Om Augustin og islam

Bloggaren bak Christian Culture gjev uttrykk for at han kjenner seg misforstått, og som eit offer for stråmannsangrep. Han meiner også at eg freistar å skyva han ned i ei skyttergrav ved å kalla det han presenterer for islamofobi. Kanskje byrjar CC å få ei kjensle for korleis muslimar i blant kan føla seg i vestlege land?

Eg kunne sjølvsagt spekulera i om CC ikkje sjølv har plassert seg i den skyttergrava han snakkar om, gjennom å omtala eit svensk forslag til ny integreringspolitikk som “eit nytt skritt mot kulturelt sjølvmord”, eller gjennom å snakka om det “bedragerske” i å sjå på Noreg som eit multikulturelt samfunn, eller som når han ikkje lenger var “ganske konsekvent” i å snakka om “radikal islam” i sin islamkritikk:

[Europas verdinøytrale og kulturrelative ideologi] har den konsekvensen at den islamske verden nå i økende grad ser seg istand til å fortsette der den slapp i 1683. Det finnes ingen historiske grunne[r] til å anta at islam har forandret sin agenda siden[.] 1683.

Men det skal eg gje CC, dersom han er der nede i skyttargrava kryp han iallfall litt opp igjen gjennom å seia at det for han finst akseptable sider ved islam (det skulle vel eigentleg berre mangla) og ved å slå fast at han på fleire område nok har meir til felles med ein muslim enn med ein sekulær nordmann. Som eg vil koma attende til har han faktisk meir rett der enn han sjølv verkar å vera klar over.

CC meiner også å vera forsiktig med å freista å unngå å så hat. Det er heller ikkje utenkjeleg. Eg kunne nok heilt sikkert ha funne tydelegare eksempel på islamofobi enn det CC står for, glitrande døme på folk som openlyst hatar og jamvel er stolt av dette. Leitar du på VG sine diskusjonssider ein liten halvtime er eg sikker på at du finn dei du også. Eg kunne også ha funne ekte galningar, folk som kanskje burde ha fått ei ekte medisinsk diagnose. Eg kunne ha funne vaskeekte fascistar, folk som berre har revidert hatet sitt litt, og gått over frå jødehat til muslimhat. Dei finst. Alle saman. Men i staden for å skriva meir om desse enn eg alt har gjort, valde eg å setja søkjelys på ein anonym kristen bloggar. Kvifor det? Fordi det han skriv er meir representativt for det meste som er gale med debatten om islam som vesten så til dei grader har fått på hjernen. Islamofobi er nemleg ikkje reservert fascistar, rasistar, galningar og folk som vert nervøse om dei ser ei kvinne med hijab. Han eksisterer langt inn i liberale sirklar, hos folk som kanskje ikkje er spesielt hatske, men som likevel hjelper til med å spreia nettopp hat – bevisst eller ikkje.

CC skriv:

Jeg er av den oppfatning at i vårt sekulariserte verden så er religion undervurdert som drivkraft. Vi har lett for å lete etter årsaker alle andre steder. Dette gir seg tydelig utslag i det meste av hva som hevdes som årsakssammenhenger når det gjelder islams konflikt med vesten, hvor alt fra fattigdom, til USAs utenrikspolitikk blir nevnt som årsaker, mens det svært sjeldent blir satt fokus på religionens innhold og hvordan den har kommet til utrykk i historien og kulturen, og at det faktisk finnes en kontinuitet her.

Dette er blanda drops. Ein ting er at ein kan diskutera om islam i det heile er i konflikt med vesten, og i så høve på kva nivå denne konflikta føregår? Når det gjeld framveksta av radikale grupper og den appellen desse har blant ungdom er sanninga ofte, men ikkje alltid, at konservativ islam er alliert med vestlege krefter i å stagga dette. Kanskje er det førestillinga om Clash of Civilizations som herjer her? Samuel Huntington sitt prat om “islam sine blodige grenser” er i seg sjølv så fordummande at det ikkje skal mykje til før det vippar over i islamofobi, der islam får skulda for konflikter der muslimar er involverte, uavhengig av kva rolle islam speler og uavhengig av kva andre partar i konflikta har gjort seg skuldige i.

