Om raseteoretikarane sin vitskaplege uærlegheit

Kalash-jente. Tilhøyrer ho ei eiga "rase"? Neppe. Foto: Dave Watts, CC-lisens, ATT, NC, No derivative works.
Som oppfølging til min tidlegare post om Anfindsen og raseteoriar finn eg det verdt å koma med ein ekstra artikkel for å illustrera raseteoretikarane si uærlege framstilling av forskingsresultat.
Eit døme her er Genetic Structure of Human Populations, som ofte vert framheva av moderne raseteoretikarar. En av Anfindsens allierte i rasedebatten, Bjørn Olav Hubendick, samanfattar dette forskingsarbeidet slik1:
Feldman [et al, min note] så på 377 steder på genomet, dvs et nok så omfattende utvalg, og kunne basert på dette dele in menneskeheten i fem hovedgrupper fra, Afrika, vestre Eurasia, Øst-Asia, Oseania og Amerika. Sammenfallet er slående. Dogmet ”raser er en sosial konstruksjon” er derfor feil, virkeligheten er at raser er en biologisk realitet.
Anfindsen sjølv viser – det eg kan sjå – ikkje direkte til Feldman et al. I staden snakkar han ifølgje “Vårt Land” om tre hovudraser, og kviler slik sett på J. Philippe Rushton, sjølv om han hevdar å ikkje meina noko om Rushton sine raseteoriar, men refererer både Rushton og “raserealisten” Jared Taylor – båe langt meir kontroversielle kjelder enn Feldman et al. – “på områder der det ikke kan finnes noen som helst tvil om at de har viktig informasjon å komme med”.
Samstundes viser han til ein påstand i “Categorization of humans in biomedical research: genes, race and disease“2:
Effectively, these population genetic studies have recapitulated the classical definition of races based on continental ancestry – namely African, Caucasian (Europe and Middle East), Asian, Pacific Islander (for example, Australian, New Guinean and Melanesian), and Native American. [...]
Her snakkar ein om kontinentale rasegrupper, som ikkje tilsvarer dei tre hovudgruppene Rusthon refererer til, men som fell saman med Bjørn Ivar Hubendick sine påstandar publisert på Anfindsen sin nettstad. Anfindsen refererer også til biologen Mark Pagel sin artikkel i Prospect Magazine; der Pagel refererer den tilsvarande forskinga. Her seier Pagel for øvrig også noko som står stikk i strid med eitt av Anfindsen sine hovudpoeng: “And, contrary to the pronouncements of some well-known public figures, <b>there is no evidence that human groups differ in the genetic factors that cause intelligence or even cognitive abilities in general</b>”.
Det er sjølvsagt noko Anfindsen er usamd med han i, og som Anfindsen også framstiller det som om det er brei vitskapleg semje om.
Men så kjem problema ramlande på rad og rekke. Det fyrste problemet Hubendick støyter på er at Feldman et al. – som har publisert noko av den mest omfattande forskinga på området – sjølv understrekar at forskinga deira ikkje kan skjønast som noko bevis på “raser”. Det kjem eg attende til nedanfor. Fyrst vil eg introdusera Feldman et al. si forsking nærare og syna korleis ho langt på veg syner det motsette av Hubendick sitt syn, og korleis ho også gjer Anfindsen si insistering på raser som biologisk konsept litt underleg.
“Raser” frå eit dataprogram
Jonathan Marks påpeiker at Feldman et al. si femdeling fann stad då dataprogrammet Structure vart bede om å dela (dei heller avgrensa testresultata) inn i fem grupper. Då programmet vart bede om å dela inn i to, vart resultatet Eurafrika og Aust-Asia/Amerika/Oseania, utan at Anfindsen hevdar at det gjev ei todeling av raser; det ville også ha gruppert afrikanarar, særs mange asiatar og europearar saman, noko som ikkje akkurat verkar å vera verken Hubendick eller Anfindsen sin intensjon.
Då programmet vart bede om å dela inn i tre gav det Europa, Afrika og Aust-Asia/Amerika/Osenia, utan at Hubendick hevdar at det gjev ei tredeling av raser. Då programmet vart bede om å dela inn i fire gav det Europa, Afrika, Aust-Asia/Oseania og Amerika.
Då programmet vart bede om å dela inn i seks kom det ei kontinentinndeling, i tillegg til at folkeslaget kalash3 i Pakistan vart skilt ut som ei eiga gruppe, utan at eg har sett Anfindsen snakka om dei som ei rase. Hubendick gjer det ikkje, men om han skjønar geografiske “clusters” som burde han altså ha gjort det. I ein annan test av Feldman et. al var det den brasilianske urinnvånargruppa karatiana som kom ut som nummer seks i staden.
Og jo fleire inndelingar dataprogrammet vart gjort, jo fleire grupper vart sjølvsagt også delt opp. Det dette demonstrerer er sjølvsagt ikkje at det finst raser i nokon biologisk meiningsfull forstand av ordet, men at den genetiske variasjonen hjå homo sapiens sapiens (mennesket) har eit visst samanfall med geografi. Quelle surprise! Dette er ei kjensgjerning få antropologar – og få som meiner rase er ein sosial konstruksjon – vil nøla med å seia at er hovudsakeleg riktig4.
