Om galskap og ideologi
Anders Behring Breivik er funne å vera strafferettsleg utilrekneleg av dei psykologisk sakkyndige. På blant anna Facebook ser eg folk som meiner dette “sparkar bein” under “prosjektet mitt”. Nokon hevdar også at eg har argumentert mot at han skulle vera klinisk gal, og at dette er provet på at eg har teke feil heile tida.
Ja, hadde ikkje det vore komfortabelt? Men eg har sjølvsagt aldri argumentert med at han ikkje er gal, eg har tvert imot understreka – blant anna i dette intervjuet med VG – at han openbert er gal i ein kvar folkeleg forstand av ordet. Eg sa:
Det er mange som har vært kjappe med å avfeie han som gal. I enhver folkelig forstand av ordet er han jo, men samtidig er det ideologiske aspekter her.
Dei kliniske vurderingane har eg overlete til folk som har greie på det, og det har eg tenkt å halda fram med, nettopp fordi det ikkje er mitt fagfelt. Sjølv har eg lenge oppfatta Breivik som sprute sprø, men det er i den folkelege forstanden av ordet, og det er ein folkeleg forstand eg nok også kan koma til å bruka på ein del andre personar, inklusiv ein heil del av skribentane som har fronta standpunkt tilsvarande Breivik sine på internett.
Fagfeltet mitt er journalistikk, og som journalist har eg særleg arbeidd med politisk og religiøs ekstremisme. Ein biverknad av dette er å lesa mykje Donald Duck, for å sleppa frå galskapen, bokstaveleg tala. Ein annan biverknad av dette er at eg har lese ein god del litteratur om terror, i ulike land og i ulike samanhangar. Og dermed kjem me til eit anna punkt, eit punkt eg etterkvart har gjenteke i ein del nettdebattar, men som det i lys av rapporten frå dei sakkyndige vert endå meir naudsynt å repetera: det er ingen motsetnad mellom galskap og ideologi. At Breivik vert rekna som strafferettsleg utilrekneleg, som klinisk sprø, tyder ikkje at ideologien han legg føre vert uinteressant eller uvesentleg. Det at nokon er klinisk galne, tyder ikkje at dei ikkje kan setjast i samband med ei ideologisk rørsle. Det at ein har psykologiske årsaksforklaringar, utelukkar ikkje andre. Som eg skreiv i eit innlegg i Vårt Land for nokre dagar sidan:
Vidare spør [Roy Jacobsen] om det er rett å sjå på Breivik som eit «produkt av det norske samfunn», før han tek oppatt at Breivik «i mindre grad enn noen annen [later til] å være formet av et bestemt miljø». Det sentrale ser ut til å vera Breivik sin karakter, med andre ord psykologiske forklaringar. Og det er for såvidt eit poeng: Ein kjem ikkje unna å sjå på psykologien til både Breivik, McVeigh eller for den del Mohamed Atta. Men det skurrar likevel. Anders Behring Breivik høyrer nemleg utvilsamt heime i ein ideologisk samanhang, og det er ikkje særleg vanskeleg å finna fram til denne.
For å skjøna ein vidgjeten terrorist som Muhammed Atta er ein altså også nøydd til å sjå på psykologiske forklaringar, og det er skrive ein heil del om både Atta og andre Al Qa’ida-terroristar sin psykologi. Kva er det som får dei til å bli terroristar? Eit døme på denne tilnærminga kjem frå psykolog Stephen A. Diamond i ein høgst lesverdig artikkel i Psychology Today. Diamond skriv blant anna følgjande:
The problem, of course, is that the United States makes a perfect target for the unconscious transference–and I am using this term in the classic psychoanalytic sense–of anger, rage, resentment and embitterment toward parents and other authority figures onto the ultimate symbol of Western materialism, power, wealth and capitalism: America, “the great Satan,” as radical Muslims hatefully refer to it.
Dette er ikkje mitt felt, og når eg skriv om islamsk ekstremisme fokuserer eg naturleg nok på det eg faktisk kan noko om, nemleg ideologien bak. Den er i folkeleg forstand rablande sprø. Det er også god grunn til å tru at ein del salafijihadistiske terroristar har djuptgåande personlege problem som ligg som ei av forklaringane bak terrorismen. Det ville vera naivt å oversjå. Men det vil også vera naivt å oversjå nettopp dei ideologiske samanhangane. Det same gjeld for høgreekstreme.
