Misforståingar om fascismen

1991: Den flamske politikeren Filip Dewinter står på talarstolen, som er pynta med Vlaams Blok sin partilogo. Store, svarte bokstavar på oransje bakgrunn. – Ja, seier han, Vlaams Blok vel eige folk fyrst. Ja, Vlaams Blok vel eit flamsk Flandern. Ja, Vlaams Blok vel eit kvitt Europa.

I ein artikkel av underteikna i tidsskriftet Humanist i 2009 kan du lesa om det britiske partiet British National Party, eit parti med tydelege fascistiske røter. I dag har BNP to representantar i europarlamentet. Dei er ikkje åleine om denne arven. Partiet Vlaams Belang, som er den direkte arvtakaren til Vlaams Blok i den nordlege, nederlandskspråklige regionen i Belgia har også to medlemer i europarlamentet, Frank Vanhecke og Philip Clayes.

- Det er eit parti styrt av fascistar. Filip Dewinter er ein fascist. Me må sjå røyndomen i auga, sa den dåverande belgiske utenriksministeren Karel De Gucht på belgisk fjernsyn i 2004.

Nokre månader tidlegare hadde Vlaams Belang vorte det nest-største partiet i det flamske parlamentet, med 24 prosent av dei flamske stemmene. De Gucht sitt eige parti, liberale VLD (eit søsterparti av Venstre), fekk til samanlikning 19,8 prosent. Var dette eit desperat forsøk på å ta ein politisk motstandar? Eller leverte De Gucht ei ubehageleg sanning om Vlaams Belang og dermed om flamsk politikk?

For å kunna gje eit svar er det ikkje berre naudsynt å sjå nærare på partiet si historie, men også naudsynt å vurdera kva fascisme eigentleg er for noko. Ein kan ikkje stikka under ein stol at ordet vert nytta som skjellsord – noko blant anna Framstegspartiet har vorte utsett for. Ein kan heller ikkje underslå at definisjonar av fascismen varierer sterkt. I denne artikkelen vil eg sjå på ulike definisjonar av fascismen, og samstundes syna til konkrete døme vedrørande Vlaams Blok og Vlaams Belang.

På den måten kan me også få rydda vekk tre vanlege misforståingar om fascismen:

  1. Fascismen var mest av eit tysk og eit italiensk fenomen
  2. Fascismen døydde i 1945
  3. Det viktigaste utslaget for fascisme etter 1945 er nynazismen

Den italienske fascismen, og berre den

Nokre vel ein smal definisjon når dei skal snakka om fascisme, og viser til den historiske italienske fascismen, slik han var i tida før og under andre verdskrigen. For historikarar kan det absolutt vera relevant å nytta denne definisjonen, som skil den italienske fascismen under Mussolini frå beslekta rørsler i andre europeiske land. Etter denne definisjonen er Vlaams Belang ikkje eit fascistisk parti, og det vil i det heile finnast få fascistiske parti frå etterkrigstida, med unnatak av Movimento Sociale Italiano i Italia, og nokre av dei seinare avleggjarane av dette partiet, som Azione Sociale.

Men skal ein halda seg til denne definisjonen vil også mange av førkrigstidas fascistiske rørsler falla utanom, jamvel om dei sjølv kalla seg fascistiske. Det viktigaste britiske fascistpartiet, Oswald Mosley sitt British Union of Fascists, skilte seg til dømes frå den italienske varianten. Blant annet foreslo BUF ein type korporatisme med klåre britiske særtrekk, der House of Lords – «ein anakronisme» – skulle bytast ut med eit overhus sett saman av folk som hadde markert seg særskilt på eit eller anna vis. BUF sin kvinnepolitikk skilte seg også frå både den italienske fascismen og den tyske nazismen, BUF var langt meir positive til kvinner på arbeidsmarknaden enn det til dømes Mussolini og dei italienske fascistane var. Det fascistiske partiet inkluderte jamvel kvinner som hadde vore svært aktive i suffragette-rørsla i Storbritannia.

Dei belgiske rexistane, som i førkrigstida stod svært sterkt i den sørlege, franskspråklege delen av landet, samt norske Nasjonal Samling og den tyske nazismen, vil også falle utanfor ein slik smal definisjon.

Desse døma er berre nokre av mange som synleggjer ei relativt vanleg misforståing rundt fascismen som ideologi. Mange har ein tendens til å betrakta ideologien som eit italiensk og eit tysk fenomen. I røynda fanst det fascistiske rørsler i ei lang rekkje europeiske land, nokre meir amatørmessige, andre meir slagkraftige, men alle med politiske idear som var beslekta med kvarandre. I Noreg i mellomkrigstida var ikkje berre Nasjonal Samling aktive, men også langt mindre grupper som Den Nationale Legion og NNSAP. Tankegodset hadde også appell inn i meir ordinære borgarlege miljø, og – ikkje minst – i bonderørsla. Eit kjent døme er leiarartikkelen frå Norges Handels- og Sjøfartstidende den 27. desember 1933, der redaktøren kritiserer “partivesenet” og ber om “litt fascisme, hr. statsminister”. Artikkelen tek likevel avstand frå å nytta “de diktatorariske former som revolusjonære tilstander i visse land har nødvendiggjort” i Noreg. Sjølv om avstandstakinga ikkje er større enn at ein godtek desse som naudsyne i andre land, gjer dette at dømet er langt frå det grellaste.

