Utanfor fortet

Det tredje venstre: til kamp mot postmodernismen! Kinesisk propagandaplakat. Her brukt som skikkeleg, skikkeleg slem hersketeknikk (fy, Øyvind)

Då Magnus E. Marsdal og Bendik Wold si bok “Tredje venstre – for en radikal individualisme” kom ut i 2005 hadde eg det slett ikkje travelt med å kjøpa boka.

Eg såg at ho fekk mykje skryt, og at Klassekampen jamvel meinte boka ville vera eigna til å “endre lesernes bevissthet”, men det vetle eg las om og frå boka gjorde meg ikkje overbevist. Difor las eg romanar av John Connolly i staden. Dei endra ikkje bevisstheten min noko særleg, trur eg, men dei var iallfall kjekke å lesa.

I fjor ein gong kom eg over boka på billigsal, og eg tenkte at det kanskje var på tide å lesa ho. Magnus Marsdal si bok “Frp-koden” var høgst lesverdig, og eit lite håp var fødd i meg om at det kanskje var verdt å bruka tid også på “Tredje venstre”. Det viste seg i all hovudsak at det var ein betre strategi å satsa på Connolly.

For medan “Det kommunistiske manifest” kanskje er den aller kjedelegaste boka eg har lese frå perm til perm, så kjem boka til den venstreurbane, norske varianten av Marx og Engels ganske høgt opp på lista over bøker som eg har var lukkeleg over at eg berre las medan eg eigentleg gjorde på andre ting. Eg skal vedgå at eg las med eit halvt auge, rett og slett fordi mykje av boka rett og slett kjeda meg.

Kritikken mot nyliberalismen (og gamalliberalismen, også) var stort sett svært så forutsigbar. Mykje av han var fornuftig – det er ikkje det – men det var rett og slett ikkje “mesterstykket” Klassekampen lova, og heller ikkje “en svært viktig bok for vår samtid”, slik Le Monde Diplomatique sa. Det var ting eg har lest betre variantar av før.

Etter å ha lese rosemålinga av Marx i kapittelet “En historie om individet” syntest eg heller ikkje boka framstod som noko brot med det “andre venstre” (”Marcus Thranes, Martin Tranmæls, Lenins og Rosa Luxemburgs venstre, tuftet på forestillingen om arbeiderklassen som revolusjonært subjekt”, for å sitera Marsdal og Wold”). Denne opplevinga heldt seg ved lag trass i kritikken dei to retta mot “Venstresidens egen Jantelov, som bare gjør unntak for Marx, Lenin og kanskje to-tre til, figurer som til gjengjeld kan behandles i tråd med Loven om evig Storhet”.

Dei vondene åndene i moderne journalistikk: skandaler, kriminaljournalistikk, personfokus, osv. Plakat frå Puck US Magazine, 1888.

eitt område leverer boka likevel eit interessant utgangspunkt for debatt, og det er når det vert snakka om mediapolitikk (pass opp for puh-ord):

Hvis vi betrakter en demokratisk offentlighet som et nødvendig koordineringssystem for innbyggernes kulturelle og politiske samhandling, eller som demokratiets intellektuelle allmenning, fremstår nyliberalismen som et prosjekt for å gi private investorer adgang til å kolonisere, privatisere og manipulere denne allmenningen. […]

Vi kan være vitne til at den økonomiske makt, som med kapitalismens fremvekst skilte seg ut fra apparatene for ideologisk og politisk makt, nå forsøker å legge under seg den ideologiske makt og det politiske feltet gjennom ressurssterke tenketanker og et globalt medieapparat direkte underlagt eierne. […]

Med den sterke maktkonsentrasjonen i globale og nasjonale medieimperier forsterkes problemene for demokratiet. Borgerskapets stadig mer konsentrerte kontroll over kommunikasjonsmidlene fører det inn i en posisjon ikke helt ulik posisjonen til elitene det selv opponerte mot da det fremadstormende borgerskapet på 1700-tallet bekjempet kirkelige og adelige monopol og priviligier.

Puh. Marsdal og Wold leverer også argument til kva som bør gjerast: Dei vil til dømes gjera VG om til ei non-profitstifting der fagrørsla har 11 av 20 styrerepresentantar og dei tilsette har resten. Dei vil oppretta nye public service-kanalar på fjernsynet, dei vil gje rentefrie oppstartslån til nye media og dei vil skattleggja kvart aviseksemplar over 100.000 i opplag med 60 – seksti – prosent for å bruka millionane på å subsidiera dei mindre avisene. Eg spår gode tider for Klassekampen.

Alt dette minte meg også om noko eg har lest før, og jamvel om noko eg har sitert før. Høyr berre:

Ingen informert politikar kan ha unnlatt å leggja merke til endringane som har skjedd i journalistikken dei siste tredve åra. Dei meiningsdannande avisene, som brukte å samla lesarar i leire splitta etter partilinene, som brukte å balansera og motarbeida kvarandre, har no vorte erstatta av store nyhendeorgan. Det som har hendt i industrien har også skjedd med pressa. Massive festningar har vorte bygd opp, slott som skyggar over og truar med å knusa dei mindre festningane.