Kontinuerleg variasjon
At genetisk variasjon og geografi heng saman er det altså få som er usamde i, men fenomenet gjer seg ikkje berre utslag mellom kontinent, men også på tvers av kontinent: til dømes er det ikkje særleg vanskeleg å påvisa genetisk slektskap mellom marokkanske berbarar og portugisarar – sidan den såkalla berbermarkøren (Y-kromosomhaplogruppa E1b1b1b (E-M81)) ikkje berre er vanleg blant berbarar og andre nordafrikanske grupper, men også på den iberiske halvøya5.
Den menneskelege genetiske variasjonen er kontinuerleg, ikkje stykkevis og delt. Folk har nemleg aldri stogga ved kontinentale grenser. Rett nok meiner Feldman, Rosenberg et al. å kunna påpeika at “small discontinuities occur as geographic barriers are crossed, allowing clusters to be produced”, men dei understrekar også at “some individuals from intermediate geographic locations having mixed membership in the clusters that correspond to neighboring regions”.
Det er her ovennemnde Pagel meiner at “rase” likevel kan nyttast som biologisk konsept.
Han meiner at det på trass av flytande og kontinuerlege overgangar er “self-denial” å ikkje snakka om “rase”. Mon det. For dei fleste vert ordet “rase” uløyseleg oppfatta som å omhandla distinkte grupper, og forskinga til Feldman et al. syner at jamvel ei relativt isolert gruppe som pygmeane har cluster-tilhøyre fleire vegar, sjølv om ein geografisk cluster dominerer genmaterialet til testpersonane.
Forsking frå Brasil – som er eit land som i stor grad er prega av både europeisk innvandring, amerikanske urinnvånarar og etterkomarar etter afrikanske slavar- syner at ei vanleg raseinndeling der har store problem; og at ho – i motsetnad til reelle genetiske forskjellar – er eit resultat av sosial konstruksjon6. Brasil er eit godt døme på utviklinga av den moderne verda, der kontakten mellom kontinenta er omfattande, og raseteoriane dermed vert endå meir meiningslause.
At genetisk variasjon har samanhang med geografi treng ein likevel verken vera biolog eller antropolog for å vita. Ein treng ikkje ein gong ha doktorgrad i informatikk, eller vera ekspert på xymfoniske transaksjonar i databaser, slik Anfindsen er. Det heldt å ha lese litt historie.
Om ein ser til historia i høve den iberiske halvøya – og då til dømes til Romarriket og kartagarane sitt rike, samt til det islamske styret i Iberia over fleire hundre år – er ikkje dette særleg vanskeleg å setja i samanhang. I klårtekst: Der det er kontakt mellom menneske, går det også føre seg genetisk utveksling; menn og kvinner har sex og får born.
Sjølv om det finst unntak gjev dette seg generelt sett også utslag i at folkegrupper som har hatt historisk nærleik til kvarandre også liknar meir på kvarandre, også genetisk.
Eit avgrensa datagrunnlag
Marks nemner også eit anna moment her, som er rimeleg vesentleg, nemleg at utgangspunktet for forskinga var det han omtaler som “more or less indigenous groups”, og at ein dermed overser “the entire admixed urban populations of the modern world”; noko dømet frå Brasil er ein illustrasjon på.
Marks kallar dette “a perverse approach to history, geography and genetics that would cast a blind eye to the centuries of colonial contact and demographic reconfiguration that have constructed the human gene pool”.
For min eigen del kan eg leggja til at det sjølvsagt ikkje gjeld berre kolonitida, men også t.d. vikingtokter, arabisk ekspansjon, kinesisk ekspansjon, mongolarane sine felttog i Asia, framveksta av Russland, osb. Det er dessutan ein kontinuerleg prosess, som i dag i endå større grad er tilfelle, sidan avstandane i den moderne verda er mindre og som eit resultat av migrasjon. Amerikanar som tek gentestar for å få greie på sitt etniske opphav får ofte overraskingar. Det gjer også europearar.
Fleirtalet har fleire “raser”
Men problemet med Hubendick si framstilling stoggar ikkje der.
Feldman et al si forsking viser faktisk at resultata frå ulike etniske grupper tilhøyrer meir enn ein “geografisk” cluster; sjølv om det varierer kva for ein som er den dominante. Om ein no – slik både Hubendick og Anfindsen tilsynelatande gjer – forstår “cluster” som “rase”, tyder dette med andre ord at fleirtalet av oss er det raseteoretikarar gjerne har kalla “blandingsrase”. Det i seg sjølv gjer omgrepet “rase” rimeleg meiningslaust i biologisk forstand.