Eit grelt døme på jødehat finn ein i eit brev frå Namdalen sin redaktør Peder Jæger-Leirvik til Bondelaget sin formann Johan E. Mellbye. Jæger-Leirvik skriv:

Når jeg xxxxx gjentagende er kommet ind på dette, er det fordi jeg mener det danner et springende punkt i bondereisningen, ikke bare i vort land, men verden over. Som jeg til min glæde fik indtryk av var en almindelig oppfatning under møtet i Trondhjem. Kampen mot jødetyrranniet maa føres paa bred front. Og jeg haaper denne mer og mer maa bli markert i bondeprogrammet. For det er vel igrunden her det avgjørende skillet mellom Bondepartiet og de andre politiske partier ligger. Jeg haaper ogsaa hele landes bondepresse er opmerksom paa dette.

Seinare vart Jæger-Leirvik – og ei rekkje andre profilerte medlemer av bonderørsla – medlemer av Nasjonal Samling. Etter 2. verdskrigen vart Jæger-Leirvik dømd i ein av dei uhorveleg mange landssviksakene. I 1949 var har også ein av dei som deltok eit opprop for et “samhold av individuelt samarbeidende personer” som skulle “søke å vekke våre myndigheters samvittighet for den urett, som etter vår mening er begått mot titusener nordmenn, -folk som har ment å tjene sitt land på beste måte”.

Ein definisjon for fascismen før 1946

Andre vel ein breiare definisjon, og søkjer å inkludera nettopp rørsler som nokre av dei nemnde, ikkje minst som eit analytisk verktøy for å samanlikna dei ulike fascistrørslene.

Ein av dei som langt på veg vel denne framgangsmåten er den leiande fascismeforskaren Stanley G. Payne, som opererer med ein definisjon som blant anna inkluderer ideen om ein autoritær stat, ei positiv haldning til valdsbruk og eit ynskje om å byggja eit imperium, eller i det minste endra nasjonen sitt tilhøve til andre nasjonar radikalt. I tillegg inkluderer Payne antikonservatisme, antikommunisme, antiliberalisme, understreking av «det maskuline prinsippet» og ein tendens til «autoritær, karismatisk, personfokusert leiing».

Det moderne, flamske partiet Vlaams Belang nemnd innleiingsvis passar til dels til fleire av desse kriteria. Partiet vil blant anna ha ein uavhengig flamsk republikk som dei også meiner må inkludera hovudsakleg franskspråklege Brussel og fleire område som i dag høyrer til det franskspråklege området i Belgia. Delar av partiet soknar dessutan til eller sympatiserer med organisasjonen Voorpost, som er «heilnederlandsk», og ynskjer å sameina Flandern og Nederland, som dei gjerne kallar «Nord-Nederland» (i kontrast til Flandern som Sør-Nederland). Dei mest ekstreme ynskjer jamvel å innlemma område nord i Frankrike som i tidlegare tider var flamskspråklege, det såkalla Fransk-Flandern.

Samstundes er det andre kriterium Vlaams Belang passar dårleg til, framfor å vera anti-konservativt er det til dømes svært oppteke av å framstå som nettopp konservativt (utan at det er noko nytt trekk). Dessutan er partiet i dag svært langt unna å vera uttalt positive til valdsbruk, men i staden opptekne av å teikna seg sjølv i ei rolle som offer for vald, til dømes for politibrutalitet mot nasjonalistiske demonstrantar.

Når det er sagt har Vlaams Belang definitivt koplingar til organisasjonar med meir openberre valdsromantiske idear. Partiet si tidlege historie heng nøye saman med historia til den paramilitære gruppa Vlaamse Militanten Orde. Eit anna døme er den nasjonalistiske studentorganisasjonen Nationalistisch Jong-Studentenverbond – som vart starta av blant andre den sentrale VB-politikaren Filip Dewinter sist på syttitalet, og som sidan har både forsvunne og gjenoppstått. På nittitalet publiserte NJSV ein plakat med bilete av ein skinhead med balltre, ein keltisk kross og teksten: «Links gespuis blijft best thuis, want Nationalistisch Jong-Studentenverbond» (Venstreavskum bør helst halda seg heime, fordi NJSV). Det til trass vil Vlaams Belang, til liks med ei rekkje andre parti med klåre fascistiske røter, falla utanfor Payne sin definisjon.

I sum kan ein utan tvil konkludera at Payne sin definisjon er godt eigna dersom ein søkjer å samanlikna fascistiske rørsler i Europa i perioden 1914-1945, som også er sentralt i Payne si eiga forskning.

Payne sin definisjon gjer det blant anna mogleg å trekkja skiljeliner mellom fascismen og andre typar autoritær nasjonalisme i den same tidsperioden. Dersom ein skal freista å følgje fascismen sin vidare utvikling etter andre verdskrigen, ideologisk, organisatorisk og politisk, kjem Payne sin definisjon til kort. Vlaams Blok vart grunnlagt seint på syttitalet, som ei samanslåing mellom Vlaams Nationaal Verbond (Flamsk nasjonalt forbund) og den radikale fløyen av Vlaams Volkspartij (Flamsk folkeparti), og høyrer heime i ein annan politisk kontekst. Payne fokuserer kort oppsummert på kva fascismen var og ikkje på kva fascismen er.

Og dette er den andre utbreidde misforståinga om fascismen som ideologi, nemleg trua på at han døydde saman med Adolf Hitler og det tyske riket i 1945. Som eg skal visa nedanfor, er det langt frå tilfelle.

Etter nederlaget

På midten av femtitalet hadde det gått opp for mange europeiske nyfascistar at det tyske nederlaget i andre verdskrigen signaliserte slutten på ein tidsalder og at det var naudsynt å reformulera den fascistiske ideologien. Fascismeforskaren Roger Griffin oppsummerer denne prosessen ved å slå fast at «nokre fascistiske revisjonistar søkte å finna måtar å reorientera sin strategi for nasjonal gjenfødsle bort frå politikk som var opent karismatisk, sjåvinistisk, paramilitær, fokusert på masserørsle og sentrert rundt ei leiarkult». Desse nyfascistane meinte at det var naudsynt å utvikla ein ny diskurs som på same tid tok vare på den grunnleggande kjerna i fascistisk ideologi, og samstundes skilte seg frå nazismen og den italienske fascismen.