Høgreekstremisme er mitt kompetansefelt, og det er på ingen måte slik at dei samanhangane eg peiker på er avhengig av at Breivik er strafferettsleg tilrekneleg. Det er ikkje fyrst gongen høgreekstrem tenkning opptrer saman med galskap. Det er ikkje ein gong fyrste gongen det gjer det med valdeleg utfall i Noreg. Seinast idag trykte Aftenposten ein interessant artikkel om ei grotesk sak som eg også har nemnd i ein del føredrag. Dei har skaffa fram meir informasjon om saka enn den eg hadde funne fram til, men eg har lese innlegg på nettet som ser ut til å ha vore skrivne av den aktuelle gjerningsmannen. Og dei innlegga var til å kjenna att i både stil og politiske poeng. Aftenposten skriv:
Natt til lørdag 23. august 2008 ble seksbarnsfaren Mahmed Jamal Shirwac (46) fra Somalia drept med 13 skudd i sin egen bil fordi han var mørkhudet. Drapsmannen var en 26-åring fra Oppdal, som fikk diagnosen psykotisk. Nye opplysninger Aftenposten kan legge frem i dag, dokumenterer at drapsmannen i flere år brukte mye tid på de samme høyreekstreme nettstedene som Anders Behring Breivik.
Døma Aftenposten gjev er ikkje kontrajihadbloggarar, men blant anna Stormfront – som er ein nynazistisk nettstad. Her hadde Breivik ein brukarkonto som eg har makta å finna fram til (det går rykter om fleire), men han identifiserte seg ikkje med nynazistisk ideologi. Frå artikkelen til Aftenposten kjem det fram at heller ikkje drapsmannen frå Oppdal fyrst og fremst var oppteken av jødar. Det var muslimar som var både hatobjekt og mål. I bustaden hans fann politiet eit ark med overskrifta “Skal i sommer:”, der dette var nokre av punkta: “Drepe muslimer om sjansen byr seg, [...]brenne ned moskeer og muslimske bygg”.
- Eit uttrykk for psykose, forklarte tiltalte i retten. Og der var dei sakkyndige samde. Men kvar kom akkurat desse førestillingane frå? Skulle det brått vera eit uvesentleg spørsmål fordi mannen vart definert som klinisk gal? Diverre vart svaret ja i saka i Trondheim, som bistandsadvokaten til offeret sin familie, Karianne Tilseth Berg, seier til Aftenposten: – Siden det tidlig ble slått fast at han var psykotisk, ble det aldri noen full gjennomgang av saken og omstendelighetene rundt drapet.
Eg er glad for å ha bidrege til at gjennomgangen av den 22. juli ikkje har vore prega av den same unnfallenheita. Det heldt ikkje å koma med enkle avfeiinga av Breivik som gal før dei sakkyndige sin rapport, og det heldt heller ikkje å gjera det etter dei sakkyndige sin rapport. Dømet frå Trondheim åleine viser at Breivik slett ikkje var ein einsam galning. Galskapen hans vert delt av fleire, og diverre er det også slik at – uttrykket islamofobi (som eg ikkje er vidare glad i), til trass – dei knappast er klinisk galne alle ihop. Ein del av dei er sprø berre i folkeleg forstand.
Og dømet frå Trondheim er heller ikkje det einaste. Som eg syner til i innlegget i Vårt Land har det vore tilsvarande døme også i andre land. Eg skal ta to døme også her. I Belgia skaut ein ung mann, Hans van Themsche, ned tre personar på gata i Antwerpen i 2006. Han gjorde det i jakt på menneske med utanlandske utsjånad. To av dei tre døydde, ei kvinne får Mali som arbeidde som barnepassar, og den to år gamle flamske jenta ho passa på. Hendinga førte til mykje debatt i Belgia, der ein del også peikte på det flamske høgreradikale partiet Vlaams Belang – som har klårt fascistiske røter – sitt ansvar, noko som nok hadde samanhang med at eit nært familiemedlem av drapsmannen var ein ikkje ubetydeleg politikar i partiet. Medan også eg meiner at det vert noko for enkelt å peika på Vlaams Belang i denne samanhangen, meinte 24% av belgiarane meinte at partiet bar eit medansvar gjennom å ha forfeikte djupt framandfiendtlege, rasistiske standpunkt gjennom mange år. Berre det at spørsmålet var stilt syner i det minste ein ting: Hans van Themsche vart sett på i ein samfunnsmessig samanhang. Det var det all grunn til. Då politiet ransaka bustaden hans fann dei høgreekstrem propaganda. Nettstader som Stormfront hamna også i søkjelyset i Belgia i etterkant av hendinga.