Det var franskmannen Joseph Caillaux som skreiv dette, tidleg på tjuetalet. Og det er sjølvsagt vanskeleg å seia seg ueinig med Caillaux, og like vanskeleg å seia seg ueinig med Marsdal og Wold. Dei har heilt rett: Mediehusa har vorte større og større. Den norske mediemarknaden er fullstendig dominert av nokre få aktørar.

Her må det nemnast at den radikale venstresida ofte vil seia at media er høgrevridd eller – i det minste – at media er prega av ein “kommersialistisk medieideologi” som “brer om seg, […] nesten automatisk hvis en stadig større del av mediebransjen blir definert som pur forretning” (for å sitera Marsdal/Wold endå ein gong).

Høgresida vil på si side hevda at media er venstrevridd, dominert av journalistar som også stemmer til venstre. Sanninga ligg, som så ofte før, ein stad midt i mellom. Den klassiske norske medieverda – midtstraumsmedia – er eit sentrumsdiktatur, det er få stemmer som skil seg ut. Heidi Nordby Lunde kan gjerne sukka over at journalistar i Noreg stør Demokratane, men i Noreg er det ikkje særleg venstrevridd å lika Barack Obama.

Norsk politikk og norske midtstraumsmedia har nemleg ein ting til felles. Dei høyrer til det evigmoderate sentrum (ordet “midtstraum” burde vera eit hint). Akkurat det passar sjølvsagt bra med den “kommersialistiske medieideologien” Marsdal og Wold snakkar om: siktar du i sentrum treff du fleire enn om du tek sikte på ein politisk ytterkant. Magasinet Memo var ikkje journalistisk all verda å skryta av, men det var heller ikkje politisk korrekt nok (sjølv om akkurat det å slengja drit i muslimar etterkvart har vorte veldig politisk korrekt).

Det låg for langt frå midten. Og avhengig som det var av å tena pengar, så varte det ikkje lenge før det gjekk adundas.

P4 derimot, har overlevd. Valgerd til trass.

Marsdal og Wold si løysing for å få ein breiare mediakvardag er å gå til åtak på “borgarklassen” sin tilgang på produksjonsmidlene. Men har dei ikkje gløymt noko? Me lever ikkje lenger i 1850-åra, dette er 2008, og me kan strø rundt oss med flotte ord som “Web 2.0? og bruka datamaskiner utan eit einaste produkt med lukka kjeldekode, om me absolutt vil det.

Ny teknologi, meiner nokon, er svaret. Andre er meir skeptiske. John Markoff, New York Times sin veteran på datajournalistikk, uttala seg svært pessimistisk om blogging fem år attende. – Det er i grunnen ikkje klart om blogging er noko meir enn privatradio.

Men det er nettopp dèt. Både borgarjournalistikk og blogging kan vera i slekt med privatradioane, og det i seg sjølv er ei utfordring for dei som lukkar seg inne i dei gamle mediafestningane, anten dei er venstresidejournalistar eller Murdoch-robotar. Det er ikkje særleg krevjande å starta ein blogg. Det er ikkje så veldig vanskeleg å registrera seg som brukar på ein nettstad. Den digitale tidsalderen har snudd det heile på hovudet:

Kunsten er ikkje lenger å finna ein stad som kan og vil trykka det du skriv, kunsten er å skriva noko som faktisk er verdt å trykka. Det har vorte lett å driva eit nettmagasin, ein blogg, å publisera radio-liknande opptak eller jamvel å laga filmar.

Så lenge ein slepp å tenkja på økonomien, og har ein jobb som betaler internettrekninga og datamaskina, kan ein no, på sett og vis, starta sitt eige trykkeri. Og det kan sjølvsagt bidra til ein opnare opinion, og til at det vert enklare å utfordra økonomiske, politiske og kulturelle elitar.

Det kan sjølvsagt også bidra til at det vert publisert uhorveleg mykje søppel og til at debattar vert drukna i innlegg frå folk som opererer under fleire spenstige namn og stort sett ikkje har anna å meddela enn at islam er vondskapen sjølv, uansett og alltid og saman med dei homofile og Arbeidarpartiet. Men der inne blant all driten finst det perler, og det at meir drit vert gjort tilgjengeleg tyder også at perlene vert fleire.

Sjølv om ein ikkje tyr til Pirate Bay eller andre nedlastingstenester på iallfall teoretisk kant med lova, så kan ein likevel gå på kulturell oppdagingsferd på internett og oppdaga kulturelle perler ein aldri har høyrt om før. Sjølv har eg lagt ut på ei poetisk verdsreise, takk vere internett. I aukande grad er det mogleg for vanlege folk å skapa sin eigen mediarøyndom – både som konsument og som produsent.

