr så dette i forhold til Fjordman? Det betyr så lenge innvandringen fortsetter og det er få som taler tydelig om det store bildet, slik det sees av de 57 %, så er det mange som fokuserer på det som de er enige med ham i, fremfor det ekstreme fascistiske.
Det finnes definitivt nativistiske ideer i dagens Europa, men så er det også noen som har gjort sitt beste på å selge dem.
Jeg er kanskje en av dem, Øyvind. Nativistene, hvis det er det flertallet av nederlenderne kan kalles?
Kombinerer en kriminaliteten til marokkanere i Nederland med en verdenshistorie som er proppfull av motsetninger mellom folkegrupper, så mener jeg det er ganske klart at innvandringen har vært et stort feilgrep. Det samme har for så vidt også en kjent statsleder fra etterkrigstidens Tyskland også sagt relativt nylig.
Det greie med deg er forøvrig at selv om vi kan være rykende uenig om innvandring, så er vi ellers enige om hvor mange av grensene går i debatten og hvem som bryter dem, f.eks. Fjordman.
Disse skillene synes dessverre litt for mange å overse, eller velge å overse, og det gjelder på begge sider av innvandringsdebatten. Det fører til at mange innvandringsentusiaster siden demoniserer alle sine motstandere, og tilsvarende til at mange innvandringskeptikere ikke tar nok avstand til fanatikere som ikke respekterer demokratiske spilleregler og som vil gå lengre enn bare å lukke grensene.
Jeg tror ikke man blir nativist – som er litt smalere som begrep – av å ha noen nativistiske ideer, da, vel og merke. Men ideene er ikke konstante, og de påvirkes ikke bare av bakenforliggende årsaksforhold (f.eks. ghettoisering, ungdomskriminalitet, en venstreside som har vært for tafatt, liberalere som har vært det samme, etc), men også av salgsfremstøt. Og salgsfremstøtene fra nasjonalistisk kant har vært sterke i blant annet Nederland. Dessuten har nok den islamistiske snikmorderen Mohammed Bouyeri sørget for at folk som Tofik Dibi og Abdelkader Benali, for å nevne et par, har blitt en del av et “historisk feilgrep” – noe de ingenlunde fortjener.
Men diskusjonen om historiske feilgrep er heller ikke så interessant; både fordi innvandringen var et resultat av faktorer som var litt større enn politikken, globaliseringen banker også på hjemme, og den startet lenge før; og fordi virkeligheten nå tross alt er slik den er i dag, det er den man må forholde seg til og det er i den man må finne politiske løsninger, ikke minst for å bekjempe gærninger og galskap i flere leire.
Ett av de store problemene med Fjordman er at han vil reversere tilbake til en tenkt – langt på vei innbilt – fortid, han sier ikke noe særlig om hvordan, men det er det han vil. Det er en anti-modernistisk modernisme som ligner på en del annen slik rundtom i verden.
Ellers så synes jeg det er ganske ålreit å snakke med folk uavhengig av politisk ståsted, så lenge de befinner seg innenfor det jeg anser som et demokratisk spekter, eller kommer ok ut på det jeg kaller “kan-jeg-drikke-øl-med-dem”-skalaen (mange muslimer vil jo unnlate å drikke alkohol, men brus er forsåvidt også ok). Jeg er rivende uenig med folk både til høyre og til venstre for meg, men med de fleste av dem kan jeg likevel gjøre som Stealers Wheel og synge: “Clowns to the left of me, Jokers to the right, here I am, Stuck in the middle with you”.
@Øyvind
Salgsfremstøt… eller høner og egg?
Jeg har en litt annen holdning enn deg til når det gjelder årsakssammenhenger. Det er opplevelsene som påvirker tankene og mottageligheten for ideer. Om man bare pøser på med innvandring, så blir opplevelsene mer og mer negative. Dermed blir det også mye større mottagelighet for ekstreme ideer.
I forhold til islam i Europa, så har det hver eneste gang endt med etnisk renskning, mens forholdet til den jødiske minoriten var anstrengt nok også. La oss ikke glemme den groteske eufemismen nazistene brukte for sitt ene massemord. Enda verre har kanskje forholdet til og behandlingen av sigøynerne vært.
Jeg har ikke det minste tro på at noen av de samme mekanismene vil gjelde også i fremtiden, selv om jeg har håp om at det ikke blir like ekstremt.
Bare det at halvparten av tyskerne sier at det er for mange muslimer forteller en del, da implikasjonen er at de vil ha dem bort. Det er bare et tidsspørsmål før det formuleres av flere enn Wilders og da er man utenfor de ideene som vi begge kunne tenke oss å diskutere over en øl.
Fremfor å ha hovedfokus på de som fyrer opp, noe som jeg mener er et Sisyfos-arbeide uansett, så kan man i stedet prøve å unngå at problemer oppstår (eller i dette tilfellet øker), gjennom å ikke tillate dagens store innvandring.
Sagt på en annen måte vil jeg heller være føre var, enn etter snar. Better safe than sorry.