Serre og Pääbo påpeikte i 2004 at denne koplinga til fleire “clusters” kan sjåast på som bevis på isolasjon gjennom distanse (clinality) i den menneskelege befolkningsstrukturen. I abstraktet til artikkelen deira heiter det elles:
Genetic variation in humans is sometimes described as being discontinuous among continents or among groups of individuals, and by some this has been interpreted as genetic support for “races.” A recent study in which >350 microsatellites were studied in a global sample of humans showed that they could be grouped according to their continental origin, and this was widely interpreted as evidence for a discrete distribution of human genetic diversity. Here, we investigate how study design can influence such conclusions. Our results show that when individuals are sampled homogeneously from around the globe, the pattern seen is one of gradients of allele frequencies that extend over the entire world, rather than discrete clusters. Therefore, there is no reason to assume that major genetic discontinuities exist between different continents or “races.”
Forskarane sjølv: – Dette er ikkje bevis for raser
Og det er her den vitskapelege uærlegheita for Hubendick sin del verkeleg vert pinleg openbar. For Feldman et al. svarer nemleg Serre og Pääbo, i ein artikkel som er tilgjengeleg i sin heilskap her. I denne artikkelen skriv dei:
Our evidence for clustering should not be taken as evidence of our support of any particular concept of “biological race”.
Med andre ord – stikk i strid med det Hubendick hevdar - og får gjenta på nettstaden til Anfindsen. Det dette faktisk er er ei beint fram uærleg framstilling av forskinga. Feldman et al. skriv også:
The arguments about the existence or nonexistence of “biological races” in the absence of a specific context are largely orthogonal to the question of scientific utility, and they should not obscure the fact that, ultimately, the primary goals for studies of genetic variation in humans are to make inferences about human evolutionary history, human biology, and the genetic causes of disease.
Når ein tek dette i betraktning er det freistande å tenkja seg at Hubendick hadde som utgangspunkt at han ville visa at dei sosiale konstruksjonane han sjølv ynskjer å ha tiltru til rundt rase er reelle og at han deretter konkret har leita fram alt av påstandar som tilsynelatande gjev han rett. Tilsvarande konklusjon ligg ramlande nær for Anfindsen; han syner til blant anna Pagel for å godtgjera at rasar finst, samstundes som eit av Anfindsen sine hovudargument (som han meiner har innvandringspolitiske implikasjonar) er intelligensforskjellar Pagel avviser.
Det kan elles leggjast til at Rosenberg (ein av Feldman sine kollegaer) et al. i ei seinare analyse la til fleire testresultat frå det indiske subkontinentet, og dermed dukka det opp ein ny cluster, sjølv om resultat frå subkontinentet tidlegare hadde vorte gruppert saman med andre. Det dette illustrerer er at utvalet av testresultat som vert lagt inn også avgjer kva som kjem ut. Det treng ein heller ingen mastergrad i informatikk for å skjøna. Det heldt å ha jobba to timar med Microsoft Excel.
Fargerike fotnotar:
- Denne artikkelen er grundig oppdatert etter fyrste publisering, fordi eg ved ytterlegare gjennomgang vart merksam på at eg ved ein feil hadde tillagt dette innlegget Anfindsen sjølv. Dermed var ein del av den kritikken eg retta direkte mot Anfindsen ved fyrste publisering av denne bloggposten ikkje særleg treffande. Anfindsen kviler sjølv til dels på langt meir kontroversielle kjelder enn Feldman et al. Likevel beklager eg feilen sterkt ↩
- Det Anfindsen her unnlet å nemna er at artikkelen sjølv gjer greier for at dei såkalla “Latinos” ikkje utan vidare let seg plassera i nokon “cluster” eller “rasekategori”, snarare tvert om ↩
- Sjå bildet, kjelde ↩
- Sjølv om det finst viktige unntak, blant anna har – som nemnd i min førre artikkel har til dømes den bantuspråklege og svarte folkegruppa lembaar felles arvemateriale med europearar av jødisk avstamning, på trass av at dei i alle raseinndelingar eg så langt har sett ville ha vorte gruppert i to forskjellige raser; moglegvis i endå fleire, sidan “europearar” tradisjonelt har vorte delt opp i fleire raser, t.d. i dei geografiske einingane teutonisk (nordisk), alpe- og middelhav; ein har historisk jamvel delt opp nordmenn i ulike rasar, og det er truleg mogleg å finna geografiske “clusters” internt blant menneske av norsk etnisitet heller ↩
- Sjå wikipedia ↩
- Sjå elles kommentarfeltet under ↩


Det er prisverdig at du erkjenner egen begrensing i relevant fag. En kan selvfølgelig kompensere egen “vankunna” med bl.a. med å benytte effektive og relevante søk hos autoriteter.
Da er det viktig at en er i stand til å
a) Lage relevante og effektive nok søk.
b) Vurdere innholdet og kvaliteten på arbeidene du finner
Da er det hygelig at du har funnet denne
http://www.plosgenetics.org/article/info:doi/10.1371/journal.pgen.0010070
Men det er tydelig at du ikke klarer å tolke resultatene de presenterer. Synopsis er rimelig klart -og bør være det selv for en legmann.
Cassanders
In Cod we trust
Både abstrakt og synopsis er rimelig klar, ja; til liks med utdraget jeg gav – der forfatterne understreker at dette ikke kan tas som bevis på “raser”. I verken abstrakt eller synopsis (eller for øvrig i artikkelen) omtales “raser” utover dette. Det omtales geografiske clusters, og videre:
“Individuals can be partitioned into genetic clusters that match major geographic subdivisions of the globe, with some individuals from intermediate geographic locations having mixed membership in the clusters that correspond to neighboring regions”.