Eit konkret døme er Oswald Mosley. Mosley hadde under andre verdskrigen vore internert av britiske myndigheiter, men etter krigen vende han snart attende til politikken. Seint på førtitalet grunnla Mosley eit nyfascistisk parti kalla Union Movement – ein allianse mellom heile 51 ulike organisasjonar. Prosjektet var heller mislukka, men Mosley heldt fram med sitt politiske arbeid. I eit essay i det tyske nyfascistiske tidsskriftet Nation Europa – grunnlagt av ein tidlegare SS-offiser – i mai 1956 gjekk han inn for «ei syntese av dei beste elementa i fascismen og i det gamle demokratiet, med ny tenkning for å møta nye fakta i den nye tidsalderen lagt til». Dette skulle vera ei «organisk lære [...] i slekt med fortida og samstundes ansvarleg ovanfor framtida». Mosley gjekk inn for ein Europa-orientert «europeisk sosialisme» og for «Europa, ein nasjon». I lys av dei to «rivaliserande kjempene», Amerika og Russland, meinte Mosley at det var naudsynt med komplett integrasjon «av dei europeiske folka» dersom «den europeiske sivilisasjonen skal overleva og utvikla seg vidare».

Eit halvt tiår før han publiserte denne artikkelen hadde Mosley vore med å på grunnleggja den Europeiske Sosiale Rørsla. Denne rørsla vart kalla Malmö-rørsla etter byen der ho vart grunnlagt. Gruppa såg føre seg eit «europeisk imperium» og etterlyste «spirituell gjenskaping av mennesket, samfunnet og Staten». Blant andre sentrale figurar på møtet som førde fram til dette forsøket på ein nyfascistisk internasjonale var svenske Per Engdahl og franskmennene Maurice Bardèche og René Binet.

Som det framgår av Per Bangsund si bok Arvtagerne var det også nordmenn som deltok på møtet, trass i at hovudfokus i den norske organiseringa av fascistar etter 2. verdskrigen var protest mot rettsoppgjeret etter krigen gjennom det såkalla Forbundet for Sosial Oppreisning (gjerne omtala berre som Forbundet). Engdahl, som hadde vore aktiv i den svenske fascistiske rørsla i fleire år, heldt kontakten med sine norske likesinna, og var jamnleg omtala – med betydeleg varme – i spaltene i avisa 8. mai, ei avis som samla NS-veteranar. Same året som Malmökonferansen gjekk av stabelen, 1951, vitja Engdahl også Oslo. Der leverte han – igjen ifølgje 8. mai – “sin vanlige blendende foredragskunst” med “halvannen times utredning om de tanker som rører seg hos dem som har innsett at de nåværende politiske ideologier bare fører mer og mer i fortapelsen”. 

Han skraut av “en sterk og målbevisst internasjonal organisasjon med aktiv tilslutning fra framstående personligheter innen de forskjellige land”. Året etter var Engdahl på ny i Noreg, då i samband med eit stevne i Forbundet.


Over: Varmomtale av den “svenske reformismen” i avisa 8. mai.

I røynda var nok ikkje Engdahl si rørsle så sterk. Berre nokre månader etter Malmö-konferansen hadde fleire medlemer bryte ut og skipa Ny Europeisk Orden, ein meir radikal organisasjon som etterlyste ein «europeisk rasepolitikk» og omtala Holocaust som «nokre få tusen jødar og degenererte som døydde grunna tyfus i arbeidsleirene». Her var både Binet og Bardèche involvert, saman med den sveitiske holocaustnektaren Guy Amaudruz.

Bardèche hadde allereie før dette markert seg med boka Nuremberg ou la terre promise (Nürnberg eller det lova land), ein holocaustfornektande klassikar. I denne boka hevda han at delar av bevisa rundt konsentrasjonsleirene var forfalska og at dei drepte eigentleg døydde grunna sult og sjukdom som eit indirekte resultat av krigføringa. Ifølgje Bardèche var nazistane si endelege løysing eigentleg ei overføring av jødane til «det dei kalle eit jødisk reservat, ein slags europeisk ghetto, eit gjenetablert jødisk fedreland i aust». Sjølvsame Bardèche skulle nokre år seinare markera seg som forfattar av eit standardverk innanfor etterkrigsfascismen, boka Qu’est-ce que le fascisme? (Kva er fascismen?). Bardèche – som det ville vera vanskeleg å definera som fascist om ein nytta ein smal definisjon basert på den historiske italienske fascismen eller for den del på fascistiske rørsler fram mot 1945 – kalla seg sjølv «ein fascistisk skribent», og meinte at det var naudsynt å gå bort frå den tyske og italienske fascismen sine «feil og overdrivelsar». I boka søkte han etter ein «fascisme for i dag», i kamp mot den vestlege kapitalismen og den austlege kommunismen. Han understreka blant anna:

Det eine partiet, det hemmelege politiet, dei offentlege framsyningane av cæsarisme, sjølv nærværet av ein førar er ikkje naudsynte trekk for fascismen [...] Dei velkjende fascistiske metodene er under konstant revisjon og vil halda fram med å bli revidert. Viktigare enn mekanismen er ideen som fascismen har skapt for seg sjølv av mennesket og av fridom [...] Under eit anna namn, med eit anna ansikt, og utan noko som avslører bilete frå fortida, i form av eit born me ikkje kjenner att og hovudet til ein ung Medusa vil Sparta-ordenen verta fødd på ny, og paradoksalt nok vil den, utan tvil, vera den siste bastionen for fridom og søt livsglede.

