Det norske jødehatet – I


Biletet ovanfor er henta frå avisa Nasjonalfascisten si utgåve frå 15. november 1927, men som ein vil sjå frå underteksten har dei igjen henta karikaturen frå Nationen – partiavisa til Bondepartiet (seinare Senterpartiet). Og det er ikkje tilfeldig. Nettopp Nationen var alt tidleg på 1920-talet prega av antisemittiske førestillingar. Det same gjeld også Namdalen, ei anna Bondeparti-avis. Ein del av dette er allereie kjent stoff, blant anna takk vere ein kronikk skriven av Terje Emberland og Kjetil Simonsen ved HL-senteret i januar i år.

Same Simonsen er også ein av forfattarane i ein antologi som i desse dagar har kome ut på forlaget Unipub, Forestillinger om jøder – aspekter ved konstruksjonen av en minoritet – 1814-1940, ein antologi som har kome i stand grunna eit forskningsprosjekt i regi av det same HL-senteret. I sitt kapittel gjev han oss ein del døme av tekstleg karakter, som understrekar inntrykket frå den antisemittiske jødekarikaturen over. Eit døme finn ein i leiarartikkel i Nationen frå 9. september 1920:

Og da vi endelig i 1905 kunde sætte krone paa selvstændighetsverket var alle uanset parti enige om at en epoke i vort nationale liv var bragt til en heldig løsning. [...] Nu er situationen forandret. Et tilsynelatende stort parti er blit lei av selvstændigheten. De indbilder sig selv og andre, at den norske arbeiderklassen længter efter at faa trællekaar under russiske jøder. [...] Alle norske arbeidere skal bli nummere i den store kommunistiske verdensrepublik, hvis hovedsæte skal være Moskva.

Dette er eit interessant døme på korleis antisemittismen i Noreg på den tida hadde eit monaleg fokus på trugsmålet frå aust; frå Moskva-kommunismen. Simonsen gjev fleire artiklar i ein god og velskriven artikkel i boka. Det er likevel ikkje den einaste sorten antisemittisme ein finn; ein finn også det motsette – nemleg at bolsjevismen i seg sjølv vert sett inn i ei meir omfattande konspirasjonførestillingar. Høgsterettsadvokaten Stian Bech skriv til dømes i ein kronikk i avisa, 13. februar 1920:

Noget saa livsfiensk som tanken om socialisering – deling av arbeidsutbyttet uten forhold til arbeidet, ogsaa det aandelige, som er det væsentlige – kan kun være fundet opp hos jøderne, et folk som aldri i historien har levet av produktivt arbeide, men faret om som nomader fra beite til beite, og kun har villet bytte og handle.

Same Bech viser også til Sions Vises Protokollar, eit vidgjete antisemittisk falsknarverk ein stadig kan sjå politiske utgrupper referera til idag. Og det var han knappast åleine om. Meir slåande enn kva ein kronikkforfattar skreiv er likevel Nationen si støtte – på leiarplass – til Eivind Saxlund si bok Jøder og gojim, eit utprega antisemittisk verk. Nationen rosa Saxlund for å ha “staat alene paa skansen og av den ærligste overbevisning kjæpet av en racekamp, som det norske folk en dag vil beklage bittert at ha staat utenfor”. Medan dei innsåg at Saxlund si bok “selvfølgelig [kan] indeholde paastande den kolde likegyldige vitenskapsmand ikke staar færdig til at underskrive”, meinte dei at Saxlunde hadde eit åpent blikk både for farene – “den store jødebevægelse som langsomt, men sikkert tar strupetak paa Europa” – og for “den ufattelige slaphet almenheten utviser overfor spørsmålet”.