Og i selve artikkelen: “Loosely speaking, it is these small discontinuous jumps in genetic distance—across oceans, the Himalayas, and the Sahara—that provide the basis for the ability of STRUCTURE to identify clusters that correspond to geographic regions”.
Det i seg selv viser at “rase” brukt i biologisk forstand om mennesker er heller meningsløst.
Faktisk viser 2002-resultatene deres “mixed membership” – om enn i lite monn – selv for pygmeer (illustrasjoner her, her); med utgangspunkt i noen store clusters; det gjelder selv om en “cluster” er dominant. På det eurasiske kontinentet er dette svært åpenbart – noe som er svært lite overraskende – siden det er en kontinuerlig landmasse. Quelle surprise! Historiefaget på videregående skole holder til å forklare hvorfor. Kanskje holder ungdomsskolefaget også.
I Amerika viser Rosenberg et al. mindre likhet med siberiske folkeslag (og også mindre genetisk variasjon) jo lenger sør man kommer på kontinentet (dette gjelder åpenbart for indianere, inuitter etc). Igjen holder det å ha kjennskap til historie, og disse resultatene synes å bekrefte den svært sterke hypotesen om at det amerikanske kontinentet ble kolonisert av mennesker som krysset Beringstredet og deretter spredte seg nordfra. “Clustering” er i så måte høyst forventet i Amerika (men siden 1500-tallet av er realiteten også en helt annen).
Videre viser 2002-resultatene deres at inndelingen i fem clustre er vilkårlig. Man kan like gjerne dele inn i færre eller i flere, og resultatene blir da også annerledes. Det forteller noe om genetisk variasjon, det forteller noe om historisk befolkningsspredning (der “ut av Afrika”-teorien er den nærmest enerådende) og det forteller – som enhver antropolog også ville kunne fortelle deg – at grupper av mennesker ligner mer på andre grupper av mennesker i nærheten enn de ligner på fjerntliggende grupper av mennesker; det som også er midt poeng. alle folkeslag ligner på sine naboer, som igjen ligner på sine naboer, som igjen ligner på sine, som igjen ligner på sine, etc. etc. ad nauseaum. Dette gjelder også på tvers av kontinentale grenser (Sibir -> Amerika, Marokko -> Portugal, osv), selv om Rosenberg et al. godtgjør at forskjellene kan være -svakt- mer markante f.eks. nord og sør for Sahara enn på tilsvarende avstander andre steder. Det er tross alt Sahara vi snakker om.
Det er – for å sitere Marks – selvsagt ikke vanskelig å påpeke forskjeller mellom inkaer og dinkaer, der hele Asia og storparten av Amerika ligger mellom.
Iflg. Tishkoff et al. utgjør for øvrig dinkaene – sammen med andre såkalte nilotiske folkeslag – i seg selv en genetisk cluster; uten at jeg har sett noen presentere dem som en egen rase av den grunn. Anfindsen selv vil jo bare tidvis fortelle hvilke raser han mener eksisterer (i artikkelen henvist over gjør hans allierte Hubendick det, uten at Anfindsen retter på ham, men på verdidebatt.no vil Anfindsen ikke gjøre det. I et intervju med Vårt Land har han snakket om tre raser, men kan naturligvis være feil eller unøyaktig gjengitt).
Formodentlig er det nettopp fordi han vet at inndelingen hans uansett blir en sosial konstruksjon, fordi geografiske clusters når som helst kan påvises på både -høyere- og -lavere- nivå. Det er dette kalasher som “rase” nr. 6, viser; selv om forskerne bak selvsagt -aldri- brukte ordet rase.
Jeg skal komme tilbake til Tishkoff et al. under, da de har gjort genforskning som i høyeste grad er relevant for f.eks. dagens Amerika.
Videre sier de Rosenberg et al: “Previously, it has been observed that when individual genomes are clustered solely by genetic similarity, individuals sort into broad clusters that correspond to large geographic regions. It has also been seen that allele frequencies tend to vary continuously across geographic space. These two perspectives seem to be contradictory, but in this article the authors show that they are indeed compatible”.
Det illustrerer igjen at det på tross av geografiske clustre er meningløst å snakke om raser, i det minste om man bruker begrepet på en måte som på noe vis tilsvarer den historiske fremstillingen; altså at det er snakk om distinkte grupper. Skjønt heller ikke historisk har det vært noe enhetlig kor. (Georges-Louis Leclerc, Comte de) Buffon skrev f.eks. følgende:
“On close examination of the peoples who compose the black races, we will find as many varieties as in the white races, and we will find all the shades from brown to black, as we have found in the white races all the shades from brown to white” (Buffon,. 1749, s. 454).
Så til Tishkoff et al (2009), der abstraktet også er ganske tydelig:
“Africa is the source of all modern humans, but characterization of genetic variation and of relationships among populations across the continent has been enigmatic. We studied 121 African populations, four African American populations, and 60 non-African populations for patterns of variation at 1327 nuclear microsatellite and insertion/deletion markers. We identified 14 ancestral population clusters in Africa that correlate with self-described ethnicity and shared cultural and/or linguistic properties. We observed high levels of mixed ancestry in most populations, reflecting historical migration events across the continent“.
