Islamisme, nasjonalisme, jødehat

Hamas sitt emblem. Det palestinske landområdet – som for Hamas inkluderer heile dagens Israel – er sentralt plassert øvst i emblemet. Dei to sverda er å kjenna att frå al Ikwhan sitt emblem, medan bygningen i bakgrunnen er Klippemoskeen i Jerusalem.

Hamas sitt emblem. Det palestinske landområdet – som for Hamas inkluderer heile dagens Israel – er sentralt plassert øvst i emblemet. Dei to sverda er å kjenna att frå al Ikwhan sitt emblem, medan bygningen i bakgrunnen er Klippemoskeen i Jerusalem.

Hamas er ingen typisk representant for islamsk fundamentalisme. Organisasjonen sitt charter frå 1988 kombinerer islamismen med ein brennande nasjonalisme.

Den viktige islamistiske tenkjaren Maududi avviste ein kvar form for «rasemessig eller nasjonell forfengelegheit».

Sayyid Qutb, ein annan sentral islamistisk tenkjar, var ein markant kritikar av arabisk og egyptisk nasjonalisme, og meinte at «fedrelandet er dar-al Islam (islams hus), herskaren Gud og grunnlova Koranen». I «Milepælar» skriv han: – Dei må fjerna alle element av jahiliyya (barbari, det at menneske herskar over menneske) som gjer dette konseptet ureint og som kan vera utslag av løynd polyteisme, som det å setja heimlandet på line med Gud, eller det å setja rase eller nasjon der, eller slektskap og materielle interesser.

Heilag land

Islamismen er altså langt på veg ein anti-nasjonalistisk ideologi, og dei aller fleste islamistiske rørsler har fokusert og fokuserer stadig på sin kamp som eit steg i kampen for islam. Det gjer også Hamas, men organisasjonen skil seg likevel ut.

Hamas er utvilsamt er ei islamistisk rørsle, med både historiske og noverandre koplingar til andre islamistiske organisasjonar – særleg den muslimske brorskapen, al Ikhwan. Organisasjonen sitt charter understrekar også tilhøyret til denne opprinneleg egyptiske organisasjonen, som vert omtala som «den største islamske rørsla i moderne tid (…), kjenneteikna av djup refleksjon, presise idear og heilskapleg forståing av alle sider ved islam i alle livets aspekt». Men der den palestinske avdelinga av den muslimske brorskapen – grunnlagt alt i 1946 – arbeidde for å «gjenislamisera» det palestinske samfunnet gjennom moskear og sosialt arbeid, satsa Hamas frå starten av på militante metodar. I løpet av dei fyrste åra danna rørsla ei sosial, religiøs og politisk grein og ei væpna og aktivistist grein: al-Qassam-brigadene.

Det som samstundes skil Hamas frå dei fleste andre islamistiske rørsler er nettopp fokuset på fedrelandet, al watan, og på nasjonalismen, al wataniyya. I Hamas-charteret heiter det ganske enkelt: «Fedrelandet og nasjonalismen er ein del av den islamske trua». Og vidare: «Om andre nasjonalistiske rørsler er knytt til materialistiske, menneskelege eller regionale kampsaker, har Hamas sin nasjonalisme alle desse elementa, men også dei viktigare elementa som gjer rørsla sjel og liv».

Denne uvanlege kombinasjonen av islamisme og nasjonalisme inneber også at det å gje opp delar av den nasjonalistiske kampen vert likestilt med å gje opp islam. Dermed er Hamas sin nasjonalisme i stor grad religiøst tufta. Det vert vidare understreka av at heile Palestina (som for Hamas inkluderer heile dagens Israel) er definert som heilag islamsk territorium, waqf. «Såkalla fredelege løysingar og internasjonale konferansar» er bortkasta tid, fortel Hamas-charteret: «Det finst inga anna løysing på det palestinske spørsmålet enn jihad».

Nokon vil kanskje likevel sjå på fokuset på nasjonalstaten som eit uttrykk for at Hamas er meir pragmatisk enn det er vanleg å oppfatta organisasjonen som. Andre har tolka ideane om Palestina som eit heilag land som eit uttrykk for at Hamas er påverka av religiøs sionisme, og av jødiske idear om «det lova landet». Om ikkje anna syner fokuset på nasjonalstaten – rett nok i ei religiøs ramme – at Hamas er meir enn viljuge til å ta opp i seg idear som ikkje skriv seg frå islam som religion og heller ikkje frå islamismen som politisk ideologi.

Europeisk jødehat – i islamsk drakt

Hamas sitt jødehat – som rett nok skil seg lite frå jødehatet ein finn i mange andre islamistiske rørsler – ber på same vis i stor grad preg av å vera henta frå ulike kjelder. Sjølv om Hamas sine tallause verbale åtak på jødane til dels er strødd med referansar frå Koranen og andre islamske tekstar er mykje av det konkrete innhaldet til å kjenna att frå europeisk antisemittisme.

