Dikt frå heile verda: Angola

For ei tid attende blogga eg om poesi frå ein del land på A. Tanken var å halda fram, men prosjektet hamna litt i bakkant, blant anna grunna ei von om å dra i gang eit nettmagasin om fantasylitteratur. Vel, den vona skapte så få tilbakemeldingar at draumen er knust (men takk til dei som kom med positive kommentarar, ein annan gong, vonar eg framleis).

Dermed er diktprosjektet attende på skinner, og neste land ut er Angola. Her er eg i den heldige (?) situasjon at landets fyrste president, prestesonen, gynekologen,  marxisten og sovjetvenen Agostinho Neto også var poet. Dette diktet (i mi norske gjendikting frå engelsk) skreiv han medan han sat i fengsel i 1960:

Her i fengsel
med raseriet lukka inn i brystet
ventar eg tolmodig
på at skyene skal samla seg
blåst av Historia sin vind

Ingen
kan stoppa regnet.

Regnet kom i 1975 etter nellikrevolusjonen i kolonimakta Portugal året før. 11. november 1975 erklærte MPLA-rørsla Angola for uavhengig, men landet skulle verta herja av borgarkrig i mange år. Neto døydde i Moskva i 1979.

Leave a Reply