Tishkoff et al. viser også delt arvemateriale mellom khoisan-folk og pygmeer (her kan jeg – for min egen del – legge til at også basters inn, selv om de har samtidig har en betydelig andel europeisk arvemateriale). Videre viser de at såkalte afroamerikaneres genetiske bakgrunn i stor grad er Niger-Kordofiansk (71%), deretter europeisk (13%) og deretter fra andre afrikanske befolkninger; selv om “admixture levels varied considerably”. Det dette -igjen- avslører er at “rase”-konseptet, i enhver tradisjonell forstand, er rimelig meningsløst når det gjelder mennesker.
I selve artikkelen skriver de: “African American populations from Chicago, Baltimore, Pittsburgh, and North Carolina showed substantial ancestry from the African Niger-Kordofanian AAC, most common in western Africa (means 0.69 to 0.74), and from the European–Middle Eastern AAC (means 0.11 to 0.15) (Fig. 6 and tables S6 and S8), consistent with prior genetic studies and the history of the slave trade (4, 57–62). European and African ancestry levels varied considerably among individuals (Fig. 6). We also detected low levels of ancestry from the Fulani AAC (means 0.0 to 0.03, individual range 0.00 to 0.14), Cushitic AAC (means 0.02, individual range 0.00 to 0.10), Sandawe AAC (means 0.01 to 0.03, individual range 0.0 to 0.12), East Asian AAC (means 0.01 to 0.02, individual range 0.0 to 0.08), and Indian AAC (means 0.04 to 0.06, individual range 0.01 to 0.17) (table S6) (4). We observed very low levels of Native American ancestry, although other U.S. regions may reveal Native American ancestry (57)”.
Med denne clusterinndelingen har afroamerikanere generelt sett større genetisk påvirkning fra Europa enn de har fra fulanis, sandawe og kushitter sammenlagt. How’s that for a race theory?
I mine øyne finnes det knappest mer enn -en- måte å lese noen meningsfull form for biologisk raseinndeling av menneskeheten ut av disse resultatene – og det er dersom man på forhånd har et ideologisk motivert ønske om å gjøre det. Å lese fem “raser” ut av resultatene er i mine øyne også åpenbart ideologisk motivert. Der Anfindsen hevder er en ærlig og akademisk tilnærming, og kritiserer sine motstanderer for å være ideologisk motiverte, er det hans egne allierte selv som faktisk fremstår ideologisk motivert og som gir en uærlig fremstilling av hva vitenskapen faktisk forteller.
For å understreke poenget ytterligere kan det være nyttig å vise til forskning fra Brasil, nærmere bestemte Pena et al (2009).
Først noen ord fra innledningen: “Europeans and Asians descend from a relatively small group that migrated
out of Africa roughly 60,000 years before the present and thus are genealogically related to Africans, rather than
constituting biologically distinct groups”.
Så til det vesentlige:
“Based on the criteria of self-classification of the 2000 census of the Instituto Brasileiro de Geografia e Estatística (IBGE), the Brazilian population was then composed of 53.4% Whites, 6.1% Blacks and 38.9% Brown (“pardos” in Portuguese). How do these numbers correlate with genomic ancestry? [...]
Our initial Brazilian sample consisted of 173 individuals from a Southeastern rural community, clinically classified
according to their color (white, black, or intermediate) with a multivariate evaluation based on skin pigmentation in the medial part of the arm, hair color and texture, and the shape of the nose and lips. When we compared the African genomic ancestry values assessed for these individuals, we observed that the groups had much wider ranges than those of Europeans and Africans and that there was a very significant overlap between them. This indicated that in Brazil there is significant dissociation of color and genomic ancestry, i.e., at the individual level it was not possible to infer the ancestry of a Brazilian from his/her color.
Det illustrerer det meningløse i Anfindsens raseforestillinger.
[...] Sida er flytta hit. [...]
Jeg skal gi deg rett i at paperet jeg siterte ikke gir noe støtte til utvetydige utsagn som f. eks Arnfindsen (eller Lynn eller Jensen) har kommet med.
Deres paper (Rosenberg et al., 2005) var jo først og fremst et tilsvar til Serre and Pääbo (2004), som baserte sin kritikk på påståtte metodiske svakheter ved Stanford-gruppens tidligere arbeid.
Men det er likevel verd å legge merke til hvor ekstremt forsiktig de uttaler seg. Her fra avslutninen av “Clines or Clusters” (under “Discussion”)
————————————————————————Beginquote
…
The arguments about the existence or nonexistence of “biological races” in the absence of a specific context are largely orthogonal to the question of scientific utility, and they should not obscure the fact that, ultimately, the primary goals for studies of genetic variation in humans are to make inferences about human evolutionary history, human biology, and the genetic causes of disease.
