Noreg treng eit venstreliberalt parti

2005-11-24

Kjelde: Jesus and Mo. Publisert under Creative Commons-lisens.

I Fri Tanke les eg at den tidlegare SV-toppen Bente Sandvig truga med å melda seg ut av SV og  å stemma Venstre grunna regjeringa sitt beint fram toskete framlegg om å innføra det som i praksis ville vera ein ny (og følgjeleg mindre sovande) blasfemiparagraf.

Ho slepp å gjera det, sidan det Frank Aarebrot treffande nok omtaler som “ei skikkeleg politisk arbeidsulukke” ikkje kjem til å verta noko av. Fornuften vinn fram, den sovande blasfemiparagrafen vert teken livet av og det kjem ikkje ein ny variant i staden. Eg vil hevda at både ateistar, agnostikarar, kristne og muslimar har grunn til å gle seg over det – sjølv om ingen av dei kan melda meg til politiet for den lett blasfemiske teikneserien denne artikkelen er illustrert med. Den beste medisinen mot religiøs undertrykking er eit samfunn som forsvarer liberale og sekulære verdiar.

Ein ting Sandvig er likevel verdt å kommentera nærare:

– Jeg vil ikke være med i et parti som mener at et grunnleggende prinsipp som ytringsfriheten kan forhandles bort på samme måte som en veistubb i Nord-Norge, slår Bente Sandvig fast.

Denne kommentaren illustrerer slik eg ser det glitrande kvifor Noreg har bruk for eit venstreliberalt parti; eit parti som set pris på og kjempar for dei to tinga det verkeleg er verdt å setja pris på ved dagens Noreg: velferdssamfunnet og fridomen.

Saken illustrerer også kvifor SV ikkje er eit venstreliberalt parti og heller ikkje fortener stemmene til folk som er det. Når Arbeidarpartiet og SV fyrst gav etter for dei i Senterpartiet som ynskte ein utvida “rasismeparagraf” synte dei seg å vera meir opptekne av det interne samarbeidet i regjeringa enn av den grunnleggjande liberale verdien som ligg i å lata folk seia tåpelege, fæle, uhøflege og jamvel hatske ting om dei absolutt måtte ynskja det. Det at SV også er tilhengjarar av “en mer robust utgave av rasismeparagrafen” er med på å understreka poenget.

Ein av dei tinga er eg mest nøgd med i utkastet til nytt program for Miljøpartiet dei Grøne er følgjande tekst, ei vidareføring av prinsipp som er slått fast i tidlegare program:

Rasisme er totalt uønskt, uansett kva form han opptrer i. Miljøpartiet dei Grøne avviser likevel eit forbod mot rasistiske ytringar og organisasjonar. Desse må motarbeidast med romslegheit og open argumentasjon.

Eit konsekvent venstreliberalt parti ville ha understreka same ting. For norske venstreliberalar framstår Venstre og SV ofte dei einaste to alternativa, og ingen av dei to er særleg gode. Venstre er eit høgreparti, noko realpolitikken syner tydeleg nok. SV ber stadig preg av å ha ein marxistisk fløy med stor innverknad og resten av partiet framstår som ei litt raudare, men like traust og like lite oppfinnsam utgåve av Arbeidarpartiet.

Ein kan ikkje venta seg å finna eit parti ein er einig med i eitt og alt, og eg er heller ikkje like nøgd med alt i utkastet til nytt partiprogram for Miljøpartiet dei Grøne.

Som ein venstreliberalar som også er oppteken av sentralt grønt tankegods rundt berekraft og miljøvern synest eg likevel at det nye programmet går rette vegen. Det norske Miljøpartiet dei Grøne nærmar seg sitt nederlandske systerparti GroenLinks. Det er mogleg det vil høyrast ut som dårlege nyhende for ein del av mine gamle vener på venstresida. Det vil tyda konkurranse om stemmene til dei mange her til lands som kjenner seg heime på venstresida, men som samstundes har lite til overs for dogmatisk sosialisme og mykje til overs for liberal tenking.

Dei av mine lesarar som meiner Noreg har trong for eit venstreliberalt parti og som kan tenkja seg å vera med på å byggja opp dette skal difor få ei utfordring: http://www.mdg.no/innmelding/

Og for å freista å unngå å høyrast ut som ein partipapegøye: eg skal vedgå at ein av dei mest interessante venstreliberale tenkjarane i Noreg er SV-aren Svein Tuastad. Han ynskjer seg eit fornya SV. Eg ynskjer meg noko anna enn SV.

5 Responses to “Noreg treng eit venstreliberalt parti”

  1. Ronny writes:

    Det eneste problemet jeg har med en del “liberale”, er at de ofte viser seg å være lite annet enn markedsliberale, og markedsliberalisme er ikke mye liberalt spør du meg. Jeg håper ikke mdg er på vei i den retninga. Å koble kapitalisme og miljøkamp mener iallfall jeg er en umulighet i et lengre perspektiv. (Se f.eks. http://venstresida.net/?q=node/565 )

    Ellers håper jeg mdg fjerner seg litt fra den leflinga med “alternativ”-bevegelsen jeg mener å ha sett litt til og holder fast på sine venstreanarkistiske røtter (jeg vet dere har dem) (det er en liberalisme jeg har mer sansen for enn “globalvenstre”-varianten).