I den Hamas-tilknytte avisa Filastin al-Muslima (Det muslimske Palestina) vert jødane skildra som «den jødiske Satan», «menneskeheita sin blodsugar» og også som «nazistar», ei samanlikning som også går att fleire stader i organisasjonen sitt charter, og i blant også i den norske Midtausten-debatten. Ironien blir komplett når Hamas i charteret sitt viser til det kjende antisemittiske falsknarverket Sions Vises Protokollar – eit verk som stod sentralt i europeisk antisemittisme i særleg 1920- og 1930-åra, og som vart flittig nytta av nazistane. I Hamas-charteret heiter det:

Verdssionismen og de imperalistiske statene har med smarte grep og strategisk planlegging freista å skyva dei arabiske statane, ein etter ein, ut av folden som står mot sionismen. Målet er til slutt å isolera det palestinske folk. (…)

Hamas utfordrar dei arabiske og islamske folk til å handla oppriktig og utretteleg for å forpurra denne djevelsk uttenkte plan (…). I dag er det Palestina, og i morgon kan det vera eit anna land eller andre land. Sionismen har ikkje noko magemål, og etter Palestina vil dei inderleg ynskja å ekspandera til Nilen og Eufrat. Etter å ha fordøyd erobringa av eit land som dei har lagt handa på, vil dei sjå framover mot nye erobringar.

Deira renkespel har vorte utlagt i Sions Vises Protokollar, og deira noverande framferd er det beste provet på det som vert sagt der.

Charteret nøyer seg ikkje med det, men hevdar også – framleis i tråd med vestlege jødehatarar – at «fienden» har teke kontroll over media, at dei stod bak den franske revolusjonen, den russiske revolusjonen, koloniseringa, fyrste verdskrigen og andre verdskrigen. Vidare vert det påstått at den jødiske konspirasjonen står bak ymse «hemmelege selskap», inklusiv frimurarane, Rotary og Lions. Målet med desse organisasjonane er – ifølgje charteret – å «sabotera samfunna og fremma sionistiske interesser». Eit utal FN-resolusjon i Israel sin disfavør til trass, vert også FN sagt å vera eit verktøy oppretta av dei jødiske konspiratorane for å kunna «herska over verda».

Det er i det heile lite – iallfall på overflata – som skiljer jødehatet i Hamas sitt charter frå vestleg jødehat dei siste to hundreåra. At charteret også syner til utvalde vers i Koranen som er meint å understreka ideen om den jødiske verdskonspirasjonen endrar lite på det: Hamas sitt jødehat er langt på veg vestleg jødehat påført ei islamsk drakt.

Er det håp?

Ein del meiner at Hamas sitt charter, som vart skrive i 1988, er mindre relevant i dag – og at organisasjonen har synt seg meir pragmatisk enn ein skulle tru om ein les charteret.

Det siste finst det eit visst grunnlag for å hevda. I 1996 såg Hamas på valdeltaking som ei godkjenning av Oslo-prosessen og Filastin al-Muslima omtalte valet som «eit karneval», basert på «dyrking av falskhet og ignorering av sanninga», sjølv om dei understreka at dei ikkje var mot val av prinsipp. I 2006 tok Hamas aktivt del i valet, som dei også vann. Etter valsigeren la organisasjonen mindre vekt på jihad, og større vekt på nasjonal sameining. Hamas-statministeren Ismail Haniyeh – rekna som ein av Hamas sine meir pragmatisk orienterte menn – opna for ei mellombels fredsavtale med Israel dersom palestinarane fekk sin eigen stat.

Men Hamas ser ikkje ut til å vera viljuge til å strekkja seg lenger enn det, og etter den militære konflikta mellom Fatah og Hamas i juni 2006 og krigføringa mellom Israel og Hamas rundt årsskiftet tyder fint lite på at moderate krefter vinn fram innan Hamas.

At charteret skulle vera irrelevant er det også lite som tyder på. I 2006 sa medgrunnleggjaren Mahmud az-Zahar, som tilhøyrer organisasjonen sin radikale fløy, at det ikkje kom på tale å endra eit einaste ord i charteret. Az-Zahar er utvilsamt ein av leiarane i Hamas-rørsla, og har fungert som utanriksminister. Han har tette band til Hamas sin militære fløy, Kassam-brigadene. I oktober 2008 la ein annan toppfigur i Hamas, Ayman Taha, skulda for finanskrisa hjå den «jødiske lobbyen», som han også sa at «kontrollerer det amerikanske valet» og «definerer utanrikspolitikken til kva som helst ny regjering i Statane, og det på ein slik måte at [den jødiske lobbyen] heldt på kontrollen av den amerikanske regjeringa og den amerikanske økonomien».

Tonane frå charteret er til å kjenna att.

Relevant litteratur:

  • Gruber, Shai: Hamas – Pragmatic Ideology, The Fletcher School Journal for issues related to Southeast Asia and Islamic Civilization, Spring 2007
  • Hamas-charteret, 1988
  • Nüsse, Andrea: Muslim Palestine: The Ideology of Hamas, Routledge, 1998
  • Qutb, Sayyid: Milepæler, S.P Forlag, 2004

Artikkelen er tidlegare publisert i tidsskriftet Fri Tanke, og det fulgte også ejn debatt mellom Erni Gustafsson og Øyvind Strømmen på fritanke.no, sjå desse innlegga: Et kompletterende bilde av Hamas, Velkomen komplettering og Religionens innflytelse øker i Israel. Didrik Søderlind sin artikkel “Hvem benekter Holocaust og hvorfor” på same nettstad er også relevant.

Leave a Reply