…
————————————————————————–Endquote
Det finnes andre forskere som simpelthen ser på data og prøver å forstå verden ut fra hva dataene sier – en kan gjerne si de søker sannehten og gir en beng i hva du, Gould, Lewontin, Rose eller andre måtte mene om “Scientific utility” (som i denne konteksten blir en eufemisme for “Farlig kunnskap som kan misbrukes”).
Razib Kahn her en grei gjennomgang her:
http://www.gnxp.com/blog/2007/01/race-current-consensus.php
Legg merke til at han lenker til de to Stanfordgruppe- artiklene (HTML ) i avsnitt 1 Genetic variation
Men Kahn supplerer med andre relevante artikler i avsnitt II, Cluster and race
og III Genotype and Phenotype
Merk at han også innledningsvis viser til Stephen Hsu (som er teoretisk fysiker, men som har svært god matematisk/statistisk kunnskap).
Denne er interessant :
http://infoproc.blogspot.com/2007/01/metric-on-space-of-genomes-and.html
Han har oppdatert og ekspandert behandlingen av problemstillingen her:
http://infoproc.blogspot.com/2008/01/no-scientific-basis-for-race.html
Der får du også en grundig gjennomgang av den vanlige innvendingen om “større variasjon innad i gruppen enn mellom gruppene” AKA Lewontin’s Fallacy.
Men la meg kort klargjøre mitt eget ståsted. Jeg mener at dataene er såpass klare at det er vanskelig å se bort fra at menneskeheten faktisk kan deles inn i clustre/grupper, og at dette er en følge av deres evolusjonære historie. At det finnes spesielle migrasjonsmøstre for enkelte grupper som ikke følger denne hovedtendensen er ikke problematisk. Det er helt innenfor forklaringsmodellen og ikke noe falsifiserende test av en hypotese.
Det er også overbevisende demonstrert at de vanlig observerbare fenotypiske forskjellene er reelle avspeilinger av denne underforliggende genotypiske strukturen.
Intelligens har en sterkt arvelig komponent, og det er ingen grunn til å anta at ikke dette også kan være forskjellig fordelt innen forskjellige grupper, selv om jeg ikke synes dette er så godt dokumentert foreløpig. Hvis dette er sannheten skal vi ikke late som noe annet, selv om noen kan misbruke det. Men det kan kanskje være nyttig å minne om at innen en nokså omforent definisjon av mennekserettene GRADERER en ikke menneskeverdet etter INTELLIGENS, (Selv om “Konrad” og “Brumlebass” sikkert gjerne skulle gjøre et unntak for “FrP’ere”)
Jeg er for øvrig også av den oppfatning at det gjøres en grunnlegende feilslutning i den “normativt overstyrte” leiren. Sannsynligvis av historiske grunner -først og fremst afrikansk diaspora / slaveri og kolonitid, har memene omkring rasisme blitt til en sak om mengde menanin i huden.
De de færreste ser ut til å reflektere over at XENOFOBI proper OGSÅ er en evolusjonær egenskap som har gitt fordeler gjennom vår utviklingshistorie (og som muligens også gir fordeler i dag).
Men fremmedfryktens underliggende mekanisme handler IKKE om gradering av melanin/skinnfarge (Muligens med unntak av en seksuell seleksjon sensu Fisher). Fremmedfrykt er simpelthen EN FØLGE av at vi er et SOSIALT vesen. Men vi er ikke promiskuiøst sosiale, samarbeid fremmes gjennom våre selekterte mekanismer for å identifisere hvem vi kan stole på. (Evolusjon gjennom iterativ “tit for tat”)
Som allverdens antropologer og etnografer kan fortelle, er kloden full av finurlige måter å markere en “artificial extended family”, Tatoveringer , allverdens piercinger, omskjæringer, frisyrer osv osv.
Du kan gjerne si at i mangel på et tilstrekkelig stort systematisk fargespekter på huden har vi som art “blitt nødt” til å konstruere noe tilsvarende selv. Når DET først er gjort. har vi fått enkle tegn som øker muligheten for “gjensidig altruisme”.
Ironisk nok handler altså “den hvites” skepsis mot “den svarte” (og omvendt) IKKE om en eller annen mani omkring melanin, men er en “automatisert” vurdering av (trommehvirvel) KULTUR.
Så kan vi alltids diskutere om dette er en effektiv mekanisme i dag: men får bli en annen skål.
Cassanders
In Cod we trust
“Jeg mener at dataene er såpass klare at det er vanskelig å se bort fra at menneskeheten faktisk kan deles inn i clustre/grupper, og at dette er en følge av deres evolusjonære historie. At det finnes spesielle migrasjonsmøstre for enkelte grupper som ikke følger denne hovedtendensen er ikke problematisk. Det er helt innenfor forklaringsmodellen og ikke noe falsifiserende test av en hypotese”.
Først – du må gjerne skylde noen forskere for å være “politisk motivert” og andre for å “søke sannheten”. Artikkelen over illustrerer ganske tydelig at raseteoretikere selv opptrer vitenskapelig uærlig, og jeg har vanskelig for å finne andre grunner til det enn nettopp ideologi.
