Rom for lokale bloggar?

Eg har surfa litt rundt på nettet i seine nattetimar no i jula, sidan det er mogleg å sova litt lenger og lesa litt meir. På Canadian Blog Awards – som kanskje tilsvarer noko slikt som Tordenbloggen, eller kanskje meir presist noko slikt som Dagbladet sin gamle Gullbloggen-kåring – fann eg ein interessant kategori: Best Local Blog.

Blant dei nominerte der er fleire interessante bloggar, som International Metropolis, Royal City Rag, Tales from the Arctic, Save Our Prairie, Knitnut.net og MyUrbanSuburban (i tilfelle akkurat du leiter etter ein stad å eta eller shoppa i Fraser Valley). Kor lokale desse bloggane er til i blant høgst diskutabelt, men det fekk meg til å tenkja:

Ville det vera mange gode kandidatar i ei norsk bloggkåring av beste lokale blogg?

Svaret er – er eg redd – nei. Men det kan jo sjølvsagt henda at nokon ivrige blogglesarar der ute kan gje meg eit anna svar? Kanskje er det haugevis med gode lokale bloggar som fortener merksemda mi? Som er lokale, men samstundes interessante for fleire enn dei som bur i Nordkapp kommune eller i Enebakk?

Mi eiga interesse for blogging har vorte mindre med tida, noko som nok er å sjå att i kor ofte denne bloggen har vorte oppdatert dei siste par åra. Det har vorte for mykje (opprørsk) parasittverksemd på midstrømsmedia og altfor mykje blogging (også mi eiga) minner meg framleis om det eminente vekebladet Donald Duck.

Det er ein heil del flinke folk med skarpe pennar der ute, men jamvel dei flinkaste av dei skriv så mykje at mykje av det dei skriv ikkje er så interessant eller spanande i det heile. Og gjev ut bøker som truleg er meir spanande enn bloggane.

Har norsk opinion i det heile vorte rikare av blogginga? På grunn av twinglyhoringa? Eg tviler.

Men teknologien er der jo; ein teknologi som burde gjera det lettare for både vanlege og eh… mindre vanlege… folk å delta i den offentlege debatten på ein måte som gjer meirverdi for langt fleire enn dei sjølve. Kanskje ligg det moglegheiter i lokalblogging som ikkje ligg i synseblogging om riksnyhende?

Lokalbloggar ser ut til å vera eit up and coming-fenomen i den engelskspråklege bloggosfæra med nettsider som Outside.in, Placeblogger, FeedMap, Local Blogdigger og fuglane veit kva.

Sidan eg er engasjert i grøn partipolitikk burde mantraet “Tenkja globalt, handla lokalt” vera nærliggjande,  men sjølv har eg knapt skrive eit ord om heimkommunen min Samnanger, og berre få innlegg som handlar om byen der eg tidlegare budde, belgiske Mechelen. Det har falt seg naturleg. Sidan eg blant anna lever av å vera skribent har eg ynskt å nå eit breiare publikum enn dei eg kunne ha nådd gjennom å skriva lesarinnlegg i Samningen. Det å blogga har vore ein hobby, men også ein form for eigenreklame. Og det har ikkje vore heilt mislukka eigenreklame, sjølv om eg ikkje har skaffa meg jobb i verken ABC Nyheter eller på fjernsyn.

Men bloggtidene endrar seg dei også. Hjorthen bloggar stadig vekk om innhald i lokalavisa i Flora, og no har bloggfenomenet jamvel nådd lokalpolitikken på mine trakter. Den lokale bygdelista har lansert Bygdabloggen. Og mine sjeldne innlegg av typen “synsing om ting som står i riksmedia” druknar sjølvsagt i massar av blogginnlegg av denne typen (sjølv om eg må vedgå at akkurat dette var rimeleg morosamt).

Difor: nye takter her. Eg skal byrja å blogga meir lokalt.

4 Responses to “Rom for lokale bloggar?”

  1. Bjørn Stærk writes:

    Hm, lokalblogging ja. Lykke til, men vil du skrive om Samnanger (dette er altså et sted?!) for Samninger (?), eller for omverden?

    Jeg driver vel egentlig også med en form for kulturell lokalblogging nå. Eventuelt en kulturell reiseblogg? Av lite allmenn interesse er det iallefall.

  2. admin writes:

    Sidan eg ikkje har tenkt å slutta heilt med synsinga om nasjonalt og internasjonalt nytt (sjå siste bloggpost), og heller ikkje har tenkt å skriva altfor internt for samningar (riktig!), voner eg jo på at bloggen skal vekka stor interesse og at eg skal verta invitert på alle slags snakkeshow og bli C-kjendis, kanskje til og med B-kjendis. Eg gler meg til heime-hos-reportasjane.

    Om det går som planlagt, gjenstår vel å sjå ;) .

  3. admin writes:

    Åja, lat meg leggja til: Beviset for at Samnanger er ein stad er å finna under menypunktet Samnanger til venstre ;) .

    Og sei endeleg frå om du er i nærleiken, så skal du få guida tur :D

    Øyvind

  4. Bjørn Stærk writes:

    For å bli kjendis på dette må du bekrefte folks fordommer om bygde-Norge. Her er planen: Du begynner å skrive ned alle teite og vågale historier og rykter du får tak i om sam-samningene dine. Dette gjør du til du har fått samlet nok. Så flytter du fra Samnanger, og legger dem ut i din nye blogg “Dagens bygdetulling!” (Fraflyttingen er for å ikke bli utsatt for bygdevold.)

    “Og sei endeleg frå om du er i nærleiken, så skal du få guida tur”

    Jeg vet ikke hvilken del av landet det er i en gang. Aner meg at det er vest for Sinsen?

Leave a Reply