Om kristenblogg og ekstremismen
Med takk til Shoaib for ein sentral bit i puslespelet.
Andreas Hesselberg publiserte nyss ein artikkel på kristenblogg som handla om kor fæle muslimar er. Det er ikkje så overraskande, me har også lese om vondskapsfulle katolikkar der. Nettsida har på kort tid vorte eit forum for kristenekstremistar. Den siste artikkelen gjorde dei også oppglødde. Den fyrste kommentatoren skreiv “kjempebra skrevet”. Men det var ikkje ein gong Hesselberg som skreiv det…
Det er ikkje ein gong eit plagiat han har levert. Det er meir eller mindre rein skjer avskrift frå ein artikkel skrive av karen med det fornøyelege namnet Stan Goodenough, ein sørafrikansk kristensionist busett i Israel. Sjå berre:
(Stan Goodenough, Jerusalem Wathcman)
Hesselberg har ikkje kreditert Goodenough, ikkje linka til Goodenough, ikkje ein gong nemnd Goodenough. Han har derimot stole det eine dårlege poenget etter det andre frå Goodenough, og det har han gjort ord for ord.
Goodenough skriv om epileptikaren Muhammed og tilskriv dette historikarar, Hesselberg gjer det same. Ingen av dei nemner at “historikarane” det er snakk om driv med reine gjetteleikar og at ein del av desse “historikarane” også meiner Paulus og Moses hadde sine syner grunna sjukdomsanfall.
Goodenough skriv om korleis Muhammed valde ut ein av dei førarabiske gudane – måneguden – til å verta sjølve Guden. Hesselberg gjer det same. Det er like feilaktig okkesom, og ein påstand som er plukka frå dei mest latterlege forsøka på islamkritikk. Allah i islamsk tru har svært lite til felles med den arabiske polyteismens månegud Hubal. Klassiske islamske tekstar fortel for øvrig om motstanden mot læra om Allah frå nettopp Hubal-dyrkarar, og ordet vert faktisk brukt om “idol” (falsk gudebilde) i arabisk den dag i dag. Hesselberg har nok, utan å vera klar over det, høyrd eller sett det brukt av til dømes Osama bin Laden som snakkar om “vår tids idol”, men faktisk refererer til “vår tids Hubal” og ikkje til f.eks. Kurt Nilsen. Ingen av dei nemner at gudsbiletet i islam har svært mykje til felles med det kristne, det jødiske og det zoroastriske, noko som er noko dei aller fleste religionsvitarar vil kunna fortelja deg. Al-Ilah, arabisk for guden, er forresten det same ordet som ein finn i fleire andre semittiske språk, som i den majestetiske fleirtalsforma brukt i Bibelen sitt fyrste vers:
Bereshit bara Elohim et hashamayim ve’et ha’arets.
I byrjinga skapte Gud himmelen og jorda.
Mange muslimar trur og freistar å få heile verda til å tru at Allah og den kristne guddommen er den same skriv Hesselberg, i ei av få setningar som ser litt annleis ut hjå Goodenough. Javisst, det er muslimsk tru. Verken Goodenough eller Hesselberg nemner noko om at Moses, Abraham og jamvel Jesus er viktige profetar i islam.
Eg kunne ha halde fram på same måten. Innlegget til Goodenough oser av manglande kjennskap til religionen han kritiserer. Hesselberg kan ein ikkje ein gong kritisera for det; den kjennskapen han byr på er rein avskrift.
Men eit meir interessant spørsmål er dette: Fortel det noko om kristenbloggar Hesselberg at han vel nettopp Goodenough som unemnd bidragsytar. Goodenough var til dømes ein av dei som meinte at orkanen Katrina var ein Guds straffedom, eit resultat av “the lifting of God’s hand of protection; the implementation of His judgment on the nation most responsible for endangering the land and people of Israel”. Dersom ein faktisk trur og meiner dette, så har ein eit verdssyn som må kallast relativt originalt.
Men det blir – om mogleg – verre. Lat oss sjå kva Goodenough skriv om (google cache) til dømes homofile?
Det formeleg oser av kristen nestenkjærleik. Ikkje sant?
Oppdatering: Hesselberg hevdar at det er “en forglemmelse”, og gjer no Jerusalem Watchman opp som “kjelde”. På kristenblogg viste imidlertid Hesselberg sjølv “kommentarene til mitt innlegg” og gjer ikkje noko forsøk på å retta dei som skryt over artikkelen “hans”.
Tags: Bloggkritikk
Friday, January 19th, 2007 at 3:01 pm • Uncategorized • RSS 2.0 feed • leave a response or trackback