Grønt er smart – uansett

Det siste innlegget på grønbloggar Hanna E. Marcussen sin blogg handlar om at dagens klimadebatt i stor grad handlar om å gje vanlege folk dårleg samvit, og ikkje om å faktiske ta dei naudsynte politiske grepa som trengst:

Norsk klimadebatt er i dag dessverre preget av at det enkelte menneske, den enkelte forbruker, burde innse sitt ansvar og legge om livsstilen sin. Jeg mener dette er en avsporing. Jeg mener samtlige partier her har trådt feil og at det eneste man har oppnådd er en befolkning med samme forbruk, men med en smak av dårlig samvittighet og skyld. Vi har ikke oppnådd annet enn en følelse av uvilje, apati og økende problemer.

Marcussen sitt fokus er klimaendringane, og det er forståeleg nok. Det er ikkje berre folk i partiet både ho og eg er med i som er uroa over desse. Det er folk over nesten heile det politiske spekteret, eller det vil seia: dei seier i alle høve at dei er det. Om dei har kome så langt som å ta konsekvensane er ein annan sak. Slik sett har eg i blant meir respekt for det høgrøsta mindretalet som synest at teoriane om menneskeskapt global oppvarming er noko forbaska ræl. Kanskje har dei ei litt uærleg framstilling av forskingsresultat, og kanskje er dei grådig opptekne av å stadig plassera seg sjølv i ei offerrolle, men dei forfekter om ikkje anna ein politikk som har ein viss logisk samanhang.

Eller gjer dei det?

Hanna er ikkje innom det i sin bloggpost, men eg skal røpa ein liten hemmelegheit: dei beste sidene ved grøn politikk gjev meining heilt uavhengig av klimaendringane, og uavhengig av kva ein måtte tru om desse.

Kvifor det? Ta gjerne ein titt på oljeprisen, på korleis den har utvikla seg det siste året, og på kva forventningar som knytter seg til den frametter.

Eg kunne i denne samanhang ha vist til ein lesverdig artikkel av George Monbiot i Guardian nyleg (artikkelen vart også publisert i Klassekampen i norsk omsetjing), men kva er vitsen med å sitera ei slik radikal kjelde når eg i staden kan sitera… tja… sjefen i eit av verdas største selskap i petroleumsbransjen?

Russiske Gazprom, som står for leveransene av en fjerdedel av Europas naturgass, spår oljeprisen til værs. Selskapets toppsjef, Alexei Miller, tror prisen vil nå 250 dollar per fat allerede i 2009.

Dersom det er bensinprisen som skal avgjera neste val i Noreg tippar eg eit særs godt val for Framstegspartiet.

Eg tippar også at det fort viser seg at Framstegspartiet ikkje er fullt av magikarar, og følgjeleg heller ikkje kan endra grunnleggjande marknadsmekanismar i høve tilbod og etterspurnad. Som alle veit er det berre i Tjen Folket (eit godt stykke til venstre for venstreekstremistane) at dei klarer slikt.

På E24.no var det nyleg ein artikkel om kva G8-ministrane meiner er det største trugsmålet mot verdsøkonomien (og dermed truleg også mot Vampus si skosamling). Det er ikkje Kenneth Fuglemsmo og kompisane hans, men snarare auka oljepris. Og, som E24 òg skriv om, det er vanskeleg å stogga den auka. Bakgrunnen for det er at medan oljeproduksjonen i verda truleg er i ferd med (eller allereie har) tippa over toppen har etterspurnaden ikkje gjort det. Dermed fyk prisen oppover, og sjølv om det i seg sjølv gjer oljeutvinning som dette lønsam, endrar ikkje råvaresituasjonen seg noko særleg: me er i ferd med å gå på ein oljesmell.

Kva er medisinen? Å verta mindre oljeavhengig, gjennom blant anna:

  • - massiv satsing på nye fornybare energikjelder (vind, sol, bølgje, salt, you name it)
  • - satsing på å redusera transportbehovet, blant anna gjennom desentralisering og gjennom å gjera lokalsamfunn meir levande
  • - satsing på å fremma bruk av elektriske bilar, plug-in-hybridar o.l. framfor bensin- og dieseldrivne privatbilar
  • - satsing på å fremma bruk av kollektiv transport framfor privatbil
  • - satsing på eit landbruk som ikkje baserer seg på produkt frå oljeindustrien (blant anna med ei omlegging frå kunstgjødsel til organisk gjødsel)

Alt dette er god, grøn politikk. Alt dette er politikk som vil gjera både samfunnet og økonomien mindre sårbar for veksande oljepris. Alt dette er politikk som også har andre fordelar, i høve naturvern, i høve redusert lokal ureining, i høve meir levande lokalsamfunn, i høve til å kutta ned på tida som vert nytta til å pendla, osv.

Men for å gjera desse naudsynte grepa treng norske politikarar å føra ein politikk som utfordrar oljeøkonomien. Som dominerande eigar i StatoilHydro bør Noreg, altså me, kunna syta for ei storsatsing på ikkje-fossil energi (kanskje med fokus på den siste delen av namnet, heller enn på ordet i midten). Som eit land som allereie aktivt regulerer marknaden bør Noreg kunna vri den reguleringa slik at det vert gjeve sterke insentivar for utvikling av ny, miljøvenleg teknologi.

Me kunne byrja med å ta eit viktig grep, slik Morten Tønnessen føresler på blant anna liberaleren.no:

Et moratorium mot leteboring vil være et virkningsfullt og effektfullt klimatiltak. Det vil føre til en raskere nedgang i norsk oljeproduksjon de neste 20 årene enn det man ellers vil få, siden ingen ny produksjon vil motvirke fallet i produksjonen fra eksisterende felt. Det politiske signalet dette vil sende internasjonelt vil være av stor symbolverdi: La oss ta en tenkepause – en time-out – i utvinningen av fossil energi.

Tønnessen er ikkje innom det, men eit slikt tiltak ville også føra til at haugevis med glupe hovud i norsk oljeindustri ville ha måtta tenkt glupe tankar om andre ting. Og det kan heilt sikkert gje utrulege resultat, for ein ting skal norsk oljeindustri ha: han er innovativ, nyskapande og full av kunnskapsrike folk.

One Response to “Grønt er smart – uansett”

  1. Vidd writes:

    Til din tittelpåstand om at grønt er smart uansett, vil jeg bare bemerke at grønt er fullstendig idiotisk – dersom det ikke egentlig fins noen klimakrise, noen miljøkrise eller ressurskrise.

    Gå heller til kildene og finn ut om det er belegg for slike kriser. Du kommer ingen vei med å selge folk drøye tiltak som «gjev meining heilt uavhengig av klimaendringane, og uavhengig av kva ein måtte tru om desse».

    Bare idioter legger om kursen fundamentalt om det ikke er svært gode grunner for det.

Leave a Reply