Når du tar opp clustre er du etter mitt syn ved kjernen. Arv får vi fra våre foreldre, som får det fra sine, osv. Det regner jeg med at de fleste er enige om. I gamle dager var jo rase en “essens” som kunne eksistere delvis uavhengig av arv, slik at en person ikke var i en rase, men rasen i en person – som en slags ånd. I dag regner jeg med at begrepet er ment å omtale – på en eller annen måte – arv. Siden folk generelt sett finner seg reproduktive partnere i sitt eget “nærområde” godtgjør i seg selv at det finnes geografiske clusters. Dermed tar man den enkle utveien og kaller disse “raser”. Voila! Så er rasebegrepet gjenreist.
Men uten at jeg har gjennomført genundersøkelser vil jeg anta at slike clustre ikke bare lar seg påvise i global sammenheng, men også f.eks. innad i Hordaland; jeg har nemlig lest en del bygdebøker og har der oppdaget noe som virkelig gir clustring, nemlig innavl. Fra før vet vi at clusters definitivt finnes innen kontinenter. Hsu, som du viser til, viser til clustring i Europa. I Afrika finnes det en rekke ulike. I India også. Inndata påvirker også rimelig garantert utdata i hvordan disse fremstilles.
I tillegg følger den menneskelige genetiske variasjonen et mønster som formodentlig kan fortelle oss en del om hvordan mennesket spredte seg “ut fra Afrika” (som synes å bli en stadig sterkere hypotese, riktignok kan genetisk tilføring fra genetisk tilføring fra neandertalere eller fra Denosiva-hominim, begge deler fremdeles omstridt, forkludre bildet). Med andre ord: inkaer er forskjellige fra dinkaer.
Men grunnen til at geografiske clusters oppstår er den samme grunnen som gjør at rasebegrepet er meningsløst på oss mennesker.
Med et mulig unntak for australske urinnvånere er det -få- befolkninger i verden som har vært isolert over tid, og det er ingen store populasjoner som i dag er isolerte. Selv Amerika ble bosatt gjennom det som trolig var flere migrasjonsbølger fra Sibir. I dag er dessuten sågodt som ingen isolerte folkeslag – og selv om de hundreårene som har gått siden oppdagelsene av Amerika og Australia er kort tid i evolusjonær forstand, har det vært tid til mange generasjoner av mennesker.
Gjennom hele den menneskelige historie har geografiske clusters blitt brutt ved reproduksjon. Dette kalles genflyt, men er en eufemisme for alt fra kåt glede til massevoldtekter. Poenget er at det har skjedd, og at disse clusterbruddene gjør at det verken er spesielt legitimt eller spesielt nyttig å snakke om raser; siden lembaer og dansker kan bære de samme jødiske genene (i betydelig grad) grunnet arv på farssiden, siden brasilianere som ser “hvite” ut kan være “sorte”, siden afro-amerikanere generelt sett har godt over 10% europeiske gener, siden sørindere har gener både herfra og derfra, og det samme gjelder latinos.
Nå skjønner jeg jo at raseteoretikere har snedige måter å løse dette på. Anfindsen mener at det er et “filosofisk problem”, og vil derfor ikke svare på verken hvilke raser som finnes eller hvor mange de er. Du gir uttrykk for at eksempler som bryter med raseteoriene faktisk egentlig bekrefter dem. Leroi – som er en av vitenskapsmennene som de siste årene har forsvart bruken av “raser” velger istedet å dele opp og dele opp, slik at baskerne f.eks. er en rase, men ikke en separat en, bare en del av en større rase. Leroi skriver også:
Er det – i seg selv – en biologisk eller en sosial konstruksjon Leroi gjør?
Leroi er også av dem som angriper Lewontin, forresten, og Lewontin har svart grundig; de sentrale påstandene hans står seg også godt. Men ifølge Anfindsen f.eks. er Lewontin – en av verdens ledende forskere på området – ideologisk forblindet; og du hinter om det samme, gjennom å peke på de andre, de som egentlig søker sannheten. Mon det.
Witherspoon et al. har i denne artikkelen synliggjort at Lewontins sentrale poeng i høyeste grad har gyldighet. Fra abstraktet:
I selve artikkelen:
Tross geografiske clusters og tross noen varianter av rasebegrepets relative sammenfall med disse er “rase” f.eks. av avgrenset nytte innen medisin – der raseteoretikere ofte fremhever det – nettopp fordi det ikke svarer til de faktiske genetiske forskjellene. I denne artikkelen skriver f.eks. Jorde et al.:
Og videre:
De nevner deretter flere konkrete eksempler.
Når det gjelder Steve Hsu: Man kan faktisk mene at forskjellene mellom ulike populasjoner (inkaer og dinkaer) er mer enn “superficial”, at de f.eks. kan ha implikasjoner innen medisin, og likevel mene at det for menneskehetens del er biologisk sett meningsløst å snakke om eller dele opp i “raser”, siden “raser” forteller om klart distinkte, genetisk divergerende enheter som simpelthen ikke er der.
Det virker som du tror at evolusjon / artsdannelse kun skjer ved GEOGRAFISK adskillelse allopatri. Det finnes flere modeller for reproduktiv adksillelse, f.eks sympatri og parapatri. Sympatisk artdannelse kan skje INNEN samme geografiske område, parapatisk artsdannelse kan skje ved to TILGRENSENDE områder men UTEN noen vesentlig geografisk atskillelse.
