Kvifor eg ikkje lenger er EU-motstandar

Det å vera EU-motstandar var lenge ein viktig del av min politiske identitet. Eg høyrde heime på venstresida i norsk politikk, og på venstresida i norsk politikk – den ekte venstresida – fanst det eigentleg berre eit standpunkt i EU-saka. Argumenta var mange: miljø, lokaldemokrati, motstand mot marknadsfundamentalisme og skepsis til at dei fire fridomane eigentleg handla så mykje om fridom for vanlege folk.

Til sjuande og sist kokte det ofte ned til dette eine ordet: “Annleislandet“. Eller som Ivar Aasen skreiv det i eit av versa av “Nordmanden” som ikkje er å finna i – kremt – borgarlege songbøker:

Sud um Havet han stundom laut skrida
Der var Rikdom paa Benkjer og Bord
men kring um saag han Trældomen kvida,
og so vende han atter mot nord.

(Studentersamfundet, 17. mai 1867)

Eg skal gladeleg vedgå at eg stadig trur på “Annleislandet”, på eit land som fører ein grønare og meir sosial politikk. Eg høyrer også stadig heime på venstresida. Og eg må stadig seia at EU sin politikk skil seg soleklart frå ideala mine, og frå mine visjonar for framtida. EU sin politikk skil seg også definitivt frå korleis eg meiner ein grøn og sosial politikk burde sjå ut.

Men så – ein dag – byrja eg å tvila på heile EU-motstanden. Kanskje var det fordi eg budde i Belgia, der eg tidvis arbeidde i Brüssel? Kanskje var det fordi eg traff belgiske grøne som i staden for å vera opptekne av å snakka om kor fælsleg EU er på all slags område snakka om korleis EU burde gjerast betre? Kanskje var det ei aukande kjensle av at Per Kristian Foss hadde eit poeng når ein gong omtala EU-motstandarane i Frankrike, som, kva var det, “rasister og kommunister”; ei kjensle av at Nei til EU kanskje ikkje burde verta fullt så indegnerte som dei vart?

Nei, eg meiner ikkje å seia at det var berre rasistar og kommunistar som sytte for det kjende franske “Non!” og det nederlandske “Nee!”. Men dei var der, definitivt; både gammelkommunistane og vaskeekte fascistar. Og det kjendes djupt ubehageleg å ha dei som mine allierte.

Kanskje var det noko av alt dette. Kanskje var det alt dette. Men til sist var det – trur eg – eigentleg ein artikkel og ein bloggpost som skyvde meg over kanten og gjorde meg EU-politisk rotlaus og forvirra.

Bloggposten var det Fredrik Mellem som leverte.

Han juksar rett nok med tala, og latar som om EØS og EU er akkurat det same, men det får so vera. Det interessante i bloggposten var ikkje innleiinga, men kategoriseringa av EU-motstandarar. Mellem skriv blant anna om dei med “religiøse feberfantasiar” og om dei “klarsynte” og dessutan om “dei reindyrka EØS-tilhengarane”. Tøvete kategoriar? Javisst. Skuffande lite nytenkjande, slik ein partikollega av Mellem som er nei-mann skreiv? Joda. Men direkte usant? Såvisst ikkje.

Artikkelen var eit intervju med Cathrine Holst, som tidlegare var aktivt medlem i Ungdom mot EU og som no har vorte EU-tilhengjar? Ho seier:

EØS-avtalen er ikke tilfredsstillende sett fra et demokratiperspektiv. Nei-sida snakker om det demokratiske underskuddet i EU, men jeg kan ikke skjønne noe annet enn at Norge gjennom EØS er rammet av det samme. De som stemte nei til EU og som sa de gjorde ut fra et demokratihensyn, må ha et annet demokratisyn enn meg når de nærmest ikke reagerer på dagens situasjon. Jeg mener vi må velge: Entet si opp avtalen, eller bli fullt medlem. Selv er jeg ikke lenger i tvil om at det siste alternativet er det beste, ikke minst utfra et demokratiperspektiv.

Ubehaget vaks. Her ynskjer fleirtalet i Noreg openbert å vera ein del av EØS, og jamvel eg – EU-motstandaren – kunne jo sjå at det har mange fordelar (i tillegg til alle ulempene). Men samstundes inneber det at me langt på veg er flinkare til å følgja opp EU-vedtak enn det EU-landa sjølv er. Noreg er ikkje eit EU-land, neivisst, men det kjennest slik ut. Og folk trivst visst med det, sjølv om fleirtalet også seier “Nei til EU” og vil halda oss vekke frå der avgjerslene vert teke, og ikkje arbeida i dei korridorane og dei salane for å syta for fleire av fordelane og færre av ulempene eg nemnde.

