Tåkeskvalder
Det burde eigentleg ikkje vera naudsynt å ta fleire oppgjer med dei fantasifulle teoriane til gjengen som meiner at amerikanske myndigheiter anten sjølv stod bak 911-åtaka eller med vilje lot dei passera.
Eg har kritisert tøvet før, og mange andre har gjort det langt betre enn meg. Dette speler sjølvsagt lita rolle i ei førestillingsverd der kjeldekritikk er noko ein berre utøver ovenfor den “offisielle konspirasjonsteorien”, medan ein sveljer dei underlegaste påstander rått så lenge dei byggjer opp under førestillinga om at Bush er eit vondskapsfullt geni som langt overgår dei vondskapsfulle genia i James Bond-filmar både i vondskapsfullhet og genialitet.
Om nokre dagar er det årsdag for åtaka, og eg kjem til å skriva om dette i Fri Tanke. Men Jan Bojer Vindheim har allereie oppsummert det meste i si omtale av at TV2 nyleg sendte filmen “Loose Change”. Eit par utdrag:
For det er jo sånn at de ulike “fakta” filmmakerne presenterer oss for spriker i høyst ulike retninger, den ene påstanden slår den andre ihjel. Det eneste de har felles er at de strider mot det de fleste av oss anser som rimelig godt fastslått.
Deretter kommer en entusaistisk ung mann som forteller oss at angrepene umulig kunne vært utført av huleboere. En mere rasistisk og kulturblind uttalelse er det heldigvis lenge mellom hver gang jeg hører.
Det avgjørende argumentet mot dette tåkeskvalderet er selvfølgelig – som blant annet George Monbiot har påpekt – at en sammensvergelse som omfatter tusener av mennesker ikke kan holdes hemmelig over tid.
Sjølvsagt har også Vindheim fått besøk av ein av dei troofartruande. På sin eigen blogg skriv denne fyren blant anna:
Det er merkjeleg at folk som Monbiot, Noam Chomsky og Naomi Klein har slik motvilje mot å sjå på dei heilt åpenbare manglane i den offisielle forklaringa på 11. september.
Nei, det er faktisk ikkje det minste merkeleg. Vel kan eg vera ueinig med alle tre, men dei har alle vitet i behold, og er i stand til å gjennomskua tøv som det det er. Men det at dei avviser tøv som tøv er sjølvsagt nok til at denne spekulasjonen raskt kjem:
Eg håpar i det lengste at Chomsky, Klein og Monbiot ikkje er betalte portvaktarar for imperiet.
Ai, Mujaffa. Og eg som trudde det var nok med at CIA hadde infiltrert sesam.no.
Tags: 911, Bloggkritikk, chomsky, idioti, jan bojer vindheim, loose change, monbiot, naomi klein, Politikk, toskeskap, tåkeskvalder, tøv, tøys
Thursday, September 4th, 2008 at 7:43 pm • Andre utvalgte artikler, konspirasjonsteorier, religion • RSS 2.0 feed • leave a response or trackback

[...] om det samme: Høyeksplosivt bedrag, 24. juli 2006 Tåkeskvalder, 4. september 2008 En gammel konspirasjonsteori, 11. september 2008 En seier for galskapen, 12. [...]