Fildeling – eit politisk spørsmål
Wednesday, 18 February 2009
Ein stor del av tilkoplingane til den etterkvart så berykta nettsida Pirate Bay kjem frå Kina, trass i at nettsida er blokkert av den såkalla “Store brannmuren”, eit teikn i seg sjølv på kor vanskeleg det er å stogga fildelinga, ulovleg eller ikkje.
Ikkje aner eg kva kinesarane lastar ned, men dette illustrerer både problemet og det fantastiske med bit torrent-teknologien: nemleg tilgang.
Det speler liten rolle kvar i verda du er, så lenge du har tilgang på nettet, du får tilgang til tonnevis av materiale – lovleg eller ikkje – heilt gratis. I det ligg det eit stort potensiale for spreiing av materiale dei fleste helst såg ikkje vart spreidd, her er barneporno det mest openberre dømet.
Men det ligg også eit enormt – nærast revolusjonerande – demokratisk potensiale i fildeling. Ikkje berre i Kina, men også i til dømes norske distriktskommunar. Gjennom bittorrent kan kinesarar få tak på materiale kinesiske myndigheiter nok skulle ynskja at dei ikkje hadde tilgang på, medan folk i til dømes Samnanger vil kunna få tak på kulturprodukt som elles ville vera vanskeleg, umogleg eller svært tidskrevjande å skaffa seg.
Det er enklare å finna den italienske spelefilmen “Lo Scatenato” frå 1967 via ein av piratbukta sine konkurrentar enn det er å finna ein netthandel som sel han til Noreg. Nedlastinga vil truleg gå raskare enn å få ein DVD sendt i posten.
Det er denne utfordringa musikkbransjen, filmbransjen og TV-bransjen i liten grad har klart å svara på. Industrien er som ein dinosaur i platebutikken: teknologien har sprunge frå dei, og interesseorganisasjonane deira har vore meir interesserte i å kriminalisera hundretusenvis av menneske enn av å finna nye måtar å tena pengar på.
Industrien heng ikkje med og er i liten grad ute av stand til å hengja med, då teknologien gjer at me på mange måtar står ovanfor eit opphavsrettsmessig paradigmeskifte: kulturen er i ferd med å verta dradd vekk frå marknaden og på sett og vis venda attende til allmenninga (av gamalnorsk allmenningr, alle menn). Og kvifor ikkje? Det var der folkemusikken, folkeeventyra og folkesongane kom frå – og for den del moderne urbane legender og vandrehistoriar. Allmenningen er ein stad der det faktisk finst noko slikt som ein gratis lunsj, noko også blant anna filmindustrien har synt seg å utnytta gjennom filmatisering av gamle eventyr og nyare historier om skrømt og galningar.
Bittorrent er berre eit av fleire symptom: Sjølv om YouTube er høgst kommersielt er tenesta – med alle dei opphavsrettslege spørsmåla ho reiser – eit anna. Myspace eit tredje. At bloggarar bruker andre sin bilete utan eit sekund ettertanke eit fjerde. Det finst hundrevis av døme.
Eg reknar underhaldningsindustrien sin sjanse for å setja ein stoggar for dette for å vera ekstremt dårlege. Dei stogga ikkje kopiering av filmar på VHS. Dei stogga ikkje kopiering på kassett. Og “Don’t copy that floppy” fekk ikkje sett ein stoggar for kopiering av dataspel attende i datamaskinenes jernalder. Underhaldningsindustrien sitt store problem er at deling av kultur er høgst menneskeleg, og – lovbrot eller ikkje – noko svært mange vil finna moralsk forsvarleg. Kulturminister Trond Giske kan vera så antipirat han berre vil, men utan å ta sovjetiske metodar i bruk står myndigheitene makteslause, og sjølv med sovjetiske metodar skal dei få det vanskeleg.
Men fildelarane har eit stort problem til felles med både artistane, produsentane og regissørane, og det er problem mange ikkje tek på alvor. Fildelarane sitt store problem er at dei som lager kultur også må ha høve til å kunna leva av det. Den politiske oppgåva Trond Giske burde ta tak i er å finna ein politikk som ikkje kriminaliserer hundretusenvis av nordmenn heilt unødig, som legg til rette for å utnytta allmenningen sine mange fordelar framfor både marknad og stat og som samstundes gjev artistar, produsentar og regissørar høve til å tena pengar på arbeidet sitt.
Alternativa til å finna ein slik politikk er få og ukoselege: Ei vidare oppblomstring av ulovleg fildeling, og med dette kriminalisering av stadig fleire vanlege borgarar. Eller system for digital overvaking av motbydeleg omfang.
Kort sagt: Fildeling er eit politisk spørsmål. Ikkje eit juridisk.