I jakten på ein ny fascisme heldt Bardèche imidlertid fast på fleire element: nasjonalisme, sosialisme, anti-kommunisme og autoritarisme. Han heldt også fast på sterkt anti-demokratiske haldningar, og oppfordra ikkje til parlamentarisk politikk, som han kalla ein «farse».

Om me vender attende til dømet Vlaams Belang er det verdt å nemna at Bardèche var ein ven av Vlaams Blok-grunnleggjaren Karel Dillen, som også omsette «Nuremberg ou la terre promise» til nederlandsk i 1951. Koplinga mellom Bardèche og Vlaams Blok som parti finn ein frå partiet sine tidlege dagar. Roeland Raes, seinare parlamentarikar, skreiv til dømes ein heil serie artiklar om «den store europearen» i det VB-nære tidsskriftet Dietsland-Europa i 1980. 14 år seinare – året før han vart valgt inn i det flamske parlamentet – fortalte han korleis han framleis flittig las boka, og understreka at ho godt synte det grunnleggjande for «verkeleg nasjonal-revolusjonær haldning og handling». Då Bardèche døydde i 1998 skreiv Dillen eit varmt minnesord i Vlaams Blok sitt eige tidsskrift. I dette siterte han blant anna frå eit brev Bardèche hadde sendt han tidlegare same år:

Trass i alle forskjellane som kan skilja ein flamlending frå ein franskmann, ein europear frå ein annan europear, ein mann av høgresida frå ein annan mann av høgresida, gav uttala hans meg ein beskjeden stolthet [...]: «Var me, kjære Karel Dillen, dei siste forsvararane av livets tre mot dets triste forfall? Gjennom ditt forsvar av den flamske jorda og av menneska av dise rase, forsvarer du også alle dei andre menneskeplantane av alle dei andre rasene. På same vis forsvarer einkvar som forsvarer sitt eige folk også alle andre folk, alle andre menneke. For fridomen og livet som han krevjer for sitt folk, krevjer han også samstundes det same for andre gjennom ideane han spreier. Slik er kampen din ikkje berre for Flandern, men for alle folka i Europa, og sjølv utanfor Europa sine grenser for alle folka som ikkje vil ha det ideologiske fengselet.

Dillen avslutta minnesordet med å sitera Nietsche: Was er lehrte, ist abgetan; Was er lebte, wird bleiben stehn: Seht ihn nur an – Niemanden war en untertan! På denne måten markerte ein av Vlaams Blok og Vlaams Belang sine mest sentrale menn avskjed til ein av dei mest sentrale nyfascistiske ideologane i etterkrigstida.

Paramilitarisme som del av definisjonen

Sosiologen Michael Mann søkjer i boka Fascists å gje eit svar på kven fascistane var, kor dei kom frå, kva motivasjonar dei hadde og korleis dei oppnådde makt. Eit sentralt poeng for Mann er at fascismen ikkje var avgrensa til verken Italia eller Tyskland, men at det fantest ei rekkje ulike variantar av fascistisk doktrine og praksis, på line med det ein finn for andre politiske rørsler. I tillegg til Italia og Tyskland ser han sjølv nærare på blant anna austerrikske, ungarske og rumenske fascistar.

Mann understrekar samstundes at fascismen i motsetnad til sosialismen ikkje hadde nokon systematisk teori, og at dei ulike fascistiske teoretikarane opererte innanfor ein lausare Weltanschauung, ei rekkje syn som hang saman, men der ulike fascistiske rørsler gjorde ulike utval. Mann definerer sjølv fascismen som jakt etter ei gjennomgripande og reinsande nasjonal statsmakt gjennom paramilitarisme. Det siste ser han på både som eit nøkkelkonsept og ein nøkkelmetode for fascistane: «Fascismen var alltid uniformert, marsjerande, væpna, farleg og radikalt destabliserande».

Mann sitt fokus ligg – som Payne – på den historiske fascismen fram til 1945. Han ser på fascismen som eit resultat av ein konkret historisk kontekst som ikkje lenger finst i Europa, og understrekar i boka sitt konkluderande kapittel at høgrepopulistiske parti i dagens Vest-Europa er prega av motstand mot innvandring, snarare enn av idear om ein reinsande nasjonalisme. Dessutan har desse partia ikkje nokon eigentleg paramilitarisme, og partitoppane ser på valdsbruk som negativt, ein måte å mista stemmer på. I tillegg framhevar han proteststemmer med ein regional forklaring, blant anna nettopp i Flandern.

Sjølv om Mann kanskje vil vera usamd, kan ein påstå at definisjonen hans vil inkludera nokre nyfascistiske parti. Ungarske Jobbik har ein paramilitær ving (sjå biletet) som er både uniformert, marsjerande og involvert i åtak på minoritetsgrupper, og partiet spelar dessutan ganske openlyst på den fascistiske arven frå tida før andre verdskrigen. Partiet er også klåre i sine åtak på tradisjonelle minoritetar i landet, og ikkje berre på innvandrarar. Det som i mine auge er mest problematisk med Mann sin definisjon er likevel at han utelet fascistar som – iallfall utad og iallfall i fyrste omgang – forkastar valdsbruk som verkemiddel og i staden vel brei deltaking i parlamentariske val, jamvel om ideologien deira har vakse fram frå tradisjonelt fascistisk tankegods. Definisjonen stengjer jamvel ute grupper som sjølv kallar seg nyfascistiske, noko også Mann sjølv er inne på.