Hans van Themsche vart for øvrig ikkje rekna som strafferettsleg utilrekneleg, og vart dømd til fengsel. Tyder det at ein kjem unna å sjå på psykologisk forklaringar? Neppe.
Eit anna døme er den såkalla Lasermannen 2 i Malmö – ein drapsmann som til liks med van Themsche gjekk etter innvandrarar. Mykje tyder på at Peter Mangs – som han heiter – var psykisk sjuk. Men Mangs hadde i tillegg eit liv på nettet prega av – for å sitera Aftonbladet – «främlingsfientlighet blandat med konspirationsteorier». Og ikkje berre dét; det var også dei som fann det riktig å hylla Mangs på nettet. Ein kar i Falun skreiv til dømes på Facebook at han skulle ønskt det fantest ein lasermann i kvar einaste svensk by. Det var eit politisk ynskje, eit ynskje som fortel ein heil del. Om galskap. Iallfall i folkeleg forstand. Men og om ideologi.
I avsluttinga til boka mi skriv eg det følgjande:
Terrorangrepene den 22. juli var nemlig et dødbringende symptom på en sykdom som favner flere enn de ensomme ulvene eller “en gærning”, slik enkelte ønsker å avfeie Breivik som, kanskje det er mer komfortabelt. Sykdommen er det flere enn Breivik som må svare for. Det er det også flere enn islamhaterne som bør.
Sjukdomen eg snakka om der var ikkje paranoid schizofreni. Men det tyder ikkje at me bør lata vera å snakka om han.
—
Oppdatering, 29. november, 21:40: Per Sandberg i Framstegspartiet meiner at uttala frå dei nedsette psykologane ikkje heldt. Sjølv vil eg unnlata å synsa om dette, sidan eg ikkje har utdanning av noko slag på fagfeltet. Men eg skal gje Sandberg rett i at det nok er fleire som vil krevja ei ny vurdering. Personleg synest eg den vurderinga som er gjort burde leggjast fram. Eg stør såleis nettstaden Vepsen.
Oppdatering, 29. november, 23:55: Jeg registrerer at en kommentator på document.no sier “hva vil Øyvind Strømmen si?”. Svaret er ganske enkelt: Det samme som jeg har sagt hele tiden. Det er forsåvidt mer interessant å se de som nå – tilsynelatende – forsvarer spredere av hatideologi, støtte til serbiske krigsforbrytere og ideer om etnisk rensning… og det fordi Breivik er funnet klinisk gal.
Det er disse og tilgrensende miljøer jeg har skrevet om i “Det mørke nettet” og i en rekke artikler, ikke alle og enhver med “kritisk syn på norsk innvandringspolitikk”. Det har også jeg, da jeg blant annet synes at saker som denne er et tragisk utslag for rigid fortolkning av regelverket. Fremskrittspartiet har et kritisk syn på innvandringspolitikken som går andre veien. Jeg har kritisert Fremskrittspartiet, javisst, men jeg har også forsvart dem. At en del av de som deltar i kommentarfeltet på document.no har problemer med å forholde seg til hva jeg faktisk skriver om; og istedenfor dikter opp sin helt egne “Øyvind Strømmen” som mener helt andre ting enn undertegnede… vel, det er neppe mitt problem.


Jeg forstår bekymringen til Eivind Rindal, som er redd for at den rettspsykiaternes konklusjon skal isolere Breivik til kun et isolert psykiatrisk problem, eller diagnose. Men man kan snu på flisa, og si at nå blir det lettere å advare mot den høyreekstreme ideologien, og disse miljøene, med argumenter om at en kan bli syk av et slikt ensidig fokus og perspektiv.
Og vandrer man for lenge i en dyster og hatefull ideologis som den høyreekstreme kan sies å være, ja så kan en ende ut som paranoid, og i verste fall med alvorlige psykoser. For er en i et miljø der en ensidig fokuserer på en liten snever del av virkelighet, kan dette i verste fall skape syke mennesker.
God aften, Strømmen.
Ang psykose.
“Men kvar kom akkurat DESSE førestillingane frå?”
Nettopp!
Min hypotese er at folk nok ble “psykotiske” for
10 0000 år siden også. Men INNHOLDET fx hos en
indianer den gang dreide seg neppe om muslimer ..
Altså: Psykosers innhold ramler ikke ned fra himmelen.
Det er historisk og sosialt bestemt.
