Side3 – oppfinnsam journalistikk?
Eg vart ein smule overraska då eg i dag kom over denne artikkelen frå vetlejulafta på side3.no: “Latterlige ting vi tror om muslimer“.
Fyrst i artikkelen heiter det:
Side3 slo på tråden til religionsforsker ved Universitetet i Oslo, Kari Vogt, for å høre hva hun mener er de verste fordommene vi har mot islam. Her er noen av de utrolige oppfatningene mange av oss faktisk har om muslimer.
Det interessante er jo at artikkelen har ganske mange fellestrekk med ein artikkel som vart publisert på den amerikanske humornettstaden (!) cracked.com to dagar tidlegare: 5 Ridiculous Things You Probably Believe About Islam. Referansen til Glenn Beck er der, biten om sløret (som på norsk har vorte om til å vera kun om burka) er der, biten om at muslimar og arabarar ikkje er det same er der også.
Det er sjølvsagt hyggeleg at side3.no freistar seg på å problematisera ein del fordommar mot islam; og det er all grunn til å tru at nokre av dei same fordomane eksisterer i både Noreg og USA. Men dei kunne med fordel ha vore ein smule meir oppfinnsame. Cracked.com sin artikkel var dessutan morosam. Side3 sin? Njæ.


Ja jeg har sett et par artikler i norske nettaviser nå som er basert på Cracked. Egentlig ikke så rart, og denne artikkelen oppgir faktisk Cracked som kilde, men det lover ikke helt godt for fremtiden. Plutselig oppdager folk at det er mye greiere å bare lese Cracked direkte.