Folkenasjonalisme, den oransje boka og VMO

Det kan vera verdt å diskutera fleire element ved Vlaams Belang i lys av Mann sin definisjon, som altså inneheldt fem element: nasjonalisme, trua på ei sterk statsmakt, ein overgripande (transcendent) ideologi på tvers av blant anna klasseskilje, ideen om ei reinsing og paramilitarisme.

Lat oss byrja med nasjonalismen, sidan det er liten tvil om at Vlaams Belang er eit nasjonalistisk parti, sterke motstandarar av den «unaturlege» eller «konstruerte» belgiske staten og tilhengjarar av ein flamsk republikk basert på prinsippet «volk, wordt staat» (som grovt kan omsetjast til folk blir stat). I ein artikkel i den nederlandske avisa Het Vrije Volk forklarer Björn Roose – som er tilsett i partiet og dessutan aktivist i «heilnederlandske» Voorpost – Vlaams Belang sin nasjonalisme:

Heilt frå byrjinga kjempa Vlaams Belang som folkenasjonalistisk parti for ein stat for det flamske folket og [partiet] gjev også dette omgrepet ei konservativ tyding. Omgrepet folk vert såleis ikkje definert på grunnlag av staten og statens landsområde – det er den statsnasjonalistiske visjonen på folk, ein visjon som til dømes den belgiske herskarklassen nyttar – men omgrepet stat og statens landområde vert definert på grunnlag av folket. Då kan det diskuterast korleis «folk» presis skal definerast, men det er i alle høve tydeleg at dette folket er opprinneleg europeisk, historisk forbunde med det flamske landområdet, at det deler ein kultur [og] har eit språk felles [...].

Roose heldt fram å seia at det flamske folket utgjer ein uløyseleg del av det nederlandske. Det er eit klassisk Voorpost-argument, men som me straks skal sjå også eit argument som klart høyrer heime i Vlaams Belang. Her bør det nemnast at Roose knappast er den einaste som er aktiv i båe organisasjonar, Voorpost og VB står kvarandre svært nært.

For å få ein oversikt over den bakanforliggande ideologien til VB kan det vera nyttig å sjå nærare på den såkalla «vetle oransje boka» eller oranje boekje, som inntil i 2004 – då partiet skifta namn frå Vlaams Blok til Vlaams Belang etter å ha blitt dømt for rasisme – fungerte som prinsipprogram. I høve Mann sin fascisme-definisjon er dette eit svært interessant dokument. Eg vil her gå nærare gjennom 1990-utgåva.

Allereie i innleiinga av denne vert det slått fast at Vlaams Blok søkjer å vera eit overgripande parti, «eit radikalt kampparti», ikkje eit parti prega av politisk farge eller av sosial stand, ikkje eit parti som lever av kompromiss og tilbod, men eit «hardt, storforlangande og kompromisslaustparti i nasjonalismens teneste, og i Flandern, Nederlandene (sic!) og Europa sin teneste», eit parti som står for ein «framtidsretta, høgreorientert og solidaristisk nasjonalisme».

Tre omgrep står sentralt i dette prinsipprogrammet: nasjonalisme, solidarisme og «etiske verdiar». Under avsnittet om nasjonalisme går naturlegvis kravet om flamsk sjølvstende fram, men også kravet om at fleire område i dagens Vallonia skal leverast attende, og understrekinga av at Brussel – i dag hovudsakleg franskspråkleg – er ein del av Flandern, og med eit sluttmål om Brussel som «flamsk by, nederlandsk i vesen, språk, kultur og uttrykk». Vidare kan ein lesa at VB ynskjer ein nederlandsk union saman med «nordnederlendarane», ein union som skal gje det nederlandske folket «sin sjølvstendig plass» i «det komande Europa». Deretter: «I det komande Europa der volkeren har Vlaams Blok også omsut for flamlendingane som lever under den noverande franske staten i Sør-Flandern». På toppen av dette kjenner Vlaams Blok seg som stammefrendar av dei afrikaans-språklege syd-afrikanarane, og uttrykkjer «djup uro» over utviklinga i landet (og kva utvikling var det? det var apartheid som ubønnhørlig gjekk mot slutten).

Solidarismen vert i programmet fronta som økonomisk modell, «ein livshaldning som spring ut frå forståinga av alle sine naudsynte solidaritet med alle andre i samfunnet», berre mogleg i eit samfunn der «individ og samfunn lever og veks i likevekt», basert på «høge moralske verdiar» som «motvekt til den menneskelege egoismen». Dette uttrykket for volksverbondenheid (samanbinding av folket) må ifølgje dokumentet «anerkjennast som grunnlag for samfunnet gjennom staten». Trua på ein sterk stat var så absolutt til stades i dette gamle prinsipprogrammet.

Det var også ideen om reinsing. I ei rekkje med krav til sist i dokumentet kjem blant annet kravet om «innan rimeleg tid [...] tilbakesending av det store fleirtalet av ikkje-europeiske gjestearbeidarar til sitt eige fedreland; hurtigare, human, men resolutt tilbakesending av [...] kriminelle, illegale og arbeidslause framande» og dessutan «sanering av statutta for politiske flyktningar». Det same ynskjet finn ein også att i ideen om eit «flamsk Brussel» og i ynskjet om å avskaffa dei språklege rettane for den store franskspråklege minoriteten i ei rekkje kommunar rundt sjølve Brussel.

Så er spørsmålet: har noko av dette endra seg etter namneskiftet? Svaret er delvis ja. Ifølgje statsvitaren Jan Erk er det liten tvil om at partiet har mjuka opp nokre av standpunkta sine, og dessutan er den økonomiske plattforma forandra: I det stille har partiet fjerna solidarismen, som med sine ikkje ubetydelege koplingar til den historiske italienske fascismen tidlegare var ein sentral kopling til fortidas ekstremhøgre. «Partiet er no opent tilhengjarar av den nyliberale økonomiske modellen», skriv Erk.