Strømmen: Det finnes definitivt nativistiske ideer i dagens Europa, men så er det også noen som har gjort sitt beste på å selge dem.
I høyeste grad! De som har utviklet nativistiske ideer lengst, er våre egne etniske samer. Er du imot dagens samiske urbefolkningsrettigheter, siden du bruker nativisme nesten som et skjellsord?
Jeg er kritisk til enkelte sider ved urfolkspolitikken, ja.
Selv insisterer jeg på at Fjordmans posisjon ikke er “innvandringskritisk”, han har jo åpenbart innslag av det men det er andre aspekter som er dominerende i Fjordmans pespektiv. “Innvandringskritikk” blir i så fall også en svært sekkepost, alt fra praktiske spørsmål om morsmålsopplæring til drastiske forslag om etnisk rensing. Jeg er selv “innvandringskritiker” i betydningen at innvandringen ikke er uproblematisk, men jeg nekter å bli plassert i samme bås som Fjordman (ideologen Fjordman, ikke privatpersonen Peder Jensen).
Pål Hivand er svært kritisk til hvordan samenes retter blir fremstilt i bl.a. NRK. Han mener at Finnmarksloven er misforstått eller blir fremstilt feil, han mener at loven ikke er en etnisk lov, se Hivands blogg.
Ut fra kommentarfeltene til avisene får man inntrykk av at det finnes svært mange som har relativt ekstreme meninger. Er det de samme personene som går igjen slik at man får et inntrykk av at det er flere enn det egentlig er, eller er det noe som tyder på at det er en økning av ekstreme holdninger.
Øyvind kan mye mer om dette enn meg, men min erfaring fra et par debattfora er at det for ett debattforum gjerne dreier seg om en hard kjerne på 10-15 personer som er nokså enige, som kjenner hverandre i form av pseudonym og som trekker hverandre opp. I tillegg gjør kanskje det anonyme formatet at mange overdriver og fremstår mer ekstreme enn de er live.
@Konrad
Power laws (80-20 på folkemunne) gjelder for veldig mange sosiale fenomener.
@Konrad
Noe annet er at fenomenet ikke er sær-norsk. I London har en julekonsert(!) blitt angrepet av afrikanere som brukte situasjonen i Kongo som påskudd.
Det er ikke mange leserkommentarer, men de er tydelig at de som har skrevet bobler over av raseri og vrede. Om kommentarer som den følgende, som foreslår steining, burde stå i the Telegraph er en annen sak:
Of course they are angry. The 100% turnout in favour of Joseph Kabila was quite clearly down to carol singers in Trafalgar Square. Stoning is too good for these warblers.
http://www.telegraph.co.uk/news/uknews/crime/8949752/Charity-carol-concert-attacked-by-Congo-protesters.html
Jeg kan være tilbøyelig til å være enig med mye av det signaturen Aesop her skriver. Restriksjoner og innstramming på innvandrinspolitikken, med det for øye å prøve å få til en litt mer bærekraftig utvikling er på sin plass og har igrunnen vært det altfor lenge. Dette er også den mest effektive skruen vi kan stille på, gitt at det blir gjort i tide.
Det er ganske mange gradsforskjeller, eller et hav av forskjell, fra det å være en advarende observatør/kritiker til å være en fullblods kontrajihadistisk aktør. Men det som er sikkert som amen i kjerka er at ved å påføre de europeiske sekulære demokratier mørke krefter som islamisme og islamistisk jihad, så vil denne styggedommen nødvendigvis finne sin speiling på den andre siden. Eller for å bruke Newtons 2. lov som metafor: Kraft = motkraft. Ideologer som Qutb,
jihadistiske yppersteprester som Bin Laden og mullah Krekar, hele veien ned til fotsoldater og terrorister vil alle finne sine motstykker og speilbilder. Enkelte etnisiteters overrepresentasjon på kriminalitetsstatistikkene virker også som bensin på bålet når det kommer til polarisering. Ekstremistene og utskuddene på begge sider vil definere konflikten og sette agendaen, til de sivilisertes store ulykke. Både siviliserte, nyanserte innvandringskritikere og siviliserte, moderate muslimer vil kunne bli skadelidende grunnet båssetting og guilt by association.
Det kunne være på sin plass å ta kritikere/observatører som Carl I. Hagen, Chr. Tybring Gjedde, Hege Storhaug og Hans Rustad (som jeg selv til en stor grad er enig med i mye av deres innvandringskritikk) mer på alvor, i stedet for å skyve også slike ut i kulda, med den nedrigste rasiststempling og ABB-medansvarliggjøring. (Jeg er forøvrig enig i at Fjordman har gått for langt, og har krysset grensen fra analysator/kritiker til selv å bli en kontrajihadistisk sjefsideolog).
