Vår resa började så
Monday, 28 September 2009

Charles-Irénée Castel de Saint-Pierre.
Den grøne europarlamentarikaren Pierre Jonckheer kritiserer i ei utgåve av tenketanken Etopias sin bokserie Revue Etopia den flittige bruken av erlik-teiknet mellom EU og ekstrem marknadsliberalisme. Jonckheer, som representerer Ecolo – eit belgisk parti som neppe kan kritiserast for å vera særleg høgreorienterte – skriv:
Når ein kritiserer det ‘nyliberale Europa’ må ein vera i stand til å skilna mellom ein kritikk av kapitalismen i sin noverande globaliserte form og ein kritikk av europeisk integrasjon. Radikal kritikk blandar ofte dei to saman og reduserer ‘Europa’ til eit instrument for transnasjonale selskap. Det at eit overnasjonalt politisk system eksisterer vert blanda samen med eksistensen av ei tankeretning og politiske retningar som i stor grad vert dominerte av ynskjet om ‘marknadsliberalisering’, om globalisering utan global styring, med med multinasjonale selskap si styring.
Denne forvirringa hindrar folk frå å vurdera den Europeiske Unionen som spesifikk politisk arena. Venstre- og høgresida sin nasjonalistiske natur kjem saman i ei haldning som avviser overnasjonalitet. For oss krevjer eit svar på dei miljømessige, sosiale og økonomiske krisene meir europeisk styring og fleire europeiske ressursar. Det bør ikkje vera noko motsetjing mellom å vera anti-kapitalistisk og pro-Europa på same tid. Ein meir realistisk politisk visjon vil visa at det å regulera kapitalismen også føreset spesifikk investering i europeisk politikk og at ein utfordrar den liberalkonservative majoriteten i både europarlamentet og rådet. Ideelt sett burde krisa hjelpa oss til å oppnå dette, sidan ho delvis er forårsaka av manglande finansiell regulering.
Dette sitatet åleine burde ha hatt potensiale endra norsk EU-debatt. Ecolo er eit av dei mest eurofile partia i Europa, og Jonckheer argumenterer for både meir regulering, mindre kapitalisme og meir Europa – samstundes.
Men tek han ikkje feil? Er ikkje EU i sjølve utgangspunktet eit nyliberalistisk konstruksjon?
For å svara på det kan det vera nyttig med eit tilbakeblikk, fyrst til dei fyrste ideane om ein europeisk union, og sidan til grunnlegginga av EU sin forgjengar: den europeiske kol- og stålfellesskapen.
Idear frå fredsrørsla

Frå "Projet pour rendre la paix perpétuelle en Europe" av Charles-Irénée Castel de Saint-Pierre (1658-1743), 1712
Historisk sett er ideen om eit samla Europa ganske ny, men ikkje så ny som mange trur.Alt i 1693 såg William Penn på dei øydande konsekvensane av stadige krigar i Europa, og meinte at ei løysing ville liggja i “ein europeisk diet, eller parlament”. I 1728 foreslo den radikale franske skribenten Charles-Irénée Castel, ein europeisk liga av 18 uavhengige statar, med felles finansstyring, utan grenser og med ein økonomisk union.
Castel er elles kjend for å ha foreslått blant anna progressiv skatt, gratis offentleg utdanning (for både kvinner og menn), statleg satsing på infrastruktur for å fremma handel, og ein internasjonal domstol.
Etter den amerikanske uavhengighetskrigen vart det fleire idear om eit United States of Europa tilsvarande USA, idear som fann støtte hjå fleire framståande europearar.
Likevel var det etterkvart i den radikale fredsrørsla at støtta til ideen om ein europeisk union skulle veksa fram. I 1843 foreslo den italienske skribenten og politikaren Giuseppe Mazzini danninga av ein føderasjon av europeiske republikkar. Det sette i gang andre, blant anna den velkjente forfattaren og pasifisten Victor Hugo.

