Burma er fritt!

Grunna ein aldri så liten ferietur til mitt andre, og betydeleg gråare, heimland har eg hatt ein aldri så liten bloggepause. Det vert sikkert fleire av dei frametter, då lanseringa av mi bok om europeisk fascisme nærmar seg og eg i den samanhang kjem til å bruka mest tid på å oppdatera nettstaden eurofascism.info.
Dessutan har eg ein heil del prosjekt på gang som fortener tida meir enn denne bloggen. Eitt par av dei prosjekta har eg veldig stor tru på, så det er lett for at skrivinga her hamnar i bakevja.
Men i kveld har eg likevel lyst å skriva nokre få ord, for å få fleire til å slutta opp under denne underskriftskampanjen til støtte for opposisjonen i Burma. Ta gjerne også ein tur innom nettsidene til den norske Burmakomiteen.
Ein gong for fleire tiår attende innbilte svermeriske unge radikalarar seg store ting om Kambodsja, og dei song at Kambodsja var fritt. Me kjenner den grufulle sanninga. Heller ikkje i dag er Kambodsja særleg fritt, og tek ein landet si nye historie i betraktning er det lett å forstå kvifor… og lett å gløyma at det finst dei som kjempar iherdig for demokratiet også der. Det same gjeld i Burma. Der gjer folket opprør mot eit juntaregime av det riktig vemmelege slaget. Det er kanskje ikkje så mykje me i Noreg kan gjera. Men dei fortener vår støtte og vår sympati. Og vårt håp om at det ein dag skal vera mogleg å syngja at Burma er fritt – utan at det blir blodig ironisk.
Og kanskje fortener dei også fleire bloggpostar enn den skrive av ei lettare frustrert VamPus som eg for ein gongs skuld er (nesten) heilt einig med?
Foto: Demonstrerande munkar. Bilde frå Wikipedia Commons
Tags: Politikk
Wednesday, September 26th, 2007 at 11:52 pm • Uncategorized • RSS 2.0 feed • leave a response or trackback
[...] Øyvind Strømmes post tikket inn via feeden min i ettermiddag, var det ikke vanskelig å ta oppfordringen hans om større [...]
Det er prinsipielt feil å boikotte Burma, så vel som noe land. Det er ikke en regjerings oppgave å hindre handel, men å legge til rette for at borgerne selv kan velge hvem de vil handle med.
I tillegg er handel en god ting i seg selv, og vil føre til mer velstand blandt folket, slik at også opposisjonen kan styrkes.
Lederne fåt alltids tak i penger og luksus gjennem illegal handel, så boikotter (embargoer) rammer alltid kun de svakeste som ikke bør rammes.
Eg har ikkje teke til orde for boikott av Burma, og eg er generelt skeptisk til bruk av boikott av land som verkemiddel – fyrst og fremst fordi det sjeldan er særleg effektivt. I dette høvet er det likevel verd å merka seg at iallfall delar av burmesisk opposisjon har erklært støtte til “divestment”. På det bakteppet har iallfall eg problem med å uttala meg så bastant som du gjer.
Ideen om at handel i seg sjølv er ein god ting og automatisk vil føra til meir velstand blant folket er, for å seia det forsiktig, lettare utopisk. Det kjem ann på innhaldet i den handelen som faktisk føregår.
Når utanlandske selskap gjer seg nytte av at Burma er eit brutalt diktatur for å tena endå meir pengar – og det er det diverre nokre eksempel på – er det berre dei sjølv og militærjuntaen som vinn på dette.
Vanlege burmesarar sit fyrst og fremst att som skadelidande. Slik vert det ofte når “handel” er eit kodeord for “utbytting”.