Det heng ikkje heilt på greip, rett og slett.

Så oppdaga eg kva det europeiske grøne partiet seier om Europa i charteret sitt:

The European Union is well placed to facilitate this cooperation, providing that

* it remains open for further enlargements;
* it restructures itself into a truly democratic institution,
* it reorients its priorities towards an environmentally and socially sustainable model of development and
* it assumes its global responsibilities, under the United Nations, and
in cooperation with other valuable institutions such as the OSCE and
the Council of Europe, for a peaceful and sustainable world.

Og eg tenkte: men dette er eg jo einig i! Dette er ikkje dagens EU, men det er eit mogleg EU, og det er eit EU mange i den grøne partirørsla eg sjølv soknar til trur på og kjempar for. Dersom dei vert sterke nok og klarar å få gjennomslag for sin gode politikk, ja, så er det EU – og ikkje Noreg – som vert “Annleislandet”.

Er eg blitt EU-tilhengar? Både ja og nei. Eg er framleis kritisk til EU med utgangspunkt i mest alle dei reelle argumenta nei-rørsla brukar mot EU (men til liks med ja-folka serverer nei-rørsla ein heil del tøvete argument). Men samstundes ser eg ikkje på EU som noko statisk konstruksjon: EU er ope for politisk endring. Eg er ikkje for EU, eg er for eitt EU.

Til sjuande og sist vart tre spørsmål vanskelegare og vanskelegare for meg – som EU-motstandar – å svara på. Eg har svart og svarer framleis både ja og nei på dei fyrste to. Det siste svarer eg ubetinga ja på, og det er kanskje meir avgjerande for meg enn dei to hine. Dei tre spørsmåla er:

1. Meiner du at Europa hadde vore betre utan EU?
2. Meiner du at det har noko for seg å strida mot EU som politisk røyndom?
3. Meiner du ikkje at auka integrasjon over landegrensene er både positivt og naudsynt?

Eg trur fleire EU-motstandarar burde kjenna ubehaget siga på om dei set seg ned og verkeleg tenkjer over dei tre spørsmåla.

(Nederst: Jan Hammarlund – Jag Vill Leva I Europa, Øverst: Arja Saijonmaa, samme sang)

Tags: , , , , , , , ,

Wednesday, August 20th, 2008 at 2:22 am • Andre utvalgte artikler, EURSS 2.0 feed • leave a response or trackback

6 Responses to “Kvifor eg ikkje lenger er EU-motstandar”

  1. IvarE says:

    Velkommen!!!

    EUs problem er for øvrig ikke “det demokratiske underskuddet” som nei-siden har løyet på seg i alle år, men snarere “det demokratiske OVERskuddet” som kommer av at små land har uforholdsmessig stor representasjon i forhold til folketallet samtidig som viktige beslutninger må avgjøres ved konsensus (dvs at selv små land har i realiteten vetorett).

  2. Taxi-sjåføren says:

    Jeg er i grunnen forundra over at du ikke har kommet på disse tankene før. Vel vel, det kan vel hende du hadde behov for en rammehistorie da.

    Sjøl så har jeg tippa fram og tilbake mellom EU-motstand og tvil. Men EU-motanden har satt seg, etter at jeg i de første åra etter 1994 var EU tilhenger.

    Jeg var vel som deg litt for ung til å stemme i 94, og dermed var veldig mye politisk oppdragelse å følge EU kampen. Kan hende tvilen for min del kom så fort fordi jeg oppfattta sånne halv- og helanarkistiske JA-menn i offentligheten som Hylland Erikesn, Neumann og Erling Fossen (selv om han Fossen kanskje er litt for lik Lundteigen, bare med en litt annen bakgrunn, men det er jo ikke så galt heller forøvrig)som mine nærmeste politiske allierte.

    Uansett ganske raskt ble det litt for klart at den venstresideretorikken som hadde prega nei-sida ikke var så radikal som den utga seg for. Det dreide seg i steden om de aller galeste og konservative av velferdstatssosialdemokratene som brukte internasjonal solidaritet som et skalkeskul for å beholde skatten på sjørøverøya.

    Problemene mine med NEI-folka kom tidlig. Forøvrig leste jeg ganske mye Flertall og holdt meg langt unna Standpunkt for å ikke komme i en allvorlig EU-motstandsidentitetskrise før valge i 94.

    Problemet er jo at et EU-standpunkt er uavhengig av hvem man assosierer seg med.