  2. Øyvind Strømmen writes:

    Det var vel din implisitte kritikk av GroenLinks – om eg har lest deg rett – som gjorde at jeg linka til deg.

    Eg er einig med den fyrste delen av kommentaren din og tvilar på at det er særleg mange i MDG som ynskjer seg et marknadsliberalistisk grønt parti, iallfall ikkje i den forstand ordet vanlegvis vert nytta (strengt teke burde ein kanskje protestera mot denne). Programutkastet frå MDG sitt landsstyre inneheldt blant anna dette avsnittet:

    “Grøn økonomi er ein blandingsøkonomi der økologiske, sosiale og demokratiske mål er vesentleg styrkte på bekostning av kommersielle interesser”.

    Samstundes vert det slått fast at marknaden er effektiv og uproblematisk på avgrensa område og difor speler ei sentral rolle i grøn økonomi. Eg meiner sjølv at særleg små og mellomstore verksemder har ei viktig rolle å spela i det å byggja eit grønt samfunn og ein grøn økonomi.

    Når det gjeld lefling med “alternativ”-rørsla er eg også einig med deg, det vil seia: dette dreier seg i stor grad om livssynsspørsmål, og målet for eit grønt parti må vera å vera breitt nok til å inkludera både ymse new age-religiøse, kristne, ateistar og andre.

    For meg er det ikkje noko problem å sameina tenkning frå venstreanarkistar med idear hjå globalvenstre så lenge ein heldt seg vekke frå dei reine utopiane. Ein kan trygt seia at mange av dei grøne partia i Europa i dag ber med seg inspirasjon frå anarkismen og frå sekstitalsopprøret, samstundes som mange i norsk “nasjonalvenstre” nok vil oppfatta t.d. Daniel Cohn-Bendit (Dany le Rouge) som ein del av “globalvenstre”. Sjølv les eg framleis Piotr Krapotkin sin “Appeal to the Young” både med interesse og til inspirasjon, utan at eg vel å gjera det som mange anarkistar og marxistar utruleg nok har til felles: nemleg at dei gjennom sitt referanseapparat i stor grad lever i fortida.

  3. Ronny writes:

    Jeg skjønte bakgrunnen for linken – det var vel rettere Aron Etzlers (eller kanskje tom tomatpartiets) kritikk, som jeg videreformidlet. Jeg har ingen særlig first hand kjennskap til nederlansk politikk, og jeg er vel grovt sett enig i det meste du skriver forøvrig.

    Mitt problem med “globalvenstre”, er vel først og fremst at mange som kaller seg det misbruker betegnelsen på en politikk som kanskje er global (litt usikker der), men i alle fall ikke spesielt “venstre”. Generelt synes jeg de innehar en fullstendig defaitistisk holdning i forhold til dagens maktstrukturer, og internasjonale situasjon. For meg er “nasjonalvenstre” egentlig en sjølmotsetning – sjølsagt må venstresida ha et globalt perspektiv. Om globalvenstre dermed bare hadde kalt seg “globalsentrum” eller noe slikt hadde vel det meste vært ok…

  4. Unge Venstre writes:

    Det er spennende å se hva Unge Venstre jobber med – opp mot Venstre. Der er miljøkravene ennå sterkere enn i moderpartiet, de liberale ideene enda friskere og klarere. Tanker som sikrer at mennesker som vil leve på sin måte ikke skal måtte falle utenfor et A4-samfunn er også viktigere og viktigere. I Venstre er det både raddiser og entreprenører/gründere, studenter og pensjonister, mange forskjellige folk som har det ene til felles: respekt og anerkjennelse for mangfoldet.

    Dessuten har Unge Venstre igjen og igjen vist at de klarer å samarbeide og påvirke moderpartiet. Jeg forstår at Venstre kan virke blått når partiet må kompromisse med det langt større høyre. Men miljøånden lever i beste velgående – du skal høre hvilke saker som får størst applaus og blir møtt med størst begeistring på Venstres landsmøte – og det er IKKE markedsliberalisme. =) Jeg vil ønske MDG velkommen, og håpe at det blir større. Men ikke på bekostning av Venstre, nei, da ønsker jeg at miljøbølgen tar hele landet og fester seg der, slik at vi kan gå inn i en ny tid med en grønn økonomi.

  5. Øyvind Strømmen writes:

    Ikke veldig overrasket over at “Unge Venstre” synes Unge Venstre jobber med spennende ting ;) .

    Jeg er glad for at både Venstre og Unge Venstre finnes i norsk politikk. Men venstreliberalere er ingen av dem, selv om den drøyeste markedsliberalismen nok står sterkere i andre utkanter av Sponheim-land enn i Unge Venstre-by.

Leave a Reply