Samstundes skal eg CC rett. Religion er undervurdert som drivkraft. Men blant islamkritikarar er kontinuiteten han snakkar om samstundes sterkt overdrive. Som eg var inne på i mitt førre tilsvar til CC representerer radikal islamisme ofte nyvinningar i religionen. Å underslå dette og freista gjera islam som heilskap skuldig for dei radikale elementa er kanskje freistande, men også ganske tåpeleg. At konservative krefter står sterkt i islam og at det også ber med seg ubehagelege element er det lita tvil om, men ideologien til grupper som Tawhid wa’l Jihad skil seg – ja, nettopp – radikalt frå konservativ islam. Denne gruppa set til dømes opp jihad som ei sjette søyle i islam, slik også al-Faraj, ein viktig tenkjar innan den radikale (egyptiske) islamismen gjorde. Faraj var for øvrig elektrikar, ikkje imam. Sjølv om nokre kharijittar (ei tidleg utgruppe i islam) meinte det same, er dette historisk sett ei høgst uvanleg forståing.

Men ikkje berre rolla til jihad har vorte nyfortolka, det har også innhaldet. Å framstilla det som om at eksistensen av radikale grupperingar som Tawhid wa’l Jihad er eit utslag for at “de islamske skriftene i økende grad blir tatt på alvor” viser manglande forståing, og reduserer islam til ein slags pappfigurislam.

Det er ein forskjell i bodskapen, skriv CC, “[versene i nytestamentet] som oppfordrer til maktbruk [finnes ikke], i motsetning til i Koranen”. Der han har forsåvidt eit poeng. Nytestamentet skriv heller lite om maktbruk i det heile. I Koranen vert krig via betydeleg plass. Problemet til CC er at poenget hans er irrelevant. Kristne teologiske funderingar, også i høve krigføring, har ikkje vore utelukkande basert på det nye testamentet, men også på det gamle. I det gamle testamentet er det på ingen måte vanskeleg å finna krigerske vers, noko CC sjølvsagt veit veldig godt. Når det er sagt, har tilhengjarar av “rettferdig krig” også brukt vers i nytestamentet for å forsvara sitt syn – som Rom. 13.4.

Meir interessant er det at doktrina om rettferdig krig, utvikla av blant anna St. Augustin, faktisk har ein god del til felles med det klassiske islamsk synet, sjølv om tankane om jus ad bellum (lover om når krig er tillatt) er meir uoversiktlege i klassisk islamsk lovforståing enn hos Augustin, ikkje så rart sidan fire lovskular og eit utal fortolkarar var involvert (og det er berre dei allment aksepterte i sunniislam, i tillegg kjem sjiaislam og ei rekkje mindre grupper). Kort oppsummert og svært forenkla ber likevel mykje av tenkinga i islam preg av dei same ideane som Augustin: krig er ikkje å trakta etter, men kan forsvarast i sjølvforsvar eller ovanfor urett. Dette synet har vore vanleg historisk, og er vanleg i dag.

Det har sjølvsagt på ingen måte har hindra muslimske hærar og statar i å oppføra seg på heilt anna vis, eller i å definera “urett” som det kan reagerast mot på relativt oppfinnsamt vis. Ein inngåande diskusjon er å finna her.

Oppdatert: Christian Culture tek sjølvkritikk for sitt originale innlegg, og seier det var overfladisk. Han ber også meg om å ta sjølvkritikk. Eg bør nok gjera det på mange område, blant anna på at eg ikkje har gjort det klart nok at mykje islamkritikk er både gyldig og rasjonell, blant anna i høve kvinneundertrykking og grufulle straffemetodar. Eg skal også la tvilen koma CC til gode. Det er mogleg han ikkje er islamofob. Haldningane og historiesynet han la føre i sitt opprinnelege innlegg var det.

Tags: , ,

Wednesday, August 30th, 2006 at 8:23 pm • religionRSS 2.0 feed • leave a response or trackback

Leave a Reply