Eg har ikkje femti karar med ergometersykkel i bakhagen

I boka “Transition Handbook” skriv den britiske aktivisten Rob Hopkins:

Eg likar å tenkja på fossile brennstoff som den magiske drikken i bøkene om Asterix og Obelix. Goscinny og Uderzo sine galliske heltar bur i den einaste landsbyen som heldt ut mot den romerske okkupasjonen, takk vere ein magisk drikk laga etter hemmeleg oppskrift av vismannen deira, Miraculix.

Drikken gjev dei overmenneskeleg styrke og gjer dei usårbare, til stor sorg for Julius Cæsar. Som Asterix og Obelix’ magiske drikk gjer olje oss langt sterkare, raskare og meir produktive enn me nokon gong har vore, og gjer det mogleg for samfunnet vårt å gjera 70 til 100 gongar meir arbeid enn det som hadde vore mogleg utan. Me har levd med denne drikken i 150 år og har – som Asterix og Obelix – vorte vande med å tenkja at me alltid vil ha han, me har faktisk lagt opp liva vore til å vera fullstendig avhengig av drikken.

Hopkins heldt fram med å visa til at ein gjennomsnittleg amerikansk borgar nyttar energi tilsvarande femti karar som syklar på – dag og natt – for å laga straum. No ligg riktig Noreg eit hakk lågare enn USA på denne statistikken, men eg har likevel eit problem: eg har slett ikkje femti karar med ergometersykkel i bakhagen. Ikkje har eg plass til å husa dei eller mat til å fø dei heller.

Heldigvis bur eg i Samnanger, som er benåda med rike vasskraftressursar og heldigvis kan eg fyra med ved (bioenergi vert det visst kalla i våre dagar), men oljeavhengigheita mi og vår er likevel eit stort problem, som heng saman med både klimakrisa, matvarekrisa og ei stor energikrise – ja, det spørs om ein ikkje kan trekkja liner til finanskrisa også.

Klimakrisa er godt kjent for dei fleste, forbruket av fossile brennstoff inneber ifølgje dei aller fleste forskarar på området utslepp av CO2 og andre avgassar i slikt omfang at me skrur opp temperaturen til Tellus.

sbtp_climate

Men energikrisa – eller rettare: ressurskrisa – er kanskje vel så viktig å retta fokus mot. Verda sin samla produksjon av olje er i ferd med å flata ut. Mange land (inklusiv Noreg) har gått over toppen. Me vil altså ha mindre og mindre olje å nytta. Det vil driva prisen oppover, og det vil gje eit samfunn så oljebasert som vårt store vanskar.

For å sitera Jonathan Porritt, leiar for den britiske bærekraftskommisjon sett ned av Tony Blair og forfattar av boka “Capitalism as if the World Matters” (Kapitalisme som om verda tydde noko):

Det merkverdige er at politikarane har feila i å byrja å planlegga på nokon som helst slags måte for den uunngåelege overgangen, eller jamvel å byrja å forbereda veljarane sine på at han er uunngåeleg.

Eg er ikkje ein av dei som lir av politikarforakt, kanskje fordi eg kjem frå vesle Samnanger, der lokalpolitikarane er folk i nabolaget, folk som ein kan møta på butikken. Eg skriv ikkje dette for å kjefta og smella heller. Nei, eg trur faktisk at desse dårlege nyhenda på mange måtar kan vera gode nyhende for lokalsamfunnet, også i Samnanger.

Ein del ting er også i ferd med å skje: Samnanger har våga å satsa på småkraft. Sjølv kjenner eg av og til ei uro over at det skal koma småkraftanlegg overalt og det finst saktens døme på stader der det alt har vorte for mykje, men den grunnleggjande ideen er glitrande: rein energi, lokalt produsert, i nærleiken av der folk treng han. Satsinga på lokalt næringsliv i form av næringslivsselskapet ProSam er også gode nyhende, og eg har ei kjensle av at det rår optimisme i bygda på lokalsamfunnet sine vegner.

Det er gledeleg. Det gjer oss betre rusta. Her er endå fleire gode nyhende: lokalsamfunnet kjem til å verta viktigare og viktigare. Oppblomstring av lokal produksjon kjem til å vera naudsynt. Nærmiljøfunksjonane – som utviklinga, køyreavstanden til Bergen og, vel, Staten har sytt for å ta frå kommunen – kjem til å måtta koma attende. Lokaldemokratiet og det lokale engasjementet kjem til å blomstra – fordi det er nødt til det. Også jordbruket, og ikkje minst småskala hagebruk, kjem til å få ein renessanse. Kortreist er i ferd med å verta eit moteord. Det er ikkje utan grunn.

