Distriktstabu
Thursday, 26 February 2009
Dei såkalla borgarlege partia er ueinige om mykje, men alle er langt på veg einige om ein ting: nemleg at det bør bli færre kommunar her til lands.
Per Sandberg i Frp vil fyrst bruka gulrot og sidan bruka pisk: - Vi skal fornye offentlig sektor. Jeg gir meg ikke i det partiet her før vi sitter igjen med 170 kommuner!
I fylkestingsvalet 2007 stemte annankvar fusing, annankvar samning og over to tredjedelar av osingane på eit av dei fire såkalla borgarlege partia (Venstre, Kristeleg Folkeparti, Framstegspartiet, Høgre). På bakgrunn av dette etterlyste eg i ein kommentarartikkel skrive som journalist i Os og Fusaposten (artikkelen er også å finna som faksimile på Bygdabloggen) ein lokal diskusjon.

Eit av kommunescenaria i KS-rapporten "Eit nytt Hordaland?" frå 2004. Dei tre kommunane Os, Fusa og Samnanger vert her slått saman - ein ikkje utenkeleg modell som har ein del støtte i dei tre kommunane, men som vil skapa ein svært kunstig konstruksjon
Eg spurte: Kva meiner innbyggjarane i Os og Fusa om kommunesamanslåing? Kva meiner – ikkje minst – politikarane og veljarane til Frp, Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti. Det same spørsmålet kan glatt gå ut til politikarar og veljarar i Samnanger.
Debatten på området har vore nærast fråverande, både før og etter mitt innlegg. Det kan synast som om spørsmålet er eit slags distriktstabu, noko politikarar på lokalplan ikkje skal snakka om i det heile, men heller overlata til politikarane på Stortinget. Varaordførar Atle Kvåle i Fusa er ein av dei få som har snakka om det, sjølv om det er nesten fem år sidan no. Bakgrunnen var eit utspel frå Tverrpolitisk Samlingsliste, leia av Magne Djuvik (no Frp), med støtte til ein storkommune beståande av nettopp Os, Fusa og Samnanger.
Arbeidarparti-politikaren Kvåle sa:
Me må unngå å koma i ein situasjon der me får tredd ei samanslåing ned over hovudet på oss. Me må setja oss i førarsetet og sjølve kome med meiningar om korleis me vil ha det.
Problemet med framlegget om storkommunen Os er at resultatet rett og slett ikkje heng på greip (dei som har vorte for urbaniserte til å skjøna det omgrepet bør umiddelbart tinga seg ein gardsferie ei veke med hard jobbing på eit økologisk småbruk).
Fusa er i seg sjølv eit glitrande døme på tullete kommunekonstruering: Sjølv over 40 år etter at Strandvik, Fusa og Hålandsdal kommunar vart samla til ein kommune ber storheradet Fusa endå preg av å vera ein kunstig konstruksjon. At Ølve og Hatlestrand (og for den del Varaldsøy) ligg i Kvinnherad understrekar det ulogiske i dagens kommunegrenser (“En liten flik av Kvinnherad ligger på vestsiden av fjorden”, skriv wikipedia).
Dette kan ikkje botast med å slå Fusa saman med Os og Samnanger. Osøyro er knappast noko naturleg sentrum for fusingane og slett ikkje eit naturleg senter for samningane, som har kortare veg til Arna i Bergen. Vegen til Bergen sentrum er kortare for dei fleste samningar enn det vegen til Osøyro er; og han er verken så smal, så svingete eller så dårleg som vegen utetter fjorden.
Den felles fortida dei tre kommuna har i gamle Ous herad er nettopp fortid, knytt til ei tid der fjorden var hovudfartsåre. Jamvel om keisar Wilhelm II skulle visa seg å få rett i at bilen berre er eit “mellombels fenomen” er det liten grunn til å tru at framtidas Midthordland kjem til å ha fjorden som motorveg. Kort sagt: Ideen om desse tre kommunane som ein storkommune er mest av alt eit teikn på manglande idérikdom. Sjølv ein storkommune beståande av Os, Fusa, Ølve, Hatlestrand og Tysnes ville vera langt meir logisk.
Det finst ei rekkje gode argument for at små kommunar er betre enn store, og eg er ingen varm tilhengar av storkommunar – Samnanger klarer seg bra åleine. Ikkje minst har småkommunane ein fordel i at lokalpolitikarane er folk ein treff på butikken – og difor kjem val i småkommunar ofte svært nære å vera reine personval. Det hadde ikkje alltid vore så dumt på stortingsnivå heller.
Større kommunar har og demokratiske fordelar. For det fyrste kan det tenkjast at større og sterkare kommunar kan kjempa seg til å overta meir ansvar frå høgare forvaltningsnivå, og dermed bidra til desentralisering, og det ville utvilsamt vera av det gode. For det andre vil store kommunar ofte ha ein meir levande partipolitikk, noko som også gjer småpartia betre sjansar.
I Bergen er eit utslag av dette det nesten umerkeleg vesle Sentrumsalliansen, eit parti grunnlagt av utbrytarar frå Arbeidarpartiet. I fjor foreslo Terje Dalland i Sentrumsalliansen at Os skal lemmast inn i Bergen. Morosamt nok nyttar han draumen om ny E39 som argument for slik samanslåing, medan Terje Søviknes har argumentert med at ny E39 må til for å unngå samanslåing. Dalland meiner at ei samanslåing vil styrkja Bergen og med det Vestlandet som region.
Ikkje særleg mange osingar eg har prata med – heller ikkje av dei som stemmer borgarleg – har særleg lyst til å verta bergensarar. Trass i det er det liten tvil om at ei slik samanslåing ville meir logisk enn storkommunen Os. Bergen er sentrum. Osøyro er det ikkje.
Kva med fusingane og samningane? Samnanger kunne også verta lemma inn i Bergen, betre å vera utkant i by’n enn å vera ei fullstendig bakevje i Os. Betre ville det likevel vera om Arna kommune kunne stå opp att av grava, og verta lagt saman med Vaksdal, Osterøy og Samnanger. Ein slik kommune ville hengja geografisk på greip og dessutan ha eit klårt definert sentrum. Fusa kunne verta ein del av ein liten storkommune saman med Tysnes, Hatlestrand, Ølve, Mundheim og Varaldsøy; ein kommune som ville ha nær 8.000 innbyggjarar.
Mange i dei ulike kommunane vil sjølvsagt reagera på desse framlegga på ein eller annan måte. Sant og seia gjer eg det sjølv også, sidan eg helst vil halda på Samnanger som eigen kommune. Men samstundes er dette ein diskusjon som både osingar, fusingar, samningar, arnabu, ostringar, vaksdølar, kvinnheringar og andre lyt taka, særleg sidan det er god grunn til å tru at eit nytt stortingsfleirtal i 2009 vil ynskja å setja fart i kommunesamanslåingane. Dersom debatten ikkje vert teken lokalt kan det fort verta andre som avgjer alt om kommunegrensene. Difor er det på høg tid å utfordra distriktstabuet.
(Sjå: KS-rapporten “Eit nytt Hordaland?” frå 2004)