Vondskap i system
Evil is directly experienced and directly intuited. A young woman is beaten; an old man is mugged; a child is raped; a terrorist rips a plane apart n midair; a great nation bombs a civilian population. Those whose minds are not ben by personal or societal madness immediately respond to such actions with justifiable anger. You do not make abstract calculations in ethical philosophy, when you see a baby being beaten. At the most fundamental level, evil is not abstract. It is real and tangible.
Det skriv historikaren Jeffrey Burton Russell – ein av dei framste forskarane på biletet av Satan i blant anna kristendomen – i innleiinga til boka “The Prince of Darkness”. Og det er desse orda som sler meg når eg les ein artikkel på NRK Trøndelag sine nettsider i dag.
Ei mor skal sendast ut av landet, attende til det undertrykkjande Iran, medan sambuaren hennar – ein kar med fortid som iransk opposisjonell, men norsk statsborgarskap – og den fem månader gamle babyen deira blir verande attende i Noreg.
Dette, tenkjer eg, dette er vondskap.
Det er ikkje det at eg trur at sakshandsamarane i UDI er vondskapsfulle - langt derfrå, dei er vel som folk flest – men dette er utslaget av ein asyl- og innvandringspolitikk under fana “streng, men rettferdig”. Det er ikkje det at eg trur at politikarane og byråkratane som står bak lovparagrafane er sataniske. Dei er nok som folk flest, dei og. Men eg trur dei har mista oversynet over kva slags groteske konsekvensar politikken dei vedtek og fører gjev. Eg har skrive om andre tvangskilsmisser før. Dette byrjar etterkvart å sjå ut som vondskap sett i system.
Og jo, kjære innvandringsmotstandarar – kva enn for kulør de kjem i – ein kan sikkert rasjonalisera det heile. Ein kan sikkert grava opp noko drit. Ein kan sikkert snakka om likskap for lova. Ein kan babla i veg om innvandringsbølgjer og om skumle muslimar eller om kva faen veit eg. Sluttsummen er og blir den same: norske myndigheiter vil riva i frå kvarandre ein liten familie, vil ta mora frå eit lite born, vil senda ho i hendene på eit av dei mest undertrykkjande møkkeregima i verda.
Og kvifor? Fordi reglane seier det? Tyder “likskap for lova” at ein skal handsama alle like dårleg? Er det slik at “like tilfelle skal handsamast likt” tyder det same som “ulike tilfelle skal også handsamast likt?”.
I Håvamål heiter det:
Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
råd du take,
nyttug um du nem,
god um du gaumar:
gøy ikkje mot gjest
som hund ved grind,
tak imot trengande mann.
Men det var frå før me vart “strenge, men rettferdige”.


Jeg er helt enig. Dette viser hvor brutalt og mørk bakside selvgod norsk asylpolitikk kan ha. Men tro nå ikke, som du ser ut til å gjøre, at det var bedre før. Det var det ikke. Det var masse mørkt og ondt da Bondeveik satt med makta.
Jeg foreslår asylstopp akkurat som vi har innvandringsstopp.
Vi tar ikke mot asylsøknader lengre. Så slipper vi slik smertefulle scener. Folk som flykter fra et Iran da, kan dra til Irak eller Tyrkia eller Egypt eller Libya.
Hvorfor ikke?
De er vel ikke ondere der enn her. Kanskje tvertimot!