En annen allegori som kanskje kunne være egnet til å illustrere hva jeg mener med å trekke en distinksjon mellom advarende, analyserende kritikere og konfliktskapende medløpere og aktører er følgende: Da jeg var i militæret i Indre Troms hadde vi der om vinteren omfattende kursing på snøskred, både hva angikk å være føre var og hvordan en skulle forholde seg i forhold til redningsarbeid hvis uhellet først var ute. Jeg opplevde på ingen måte kursholderne å stå i ledtog med skredet og å ønske flest mulig døde. Slik blir det også i forhold til advarende innvandringskritikere som fortsatt sverger til demokratiet som arena og metode. Det var etter min mening ved å lytte til mange av disse vi faktisk hadde hatt noen sjanse til å kunne avverge eller minimalisere følgene av konfliktene som er under oppseiling i dagens Europa.
Naiv sinnelagsetikk vil spille fallitt så det holder. Det er å misforstå menneskets sanne, og akk så destruktive, natur. Beinhard konsekvensetikk er hva vi skulle ha satt vår lit til i stedet, selv om det innebærer i større grad å stenge døra og ikke påta seg den totalt urealistiske oppgaven med “å redde verden”.
Jeg synes nok Strømmen opererer med en litt kort årsakskjede, som det også har blitt vist til på document.no, der han ikke ser ut til å tillegge foranledningene til nettdebattene (faktiske samfunnsforhold) på langt nær den samme vekt som han tillegger nettdebattene som sådan for å skape uhyrer og beist som ABB. Noe foranlediget også nettdebatten. “Hva kom først, høna eller egget?”. Når det er sagt synes jeg likevel Øyvind Strømmen framstår som kunnskapsrik, viser evne til nyansert og balansert tenkning og utmerker seg som en det går an å forholde seg til og å ta seriøst.
Kort fortalt: Jeg opplever at både Rustad, Hagen, Tybring-Gjedde og Storhaug befinner seg solid plassert innenfor en demokratisk diskurs.
Jeg er imidlertid grunnleggende uenig med dem, og jeg mener at blant andre Rustad fortjener sterk kritikk for f.eks. sin omfavning av Oriana Fallacis rene, skjære hatprat – jeg har lest Fallacis siste bøker, og det med betydelige innslag av kvalme vellende opp i halsen, siden man her faktisk snakker om litteratur med paralleller til mørkere kapitler i europeisk historie. Jeg kommer heller ikke til å begynne å bli enig med dem grunnet andre utfordringer mot det åpne samfunnet. Tybring-Gjeddes og Kent Andersens “Drømmen om Disneyland”-kronikk blir ikke noe mer smakfull – eller noe mindre smakløs – av at mulla Krekar eksisterer.
Peder (Fjordman) Jensen befinner seg derimot utenfor vanlig demokratisk diskurs, der han plasserer seg gjennom å blant annet ta til orde for direkte etnisk rensning, om enn i tilsynelatende tilforlatelig terminologi.
Videre: Kraft og motkraft er en fysisk lov, og vanskelig å overføre direkte til politikken, men dersom man faktisk skal gjøre det gjelder denne loven begge veier. Europeisk nativisme er en gavepakke til radikale islamister. Jeg anser det ikke som tilfeldig at man i Danmark både har et stort høyreradikalt parti (selv om de må sies å ligge noe til venstre i økonomisk politikk) – Dansk Folkeparti – og et relativt sett stort miljø av radikale islamister i Hizb-ut-Tahrir. Hizb-ut-Tahrir spiller opp DF, DF spiller opp Hizb-ut-Tahrir.
For øvrig anser jeg svært gode konsekvensetiske årsaker å ligge fore for å være svært kritisk til fremvoksende nasjonalisme, både i en moderat – men nasjonalsjåvinistisk – utgave, og i mer ytterliggående utgaver. Men det kommer jeg tilbake til i et langt essay snart
.
Ser fram til å følge dine videre betraktninger innenfor feltet. Vi trenger absolutt en som tar ditt perspektiv på disse tingene. Det gjelder å få til en grenseoppgang i forhold til hva som er demokratiets og anstendighetens siste utpost. Veien kan tydeligvis være kort fra å applaudere kritikere som jeg nevnte over, til å befinne seg i dårlig selskap sammen med utskudd man ikke vil assosieres med. Så en bevisstgjøring på hvilke krefter som rører seg er på sin plass.
Mitt eget perspektiv og innfallsvinkel til innvandrinskritikk er dessverre at jeg uforskyldt har vært utsatt for grov kriminalitet med ikke etnisk norsk gjerningsmann (-menn), hvor jeg har fått innsikt i en trussel-, æres-, klans- og hevmentalitet jeg før ikke trodde eksisterte i dette landet. Da kan det være fort gjort å la seg henføre av nettdebatter og tildels også nokså grumsete sådan. Men den siste tidens utvikling har vist viktigheten av å bestrebe seg på å lande på den rette siden. Der har vi alle et ansvar.
[...] dette er helt gjennomgående i Fjordmans retorikk, selv om teksten Sviket i Anfindsens bok er småkaker og kjeks sammenlignet med for eksempel essayet Preparing for Ragnarök. Videre er det et ubestridelig faktum [...]