“Det var här allting började”, sa Peter
Sunday, 27 September 2009
Det store problemet i EU-debatten er at han ikkje tek utgangspunkt i røyndom, men heller i ja- og nei-sida sine fantasikonstruksjonar. Nei-sida har laga til eit mytisk “annleisland” der det flommar over at lokaldemokrati, miljøvern og rettvise, medan EU berre består av slemme menn med dress som foraktar både lokaldemokrati, miljøvern og sosial rettar. Nei-sida sitt EU er djupt blåfarga og står i den norske nei-sida sine auge for ein ekstrem marknadsliberalisme. Ja-sida har på si side konstruert eit EU som berre handlar om fred og smilefjes, og der nei-folk berre er ein gjeng med sære, nasjonalistiske nissar.
Ein skal ikkje underslå at både dei slemme mennene med dress og dei sære, nasjonalistiske nissane finst. Men det er meir interessant å diskutera kva EU og det norske tilhøvet til EU eigentleg består i. Etter Maastricht kviler unionen på tre søyler.
1. Den europeiske fellesskapen, der Noreg i praksis er med både gjennom EØS-avtala, gjennom medlemskapen i Schengen-samarbeidet og gjennom andre samarbeid, t.d. Erasmus-programmet.
2. Felles utanriks og tryggleikspolitikk, FUSP, der Norge formelt sett ikkje er med, men der me stadig (og som oftast av svært rimelege årsaker) er på line med EU, og indirekte har koplingar også sidan FUSP delvis er ei vidareføring av den vesteuropeiske unionen, der Island og Noreg – i motsetnad til dei nordiske nabolanda våre – er med som assosierter medlemer (Danmark, Sverige og Finland er berre observatørar).
3. Politi og rettssamarbeidet, der Noreg i stor grad fungerer som medlem i både Europol og Eurojust, og i tillegg altså er medlem av Schengen.
Dette syner at Noreg i langt dei fleste praktiske samanhanger er med i EU. EØS-avtala omfattar deltaking i den indre marknaden, og samarbeid innanfor forskning, utdanning, miljøvern, sosiale spørsmål og kultur, men omfattar ikkje fisk og landbruk. Avtala er samstundes dynamisk – nye reglar for den indre marknaden skal utformast og gjerast gjeldande for heile EØS, og ho har klausular som inneber at nye område kan bringast inn, eller at eksisterande område kan takast ut.
Praktisk sett er ikkje Noreg berre i stor grad med i EU, me fører også EU-politikk, av og til er det av det gode, andre gongar ikkje. Ein av dei få stadene i Brüssel der Noreg ikkje har reell representasjon er europarlamentet, men vegen er – for å seia det slik – ikkje særleg lang frå den norske ambassada i Archimedestraat og til den europeiske høgborga… EU-kommisjonen sitt hovudkvarter Berlaymont ligg på andre sida av vegen. Europarlamentet ein kort spasertur unna.
Den norske EU-oppskrifta er: fullt medlemskap (men ikkje snakk høgt om det), full gjennomføring (me er flinkare til å gjennomføra EU-politikk enn mange EU-land) og null politisk påverknad. Eit forsvar av status quo (“Nei til EU”) er i denne situasjonen lite anna enn eitt forsvar av den brundtlandske snikinnmeldinga. Cathrine Holst, tidlegare aktiv medlem i Ungdom mot EU og no EU-tilhengjar, oppsummerte dette glitrande i eit intervju i fjor (intervjuet er diverre ikkje å finna på nett lenger), og sa blant anna:
EØS-avtalen er ikke tilfredsstillende sett fra et demokratiperspektiv. Nei-sida snakker om det demokratiske underskuddet i EU, men jeg kan ikke skjønne noe annet enn at Norge gjennom EØS er rammet av det samme. De som stemte nei til EU og som sa de gjorde ut fra et demokratihensyn, må ha et annet demokratisyn enn meg når de nærmest ikke reagerer på dagens situasjon. Jeg mener vi må velge: Enten si opp avtalen, eller bli fullt medlem. Selv er jeg ikke lenger i tvil om at det siste alternativet er det beste, ikke minst utfra et demokratiperspektiv.
Det er her nei-sida støyter på eit grunnleggjande problem: Det er breitt politisk og – ifølgje meiningsmålingar – betydeleg folkeleg fleirtal for EØS. Mange av dei som seier at dei er imot EU er varme tilhengjarar av EØS. Skulle EØS-avtalen gå i vasken, til dømes fordi Noreg bruker reservasjonsretten sin eller fordi Noreg og vesleputtstaten Liechtenstein vert sitjande åleine att om Island går inn, får desse folka eit endå større forklaringsproblem enn dei har i dag. Ynskjer dei norsk deltaking i det europeiske samarbeidet? Eller gjer dei det ikkje?
Dette vert komplisert ytterlegare ved at det i EU no vert arbeidd aktivt for å slå dei tre søylene saman til ei, noko som fyrst gav seg utslag i det no forkasta utkastet til EU-grunnlov og sidan i utkastet til Lisboa-traktaten. Eitt av hovudideane bak Lisboa-traktaten er ei de facto avskaffing av søylestrukturen, og utkastet til Lisboa-traktaten vil – om det vert ratifisert – forenkla og samla den juridiske strukturen; alle funksjonane vil hamna under rett under EU.
Sjølv om traktaten neppe kan kallast revolusjonerande inneheldt han fleire positive nyhende: charteret om grunnleggjande rettar (les det her) vil til dømes bli juridisk bindande, europeisk medborgarskap vil verta ein røyndom, folkeinitiativ vil fremja deltakande demokrati, nasjonale parlament vil i større grad verta involvert i avgjersler på EU-nivå, og det europeiske parlamentet vil verta styrkt. Ikkje for at det ikkje finst negative ting med Lisboa-traktaten, ikkje minst er han monstrøst omfattande, slik Timothy Garton Ash har påpeikt:
Til venstre for meg ligg dette 312-siders monsteret, saman med kopiane av tidlegare traktatar som trengst for å forstå det, og til høgre for meg ligg ei elegant burgunderfarga 60-siders utgåve i pocketstorleik av både Uavhengighetserklæringa og den 220 år gamle grunnlova i USA, inkludert alle tillegga.
Ein ny norsk EU-debatt burde dreia seg om det faktiske innhaldet i desse 312 sidene, og dessutan burde ein søkja svar på desse spørsmåla:
1. Er EU eigentleg eit nyliberalistisk prosjekt?
2. Ville Europa ha vore betre utan EU?
3. Kva alternativ finst det eigentleg for Noreg?
4. Er ikkje auka integrasjon over landegrensene både positivt og naudsynt?