Dette er berre eit av fleire interessante døme Simonsen kjem med i sitt bidrag til antologien Forestillinger om jøder. Men medforfattarane hans har også ein heil del å fara med. Ingjerd Veiden Brakstad gjev oss eit interessant innblikk i korleis jødar vart framstilte i norske moroblad som Karikaturen og Hvepsen, der illustrasjonane som vert nytta er – vel – nettopp illustrerande, som teikninga av ein stakkars nordmann som vert omringa av jødar med krokute naser som om dei var gribbar; og alle har det same å seia: “Lat ingen av de andre keltringer schnite dik – handle mit mik”. Ragnhild Henden skriv på si side om biletet som vart skapt av jøden i norsk kriminallitteratur, til dømes i kaptein Munk (Olaf Wilhelm Erichsen) si bok Den hvite races selvmord – der tolv menn (seks europearar og seks frå Austen) saman styrer verda i løynd, og det etterkvart kjem for ein dag at dei europeiske har vorte rundlurte av dei austlege, slik at ein av europearane bryt ut:

Ja, mine herrer, det er intet andet end den hvite races selvmord vi har sat i scene, og naar den hvite race har utryddet sig selv, det vil si, naar den er saa svækket i alt, paa soldater, krigsmateriel, penge og livsfornødenheter, at den ikke orker mer, da kommer turen til os, da skal mongolerne endnu engang oversvømme den gamle hvite verdensdel og for evig gjøre sig til herre over den.

Også meir kjende forfattarar, som Sven Elvestad (Stein Riverton) og Nils Kjær vert – høgst rimeleg – omtala i denne samanhangen.

Det er også interessant å lesa Øivind Kopperud sin artikkel om jøden som kulturell konstruksjon i den norske Kyrkja, samt Einhart Lorenz sitt meir overordna perspektiv. Det desse kapitla har til felles er dessutan at dei er velsigna konkrete, at dei gjev mange gode døme og at dei ikkje er overausa med vanskelege teori. Difor er det litt synd at boka sitt fyrste kapittel, skrive av Claudia Lenz, er eit teorikapittel rundt sosial konstruksjon av dei andre som nok er av mindre interesse for lesarar utanfor dei akademiske miljøa. Lenz fokuserer også vel mykje på kjønnsperspektiv i ei bok der denne tematikken ikkje er framtredande. Sjølv om Lenz sin artikkel er interessant stoff for dei som har ei meir teoretisk, fagleg interesse i jødehat, er eg noko uroa for at det kan få ein del potensielle lesarar til å leggja boka frå seg.

Og det bør dei ikkje. Erna Solberg fekk mykje kritikk då ho – i etterkant av 22. juli – samanlikna det moderne muslimhatet med 30-åras jødehat. Ein del avfeidde spørsmålsstillinga nærast out of hand, til dømes Michal Rachel Suissa i den i seg sjølv rimeleg ytterleggåande gruppa med det heller uskuldige namnet Senter mot Antisemittisme; som raskt dreg fram holocaust, sjølv om Solberg slett ikkje gjorde det. Men i akkurat dette høvet har faktisk Suissa eit poeng: å referera til jødehat i 30-åra vekkjer nesten uunngåeleg assosiasjonar til den industrielle masseslakten på jødar (og også blant andre sigøynarar) i nazi-Tyskland. Å samanlikna det moderne muslimhatet med dette kan fort vera det same som å skrika “Ulv! Ulv!” der det ikkje er ein ulv ein står ovanfor, men noko anna med stygge tenner, og av ein del kan det også oppfattast som ei nedvurdering av nettopp holocaust. Suissa har også rett i at eksisterande jødehat i ulike former allereie har fått nokre til å peika i rimeleg pussige retningar når dei skal skjøna Breivik sin ideologiske bakgrunn.

Arnfinn Pettersen leverte i VG, den 5. august, ein edrueleg kritikk av Solberg, der han også skriv:

Antisemittismen på sitt verste, det som ledet lukt til Auschwitz og Treblinkas porter, var konspirasjonstenkningen og demoniseringen. Tanken om at hver enkelt jøde, ganske enkelt i kraft av sin tilhørighet til det nazistene oppfattet som en jødisk rase, var del i en ondsinnet plan for å undergrave det tyske folks interesser – at de var i krig med Tyskland og at det derfor var legitimt å drepe dem.

