Islamofobe snakkar ikkje så mykje om Imre
Friday, 25 August 2006
- Eit samfunn som mister sin religion mister før eller seinare også sin kultur. Det sitatet set bloggen Christian Culture inn i si ramme, den anonyme bloggaren er overbevist om at den europeiske kulturen er ein kristen kultur.
Berre dèt er sjølvsagt ein diskutabel påstand, men eg ler han passera. I staden vil eg setja søkjelyset på islamkritikken nettstaden målber, ikkje fordi Christian Culture er så interessant i seg sjølv, men fordi problema med denne kritikken er typisk for svært mykje av dagens islamkritikk. Den er historielaus og fordummande. I boka “Ein islamsk reformasjon?” skriv eg:
Mitt viktigaste poeng er at framveksta av islamistiske rørsler må setjast i ein sosiologisk, økonomisk og ikkje minst historisk samanhang. I mykje islamkritikk dei siste åra er det ein tendens til å lausriva ekstremistane frå alle andre samanhangar enn den religiøse. Mi samanlikning med reformasjonen er meint å synleggjera desse andre samanhangane, fordi dei færraste ville våga å hevda at den kristne reformasjonen utelukkande var motivert og forårsaka av religion.
Mykje av dagens islamkritikk er rett og slett basert på å studera islam gjennom eit lite hol så langt oppe på veggen at ein er nødt til å hoppa for å nå opp til det. Det er ikkje mykje ein ser, og det ein faktisk får auge på er berre utsnitt av eit mykje større bilete. Dessutan kan det vera ein vert noko påverka av at ein sjølv har måla fanden på veggen. Christian Culture gjer sitt beste på å framstå som tolerant, men det vaklar fort når Serge Trifkovic, som eg nyleg skreiv om her, vert drege fram som sanningsvitne.
Men lat meg byrja med Bat Ye’or, som nyleg vart intervjua i fundamentalistblekka Norge IDAG, og som Christian Culture tilrår.
Bat Ye’or har gjeve ut ei rekkje bøker, på fransk, engelsk og hebraisk. Ei av dei heiter “Eurabia – The Euro-Arab Axis”, og oppsummerer idear som utvilsamt har tent som inspirasjonskjelde for dei meir kreative av konspirasjonsteoriane i Oriana Fallaci sitt makkverk, “Fornuftens styrke”. I ei bok på nær trehundre tettskrivne sider, og med eit hav av sluttnotar og tillegg, niles Bat Ye’or referat frå møter, litteraturkonferansar, og politikartalar på jakt etter europeisk underkasting ovanfor arabarane, på jakt etter den store Konspirasjonen. Ein konferanse på Universitetet i Venezia i 1977 “opna for den storstilte arabiske og muslimske migrasjonen til Europe”. Javisst… dei diskuterte arbeid for å spreia kjennskap til “arabisk språk og kultur”, dei diskuterte språkforsking. I følgje Bat Ye’or var det “ikkje anna enn eit skalkeskjul for dawa [misjonsverksemd]“. Vil du vita om noko anna skummelt også? Romani Prodi sa i ei tale at “folk i Europa ikkje trur på the clash of civilisations”, og sa at europearar har lært at “tryggleik ikkje er eit resultat av høgare murar eller dødelegare våpen, men av sterkare og meir stabile forhold basert på fred og framgang, mjuk tryggleik”. Uthevingane er Bat Ye’or sine. Johann Hari skriv ein stad at teoriane hennar er ramlande nær å væra “det tjuefyrste hundreårets Mekkas Vises Protokollar”. Og det verste er at han har eit poeng.
Eigentleg er det synd, fordi Bat Ye’or utvilsamt har retta eit fortent søkjelys mot historisk urett mot ikkje-muslimar under muslimsk styre, ein del av historia mange ville ha godt av å konfrontera. Om ein treng dela hennar oppfattingar på området er ein annan sak, men på det området har ho i det minste levert noko meir lesverdig enn det paranoide vrøvlet om det dhimmiserte Europa. Christian Culture sitt neste problem oppstår når det er berre dei stygge delane av islams historie som vert sett søkjelys på, blant anna er det visst svært viktig å få fram at islam spreidde seg gjennom militærmakt. I all hovudsak, skriv CC.
I all hovudsak? Tja, det er ei vanskeleg vurdering. For det fyrste var det sjeldan slik at den militære ekspansjonen i seg sjølv førte til at religionen vart spreidd. I blant vart folk konverterte framfor sverd, men i stor grad vende folk seg om til islam etter å ha vorte utsett for ymse mindre valdelege pressmiddel, etter rein misjonsverksemd eller fordi dei sjølv såg seg tente med det. Greske adelsmenn såg snittet til å vinna makt i det veksande imperiet og vart ottomanske adelsmenn. Indarar av lågkaste fann ein veg ut av lågkasta. Og dessutan, i t.d. Bengal var islam ein “plogens religion”, som Richard M. Eaton skriv, snarare enn ein “sverdets religion”, og for den del snarare enn ein religion som leverte sosial frigjering.
I Indonesia, verdas folkerikaste muslimske land, spela handel ei sentral rolle for spreiinga av islam. Det same gjeld for Kina og for Aust-Afrika. Alt dette ser eg ikkje islamkritikarar skriva mykje om, kanskje fordi dei måtte gje opp å forstå også dagsaktuelle hendingar utelukkande ut frå religion? Samstundes passar dei sjølvsagt på å oversjå korleis kristendommen spreidde seg, og på korleis kristne overgrep vart rettferdiggjort i Jesu namn.
Ein islamsk skriftlærd eg intervjua i arbeidet med boka mi, Khaled Abou El Fadl, kommenterte at både kristne og jødiske syn har utvikla seg, men at islamkritikarar no fortel muslimar at slikt ikkje er lov for dei. Christian Culture skriv:
Senest i 1683 ble muslimene stoppet ved Wien i sitt forsøk på å erobre Europa [...] den islamske verden [ser] nå i økende grad ser seg istand til å fortsette der den slapp i 1683. Det finnes ingen historiske grunnen [sic] til å anta at islam har forandret sin agenda siden.
Å snakka om ein islamsk agenda er i seg sjølv tøvete, eit uttrykk for trua på det Uforanderlege Aust og for trua på ein stor ansiktslaus horde. Men det er svært lenge sidan islam var ein samla religion, sjølv religiøst. Tek ein alle aspekta som ikkje har noko med religion å gjera vert biletet endå meir oppsplitta. Det var ikkje islam som vart stogga av ved Wien. Det var det ottomanske imperiet. Ein av ottomanarane sine allierte var forresten grev Imre Thököly de Kesmark, ein ungarsk protestant. Islamofobe snakkar ikkje så mykje om Imre. Han passar ikkje inn.
Note: To rettingar er gjort i teksten jfr. Bat Ye’or si bok.