Om symbolpolitikk

I kveld var eg på kommunestyremøtet i heimkommunen min. Grunnen var at dei hadde oppe ei sak det opprinneleg var eg som føreslo, nemleg at kommunen skulle bli ein “rettferdig kommune“. Forslaget gjekk gjennom, og ikkje nok med det – det vart samrøystes vedteke!
Sjølvsagt er støtta til rettvis handel mest av alt ei symbolsak. Men sjølv om ikkje alle er einige med meg synest eg symbolsaker er viktige. Ikkje fordi dei med naudsyn endrar så mykje, men fordi dei uttrykker ei vilje til endring, eller ei støtte til kampen for endring. Det kan handla om kampen for å gje kaffibønder ei leveleg løn eller det kan handla om kampen mot diktatur i Burma. Symbolske markeringar skaper ikkje ei betre verd over natta og veltar heller ingen militærjunta. Men dei betyr noko. I blant kan dei bety rett mykje. Tenk berre på nellikrevolusjonen.
Difor synest det eg det er sympatisk at folk vil kle seg i raudt i støtte til dei burmesiske demonstrantane i morgon. Lat det ikkje bli med det. Følg også den oppmodinga underteikna, saman med ei rekkje andre bloggarar har kome med: underteikn dette oppropet. Kanskje er også det berre ei symbolhandling. Men i blant tel symbolhandlingar.
Foto: Soldat under nellikrevolusjonen. Bilete: Zikander / Wikipedia Commons
Tags: Politikk
Thursday, September 27th, 2007 at 8:42 pm • Uncategorized • RSS 2.0 feed • leave a response or trackback

Hurra, så fantastisk! Du er min nye helt!
Gratulerer med et godt valg!
Jeg har drevet og spikket litt på Wikipedias liste over norske fairtrade-kommuner, og det hadde vært flott om du la til din kommune der!
Og folk som er i Oslo i morgen må gjerne ta med seg sin røde skjorte og møte opp foran Nobels Fredssenter.
Takk for kommentar. Sjølv om eg ikkje kjenner meg klar for idolstatus, må eg vedgå at eg feira med eit glas vin i kveld.
Dei Grøne gjorde eit framgangsval denne gongen, men lokalpolitikarane frå Arbeidarpartiet til Framstegspartiet i Samnanger viste i kveld at ein slett ikkje treng å vera medlem av noko grønt parti for å gjera gode politiske val. Hurra for dei! Her finst ikkje ein gong eit lokallag av Dei Grøne, iallfall ikkje enno, men det er kjekt å sjå at eit lite programpunkt frå eit lite parti famnar i langt vidare krinsar (og dessutan har blant anna Changemaker ein stor del av æra for at fair trade er sett på agendaen i Noreg).
Eg har lagt til Samnanger på wiki-lista.
Gratulerer! Visste det var noe godt i dere grønne også
Nei, nei, Shoaib. I følge en del dristige og meget anonyme kommentatorer jeg hører fra er vi ikke mye gode. Men det skal sies at disse dristige kommentatorene får plass til også mange andre i sitt fiendebilde
.