Samstundes er fleire viktige programpunkt framleis å finna att. Den dag i dag krevjer partiet til dømes amnesti for flamske kollaboratørar under andre verdskrigen, og syner til at «den belgiske staten nytta andre verdskrigens slutt til å kvitta seg med den flamske rørsla», gjennom «urettferdig strenge straffer for mange flamsk-nasjonalistar», «velmeinande og oppriktige flamlendingar som av Belgia vart dytta ut i marginalitet», det er argumentasjon som er å kjenna att frå norske 8. mai og seinare Folk og Land (men det er også eit standpunkt det kan vera relativt lett å selja, i fleire europeiske land var landssvikoppgjera særs harde).

Det er også verdt å påpeika, som Erk gjer, at partileiar Frank Vanhecke ved lanseringa av det nye partinamnet understreka at partiet ikkje skulle verta eit «Vlaams blok light» og at Filip Dewinter under det same møte sa at ingenting hadde forandra seg i partiprogrammet. I ein avisartikkel sitert av Erk forklarte Dewinter dessutan at «endringane i partinamn, moderniseringa av vedtektene og strukturen, remodellering av stil og språkbruk [...] og oppdateringa av ein tjuefem år gamal prinsipperklæring har ingenting med innhald å gjera, men alt å gjera med taktikk». Erk ser på dette som eit forsøk på å gjera to ting samstundes: på den eine sida ta vare på kjerneveljarane gjennom å seia at ingenting er forandra, på den andre sida å freista appellera til nye veljarar som så langt har vore tilbakehaldne med å stemma på eit parti som av andre vert framstilt som rasistisk.

Det siste elementet i Mann sin definisjon – paramilitarisme – passar ikkje umiddelbart på Vlaams Belang. Det er imidlertid vert å understreka at VB både ber med seg ei paramilitær arv, og har også i dag koplingar til meir aktivistiske grupper. I dokumentaren La face cachée du Vlaams Blok (Vlaams Bloks løynde ansikt) – laga av den franskspråklege, belgiske TV-kanalen RTBF – vert det sett søkjelys på blant anna koplinga Vlaamse Militanten Orde (VMO). Denne paramlitære grupperinga, som vart erklært ulovleg i 1983, vart oppretta berre nokre få år etter krigen og fungerte lenge som ein slags ordensvakt for Volksunie, eit breitt flamsnasjonalistisk parti som eksisterte heilt fram til byrjinga av dette tiåret. Etter Volksunie kutta banda til VMO tidleg på syttitalet, fall leiarskapen til radikalaren Bert Eriksson (til høgre i biletet nedanfor, som er frå ein VMO-demonstrasjon på 70-åra, lånt frå nettstaden blokbuster.be). Dokumentaren byrjar med arkivklipp frå blomenedlegging på gravene til SS-soldatar i Stekene i Belgia, der blant anna Eriksson er å sjå.

20 år seinare vitjar RTBF-journalisten Jean-Claude Defossé gravplassen. Den er avstengt, men godt vedlikehalde. Innanfor gjerda står eit berkenkruis, eit symbol avleidd av eit gamalt germansk runeteikn og også symbolet til dei flamske SS-avdelingane. Defossé spør: – Kva er koplinga mellom denne æresmarkeringa for nazistar og Vlaams Blok?

Han svarer sjølv: – Det vil me snart få sjå, og det er ei svært tydeleg kopling.

Dokumentaren heldt fram med å visa ei rekkje arkivklipp. Fleire av dei er verdt å nemna. Det fyrste er henta frå ei markering ved den tyske krigsgravplassen i Lommel frå november 1988. Blant enkeltpersonane som er å finna att på opptaket er både Eriksson, Filip Dewinter og ein annan sentral Vlaams Belang-figur, Gerolf Annemans. I andre klipp ser ein VMO-demonstrantar i parader på syttitalet, blant dei den tidlegare VB-parlamentarikaren Xavier Buisseret. Dei uniformerte demonstrantane roper: «Franse ratten, rol uw matten» – franske rotter, kom dykk vekk.

På syttitalet utvikla den radikale flamske nasjonalismen seg utanom Volksunie, og det skjedde i ei rekkje mindre organisasjonar, der i blant «paramilitære Vlaamse Militanten Orde», «meir intellektuelle og ideologiske Were Di», foreiningar av austfrontveteranar og ungdomsorganisasjonen Vlaams Nationalistisch Jeugdverbond. Ifølgje den belgiske statsvitaren Marc Swyngedouw spela VB-grunnleggjaren Karel Dillen ei rolle i «nær sagt alle desse», og vann deira tillit trass i intern rivalisering.

Den viktigaste arvtakaren til VMO i dagens Belgia er aksjonsgruppa Voorpost, som nyttar den germanske livsruna som symbol og som blant anna har markert seg med demonstrasjonar mot asylsøkjarar, aksjonar retta mot blant anna McDonalds og anti-franske demonstrasjonar langs den belgisk fransk-nederlandske språkgrensa. Til liks med VMO stortrivst dei med ropet om franske rotter. Organisasjonen hevdar å ta avstand frå fascismen, men har kontakt med både tyske NPD og ungarske Jobbik – parti som meir openlyst enn Vlaams Belang spelar på den fascistiske arven.

