Grønt lys for EU
Tuesday, 3 November 2009
Det er ikkje slått opp stort i norske nettaviser (førebels) i dag, men i resten av Europa er dette en hovedsak: den tsjekkiske grunnlovsdomstolen har avvist ei klage frå ei gruppe senatorar. Dermed kan landet sin president Vaclav Klaus – truleg noko motviljug – skriva under på Lisboa-traktaten.
Dette tyder at Lisboa-traktaten etter alle solemerke kjem til å tre i kraft frå neste år av. For ein gjennomgang av kva traktaten inneheld, sjå denne gode wikipedia-artikkelen.
Med dette går EU i meir overnasjonal retning. Det reagerer den norske nei-sida på, og ser det som endå eit argument mot EU. Personleg meiner eg det styrkjer argumenta for EU. EU vert med Lisboa-traktaten meir slagkraftig og betre i stand til å takla dei utfordringane som må taklast med overnasjonalt samarbeid. Med Lisboa-traktaten heldt dessutan den europeiske integrasjonsprosessen fram, og vonleg vil diskusjonane i europeisk politikk dreia seg om nettopp politikk, og ikkje om meir kjekling om traktatar.
Trass i at mykje ille kan seiast om prosessen fram mot Lisboa-traktaten syter han også for at EU vert meir demokratisk, ved at det folkevalde europarlamentet får meir å seia, og ved at det vert innført borgarinitiativ – der 1 million EU-borgarar kan få fremja eit lovframlegg gjennom å skriva under på ei erklæring.
Med dette vert EU eit (meir) demokratisk, overnasjonalt organ som er eigna til å handtera dei store utfordringane Europa og verda står overfor. Personleg synest eg det er noko nær ei tragedie at Noreg i staden for fullt medlemskap har valgt EØS-avtala. Medan EU skjerpar seg, er nemleg EØS-avtala framleis eit glitrande døme på demokratisk underskot.
No. 1 — November 7th, 2009 at 4:11 pm
Er du ein euro-naivist, Øyvind?
No. 2 — November 7th, 2009 at 5:53 pm
Tjneia.
Eg har (klikk på EU under artikkelen) skrive mykje om EU i det siste, både mykje positivt og ein del negativt. Som tidlegare nei-mann trur eg ikkje eg kan skuldast for anna enn den mest truskuldige og positive naivismen.
No. 3 — November 9th, 2009 at 6:29 pm
Måtte berre erte litt.
Ein kan ikkje fastslå kor demokratisk eit system er ved å lese ein traktat eller grunnlovstekst. Mange andre faktorar må vere på plass.
Norge har gitt avkall på (ein minimal) påverknad som følgjer med medlemskap, men har fortsatt kontroll over naturressurar og landbruk. Ein får ikkje i pose og sekk veit du.