Men så til påstander om “Scientific utility” av rasebegrepet. Her er abstract til Tang et al. (2005).
Fra http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/PMC1196372/
——————————————————————–Beginquote
We have analyzed genetic data for 326 microsatellite markers that were typed uniformly in a large multiethnic population-based sample of individuals as part of a study of the genetics of hypertension (Family Blood Pressure Program). Subjects identified themselves as belonging to one of four major racial/ethnic groups (white, African American, East Asian, and Hispanic) and were recruited from 15 different geographic locales within the United States and Taiwan. Genetic cluster analysis of the microsatellite markers produced four major clusters, which showed near-perfect correspondence with the four self-reported race/ethnicity categories. Of 3,636 subjects of varying race/ethnicity, only 5 (0.14%) showed genetic cluster membership different from their self-identified race/ethnicity. On the other hand, we detected only modest genetic differentiation between different current geographic locales within each race/ethnicity group. Thus, ancient geographic ancestry, which is highly correlated with self-identified race/ethnicity—as opposed to current residence—is the major determinant of genetic structure in the U.S. population. Implications of this genetic structure for case-control association studies are discussed.
——————————————————————Endquote
Jeg vet ikke hva slags sosiologiske studier du ser for deg hvor en feilbedømming på 0.14% skal bedømmes som “for stor”. Men siden vi vet at fler og fler medisinske tilstander krever kunnskap om genetisk opphav, er fordelene av å enkelt og billig kunne typifisere hovedgrupper et åpenbart nyttig hjelpemiddel.
Det blir for de fleste tilstander være alldeles vrøvlete å skulle kjøre genetiske analyser for å forklare forskjeller som til og med er åpenbare for menigmann.
Cassanders
In Cod we trust
“Sympatisk artdannelse kan skje INNEN samme geografiske område, parapatisk artsdannelse kan skje ved to TILGRENSENDE områder men UTEN noen vesentlig geografisk atskillelse”.
Ja, det finnes sympatrisk og parapatrisk artsdannelse. Men ifht. det moderne mennesket (altså homo sapiens sapiens) og menneskeraser er det da vitterlig pinlig irrelevant? Det finnes ingen isolerende mekanismer som separerer noen menneskelig populasjon fullstendig i reproduktiv forstand, og det er i enda mindre grad tilfelle når det gjelder populasjoner “uten vesentlig geografisk adskillelse” (se ellers “The Human Lineage”, 2009, s. 44).
Ang. Tang et al. kan jeg ikke se at de på noen måte slår i hel poenget Jorde et al. viste i Nature-artikkelen jeg linket til over; og det var faktisk -det- som var poenget; ikke at man i noen undersøkelser kan finne stor grad av sammenfall mellom egendefinert gruppe og genetisk tilhørighet til en geografisk cluster. Tang et al. og andre som har hvilt på bruk av STRUCTURE og tilsvarende dataprogrammer får for øvrig kritikk i denne artikkelen av Weiss og Long (2009), fordi:
[...] syner genforsking, som eg var inne på i førre artikkel, at ein finn geografiske [...]
Jeg har kikket litt mer på Anthropogenetics-bloggen og er ikke imponert. Her: http://anthrogenetics.wordpress.com/2010/04/14/human-genetic-variation-and-population-structure-statistical-construct-or-real/
er en av mange forsøk på å dekonstruere de nokså selvfølgelige konklusjonene som er rimelig å trekke fra forskningen. I løpet av en kort gjennomgang presterer han(hun)….hyn å henvise til Li (2005) , når hyn sannsynligvis mente Rosenberg et al., (2005), samt å feilhenvise (Li et al., 2006) når hyn sannsynligvis mener (Li et al., 2008).
Ved prinsipalkomponentanalyse som mange av disse studiene benytter ( Cavalli-Sforza var pioneren) er det selvfølgelig mange muligheter til å introdusere bias og feilkilder. Clustering-softwaren er en av dem, og “STRUCTURE” er tydeligvis risikabel. Men som du ser har Li et al., (2008) benyttet “FRAPPE”, i likhet med mange nyere studier. Gjør f.eks et google (eller G.scholar) søk på ‘frappe,clustering, så skal du se at det dukker opp mye interessant og spennende
Men selv forfatterne på “Athropogenetics” bloggen vedgår at :
———————————————————————————–Beginquote
…
I do believe that there are great levels of genetic differences among the major geographic groups and the understanding of that is very important for disease causing gene mapping studies.
————————————————————————————Endquote
…
Men jeg tror ikke vi kommer så mye mer til enighet om disse sakene. Det publiserers jevnt og trutt på dette feltet, og de aller fleste som gjør det er ikke ute etter å “bevise” noe som helt annet å beskrive det som er en rimelig tolking av dataene.
Cassanders
In Cod we trust
[...] han har ansvar for å spreia kvasivitskapleg tøv – som eg har omtala i tre bloggpostar: 1, 2, 3 [...]