På ein måte opnar internett for ei samansmelting av sosialisme og liberalisme: det er noko ved mediet i seg sjølv, kanskje at det føles så nært, som gjer at det er freistande å bruka tid som mediaprodusent sjølv når ein ikkje får betalt for det; og kanskje jamvel i eit enormt samarbeid med mange andre, folk ein gjerne verken har møtt eller veit kven er. Kva er sosialisme, om ikkje nettopp dette? Samstundes er det mogleg for sjølv dei raraste raringar å sleppa til, og vanskeleg for sjølv dei kjipaste diktatur å totalregulera alt. Er ikkje det i det minste steg på vegen mot liberalistiske ideal? Er det ikkje ein siger for fridomen då det dukkar opp interessante bloggar frå heile verda, også frå – til dømes – det djupt reaksjonære religiøse diktaturet Saudi Arabia [1].

Mykje av dette skjer utanfor festningane Cauillaux skreiv om, og utanfor den medierøyndom Marsdal og Wold vil endra gjennom radikal samfunnsmessig inngripen.

Og då er kanskje spørsmålet: burde ein ikkje i staden for å utforma radikale forslag til ny styresamansetjing i VG setja alle klutar til på å gjera både datamaskiner og internett tilgjengeleg for flest mogleg, i Noreg og verda over? Burde ein ikkje i staden for å søkja å straffa aviser som sel mykje til fordel for aviser som sel lite, søkja å gjera det mogleg for flest mogleg folk å driva aviser og også “aviser” som sel endå mindre?

Sjølv om Marsdal og Wold nemner linuxfans i ei setning i boka si, så synest eg boka ber preg av å vera skrive i ei fjernare fortid enn det som faktisk er tilfelle. Eg har ei kjensle av at dei har stirra så lenge og så hardt på karane som sit på festningane at dei overser at mediarøyndomen er i ferd med å endra seg heilt utan radikale inngrep i VG sitt styre.

Fotnote:

[1] Kva for sprengkraft blogging kan ha i eit diktatur trur eg det er vanskeleg å verkeleg fatta for folk som er vorte vant med den norske bloggosfæra, der det gjerne er navletitting som skaper aller mest debatt.

Tags: ,

Friday, March 14th, 2008 at 10:39 pm • Andre utvalgte artikler, BloggingRSS 2.0 feed • leave a response or trackback

2 Responses to “Utanfor fortet”

  1. Mitt tips til de som vil revitalisere venstresiden er å omfavne økonomisk teori. Det betyr at man må svelge et par kameler: Marx og de fleste av hans ideologiske etterkommere tok feil. De har lite å bidra med for å forstå hvordan et økonomisk system fungerer. Det har derimot økonomer. Jepp, de samme økonomene som høyresiden støtter seg på, de som snakker om markedsøkonomi og frihandel.

    En av de best bevarte hemmelighetene i dag er nemlig at økonomisk teori _ikke_ framtvinger markedsliberal ideologi. Økonomisk teori forteller deg hvilke valg du har, og hvilke konsekvenser valgene får. Men selve valget er en verdivurdering som faller på oss andre. F.eks. kan en økonom fortelle oss at høyre minstelønn gjerne medfører høyere arbeidsledighet, eller at billige helsetjenester gjør at folk går oftere til legen enn de behøver. Det hindrer ingen i å mene at det allikevel er verdt prisen.

    Problemet i dag er at venstresiden er økonomiske analfabeter, og høyresiden selger økonomi og ideologi i én pakke. (Sentrum er en artig blanding av alt mulig.) Min utfordring til venstresiden: Les Economics in One Lesson, omfavn hovedbudskapet, (ja jeg vet det gjør vondt), og bytt ut verdivurderingene med deres egne. Vi kunne hatt så mye mer meningsfulle politiske debatter hvis vi sluttet å late som om det fremdeles er et åpent spørsmål hvordan et økonomisk system fungerer.

  2. Hei Bjørn,

    takk for kommentar. Problemstillingen du tar opp er litt på siden av den biten jeg forsøkte å gripe fatt i i Marsdal / Wolds bok, men du har definitivt et godt poeng. “Economics in One Lesson” skal jeg ta en titt på (sukk, enda en bok til i haugen over bøker jeg bør lese, både soverom, stue og pc begynner å fylle seg opp).

    Her kan man jo også stille spørsmål ved i hvilken grad de økonomiske teoriene, og særlig de teoriene som enkelte høyretenketanker slenger rundt seg med, faktisk er egnet til å beskrive samtiden. Det er forsåvidt det samme spørsmålet som jeg føler gjelder en hel del av den politiske rammen som ligger til grunn i Marsdal og Wolds bok.

    Ellers vil jeg ta hevn for at du sørger for at listen over bøker jeg bør lese utvides, og følgelig på det varmeste anbefale en artikkel om frihandel i siste BBC History Magazine. Den går ikke særlig i dybden, men burde likevel være ganske så spennende for folk på både høyre- og venstreside.

    Dessuten er den skrevet på et språk det går ann å forstå, og det kan man ikke si om hele “Tredje venstre”.

Leave a Reply