Jeg tror det miljøet og den ideologien Breivik tidlig søkte seg inn i, var med på å forverre hans mentale sykdom. For han utviklet en besettelse for den islamske fare. Han kunne selvfølgelig ha utviklet andre besettelser, men kanskje ikke så ødeleggende som den ideologisk begrunnede berserkgangen han begikk den 22/07-11. Men for all del, dette er bare synsing, og noe vi aldri vil få sikre svar på…
@Geir
Kanskje Geir. Jeg møtte ham. Referatet er gitt politiet og jeg har vært i avhør. I møtet mellom leserne og document var han litt ute på noen områder, men mest på en måte som fikk meg til å bli oppgitt.
Etterpå pratet jeg med ham og han virket tilsynelatende normal, riktignok med en litt veldig sterk politisk interesse som lå et stykke til høyre for det som jeg interesserte meg for. Samtalen fløt greit og jeg pratet åpent, men kanskje i ettertid så har det slått meg at den kjemien og varmen jeg ofte får med andre manglet. Bestemte meg for å ikke følge opp samtalen med ham der og da i hvert fall, tross at han var på min alder og jeg kjente få utenom jobb/studier i Oslo.
Senere ble det mer tydelig at han hadde ekstreme tanker. Et norsk EDL til å sloss med Blitz foreslo ham. Til da hadde han ikke vært ekstrem, så innlegget passerte ubemerket først. Da jeg så det protesterte jeg dog og redaksjonen så umiddelbart også at dette var noe de ikke ønsket. Så reagerte Breivik på det. Mente vi fryktet å miste kontrollen, Rustad og jeg, men det var ikke problemet vårt. Det var volden vi ikke ville ha. Det slo meg at han ikke fanget dette opp og det reagerte jeg på, men jeg skrev ingenting.
Det slår meg at ingen har takket de to rettsoppnevnte BB-psykiaterne for at de gir menneskeheten sårt tiltrengt oppreisning. For meg er det en stor trøst at mannen blir erklært sinnsyk og utilregnelig – og gjerningen som sådan et resultat av et maltraktert sinn. Hvor var vi som mennesker om han ble definert innenfor normalen og tilregnelig, som den fødte psykopat, genetisk ute av stand til å endres gjennom miljø og alt det andre som skiller oss fra dyrene?
Dette innlegget er slettet. Innlegget inneholdt påstander om identifiserbare personer, hvorav noen ikke umiddelbart lar seg bekrefte eller sannsynliggjøre.
Selv om innlegget viser til en rekke voldssaker der gjerningsmennene kan se ut til å ha hatt ulike former for politiske motiver, men ble funnet å være strafferettslig utilregnelige, og følgelig tok opp et interessant og relevant tema, finner jeg ikke å kunne publisere det. En særlig grunn er et av eksemplene baserer seg på rykter, men også de andre mangler referanser. I saken der rykter refereres var det også påviselige faktiske feil i fremstillingen i kommentaren; da det refereres til flere gjerningsmenn, men bare et drapsoffer, mens det i realiteten var to mennesker som ble drept av en psykotisk gjerningsmann.
Da kommentaren er skrevet anonymt og uten å oppgi en fungerende e-postadresse, er denne kommentaren lagt inn for å forklare kommentator hvorfor innlegget ikke er publisert.
mvh
Øyvind
Den opphavelege Lasermannen hadde då òg psykiske problem? Eg meiner å minnest at han hadde vore tvangsinnlagt på psykiatrisk sjukehus nokre år før han byrja å skyte innvandrarar. Tykkjer det er mange parallellar både psykologisk og ideologisk mellom Ausonius/Stannerman og Breivik. Begge hadde til dømes ein periode som jappete finansmann/næringsdrivande og mykje av den reaksjonære ideologien er felles.
Jag har också tänkt på paralleler mellan Ausonius och Breivik. Vet inte hur långt man ska dra psykologiska parallelerna, dock… Efter att ha läst Gellert Tamas bok “Lasermannen”, så får jag intrycket att Ausonius hade symptom som en icke-expert mycket enklare kan associera till mental sjukdom. Han läste samma sida i sin lärobok om kemiteknik varje dag, etc.
Slik jeg har forstått det er det ikke slik at psykosens innhold opptrer isolert. Men at en paranoid shizofren vil utvikle sykdommen sin uavhengig av innholdet. Med andre ord. Breivik ville blitt syk uansett.
[...] har allereie kommentert dei sakkyndige si vurdering av Anders Behring Breivik som strafferettsleg utilrekneleg. Der [...]