Vi finner paralleller til dette i Eurabia-forestillingene til Fjordman, Bat Ye’or og de øvrige ”antijihadistene”, der tanken om en planlagt muslimsk invasjon av Europa står sentralt og hver enkelt muslimsk barnefødsel ses som et ledd i den demografiske delen av denne planen. En kraftfull retorikk og en manglende tiltro til muligheten for å endre utviklingen gjennom demokratiske virkemidler, bidrar til å forsterke likheten.

Kort fortalt: Ja, det finst parallellar mellom det moderne muslimhatet og jødehat i 1930-åra eller for den del i 1890-åra. Ei samanlikning mellom det norske jødehat i 1920-åra og 1930-åra og det norske muslimhatet av i dag har faktisk noko føre seg på enkelte område. Cora Alexa Døving har gjeve ein del døme på dette i eit føredrag på Universitetet i Oslo. Samstundes har både Døving og andre peikt på viktige ulikskaper.

For at ein skal få eit godt innblikk i dette treng ein imidlertid kjennskap til jødehatet i Noreg (både i tidlegare tider, og for den del i dag) og ein treng tilsvarande kjennskap til det norske muslimhatet. Der er antologien Forestillinger om jøder ein grei introduksjon til det norske jødehatet i perioda boka dekkjer, og kanskje særleg til nettopp 1920- og 1930-åra, og han er difor å tilrå for alle som er opptekne av desse spørsmåla.

Vibeke Moe og Øivind Kopperud (red.)
Forestillinger om jøder
- aspekter ved konstruksjonen av en minoritet 1814-1940
Unipub, 2011

(Denne bokmeldinga er den fyrste i ein liten serie bloggpostar som vil omhandla norsk jødehat, også i dagens Noreg).

One Response to “Det norske jødehatet – I”

  1. Boka “Jøder og Gojim” fikk også hederlig omtale i Morgenbladet (som var takknemlig for at forfatteren hadde slått alarm om “den semittiske ånd”.Boka vakte voldsom oppsikt og debatt. “Jødebolsjevik”, “kulturbolsjevik” o.a. memer fløt fritt. Mange uttrykte takknemlighet for at man endelig nå kunne snakke fritt om dette interessante tema. Uttrykket “politisk korrekt” var ikke oppfunnet ennå. Jeg tror det er en uintendert følge av traderingen av Holocaust, at enhver sammenligning med muslimhets og antisemittisme blir en sammenligning med Hitler-regimets siste år, og dagens fredelige Norge – en sammenligning som straks faller på sin egen urimelighet, naturligvis. Poenget er, at Holocaust ikke startet i et ensrettet diktatur, men i et opplyst demokrati. Jødehat fører normalt sett ikke til industriell utryddelse. Jødene har gjennom århundrene opplevd hets av mer “normal” karakter (som andre etniske/religiøse minoriteter), mens Holocaust er “einmalig”. Men det gjør det ikke slik at alle forsøk på advarende paraleller bør forbys, av respekt for de drepte. Jeg tror dessverre at lignende fenomen kan oppstå igjen. Hvis folk får det for seg, kan de begynne å agere som om vår muslimske minoritet er årsakene til de viktigste problemene vesten står overfor i dag. Det er naturligvis sprøtt, og de aller, aller færreste av de som mener dette vil drømme om å gripe til vold. Men det tror jeg også var tilfellet i Weimar-Tyskland også. Jeg er ingen alarmist i den fortand at jeg tror vi står overfor en lignende utvikling i Europa nå. Men jeg tror vi vil få se økt grad av politisk vold og hets. Og det er ille nok, vel verd en kulturkamp. Jeg er veldig glad for at noen gidder å jobbe med denne dystre materien.

    Jeg har lest og skrevet en del om dette tema, og vil gjerne slå et slag for Victor Klemperers dagbøker. http://ivarbakke.blogspot.com/2011/03/lese-dagbker-natta-lang.html

Leave a Reply