Så vert spørsmålet: Korleis kan folk i Samnanger ta tyren ved horna og byrja å skapa eit framtids-Samnanger det ikkje berre er råd til å tru på , men eit framtids-Samnanger ein jamvel kan verta varm om hjarta ved å tenkja på? Eg vågar å hevda at kampen byrjar med ein kamp for å ta vare på lokalsamfunnet og å byrja relokalisering.

Ein ting er at Stortinget etter neste val lett kan koma til å ha fleirtal av parti og politikarar som slett ikkje er framand for kommunesamanslåing med tvang. Trass for at mange samningar og kjem til å stemma på parti som er inne på den tanken er debatten om kommunesamanslåing her i bygda så tabubelagt at eg fryktar den kjem til å verta slengd på oss meir eller mindre uførebudd om rette (eller galne) vedkomande hamnar i kommunalminister-stolen. Men lokalsamfunn handlar om mykje meir enn kommunegrenser, noko ein knappast treng å reisa lenger enn til den litt underlege kommunekonstruksjonen Fusa for å sjå.

Det viktigaste me kan gjera er difor å leggja til rette for det kortreiste: kortreist straum, kortreiste arbeidsplassar (i dag pendlar nær 40% av arbeidsstyrka i Samnanger til Bergen kommune, og ytterlegare ein del til andre nabokommunar; til saman pendlar godt over halvparten. Kjelde: SSB), kortreist mat, andre kortreiste varer osv. Kortreist er bra for miljøet, nyttar mindre energi og er som balsam for lokalsamfunnet. Og heldigvis er det ingenting i vegen for langreiste tankar.

Ein av mine små draumar tok eg med meg saman med flyttelasset frå Belgia (eller EU, om de vil). Belgiarane er drivande gode på å ha lokale marknadar. Kvar laurdag kunne eg tusla inn på torget i den vesle byen eg budde i og kjøpa all slags varer, mange av dei lokalt produserte. Og det var ikkje berre i småbyar slikt gjekk føre seg: sjølv mykje mindre stader har gjerne ein slik torgmarknad kvar einaste laurdag og på toppen av det bruktmarknad mange av sundagane. Tenk om ein kunne ha ein slik marknad i Samnanger ein gong i månaden, med varer frå produsentar her òg i nabokommunane? Ein lokal Bondens Marknad som kunne blåsa den litt stusselege varianten dei har no og då på Osøyro av banen? Kanskje med litt bruktsal i tillegg, slik at dei av oss som likar å lesa gamle Sølvpilen-, Fantomet- og Donald-blad retteleg kunne fråtsa?

Når tunellen kjem på plass bak Tysse, og miljøgata vert ein røyndom burde dette vera eit storarta tiltak der. Inntil då ville ikkje eg ha noko mot å vera storsinna og lata torget vera på “hi sio tå fjorden”.

Eg har ikkje femti karar med ergometersykkel i bakhagen, og det er vel på tide å gje seg medan datamaskina framleis har straum, men her er til sist mi oppmoding til lokalpolitikarane. Det finst kommuneplanar for både eitt og hitt. No ligg eit interessant og viktig utkast til kulturplan ute til høyring. Men kva med å ta tak og jobba gjennom ein kortreist-plan?

2 Responses to “Eg har ikkje femti karar med ergometersykkel i bakhagen”

  1. KEE writes:

    Gjør det lønnsomt nok å stå på torget, og du skal se det fylles opp av salgsvillige bønder og småmekkere. Slik det er i dag blir timelønna man kan ta ut av torgsalget på grønnsaker (som er det jeg kjenner til) i alle fall alt for lav. Salg av ting med høyere enhetspris (spekemat, honning) ser derimot ut til å gå greit rundt blant de jeg har pratet med.

  2. admin writes:

    Timeløn på torgsal er nok ikkje all verda. På den andre sida har eg prata med ein del økologiske bønder som dyrkar framifrå og gode grønsaker og har problem med å i det heile koma inn på marknaden – sidan den er dominert av store daglegvarekjeder. Slik sett kan nok ein torgmarknad representera eit framsteg, så lenge ein slepp å betala for å stå der; noko som jo svært ofte er tilfelle.

    For oss samningar som har ca. 40 minutt køyring til næraste delikatessebutikk – der ein finn ein del av dei nemnde varene – trur eg utvilsamt det ville vera interesse for å handla både grønsaker, lokal geitost, osv. på eit torg.

    Spekemat og honning var også å få kjøpa på den noko stusselege i marknaden i Os. Det einaste av grønsaker som var å oppdriva var ein kar som selde selleri (og berre selleri).

    Selleri er ein ypparleg grønsak, det, men det er grenser for kor mykje eg klarer å proppa i meg ;) . Løpstikka eg har i hagen gjer også litt same nytten.

Leave a Reply