Victor Hugo
Under ei tale til den Internasjonale Fredskongressen arrangert av Mazzini i Paris i 1849 foreslo Hugo États-Unis d’Europe (United States of Europe, dei europeiske sambandsstatane) og “eit styrande og uavhengig senat som vil vera det same for Europa som parlamentet er for England”. Han sa også: “Det vil koma ein dag når alle nasjonane på kontinentet vårt vil utgjera ein europeisk brorskap…”. Hugo var ledd ut, men vende attende til ideen sin seinare.
Ein interessant liten anekdote for EU-romantikarar kan nemnast: Medan han var i eksil på kanaløya Guernsey planta Hugo eit tre i hagen, og han kommenterte at når dette treet hadde vakse til ville det forente Europa vera ein realitet. Treet står i hagen til Maison de Hauteville i St. Peter Port på Guernsey den dag i dag.
I 1867 arrangerte Ligaen for Fred og Fridom ein konferanse i Geneve, der båe Victor Hugo, Giuseppe Garibaldi, John Stuart Mill og anarkisten Mikhail Bakunin var til stades. Sistnemnde sa: “For å sikra ein triumf for fridom, rettferd og fred i Europa sine internasjonale realsjonar, og for å gjera borgarkrig mellom dei ulike folka i den europeiske familien, er det berre ein veg å gå: dei europeiske sambandsstatane”.
Som ein ser var ideen om eit samla Europa ein radikal ide, som sprang ut frå blant anna den unge europeiske fredsrørsla. Etter fyrste verdskrigen vende ideane attende med fornya kraft. Den franske statsministeren og fredsprisvinnaren Aristide Briand foreslo til dømes ein føderasjon av europeiske nasjonar – basert på solidaritet og med økonomisk framgang og politisk og sosialt samarbeid – i ei tale til Folkeforbundet i 1929. Økonomen John Maynard Keynes var blant dei som støtta ideen. Etter anmodning frå Folkeforbundet presenterte Briand eit memorandum om organisering av den Europeiske Føderale Union i 1930.
Depresjonen og 2. verdskrigen sette ein stoggar for planane om europeisk samling, sjølv om også nazistane drøymde om eit (tysk-dominert) samla Europa – pussig nok er dette av dei få tidlege ideane om eit samla Europa som har fått eit fnugg av merksemd i norsk EU-debatt – rett nok i all hovudsak frå svært marginale krefter innad i nei-rørsla.
Idear frå motstandsrørsla
Medan nazistane drøymde om eit samla Europa under tysk og nazistisk dominans hadde også motstandsrørsla idear om eit samla Europa. Dette kom blant anna til uttrykk i Ventotene-manifestet, skrive av Altiero Spinelli – i samarbeid med tre andre – i fangenskap på øya Ventotene. Eit utdrag:
Eitt fritt og samla Europa er naudsynt for å styrka den moderne sivilisasjonen, som mellombels har vorte stogga av den totalitære alderen. Ved slutten av denne tidsalderen vil kampen mot sosial ujamnleik og privilegiar vakna opp for fullt. Alle dei gamle, konservative strukturane som har hindra denne prosessen vil anten ha kollapsa eller vera i fell med å gjera det. Denne krisa må utnyttast, med vilje og mot.
Manifestet heldt fram med å kritisera “kapitalismens øk” og ved å seia at den europeiske revolusjonen må vera sosialistisk. I 1943 grunnla ei gruppe aktivistar leidd av Spinelli den Europeisk Føderalistiske Rørsla (Movimento Federalista Europeo, MFE), og året etter møtte motstandsfolk frå forskjellige land i eit hemmeleg møte i det nøytrale Sveits. Her var ikkje ideen om europeisk sameining berre radikal, men spesifikt sosialistisk.
Etter krigen argumenterte Spinelli og den føderalistiske gruppa MFE for ei sterkt unionistisk haldning, og dei meinte at verken OEEC (forgjengaren til OECD), det sterkt symbolske Europarådet eller den europeiske stål- og kolfellesskapen gjekk langt nok. I staden meinte dei at det burde velgjast eit europeisk parlament for å skapa ei europeisk grunnlov. Seinare vart Spinelli valt inn i europarlamentet som representant for det eurokommunistiske italienske kommunistpartiet

Spinelli på italiensk frimerke
Hovudbygningen i det europeiske parlamentet er døypt opp etter Spinelli. Ein av dei sentrale pådrivarane for europeisk integrasjon i førre hundreår var altså slett ikkje nyliberalar, men snarare kommunist. Nei-folk ytterst på norsk venstreside snakkar lite om det.
Frontfigurane
Sosialistane var sjølvsagt – og heldigvis – ikkje dei einaste som arbeidde for europeisk integrasjon.
Den britiske statsministeren Winston Churchill – som knappast kan kallast sosialist heldt til dømes i 1946 ei tale der han foreslo “United States of Europe”. Fleire transnasjonale samarbeid vart føreslått eller inngått i åra etterpå, men dei mest interessant i vår samanhang er kanskje den europeiske kol- og stålfellesskapen, som vart grunnlag av “dei indre seks” i Paris-traktaten i 1951; dei “indre seks” var Frankrike, Italia, Belgia, Nederland, Luxembourg og Vest-Tyskland. I 1953 var fellesmarknadane for kol og stål opna.
Aha, tenkjer du kanskje! Felles marknad!
Og jo – dersom ein meiner at felles marknad og fjerning av tollgrenser i seg sjølv er det same som marknadsliberalisme og altså utslag av høgresideideologi, ja, så må ein gjerne meina at kol- og stålfellesskapen, og etterfølgjarane EEC og EU var marknadsliberalistiske inn til beinet. Men også her er det ein del som ikkje rimer. Det var den franske utanriksministeren Robert Schuman som tok initiativ til kol- og stålfellesskapen (med den såkalla Schuman-erklæringa), ut frå forslag frå Jean Monnet. Fyrstnemnde var ein sentrumsorientert kristendemokrat. Sistnemnde ein pragmatisk internasjonalist. Eit sentralt namn i den vidare utviklinga var elles belgiaren Paul-Henri Spaak, som var sosialist.
Slik har det fortsett. EU i dag er eit resultat av arbeidet til både kristendemokratar, sosialdemokratar, liberalistar og sosialistar, og ber preg av ulike valvinnarar både i enkeltland og på europeisk nivå. Det er rett at nyliberale og konservative krefter har dominert europeisk politikk i ei årrekkje. Det har dei gjort som resultat av demokratiske val.
Poenget? Den norske EU-debatten ber preg av at EU og høgrepolitikk vert likestilt. Det eine organet som for alvor har fremja europeisk samarbeid på tvers av landegrensene vert – med urett – redusert til eit nyliberalistisk prosjekt. Ikkje nok med det. EU vert sjølv fråteke potensialet til å vera noko anna eller til å føra annleis politikk, og det sjølv om andre EU-parlamentarikarar unekteleg ville ha gjeve annleis EU-politikk.
EU vert redusert til ein statisk konstruksjon, ein uforanderleg masse, på trass av at historia viser noko anna. Dei av oss som ynskjer eit annleis Europa har all interesse av å kritisera den rådande EU-politikken på mange område (sjølv om EU også gjennomfører ein heil del bra). Me har også all interesse av å delta. Me har svært lite interesse av å få tilsendt vedtaka til eit nyliberalt/konservativt fleirtal per post gjennom EØS-avtala. Det er demokratisk underskot, det.