    Og noen nei-overskrifter er gode:
    Demokratisk underskudd: Hvor er EU-offentligheten? Ikke minst der dette påtagelig i Norge hvor det som i 94 var JA-pressa aldri kan finne på skrive om EU-politikk. Borde det ikke ta på seg et oppdragende ansvar. Faktsik er jo NEI-pressa mye mer anstendig tilstede i EU-politikken. OG hadde det vært slik at man kunne forvente at det blei bedre av å bli medlem. Det beste argumenten for EU-motstand er vel kanskej at om Norge er medlem eller ikke spiller ikke så stor rolle, men så lenge vi ikke er medlemer kan vi jo håpe på en ny EU-kamp

    Den konsensuspregede EU-ledelsen er også en del av problemet. Hvis de sentrale EU-politikerene fortsetter å holde de harde politiske kampene mest mulig skult, vil heler ikke EU kunne utvikle seg i en demokratisk retning, uansett institusjonelle grep.

    På mange måter kunne jeg vært en god EU-borger, fordi jeg skammer meg like mye over å være europeer som norsk. Hvordan de tidligere kolonimaktene syrer EUs internasjonale politikk, og hvordan alle europeiske grupperinger fra venstre til høyre lojalt stiller opp for europeiske særinteresser gjør meg overbevist om at vi trenger et svakere europa og et sterkere USA. Javel det finnes mange gærninge ri Washington, men det finnet et stort politisk engasjemant blant mange amerikanere som faktsik gjør en positiv forskjell her i verden. Som faktisk hjelper til radikaltdemokratiske bevegelser, en slik europeer har jeg ennå ikke sett. Ønsket om et svakt og spittet europa gjør at jeg fortsatt er motstander av EU.

  3. admin says:

    Taxisjåføren:

    Eg er utan tvil einig med at mange nei-argument er gode. Og eg er akkurat like kritisk til mykje av EU som det eg var før, som EU-motstandar.

    Når det har tippa over er det ikkje fordi eg plutseleg har fått trua på alt EU gjer, men snarare fordi eg ikkje lenger klarer å svara på dei tre spørsmåla ovanfor på ein ærleg og for meg sjølv truverdig måte utan at eg kastar nei-standpunktet over bord.

    Samstundes har eg jo stor respekt for dei som seier eit progressivt “annleislandet”-nei, i motsetnad til dei som seier eit reaksjonært og nasjonalistisk nei.

    Men sjølv har eg byrja å seia eit radikalt ja, i staden, forhåpningsvis i klår motsetnad til det marknadsfundamentalistiske ja-et.

    Og det er kanskje dette som er det store problemet med heile EU-debatten, nemleg at alt av visjonar for framtidas Europa vert kokt ned til ja eller nei, som om det skulle vera mogleg eller fornuftig.

    Elles ynskjer eg meg gjerne ei anna motvekt til USA enn den russiske bjørnen og den kinesiske draka; for det er slutt på den unipolare verda.

  4. Ronny says:

    Jeg ble egentlig ikke så skremt over de tre spørsmåla jeg, Øyvind. Et forsøk på svar:
    1. Dette er vel umulig å svare på, for det kommer jo helt an på hva som hadde vært alternativet. At Europa er bedre uten grunnlovsfesting av markedsliberalismen enn med er jeg iallfall overbevist om.
    2. Å slåss mot EU slik de facto EU er og eksisterer, må man jo i dag uansett om man er i EU, eller utenfor. Utenfor blir vi i det minste ikke kneblet slik som EU prøver å få til overfor medlemslandene sine på enkelt epolitikkområder, og vi kan gjøre noen grep rett og slett for å vise at det er mulig (slik vi gjorde når vi trakk krav til fattige land i WTO-forhandlingene). Slik sett mener jeg det er enklere å påvirke EU fra utsida enn fra innsida.
    3. Jo, men ikke når den foregår i form av fri flyt av kapital innenfor et område med svært ulike lønns- og arbeidsvillkår. Undergravingen av faglige rettigheter som EU driver med nå lover svært dårlig for framtida til et med “sosialt” europa.

    Jeg ønsker meg også ggjerne en motvekt til USA, men på alle vesentlige områder hvor USA driver faenskap får USA STØTTE av EU, og EU er slik en “MEDVEKT”, og ikke en motvekt til USA. Nei, nei og atter nei for meg altså ;)

  5. admin says:

    Beklager at kommentaren din kom sent på plass, Ronny. Den hadde drukna i spamfilteret mitt, pussig nok.

    Følger opp debatten senere siden jeg er neddynga i arbeid akkurat nå.

  6. Hei!

    Jeg har oppdaget denne saken først nå. Når det gjelder den bloggposten min som du henviser til, så forsto du sikkert at den var skrevet i et salgs humoristisk-fandenivoldsk modus – som følge av meningsmålingen om EØS. Jeg deler jo din frustrasjon ift EØS og demokratispørsmålet.

    Selve kategoriseringen er så tabloid som det går an, men plump humor som bærer relativt mye sannhet i seg, er jo ofte den mest treffende.

Leave a Reply