Palingenetisk ultranasjonalisme

Fascismeforskaren Roger Griffin tek i bruk ein definisjon som løyser utfordringa med å følgja fascismen sin vidare ideologiske utvikling. Han definerer – i kortutgåva – fascisme som ein politisk ideologi med ei mytisk kjerne «basert på ein palingenetisk variant av ultranasjonalisme». Palingenese er i denne samanhang rett og slett ein idé om at nasjonen skal verta fødd på ny.

Men som både Payne og Mann er inne på er definisjonen problematisk. Payne understrekar at fascismen så absolutt var palingenetisk, men meiner at dette er eit trekk som ofte går att i både venstreorientert, moderat og konservativ nasjonalisme. Mann meiner jamvel at det er eit generelt trekk for nasjonalismen, og noko ein finn att i mykje mildare varianter, inkludert «irsk, zimbabwisk og litauisk nasjonalisme».

Her kan det innvendast at Griffin i boka Nature of fascism gjev ei forklaring av definisjonen som også inkluderer fleire andre trekk ved fascismen, blant anna eit «utopisk, revolusjonært aspekt». Likevel kan det med ein viss rett hevdast at Griffin sin fascismedefinisjon er for vid; ei anna ulempe er at det avgrensande ordet «ultranasjonalisme» i seg sjølv er vanskeleg å definera. Kan til dømes den flamske venstreorienterte nasjonalistgruppa Sociaal-Flamingantische Landdag kallast ultranasjonalistisk? På den eine sida er gruppa sterke motstandarar av den belgiske staten og dei ynskjer ein flamsk republikk, og er tilhengjarar av langt på veg revolusjonær anti-kapitalisme. På den andre sida tek dei avstand «frå ein kvar formav herleggjering eller mystifisering av nasjonen som ein overgripande røyndom» og frå «flamsk sjåvinisme ovanfor andre folk».

Men Griffin sin definisjon må også vurderast ut i frå korleis han praktisk nyttar den, til dømes i vurderinga hans av den opprinneleg franske nouvelle droite-rørsla. Dette er også høgst relevant i høve Vlaams Belang, sidan denne politisk-filosofiske retninga i høgste grad har påverka både dei og ei rekkje andre ekstreme høgrepopulistiske parti Europa rundt.

Dette strømninga vaks gradvis fram i løpet av sekstitalet. Den mest sentrale ideologen i rørsla, både i starten og den dag i dag, er den uvanleg flittige skribenten Alain de Benoist.

Eit anna tidleg medlem var Dominique Venner, før dette blant anna sentral medlem i den nyfascistiske gruppa Jeune Europe (stifta av den belgiske nazikollaboratøren Jean-François Thiriart i 1962) og medlem av den paramilitære «hemmelege hæren», Organisation de l’armée secrète (OAS). I essayet Pour une critique positive, som Venner skreiv medan han sat fengsla grunna deltakinga i OAS, går han inn for ein revolusjonær, nasjonalistisk teori. Nasjonalismen er for Venner «basert på ei heroisk forståing av livet» og gjer «ei universell løysing på problema den teknologiske revolusjonen set menneska ovanfor». Nasjonalismen skal også skapa «nye sosiale tilhøve» og byggja ein «politisk orden rundt eit hierarki basert på merittar og verdi». Som kjelder til nasjonalistisk tenkning framhever Venner blant anna den franske rexisme-inspirerte nazi-kollaboratøren Robert Brasillach – for øvrig Bardèche sin svoger – og José Antonio, grunnleggjaren av det spanske falangistpartiet. Venner går dessutan inn for ein «organisk», ikkje-kapitalistisk økonomi; og eit sameint, nasjonalistisk Europa.

Venner dreiv tidsskriftet Europe-Action, som «fungerte som eit politisk-intellektuelt forum» for fransk ekstremhøgre. Ifølgje historikaren J.G. Shields inkluderte dette nettverket både tidlegare aktivistar frå OAS og Jeune Europe, gamle Vichy-tilhengjarar og sjølverklærte fascistar som Maurice Bàrdeche. De Benoist stod sentralt også her. Ut av dette nettverket vaks etter kvart nye høgre-tenkinga fram. I 1968 vart tenketanken GRECE grunnlagt.

Slik Griffin ser det skjedde det heile som eit svar på behovet nokre franske nyfascistar opplevde for å endra ideologi og taktikk utan å endra sine grunnleggjande verdiar og mål. Griffin peiker dessutan på at den sentrale tematikken som etterkvart vaks fram i nye høgre sin kosmologi «er konsistent med den utvida fascismedefinisjonen [...] levert av Maurice Bàrdche og Giorgio Lochi», som begge erklærte fascistiske ideologar med beviselege koplingar til nye høgre-rørsla. Nouvelle droite tok opp i seg tenkning frå ei rekkje ulike kantar, blant anna frå den tyske kulturhistorikaren Oswald Spengler (forfattar av «Aftenlandets undergang»), frå paganisme, frå den italienske filosofen Julius Evola og frå marxisten Antionio Gramsci, som dei særleg lånte strategi frå: det var naudsynt å «vinna kulturkrigen» og å undergrava dei «tradisjonalistiske intellektuelle» sitt hegemoni.

Den sjåvinistiske ultranasjonalismen og paramilitarismen som prega førkrigsfascismen er ikkje å finna, og den biologiske rasismen er byta ut med ein visjon om eit føderalistisk Europa beståande av «organiske» etniske grupperingar, ethnies. Omgrep som etnopluralisme og etnodifferensialisme vart lansert: etniske grupper er «likeverdige, men skilte» og segregasjon følgjeleg av det gode. I botn – slik Griffin ser det – ligg heile vegen den palingenetiske ultranasjonalismen., og påverknaden går ikkje berre frå fascismen til nye høgre, men attende frå nye høgre til nyfascistiske parti.

