Om al-Kubaisi, al-Banna og Lenin

Walid al-Kubaisi sin dokumentarfilm om den muslimske brorskapen skapar debatt. I kveld fekk eg endeleg sett filmen, og debatten forundrar meg ikkje, sjølv om verken det som kjem fram i filmen eller det som vert hevda frå al-Kubaisi eller andre kritikarar av muslimbrødrene er særleg overraskande.

For dei som har vore viljuge til å setja seg inn i kva denne greina av radikal islamisme står for er det i det heile gamalt nytt; og i motsetnad av kva ein kanskje skulle få inntrykk av frå filmen er det ganske lett tilgjengeleg materiale.

Om ein siler vekk ymse rabiate kjelder på internett, og heller går til ganske nøkterne og keisame franske akademikarar, til egyptiske analytikarar eller for den del til muslimbrødrene sine eigne tekstar, som er vidt tilgjengelege på engelsk, og delvis også på norsk.

Men urk. Kven er det eigentleg som gjer slikt kjedeleg arbeid? Svaret på det spørsmålet er: Walid al-Kubaisi. Det er lite i filmen som er faktisk feil, sjølv om det er ein del alarmisme ute og går, og sjølv om al-Kubaisi legg føre eit rørande romantisk syn på den franske revolusjonen.

For å gå vidare i å kommentera sjølve filmen vil eg ta utgangspunkt i nokre av reaksjonane som har kome på han.

Eg er freista til å byrja med Islamsk Råd sin reaksjon, men det er heller vanskeleg; sidan den er eit heller uklårt formulert forsøk på å ta avstand frå både filmen og den muslimske brorskapen sin bodskap samstundes. Det kunne nok ha fungert, om det heile berre var betre forklart. Men slik pressemeldinga frå IRN er skrive er den dømd til å verta misforstått.

Ikkje for det: akkurat det hadde nok hendt i alle høve.

Olav Elgvin har eit klårare svar, både i Dagbladet og på sin eigen blogg.

Elgvin viser blant annet til to ferske bøker om Den muslimske brorskapen, som ifølgje han teiknar eit meir kompleks bilete av brorskapen enn det al-Kubaisi gjer. Eg har ikkje lese dei to nemnde bøkene, men har ingen grunn til å tvila: det finst rikeleg med litteratur som viser det same som Elgvin seier. Og kva er det? Brorskapen er eit laust nettverk snarare enn ein sentralstyrt organisasjon, og at måla for dei ulike brorskapa varierer frå land til land.

Om nokre meiner at al-Kubaisi teiknar eit simplistisk bilete av den muslimske brorskapen har dei også heilt rett. Men kor nyansert kan ein eigentleg bli i løpet av ein times dokumentarfilm? Spør ikkje meg. Spør Michael Moore.

Elgvin har vidare rett i at filmen – gjennom intervjua med ei rekkje kritikarar av både egyptiske myndigheiter og muslimbrørne -”viser at den arabiske verden er langt mer mangfoldig enn hva man kan få inntrykk av”. Sosialantropolog Sindre Bangstad ser ikkje ut til  ha det same inntrykket.

I ein e-post gjeve att på fritanke.no skuldar han filmen for “udokumenterte sammensvergelsesteorier, påstander som ikke henger på greip og fiffige, stigmatiserende grep”. Vidare følgjer opp med å samanlikna filmen med nazistisk propaganda.

Nei, nei, nei. Al-Kubaisi er riktignok alarmistisk, og grueleg lite nyansert i høve hijabdiskusjonen og i høve opptøya i Paris sine forstader (der intervjuobjektet Latif Lakhdar treff mykje betre), men filmen handlar ikkje om islam og ikkje om muslimar generelt. Den handlar om den muslimske brorskapen, som representerer ein konkret variant av islamistisk ideologi; og blant dei som vert intervjua er representantar for ideologien, folk som ein faktisk bør tru at meiner ting dei seier. Hovudvekta ligg likevel på dei arabiske og muslimske kritikarane til den muslimske brorskapen; kritikarar som i verkeleg drøye islamdebattar vert skrivne ut av eksistens. Her slepp dei til orde.

Svake sider til trass er filmen eitt av dei meir edruelege innlegga eg har sett i norsk debatt om radikal islamisme dei siste åra. Dette er verken Oriana Fallaci, Hallgrim Berg eller Christian Tybring-Gjedde. Sjølv om partiet til sistnemnde heilt sikkert kjem til å freista å ta filmen til inntekt for seg sjølv.

Det er mogleg filmen trass alt dette kan fremma konspirasjonstenkning og hat mot muslimar generelt; men det har i så høve meir med det generelle debattklimaet å gjera enn med al-Kubaisi sin film å gjera. Det debattklimaet kunne eg ha sagt mykje om. Denne gongen lèt eg vera.

Kunne al-Kubaisi ha laga ein betre film? Ja. Kunne filmen vore meir presis og meir nyansert? Utvilsamt. Når al-Kubaisi ikkje problematiserer påstanden om muslimske barnetal i Europa (som vert lagt fram av ein islamsk predikant som al-Kubaisi knyter, riktig eller uriktig, til muslimsbrørne), er det klårt at dette kan gje god grobotn for tøysete statistikkbruk og for ein av yndlingsteoriane blant IT-alderen sine Theis Lundegaard-ar (ein eidsvollsmann al-Kubaisi ikkje nemner når han syner fine bilete frå 17. mai).

Gje gjerne al-Kubaisi pepper for det – men hugs på at det slett ikkje er han som legg fram taltøyset. Det er det ein egyptisk TV-predikant som gjer.

Det er også ein svakheit ved filmen at det berre er Gamal al-Banna, eitt av intervjuaobjekta, bror til muslimbrørne sin grunnleggjar og for øvrig ein svært interessant mann,  som trekkjer den ganske gode paralellen til Lenin og leninistane. Paralellen burde vera slåande i lys av ein av al-Kubaisi sine kommentarar innleiingsvis:

En organisasjon som vil overta Vesten, det høres utrolig ut.

Ehrmm…. nei. Det finst ikkje utruleg. Det tjuande hundreåret var fullt av organisasjonar som ville overta Vesten. Nokre av dei vart mektige, og stod for enorme menneskerettsovergrep, dødsleirar og elende. Andre vart verande marginale, men var farlege. Nokre var berre parodiske – eg har vore med i iallfall ein av dei, og burde vita kva eg snakkar om. Og nokre var slett ikkje så ekstreme.

Frå ein liberal ståstad er det naturleg å kjempa mot illiberale krefter. Skal ein gjera det kan ein ikkje lukka augene for at dei faktisk eksisterer. Heller ikkje når den som åtvarer mot dei er ein alarmist. For fascist er Walid al-Kubaisi ikkje.

2 Responses to “Om al-Kubaisi, al-Banna og Lenin”

  1. [...] Strømmen, som har skrevet en essaybok om radikal islamisme, skriver relativt positivt om filmen på bloggen sin, men mener at den er unyansert og [...]

  2. Lars Gule says:

    En fornuftig og balansert vurdering av al-Kubaisis kontroversielle film.

    Lars Gule

Leave a Reply