Den flamske avleggjaren av GRECE er Deltastichting, som gjev ut tidsskriftet TeKoS. Deltastichting vart grunnlagt av Luc Pauwels seint på syttitalet, og har opp gjennom åra vore ein samlingsplass for nouvelle droite-inspirerte tenkjarar i Belgia. Blant dei finn ein blant anna VB-parlamentarikaren Peter Logghe, som ifølgje ein av partiet sine eigne nettstader har vore redaktør for TeKoS. I boka Grove borstels syner den belgiske anti-fascisten Marc Spruyt ei rekkje døme på korleis Vlaams Blok-tekstar siterer TeKoS og GRECE-tenkjarar, det mest illustrerande er kanskje at Filip Dewinter i boka Eigen volk eerst (Eige folk fyrst) trekkjer fram Alain de Benoist som ei av kjeldene til svaret han gjer på «problemet med dei framande».

Det desse døma syner er den tredje misforståinga om europeisk fascisme etter 1945, nemleg at nynazismen er eit særleg sentralt eller viktig aspekt. Medan me her i Noreg har hatt nokre nynazistiske grupper, og dei har stått langt sterkare i til dømes Danmark, er dette rett og slett ikkje tilfelle. Det finst relativt store politiske parti i dagens Europa som har historiske røter i og band til fascistisk ideologi før 1940, og ikkje minst til den nyutviklinga som hende – i ei rekkje europeiske land – etter 2. verdskrigen. Tildels kan ein sjå på denne eurofascismen som ein parallell til den parlamentarisk orienterte eurokommunismen, den italienske marxisten Antonio Gramsci har jamvel tent som ei inspirasjonskjelde for båe, i ei slik grad at Filip Dewinter synte til Gramsci i eit intervju frå desember 2009.

I same intervju understrekar Dewinter at Vlaams Belang er eit revolusjonært parti, at det for partiet er ei plikt å vera staatsgevaarlijk – farleg for staten, at moderasjon ikkje er vegen framåt og at det for partiet er «ei historisk oppgåve» å «halda den høgreorienterte flamsk-nasjonalismen si flamme brennande» i form av ein «kompromisslaus» nasjonalisme.

Desse historiske banda er også interessante av ein annan grunn. Det internasjonale bloggfenomenet kontrajihadisme - ein anti-islamsk ideologi som kombinerer muslimhat med både ytterleggåande nasjonalisme og reine konspirasjonsteoriar – har nemleg tette band til fleire av dei same politiske parti, ikkje minst til nettopp Vlaams Belang, noko eg skriv meir om i mi komande bok Det mørke nettet.

Lat meg avslutta med ei anekdote. Som anekdotar flest bør ein vera varsam med å nytta ho som prov på noko som helst, men for meg er dette eitt av dei mest ekstreme døma på kontinuitet eg har funne i mitt researcharbeid på europeisk fascisme gjennom tiåra.

I ei utgåve av norske 8. mai frå 1952 finn ein – like ved sida av ein annonse om ein roman der det dukker opp en “negerkonge[...] i hirduniform” – ei tilråding av det “uavhengige” tyske tidsskriftet Der Widerhall. Litt research rundt utgjevaren syner raskt at han også har stått bak publisering av ei tysk etterkrigsutgåve av det antisemittiske falsknarverket Sions Vises Protokollar, samt at han vert omtala som “ein av dei mest aktive nynazistiske utgjevarane” i ein rapport frå midt på 1950-tallet. Den gongen var han 27 år. Men han er stadig aktiv – den dag i dag, sjølv om han er godt over 80 år gamal. Når ein ser på det han har publisert dei siste åra, har ein annan fiende teke posisjon saman med jødane, og det er nettopp muslimane. På nettsidene til denne mannen (nettsider som i stor grad består av tekstar klipt frå andre kjelder) åtvaringar om islamiseringa av Tyskland; men Anders Behring Breivik vert avfeidd som frimurar. Og som israelsven.

Mange europeiske nyfascistar har tona ned eller kasta frå seg jødehatet og dei klassiske antisemittiske konspirasjonsteoriane. Hjå Der Widerhall finn ein dei framleis, sjølv om same side ikkje nølar med å sitera den presumptivt og uttalt pro-israelske Fjordman (Peder Jensen). Og dermed er på ein måte ringen slutta.

Kjelder:

Den omtalte dokumentaren La face cachée du Vlaams Blok er å finne på YouTube med (i blant haltende) engelske undertekster. Første del:

Artikkelen er oppdatert. Ved ein feil var ikkje kjeldelista så komplett som ho burde ha vore, og peikarar er dessutan lagt til for ein del av kjeldene.

4 Responses to “Misforståingar om fascismen”

  1. Aesop says:

    Det er slitsomt å lese hvitt på svart. Den forrige layouten var lettere.

  2. Konrad says:

    Ja avgrensing og fastlegging av slik plastiske begreper som fascisme er slett ikke enkelt. Nå er det jo også et sentralt spørsmål hva formålet med en slik eksersis er. For å komme i havn må man kanskje velge en slags strategi: Søke å definere fascisme som et lite knippe av felles gjennomgående ideer (f.eks. autoritær stat, folk=stat), søke å definere fascisme som en kontinuerlig tradisjon eller institusjon (dvs at innholdet kan endres over tid i en rekke små skritt) , eller søke å definere fascisme som en historisk hendelse eller epoke.

    Frankfurter-skolen (eller hvem det var) forsøkte etter krigen å identifisere den “autoritær personlighet” for på den måten å knytte fascisme til den holdning eller personlighetstrekk som slik bevegelser appellerer til.
    http://www.dagbladet.no/kultur/2000/10/07/222310.html

Leave a Reply